tirsdag 31. desember 2013

2013 - TILBAKEBLIKK

Det er vel ingen overraskelse at mitt liv dreier seg mykje om hund og at hund er min store lidenskap. Sjølv om hundane er familien min og betyr alt for meg får eg òg mykje anna ut av hundehaldet: Generell glede, mestringsfølelse og sosialt felleskap med likesinna - som eg set stor pris på! Det er no på tide med ei oppsumering av året som har gått, der Victor spelar ei hovedrolle.

Vinteren var stille, men i mars byrja det å skje ting, inkludert eit av årets høgdepunkt... Eg og Victor (+ Shira) kjørte den lange vegen rundt heile sørkysten av Norge for å delta på dobbel jaktprøve i regi av NRK avd. Rogaland. Det viste seg å vere verd turen, for lørdagen fekk vi (som einaste ekvipasje) 1. pr., blei dermed Elitevinner 2013 og fekk pokal til og med - stor stas!! Vår første 1.pr. i eliteklassen. På søndagens prøve meinte Victor at han hadde gjort nok, så då rauk vi etter kvart ut, men det la ingen demper på gleden. Han gjorde generelt veldig mykje bra arbeid den helga! :-)

Mai måned var særdeles travel, med jaktkurs to helger. Dyktige instruktørar var henholdsvis Oliver Kiraly og Trond Gjøtterud. I tillegg var det to helger med working tester: NRKs pinsearrangement på Kongsvinger, med utstilling eine dagen og WT neste dag. På utstillinga fekk vi Very Good (blå), og med 2. WT EK (94 poeng) gjekk vi til topps i dual-konkurransen for rasen og blei Labradormester! Siste helga var det igjen både utstilling og WT, i regi av NRK avd. Gjøvik/Lillehammer. På denne utstillinga fekk vi Good (gul), mens på WT vann vi eliteklassen med 88 poeng.

 I juni var det tid for NLM (norsk lagmesterskap i retrieverarbeid) på Bogstad, Oslo. Vi stilte lag med Rønnaug & Sofi, Wenche & Ronja og Tone Kit & Mira - og vi vann!! :-D

Haustsesongen starta med The Retriever Challenge, WT i regi av NRK avd. Østfold. Victor gjorde ein god jobb, men med 0 på ein post klarte vi ikkje å hevda oss. Helga etter var vi som vanleg på jakt- og fiskedagane på Elverum. Eg nytta høvet og meldte Vic på Norges største "jakthundutstilling", men endte med dårlegaste resultatet nokon sinne: Sufficient (grøn)... Helga etter fekk vi vist kva vi er gode for i vårt rette element: Sesongens første jaktprøve endte med 1. EK og hederspris! Herlig!! Trondheimsturen eit par veker etterpå, derimot, kan vi forbigå i stillheit, mens Ringeriksprøven midt i september endte med ein 2. pr. Vi apporterte ved eit par andejakter, og særs nøgd er eg med Victors innsats på den siste - så gøy når samarbeidet funkar 100 %!

Og så til årets desiderte høgdepunkt: Victor fekk Champion-tittelen sin!! Etter vel gjennomført jaktprøve på Bogstad i regi av NRK avd. Oslo og omegn blei vi premiert med vår tredje 1.EK og dermed Championatet - vårt hovedmål nådd! :-) Verd å nemne er òg at Victor vann klubbens jaktcup og dermed blei årets Multe, og at eg deltok på NRKs RAS-seminar, der vi diskuterte mål for retrieverens framtid. Klubbmesterskapet i jakt var vi òg med på, meir er det ikkje å sei om den saken... Vi klarte likevel å avslutte året med stil, i lag med resten av demo-gruppa som viste fram retrieverjakt i vinnerringen ved Dogs4All, ein vellykka demostrasjon som blei godt imottatt.

For eit år eg og Victor har hatt! Eg set så stor pris på den hunden!! Han gjer livet mitt som hundeeigar og -førar enkelt. Til tross for ein skade i haust (strekk i eine framfoten) har han heile tida vore like glad, lojal, samarbeidsvillig og gjort sitt beste - er det rart Victor spelar ei så stor rolle i livet mitt?! Vi ser fram til eit nytt år, med nye muligheter, med støtte frå Bjørn og i felleskapet med våre venner i retrievermiljøet. GODT NYTT ÅR!!