søndag 28. september 2008

Lørdag 27. sep. – Durban City!

I går kjørte vi inn til Durban Sentrum, ein tur som normalt tar ein drøy halv time, men vi brukte over ein time i går, sidan vi blei ståande fast i ein trafikk-kork utan like! Det var heilt kaos av bilar, ingen tar hensyn, men kjører bare rett på.. Vi kom endeleg fram, og fekk parkert bilen. Var ganske spesielt å gå ut av bilen og vera dei EINASTE kvite der, blant svarte afrikanarar og indarar. Vi var vel ikkje heilt høge i hatten, der det lyste TURIST av oss lang veg..!.. Fann butikken vi hadde sett oss ut på førehand; var meininga vi skulle sjå på zebra-skinn, men den avdelinga var stengt. Det var vel kanskje like bra, då vi fekk vita prisen: frå 10.000 Rand og oppover! Dvs. frå ca. 7.000 NOK for det billegaste.... Men dei hadde masse anna artigt i butikken! Smykker i gull og perler, malte strutse-egg, m.m. Eg kjøpte meg eit handlaga salat-bestikk i tre og ein kam i Ibenholt. Etterpå gjekk vi ut på ein marknad, der eg kjøpte meg øyredobar, armband og smykke – CHEAP, CHEAP!:-)

Vi surra litt då vi skulle finna African Art Centre, sidan vi ikkje turde å ta opp kart-boka........ Så det droppa vi heller, får ta det ein annan gang... Tok oss heller ein matbit. Vi ville prøva den lokale retten Bunny Chow, som er ei Curry-gryte (vi valte m/kylling) oppi eit hult loffbrød! Servitøren advarte oss om at dette var sterke saker (var ikkje tilrettelagt for turistar akkurat...) – og det fekk han heilt rett i!! Phuh! Eg klarte ikkje å eta særleg mykje av det – smaksløkane mine var jo brent av!.. Artig å ha prøvd ekte Sør-Afrikansk mat då.

Vi kjørte så vidare til Bartle Arts Trust (BAT) Centre nede v/ havna. BAT er eit populært kunstsenter, m/ konsertsal, bar, restaurant og gallerier. Var meininga vi skulle sjå ei framsyning av Zulu-dans, men den hadde visst vore før vi kom... Vi hadde det likevel hyggeleg der, og fekk kjøpt oss eit par flotte malerier laga av Ezequiel Mabote; ein flink og triveleg kunstnar, som har solgt arbeidet sitt i mange land.

Durban er ein svær by, som vi i går fekk bare ein liten smakebit av, men førsteinntrykket er at det er skittent, masete og mykje folk... (Eg er ikkje rasist altså, men kor er dei kvite??) Vi skal no uansett tilbake og utforska byen ytterlegare, for den har mykje å by på!

Forresten såg vi tre ”albino-svarte” på nokre få timar og bare på eit lite område! Det er jo litt spesielt.... Verkeleg regnbue-nasjonen dette! ;-)

2 kommentarer:

Shira, Victor og Therese sa...

Då vi kom på universitetet mandag, fekk vi svar på kvifor vi var dei einaste kvite i Durban sentrum. Det er visst ingen som drar dit lenger fordi det er så stor sjanse for å bli robba... Vi fekk ein del strenge formaningar no ja! Men det gjekk då bra, og vi følte oss aldri utrygge, men vi treng jo kanskje ikkje utfordra sjebnen igjen.... ;p

Anonym sa...

Heisann, Dadda!!
Flotte bilder;) Og god og utfyllenede blogg!
Ser dere har det fint der nede. Skal prøve å følge med videre, men uten internett-tilgang blir det nok litt vanskelig å holde seg oppdatert.. jaja.. Kos deg masse!!
Kjempeglad i deg!!
kos og klem fra Tina & Sondre
Mamma hiser også;)