søndag 29. august 2010

Travle tider...

Det har skjedd og skjer så masse for tida at blogging blir nedprioritert. Får ta ei lita oppsumering:

Første helga i august var heile familien ein snartur til vestlandet for å ta ut eit skadedyr i Gjetingsdalen. Hjorten blei skoten, Melvin fekk prøve seg på ferske hjortespor og ellers nøyt vi ei deilig villsvinsteik!! Eg kan når eg vil! ;)

Andre helga i august var det utdrikkingslag for Marianne heile lørdagen - veldig kjekt! Og så var det jakt- og fiskedagane på Elverum søndagen. Melvin gjekk sitt første valpeshow og blei BIS!! :) Den dagen fekk vi gjort mykje. Då vi kom heim bar det ut i skogen for å plukke kantareller (fann masse!) og så fekk vi til og med tid til ei treningsøkt på vatn for Victor. Øve på å ikkje riste seg før avlevering... Shira fekk òg vere med og fekk svømt litt.

Helga etter det var eg og Bjørn i 30-års lag til Petter og på søndagen var det slektstreff!

Forrige helg ofra eg A-HA-konserten på Ullevål for å vere med som apportører på andejakt i Sverige, på Saxhyttan gård. Victors første andejakt, men han var kjempeflink! Tok skadeskutte ender utan problem - det var verre for ho mor som måtte avlive dei stakkars dyra... Var ikkje forberedt på den biten, men det er rart kva ein kan greie når ein må, og kva ein kan venje seg til (nesten litt skummelt!). Jakta tok på for Vic, både fysisk og mentalt. Søndagen jobba han med ein brøkdel av effekten han hadde lørdagen, men vi var fortsatt nøgde. Han apporterte ca 30 ender lørdagen og ca 10 søndagen. Ei spennande og innhaldsrik helg altså!!

Denne helga var det jaktprøve igjen, NRK avd. Ringerike og omegn sin, litt nord for Hønefoss. Eg var ekstra spent, hadde jo ein 1. premie frå før å forsvare, men det klarte vi dessverre ikkje. Blei ein 2. premie denne gangen. Vic som har vore så flink på feltsøk har blitt altfor høg. Han tar heilt av og raser rundt i ein fart som gjer det vanskeleg for han å plukke opp vitringa - her skal det trenes mykje nærsøk framover! Det eg var mest nøgd med var å sjå at den treninga vi har gjort på avlevering frå vatn i det siste har betalt seg! For første gang leverte han utan å riste seg - HURRA!!! Takk til Hans Andreas for god hjelp på klubbtreninga tidlegare i veka! Legger ut dommerkritikken seinare.

I dag har vi tatt det litt med ro, har regna på og av heile dagen. På kvelden fekk vi tatt ei treningsøkt der Vic for første gang skulle få apportere kanin! Hadde tatt fram ei and òg for sikkerhets skuld. Var jo ikkje sikkert han ville ta kaldt vilt no når han har fått smaken på det varme! Og visst var han skeptisk med det same - anda var jo hard og iskald! Men han tok det raskt. Enda meir skeptisk var han til kanina, men han lydde apport-kommandoen som ein prins, og syntes det var heilt ok å finne og hente iskald stiv kanin!

Ellers er vi opptatte med agility-kurs mandagar, kurs i vannarbeid onsdagar og jakttreningar med klubben torsdagar. Og neste helg er det NM!! Phuh...

Bilder fra kenneltreffet tidlegare i sommar

Takk til Anders for fine bilder


Halvparten av P-kullet + ei halvsøster til venstre. Fine!





Venting kan vere kjedeleg, men Vic finner seg som regel litt snacks:)