mandag 24. november 2008

Bilder frå Cape Town (bedre seint enn aldri..?)


Anette og meg på toppen av Table Mountain


Rikt dyreliv på Table Mountain. Denne firfisla ser ut som ein mini-mini-krokodille!


Anette og Kjersti nyt utsikta frå Table Mountain


Dassies! Deira næraste slektning er faktisk elefanten!!


Table Mountain Cable Way - frakta oss trygt opp og ned, så vi fekk nyta utsikta utan å måtta bruka altfor mange kaloriar..! ;)


Ekorna i Cape Town er slettes ikkje sjenerte av seg!


Kjersti får kontakt med eit ekorn


Lunsj på Water Front (Cape Towns svar på Aker Brygge)


Pingvin-par på stranda i False Bay. Det var visst tid for fjærdrakt-skifte...


Sør-Afrikanske pingvinar held saman i par gjennom heile livet:)
















torsdag 6. november 2008

Fleire bilder

finn dåke på:
Anette i Sør Afrika, og
Kjersti.
Det er bare å klikke seg inn på deira sider via desse linkane her.
Enjoy! :)

tirsdag 4. november 2008

Cape Town

Vi var ein tur i Cape Town i helga, frå torsdagskvelden til søndagskveld. Og det er verkeleg ein by eg gjerne skulle hatt mykje meir tid i!! Må tilbake dit ein vakker dag:)

Byen er stor, men kompakt og oversiktlig. Ein flott by, med mykje å by på! Vi overnatta på Belmont House, ein koseleg liten B&B med sentral beliggenhet.

På fredagen tilbrakte vi formiddagen på Table Mountain. Tok kabel-banen opp. Fantastisk utsikt! Fint plante- og dyreliv. Vandra litt rundt der og fekk oss litt kaffe og bakst, før vi tok banen ned att. Vi kjørte ein tur ned til sentrum av Cape Town, og Waterfront. Prøvde å få billettar til Robben Island, men det var dessverre fullbooka for lengst... Men det er flott på Waterfront, så vi koste oss der på den varme og fine dagen. På kvelden gjekk vi ut: Først ein deilig middag på ein fin restaurant; tiger- og kongereker, og ikkje minst langoustine! Nam! Etterpå havna vi på eit Halloween-party på Hemisphere, ein nattklubb som ligg i 31. etasje! :)

Lørdagen gjekk vi rundt i byen, og var innom the Slave Lodge og 6th District Museum (apartheid). Vi fekk òg tid til å kjøra oss ein tur til stranda der pingvinane bur!:) Artigt! Dei er så søte. På kvelden hadde vi på anbefaling heimanfrå bestillt bord på Panama Jacks, ein sjømat-restaurant som skulle ligge nedi hamna. Drosje-sjåføren som kom og henta oss på B&B'en hadde sin første dag på jobb, så det blei litt av ein tur..! Til slutt kom vi oss då endeleg til bords, og åt meir sjømat - thai prawn curry for min del:)

Heile søndagen tilbrakte vi på vingården Spier. Den er svær og strekker seg over eit stort og vakkert område. Forutan vin byr dei på bl.a. restauranter, overnatting, geparder, ugler, ørner, ender, høner, hester og ridning. Vi var så heldige og fekk smaka heile 14 av vinane deira - på under ein time! Gitt om vi var ein smule tipzy då vi gjekk ut der frå... ;) Vinsmaking på tom mage er kanskje ikkje det luraste... Så vi måtte ha oss mat! Då blei det Moyo, som hadde ein enorm buffet med masse deilig mat! Artig restaurant. Etter maten besøkte vi gepardene, som vi fekk nærkontakt med:D

Alt i alt ei fantastisk kjekk helg! Anbefaler alle å dra til Cape Town! Og ha litt meir enn ei helg... ;)
Bilder kjem seinare, men no har bloggen/pc'en min tulla seg til igjen, så eg får ikkje lagt ut bilder no:(

Og for dei som lurer på det: Eg gjer skulearbeid òg altså! Men det er jo ikkje så gøy å verken skrive eller lese om... Eg er ferdig med datainnsamlinga mi, så no held vi på med å få intervju-opptaka over i skriftleg form - ein ganske stor jobb. Eg har 17 intervjuer på ca ein time kvar. Ein halv time med intervju tar faktisk fleire timar å skrive ned!.. Over halvparten er på zulu, så dei slepp eg heldigvis å gjere sjølv.. ;p Skal jobba med dette ut veka, og så kjem Bjørn endeleg ned til helga, og då tar vi ferie ilag:)