mandag 28. desember 2009

Oppsumering av (hunde)året 2009

JANUAR:
Eg jobba mykje ved sida av studiane ifm kampanje på Røyketelefonen. Shira fekk regelmessig svømmetrening, og blei bedre i hoftene sine. Eg saumfarte internet for oppdrettere av (jakt)labrador som hadde kull på gang. Blei nokre ringerunder og e-postar. Målet var å time valp til innleveringa av masteroppgåva (og det blei perfekt timing!).

FEBRUAR:
Fortsatte kontakten med aktuelle oppdrettere, og Shira fekk hovedsakleg svømmetrening. Eg og Bjørn hadde oss ein tur til København med båten for å feira 1-års dagen vår. Og Bjørn fekk seg jobb! :) Det var forresten ein svært snørik vinter på austlandet!

MARS:
Mamma, pappa og Sondre kom på besøk i vinterferien, og samstundes fekk eg den gledelige nyheten: 5. mars var det fødd åtte velskapte valpar hos Carmals i Sverige! Tre gule og fem svarte, kun ei tispe, som dei ville behalda sjølve. Eg ville i utgangspunktet eigentleg ha tispe, men eg hadde så stor tru på den kombinasjonen at eg ville prøve ein hann, og var så heldig og fekk den siste gule guten! Dessutan var det jo ikkje sikkert det ville vere valp til meg hos dei andre oppdrettarane eg hadde satt meg på valpeliste hos. Viste seg at dette var rette beslutninga: Ei tispe var tom, to andre tisper fekk ikkje nok valper til at eg kunne få kjøpe.

APRIL:
Siste innspurt i oppgåveskrivinga - var hektisk! Tok oss likevel tid til ein tur til Skåne for å sjå på valpane og helse på Mirjam og Anders. Valpane var då seks veker gamle. Leverte oppgåva til trykking 30.

MAI:
Fredag 1. mai kjørte vi avgårde til Skåne igjen, for å hente vetle prinsen vår, Carmals Kita's Prince Victor:) Starta på valpekurs allereie mandagen etter, og var desidert yngst! Den 7. leverte eg oppgåva mi inn til sensur. Eg og Bjørn var med Ann (svigermor) på lasershowet til Jean Michel Jarre i Spektrum. Victor var med på sin første hyttetur på Jæløya, han blei fort husrein, men var gjerne oppe fleire ganger om natta... Ei litt slitsom, men veldig kos tid!

JUNI:
Vic var med i fetter Eskils konfirmasjon på Haslum. Shira fylte 5 år den 11. Ho trente litt blodspor på denne tida, mens Vic var med på Puppy Party og fekk leika med andre små. Han var litt forsiktig i denne perioden, ein roleg kar som gjerne heller ville trena enn å vera sosial, litt skeptisk til store hundar - sånn er det slettes ikkje no lenger! Vi var med på familiedagen til Retrieverklubben, og Vic fekk prøva seg på sitt første blodspor og sine første AG-hinder! Ellers sto jobbsøking på agendaen.

JULI:
Jobba ein del på Røyketelefonen, og Vic var med!:) Kjørte til Skåne igjen, koseleg kenneltreff på Carmals siste juli-helga. Kjekt å treffa dei andre valpekjøparane og søskena til Vic. På dette tidspunktet var dei 20 veker gamle, og det såg ut til å vera eit svært jamnt kull. Eg og Bjørn var på Madonna-konserten på Valle Hovin - tidenes våtaste!!

AUGUST:
Sommarferie i Kvinnherad, vi var på Festidalen og i Gjetingsdalen. Bjørn fekk vere med på si første hjortejakt (skadedyr), og det gav meirsmak! Stilte Vic på valpeshow i Elverum, blir ikkje meir utstilling før han skal ha jakt-championatet sitt;) Starta med jakttrening av Vic med retrieverklubben.

SEPTEMBER:
Eg starta i jobb ved OrbitArena! :D Med full jobb blei livet straks mykje travlare. Hadde med bikkjene ein snartur heim til Kvinnherad for jubileumsfesten til Russ-99.

OKTOBER:
Fekk meg hest på fór, Palomino-vallalken Jack på fem år. Vic er med på rideturar! Var på Oslo Horse show med Heidi, og fekk shoppa litt.. ;) Retrieverklubben arrangerte foredrag m/Runar Næss, var veldig interessant! Retrieverklubben arrangerte òg småkurs: Vic var med på passeringskurs, og både han og Shira var med på innkallingskurs. Ellers var det Forskningsforum Hund v/NVH.

NOVEMBER:
Seminar på Manimal: Aggresjon mellom hunder. Den 9. var eg og Mei Ying på nok ein fantastisk Pink-konsert i Spektrum! :) Vi starta opp att med ein ny sesong hundesvømming. Shira var overlykkeleg over å vera tilbake i bassenget, og Vic plaska ivrig i veg, utan den heilt store teknikken i starten.. Ellers fekk vi med oss både Hundelivsmessa på Hellerudssletta og Dogs 4 All i Lillestrøm. Den 29. flytta Syver ut, og inn hos eit triveleg par og deira Pinscher-gut i Ålesund. Her har Syver funne seg godt til rettes, sjekk ut heimesida deira.

DESEMBER:
Julestress, julebord, juleavslutning v/Hundeakademiet, meir hundesvømming, før eg og Vic kjørte heim til Rosendal, for å endeleg puste ut og ha litt ferie:D Her var masse snø, meir enn Vic har opplevd i heile sitt liv - han elsker snøen!! :) Bjørn og Shira kosar seg heime på Skogen med minst like mykje snø, noko Shira òg alltid har satt stor pris på.

lørdag 26. desember 2009