mandag 28. desember 2009

Oppsumering av (hunde)året 2009

JANUAR:
Eg jobba mykje ved sida av studiane ifm kampanje på Røyketelefonen. Shira fekk regelmessig svømmetrening, og blei bedre i hoftene sine. Eg saumfarte internet for oppdrettere av (jakt)labrador som hadde kull på gang. Blei nokre ringerunder og e-postar. Målet var å time valp til innleveringa av masteroppgåva (og det blei perfekt timing!).

FEBRUAR:
Fortsatte kontakten med aktuelle oppdrettere, og Shira fekk hovedsakleg svømmetrening. Eg og Bjørn hadde oss ein tur til København med båten for å feira 1-års dagen vår. Og Bjørn fekk seg jobb! :) Det var forresten ein svært snørik vinter på austlandet!

MARS:
Mamma, pappa og Sondre kom på besøk i vinterferien, og samstundes fekk eg den gledelige nyheten: 5. mars var det fødd åtte velskapte valpar hos Carmals i Sverige! Tre gule og fem svarte, kun ei tispe, som dei ville behalda sjølve. Eg ville i utgangspunktet eigentleg ha tispe, men eg hadde så stor tru på den kombinasjonen at eg ville prøve ein hann, og var så heldig og fekk den siste gule guten! Dessutan var det jo ikkje sikkert det ville vere valp til meg hos dei andre oppdrettarane eg hadde satt meg på valpeliste hos. Viste seg at dette var rette beslutninga: Ei tispe var tom, to andre tisper fekk ikkje nok valper til at eg kunne få kjøpe.

APRIL:
Siste innspurt i oppgåveskrivinga - var hektisk! Tok oss likevel tid til ein tur til Skåne for å sjå på valpane og helse på Mirjam og Anders. Valpane var då seks veker gamle. Leverte oppgåva til trykking 30.

MAI:
Fredag 1. mai kjørte vi avgårde til Skåne igjen, for å hente vetle prinsen vår, Carmals Kita's Prince Victor:) Starta på valpekurs allereie mandagen etter, og var desidert yngst! Den 7. leverte eg oppgåva mi inn til sensur. Eg og Bjørn var med Ann (svigermor) på lasershowet til Jean Michel Jarre i Spektrum. Victor var med på sin første hyttetur på Jæløya, han blei fort husrein, men var gjerne oppe fleire ganger om natta... Ei litt slitsom, men veldig kos tid!

JUNI:
Vic var med i fetter Eskils konfirmasjon på Haslum. Shira fylte 5 år den 11. Ho trente litt blodspor på denne tida, mens Vic var med på Puppy Party og fekk leika med andre små. Han var litt forsiktig i denne perioden, ein roleg kar som gjerne heller ville trena enn å vera sosial, litt skeptisk til store hundar - sånn er det slettes ikkje no lenger! Vi var med på familiedagen til Retrieverklubben, og Vic fekk prøva seg på sitt første blodspor og sine første AG-hinder! Ellers sto jobbsøking på agendaen.

JULI:
Jobba ein del på Røyketelefonen, og Vic var med!:) Kjørte til Skåne igjen, koseleg kenneltreff på Carmals siste juli-helga. Kjekt å treffa dei andre valpekjøparane og søskena til Vic. På dette tidspunktet var dei 20 veker gamle, og det såg ut til å vera eit svært jamnt kull. Eg og Bjørn var på Madonna-konserten på Valle Hovin - tidenes våtaste!!

AUGUST:
Sommarferie i Kvinnherad, vi var på Festidalen og i Gjetingsdalen. Bjørn fekk vere med på si første hjortejakt (skadedyr), og det gav meirsmak! Stilte Vic på valpeshow i Elverum, blir ikkje meir utstilling før han skal ha jakt-championatet sitt;) Starta med jakttrening av Vic med retrieverklubben.

SEPTEMBER:
Eg starta i jobb ved OrbitArena! :D Med full jobb blei livet straks mykje travlare. Hadde med bikkjene ein snartur heim til Kvinnherad for jubileumsfesten til Russ-99.

OKTOBER:
Fekk meg hest på fór, Palomino-vallalken Jack på fem år. Vic er med på rideturar! Var på Oslo Horse show med Heidi, og fekk shoppa litt.. ;) Retrieverklubben arrangerte foredrag m/Runar Næss, var veldig interessant! Retrieverklubben arrangerte òg småkurs: Vic var med på passeringskurs, og både han og Shira var med på innkallingskurs. Ellers var det Forskningsforum Hund v/NVH.

NOVEMBER:
Seminar på Manimal: Aggresjon mellom hunder. Den 9. var eg og Mei Ying på nok ein fantastisk Pink-konsert i Spektrum! :) Vi starta opp att med ein ny sesong hundesvømming. Shira var overlykkeleg over å vera tilbake i bassenget, og Vic plaska ivrig i veg, utan den heilt store teknikken i starten.. Ellers fekk vi med oss både Hundelivsmessa på Hellerudssletta og Dogs 4 All i Lillestrøm. Den 29. flytta Syver ut, og inn hos eit triveleg par og deira Pinscher-gut i Ålesund. Her har Syver funne seg godt til rettes, sjekk ut heimesida deira.

DESEMBER:
Julestress, julebord, juleavslutning v/Hundeakademiet, meir hundesvømming, før eg og Vic kjørte heim til Rosendal, for å endeleg puste ut og ha litt ferie:D Her var masse snø, meir enn Vic har opplevd i heile sitt liv - han elsker snøen!! :) Bjørn og Shira kosar seg heime på Skogen med minst like mykje snø, noko Shira òg alltid har satt stor pris på.

lørdag 26. desember 2009

søndag 22. november 2009

Endeleg NYE BILDER!!





Vi var på hundelivsmessa på Exporama forrige helg, og då fekk vi gratis fotografering med årsabbonement på bladet Vi med Hund. Bildene blei litt overeksponert, men eg har no klar å fixa litt på dei. Her er min vakre Victor 8 mnd. gamal! :)

søndag 1. november 2009

På tide med ein oppdatering

Må visst svineinfluensa eller lungebetennelse til for at eg skal ta meg tid til blogging no for tida!.. Ikkje sikkert eg er fullt så sjuk, men har no fleire av symptomene på både det eine og det andre - neimen ikkje godt å vite..!

Skal vi sjå, kvar har vi haldt på med sidan sist? Det er masse! Sjølvsagt er eg heller ute med hundane enn inne foran dataskjermen... Skal prøve å gje eit lite referat av det viktigaste.

Vic er jo med meg på ridetur med Jack, hesten eg no har på fór to dagar i veka. Hesten har ingenting imot Vic, men eg merkar no at Vic har gått inn i pubertetsrampealderen... Han er full av energi, og innkallinga som før satt som støpt er no plutseleg litt så som så... Må nok terpe litt innkalling framover før han kan bli med igjen. Var no litt morsomt òg. Vi skulle passere tre fiskarar, og Vic blei jo sjølvsagt veldig opptatt av dei, og nekta å høyra på meg. Dei kasta ut ein sluk, Vic høyrde "plop" og han heiv seg etter - rett ut i Nitelva! Og gitt om han fekk sjokk!! Grunnen forsvann jo plutseleg under føtene på han, og han stupte halvannan meter rett ned i kalde vatnet - han som kun har vassa i heile sitt korte liv!.. Han skreik og bar seg, var jo ikkje lett å koma seg opp akkurat der, og eg lurte eit sekund på om eg måtte uti å redde han, men han klarte å koma seg opp til slutt - like glad og umulig som før... Hehe. Og for ein pels på den hunden! Vatnet bare prellar av jo!! :)

Ellers har vi vore på både innkallings- og passeringskurs (småkurs på ein kveld) med retrieverklubben i det siste. Og eg har vore på eit par seminarer: Forskningsforum Hund på Norges Veterinærhøyskole, og temakveld med Runar Næss i regi av retrieverklubben. Prøvde å melde oss på jaktkurs, men det blei dessverre ikkje nok påmeldte, så det blei avlyst:(

Og så har vi vore med og spelt inn reklamefilm for hundeskulen Vic gjekk valpekurs hos!! Her var Shira med òg. Vi var på Nebbursvollen og trente i lag med andre to- og firbeinte: Lydighet, agility og triks. Var veldig sosialt og kjekt. For sjå kor mykje det er igjen av oss etter at filmen blir klyppa til...

Ellers skulle eg gjerne ha lagt ut nokre bilder for å ha vist kor stor Vic er blitt, men eg finn ikkje strømkabelen til kameraet mitt... :-s Han er større enn Shira no, og var 26,5 kg då vi vegde han for to veker sidan. Han begynner å bli skikkeleg fin igjen no, etter ein periode der kroppsdelane var fullstendig ute av proporsjoner..! :D

søndag 4. oktober 2009

Hos vet'en...

Fredagsmorgen kjørte eg og Victor til veterinæren for å få sjekka venstre auga hans som han hadde plagdes med i ei vekes tid. Auga hans var raudt og svært irritert, med litt gult puss, og nedre augelokket hang litt - og det blei ikkje betre av medisineringa mi (eg hadde att augesalve frå forrige runde med augekatarr).

Etter ein grundig sjekk, med m.a. måling av tåreproduksjonen (som var heilt fin!) fann vet'en eit stort frø kilt fast heilt nederst i nedre augelokk!! Stakars Victor'en min, dette har han gått med i ei veke - det må jo ha vore kjempevondt! Men det var i det minste bra det ikkje var noko verre... Vi fekk fjerna frøet, og Vic skal få salve nokre dagar til - han ser allereie heilt bra ut att! :D "Det var DEILIGT å få det ut!" som vet'en sa... :)

Og så må eg jo sjølvsagt fortelja om skrytet frå vet'en! Han skrytte så voldsomt av Victor: Sa gjentatte ganger kor fin og koseleg hund han er, så roleg og tillitsfull - eg blei jo reint superstolt!! Gode, gode Prinsen min:)

Bodskapen på det heile er: Om du mistenker augebetennelse på bikkja, få den undersøkt av veterinæren - det kan vere noko anna..! Og tren masse med handtering på valpen.... ;)

tirsdag 25. august 2009

Trening dei siste dagane

I dag har eg trent grunnferdigheter i lydighet med Victor. Vi trente litt kontakt (sliter fortsatt med å halda kontaken mens vi beveger oss..), og trente meir på ein heilt ny øvelse: Hald fast, med samanrulla avis. Dette viste seg å vere overraskande vanskeleg... Men det var jo første treningsøkt, så vi får bare prøve igjen. Merker at Vic fort blir plaga av varme - ikkje at vi har vore så bortskjemt med det i det siste, men det måtte jo sjølvsagt blir solsteik akkurat då eg skulle trene i dag... Eller kanskje det rett og slett er ho mor som foretrekker å vere ute i sola? ;) Jaja, det er jo trening det òg, å lære seg å jobbe sjølv om det er varmt. Ellers trur eg vi må gå litt "back to basics" i klikkertreninga, for eg synes han er litt passiv... Lurer på kva vi skal finne på for å auke kreativiteten og aktiviteten? Både Vic og Shira fekk seg ein runde med fòr-søk på bakken i dag, Shira trengte kvile etter turen vår i går.

I går vi var vi ute på tur i nestan to timar i ulendt terreng. Shira sprang som ein tulling, svømte og styra voldsomt - ho kjenner ikkje sine eigne grenser. På returen var ho tydeleg sliten, og gjekk sakte i baktropp. Då vi kom heim måtte ho såpevaskast under hageslangen, ho var heilt svart!! Eg strakte ut bakbeina hennar og ga ho ein pille, og så kvilte ho stort sett resten av dagen. Lurer på om eg må setja litt meir grenser for ho ift aktivitetsnivået hennar? Ho er så utruleg glad når ho får rasa rundt i skogen, men eg vil jo ha ho i god form lengst mogleg. Er god trening for ho, men alt med måte... Er vanskeleg å vita kor grensene går.

Eg og Vic blei med Bjørn på duejakt på ettermiddagen. God passivitetstrening for vetleguten. Hadde det ikkje vore for den sinnsjuke mengda med blodtørste mygg ville det vore ei kosestund. Men til tross for raus spraying av Autan blei vi godt bitne alle tre... Vic var kjempeflink, la seg ned og slappa av bak kamuflasje-nettet. Då Bjørn fekk ei due på skuddhold og fyrte av, satte Vic seg bare rett opp og såg på fuglen - som fløy uskadd avgårde... Dette var første gang Vic opplevde skot på så nært hald, men det var som forventa ingen problem for den guten:D Ellers var det lite fugl, så det kom ingen apporteringsmuligheter.

Søndagen gjekk eg blodspor, lagt av Bjørn, med både Shira og Vic. Først Vic: Det var jammen meg ein heilt annan hund enn ved dei to første forsøka!! Tidlegar når vi har prøvd, har han trudd poenget var å slikke i seg alt det sølte blodet, så det har jo gått rimeleg treigt. Men no raste han avgårde i eit forrykande tempo! Her gjeld det å roe ned betraktlig no... Og det er tydeleg at vi kan avansere i vanskeleghetsgradene på sporet. Shira gjekk bra, men ho mista sporet i ein vinkel og begynte å ete gras i staden for å søke opp sporet, ho er lett å distrahera den tøtto der! Etter å ha fått ho tilbake på sporet gjekk ho knallbra eit godt stykke, men sleit faktisk med å finne sporslutten. Her er det bare å hamstre meir blod og trene meir med begge hundane!

onsdag 19. august 2009

Ein gledens dag for amstaffen Majlo og hans familie!

Endeleg blei det einaste rette vedtatt: Familien til Majlo vann saka mot staten, så no skal Majlo få lov til å leva vidare i Sverige. HURRA!!!
http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article1370057.ece

Eg er så glad, så glad! Fekk tårer i augene då eg fekk nyhendene. Rettferdigheten seira denne gangen, seint men godt. Håpar bare Majlo har hatt det bra på kennelen, og at han fortsatt er den same gamle gode familiehunden som han var før han blei tatt av politiet i februar i år... Trist for heile familien at dei måtte gjennomgå dette, politiet skulle ha vedtatt utvising frå landet med ein gang. Håpar verkeleg hundelova blir revurdert, amstaffen fortjener å få leva i Norge!!

Ynskjer Majlo og familien hans masse lykke til vidare!!!

torsdag 13. august 2009

Bilder frå valpeshowet






BIR-tispa


Victor er lei heile utstillinga og setter seg rett ned i søla..


Fekk jo litt premiar likevel :)

BIM'en vår! :)

Så har vi altså ein BIM-valp i huset etter søndagens valpeshow på Elverum (De nordiske jakt- og fiskedager 2009)! :D Burde vel ikkje leggje til at Victor var einaste labrador-hannen, hehe, men ærleg som eg er må eg jo fortelja det òg.

Kritikken var som følgjer:
"God type. Ennå noe langt og smalt hode. Slank hals. God manke. Trenger mer utvikling i brystdybde og lengde. Normalt vinklede bein. Faste poter. Meget gode parallelle bevegelser." Dommer var Frank Christiansen.

Eg var så syndig og kommenterte at Victor er ein jaktlabrador mens vi sto i ringen, og det var tydeleg at dommaren ikkje var enig i at rasen kjem i to variantar... Vi konkurrerte mot to "vanlege show-labrador" tisper, og sjølvsagt likte dommaren best den breiaste... Jaja, vi var no uansett med bare for moro skuld (det var jo tross alt jakthund-utstilling) og bare for å høyre kva dommaren hadde å sei, og kanskje provosere litt med ein jaktlab i ringen - noko vi jo klarte;)

Det var både min og Victors første gang i ein utstillingsring. No har eg iallfall fått prøvd det, og har funne ut at det der ikkje er noko for meg. Makan til kjedelege greier. Først masse venting (alltid forsinkelsar under utstillingar), så var det bare å springe litt rundt og stå rett opp og ned, ikkje så mykje å prestere akkurat... Provoserande at dette er det einaste mange hundar blir målt etter. Synes det er litt meiningslaust at det opptrinnet der skal få leggja avlsgrunnlaget for rasane - er ikkje rart det er så mange hundar med fysiske og psykiske problemer! Burde absolutt vore krav om premiering i bruks/lp/ag for å få utstillingschampionat, slik det er omvendt!! Kvifor er det ikkje det, eigentleg??

onsdag 12. august 2009

Enda fleire bilder frå kenneltreffet, tatt av oppdretter

Legger ut link til bilder frå kenneltreffet som oppdrettarane har lagt ut:
Carmals kenneltreff 2009
Der er fleire bilder av Victor, meg og Bjørn.

Bilder frå vestlandsferien


På toppen av Fløien, vakre Bergen by i bakgrunnen


Shira og Victor var sjølvsagt òg med opp til Fløien


På tur opp i Fløibanen, var ganske bratt... (320 m o.h.)


I Omvikdalen, på besøk hos Siv m/fam.


Shira passar på den nyfelte hjorten

mandag 10. august 2009

Ferieveka

No er vi akkurat kome tilbake frå ei veke på vestlandet, det har gått i eit banka kjør, og eg skulle gjerne hatt fleire dagar der!:)

Her kjem ein kort rapport:
Vi ankom Rosendal seint fredagskvelden (31. juli) etter ein laaang kjøretur. Gjekk greit, har heldigvis hundar som likar å kjøra bil. Spesielt Victor, han bare sover i bil:) Lørdagen gjekk vi tur og trente litt dummy-apportering og "sauesosialisering", før eg og Bjørn tilbrakte kvelden i Uskedalen, på festidalen. Mamma og Sondre-bror var barnevakter for bikkjene. Victor var nok litt stressa over at vi var vekke for han prøvde visst heile tida å stikka av, og etter å ha vore ute lenge så tissa han inne, imens han sprang over HEILE stova..!.. Inkludert på det nye teppet til mamma og pappa... :-o Shira på si side fekk besøk av eit piggsvin mens ho sto ute, og blei hysterisk galen på det. Klarte å rappe til det stakars piggsvinet med labben (ei Shira høg på adrenalin kjenner ikkje piggane..!) ein gang før naboen som hadde høyrd bråket kom ilande til og redda piggsvinet. Altså ein action-fylt kveld for barnevaktene! Hehe.. Då eg og Bjørn kom heim frå festivalen på natta var Victor så sliten at han ikkje orka å koma ut av buret sitt i det heile. Festivalen var forresten veldig vellykka!! Veldig profesjonelt arrangert og veldig kjekt, med masse folk! :)

Søndagen slappa vi av + kjørte inn til Gjetingsdalen, til familiens småbruk (hytte) der. Bjørn og pappa skulle sjå etter hjort, då det var gjeve fellingstillatelse på to skadedyr. Dei såg sju dyr, men skaut ingen den kvelden. Neste dag gjekk vi oss ein tur. Først var vi nedom Bråtun (nabo-gården) for å helse på. Vi var litt spente på om Shira og Sindi, ung-tispa der, ville hugsa kvarandre att. Det var tydeleg at Shira kjendte Sindi, mens Sindi var litt meir skeptisk (blir lite sosialisering med andre hundar inni dalen der). Det gjekk fint, og spesielt dei to retrieverane fann tonen (Sindi er labrador/golden-mix)! ;) Etterpå skulle vi testa Shira på ferskspor av hjort oppi skogen. Gjekk ganske bra, men det er så mange dyr som går der, så det er veldig mange spor som kryssar kvarandre, noko som jo gjer det vanskeleg å halde seg på eit spor... På kvelden var Bjørn og pappa ute og såg etter hjort att, på ein ny plass, men såg ingen då. Min plan var å reisa frå Gjetingsdalen dagen etter (tirsdagen), for vi hadde mange folk vi skulle få sett i løpet av dei siste dagane i Kvinnherad. Bjørn, derimot, han ville slettes ikkje dra frå Gjetingsdalen, han likte seg så godt! Så då gjekk eg med på å bli litt til, det er jo tross alt veldig fint å vera der!:) Vi gjekk ein tur til fjells med pappa, plukka blåbær, grilla pølser over bål og drakk nydeleg elve-vatn. Litt flaut at gamle-far sprang så lett i frå oss oppover - det må gjerast noko med!! (Ut å røre på meg no etterpå...) Tirsdagskvelden lykkast endeleg jegarane våre! Dei kom att på kvelden med ein stk. daud hjort som måtte slaktast. Bikkjene syntes jo dette var heilt fantastisk! Shira meinte at hjorten og blodet var hennar, og viste det tydeleg overfor jyplingen Victor - makan til flekking av tenner!..

Onsdagen kjørte vi tilbake til Rosendal. Møtte Siri på den nye kaféen/butikken Årmann (som eg så vidt fann fram til - er gale når eg ikkje klarar å finna fram i vetle Rosendal lenger!..!), veldig fin butikk, med god kaffe!:) Besøkte så Ingunn og Kim, før vi avslutta med eit besøk hos besto på haugen. Torsdagen fekk vi besøk av søskenbarnet mitt, Beate m/fam., som har ei Berner Sennen tispe på eit år. Var igjen spent på reaksjonen til Shira, om ho ville hugsa ho, men det var ingen problem, Shira tok godt imot ho, og Victor blei litt forelska trur eg.. :) På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut til Omvikdalen, og besøkte Siv m/fam. og enda ei ung-tispe (toller) som eg satsar på at Shira forblir venn med. Shira hadde ingen problemer med Kaja, mens Kaja på si side var blitt mykje tøffare sidan sist...

Siste dagen vår tilbrakte vi i Bergen. Kjørte først til Åsane og besøkte Margareth, Emanuel og deira nyfødte gut, Benjamin. For ein bitteliten og fin baby! Etter nokre timar der kjørte vi inn til byen, og tok Fløibanen til topps. Bikkjene hadde ingen problemer med å ta banen, Victor bare la seg ned og slappa av som vanleg:) Vi spaserte ned att, ein fin tur. Veldig slitsomt å gå med Shira i band, ho trekker som eit uvær og måtte sjølvsagt gjera utfall mot alle bikkjer ho såg.. :( Ho er uforbedreleg altså! Vel nede i byen att hadde vi oss ein middag v/ Egon, forvist baki eit "hundehjørne", før vi starta på turen tilbake til Rosendal - ei heilt eiga historie!..

Ferieveka var altså hektisk, vi rakk over mykje, men skulle svært gjerne rukke over enda meir! Ein fin ferie var det iallfall! :D

onsdag 29. juli 2009

Enda fleire bilder frå kenneltreffet...


Pappa Lee er ein fantastisk flott kar! :)

Her er han i aksjon under ein WT-post



Mye moro med valper!


Inger og bror Chester tar seg ein kosepause:)

Bilder frå kenneltreffet til Victor


Malin og søster Selma


Inger og bror Chester har kontroll på innkallinga


Nærbilde av fine søster Selma


Bror Chester, ganske så lik Victor


Gutta kosar seg i baksetet på bilturen. (Syver blei satt av på hytta...)

tirsdag 28. juli 2009

Kenneltreff (lagt ut ein dag for seint)

No har vi akkurat kome heim frå nokre begivenhetsfylte dagar i Sverige. I går var det kenneltreff ved kennel Carmal, og vi kjørte ned på søndagen. Kom ganske seint, så det var bare å installere seg på jakthytta vi skulle få bu i, gå ein kveldstur og ta kvelden. Vi fekk ei svær fin jakthytte heilt for oss sjølve!:) Blei ikkje akkurat kvalitetssøvn den natta: Dette var jo Victors første overnatting ute av heimen, og han fann ikkje roen inne på det framande soverommet sjølv om han hadde ståande tilbod om å få sove i senga med meg, Bjørn og Shira... Victor romsterte ein del og klaga litt gjennom natta, og la seg til slutt på golvet. Neste natt derimot hadde han skjønt det - då breia han seg ut over puta til ho mor og syntes alt var bare stas!.. Kos med hundane i senga i blant, til tross for at det blir trangt om plassen og tungt på beina... :)

Kenneltreffet starta kl. ni, og etter å ha satt Shira i ein luftegård, var vi klare for dagen. Eg var så spent på å sjå søskena til Victor, korleis dei var i forhold til han. Dei to andre gule gutane frå kullet kom dessverre ikkje, men resten møtte opp. Gutta var stort sett veldig like, ein var litt mindre og tispa var minst og mest proporsjonert, veldig fine -alle saman! Eit jamnt og godt kull med valpar av god kvalitet, godt gemytt, god arbeidslyst og med god av/på-knapp. Det kunne sjå ut som om Victor var blant dei rolegaste og med størst evne til å kopla av, og det er eg jo sjølvsagt nøgd med! :)

Vi starta med litt lett lydighetstrening. Mirjam ville sjå korleis vi låg an, og kom med tips. Vi prøvde òg litt apportering av dummy, og det gjekk fint, vi har jo trent litt på det. Så fekk valpane kvila litt, mens vi gjekk rundt og kikka på dei vaksne hundane som gjekk WT (working test), lærerikt for oss å sjå på. Bl.a. fekk vi sjå pappa Lee i aksjon, og han er både flott og flink! :D

Etter ein sosial og hyggeleg grill-lunsj var det tid for litt valpetrening att. No skulle dei få prøva seg på apport av ekte fugl!! Dette var fullstendig nytt for Victor, og då Mirjam kom med den daude kråka var han litt skeptisk, han visste ikkje heilt kva han skulle gjere med den. Etter litt oppmuntring kom han med den til meg, og fekk sjølvsagt MASSE belønning for det! Oppdretter påpeikte (sikkert med rette) at viltet skal vere det mest interessante og belønninga i seg sjølv, og dette er ein diskusjon eg vil koma tilbake til seinare. Vi prøvde òg med ei dau and, men den sleit tannlause Victor med å få grep på... ;) Til slutt fekk valpane herja med kvarandre, og Victor fekk sitt livs aller første svømmetur! :D

Alt i alt ein flott dag for både to- og firbeinte. Veldig hyggeleg å få helsa på så mange fine hundar og ikkje minst dei trivelege eigarane deira! :)

Skal få lagt ut litt bilder straks...

tirsdag 14. juli 2009

Victor er blitt stor gut!


Fokus stående foran fører kan vi stort sett... (Victor har ei nase fullstendig utanfor proporsjonar for tida!)


Innkalling både med fløyte og stemme er Victor god på:)


Har snart tatt igjen storesøster Shira i størrelsen...


Victor i farta!


Like lange bein som Shira og større potar - kor skal dette ende?..

Shira elskar å sola seg! :)

Dårleg treningsøkt/dårleg trenar

Æsj, i dag har eg hatt ei heller dårleg treningsøkt med Victor, og det er sjølvsagt min feil. Planen var å trene på ein så enkel grunnferdighet som fokus under marsj baklengs. Dette viste seg å ikkje vere så enkelt... Fokus ståande framfor førar har vi jo inne relativt greit, sjølv om eg slit litt med at Victor stiller seg opp i all slags rare vinklar i forhold til meg! Eg vil ha han rett framfor meg, men det er visst ikkje så lett for han å skjøna. Veit ikkje om det er så nøye at han står rett, er jo kontakten som er viktigst, men det er jo opp til meg å setja kriteriane... Og så viste det seg altså i dag at straks eg rører på meg (beveger meg bakover) så mistar Victor kontakten: Han følgjer villeg med meg, men ser bare rett framfor seg, altså bare rett i beina mine. Straks eg stoppar ser han opp og tar kontakt igjen. (Vi har trent dette innandørs tidlegare og då gjekk det greit.) Eg prøvde å bevege meg bare ørlite og forsterke at han då haldt kontakten, men han bare fortsatte å sjå ned umiddelbart ved min minste bevegelse. Eit anna problem vi har med denne type trening er at han går så himla tett innpå meg!! Han er så nær at han må jo vri nakken i vinkel for å ha kontakt med meg! Alle desse faktorane gjorde utålmodige meg så frustrert at eg haldt på å skrika! Ikkje akkurat gode eigenskapar ved valpe-trening... Eg trente bare fem-minutters økter før eg hadde fem min. pause mens eg trente Shira imellom. Etterpå trente vi stå og bli, og det var bare enda meir problematisk (vi har trent masse sitt og bli), så no er eg bare kjempefrustrert. Trur kanskje eg stiller litt høge krav til Victor fordi han har vore så flink fram til no. Gode treningstips mottas med takk!!

mandag 6. juli 2009

Oppdatering Victor

No har det gått lang tid sidan forrige innlegg - tida flyr av gårde!

I går var Victor akkurat 4 månadar! Han er blitt ein langbeint kar, og energien hans veks i takt med beina... Men han er fortsatt veldig snill, og usedvanleg lydhør overfor oss. Vi treng ikkje vera strenge med han, seier vi nei sluttar han straks med det gale han held på med - og det er heldigvis ikkje ofte han gjer noko gale den karen! I dag oppdaga eg at han har mista to tenner (oppe, framme), så han klør nok sikkert bra i gummane for tida, men han er flink til å vita kva han har lov til å tygga på - foreløbig har han ikkje ødelagt noko... Han veger no 14,2 kg, og kjem heilt sikkert til å bli ein stor lab. Om nokon som har søsken av Victor leser dette, legg gjerne att opplysinger her om korleis dei har utvikla seg - hadde vore interessant å visst.

Vi trener grunnferdigheter så og sei dagleg: Fokus, sitt, ligg, stå, bli, target, bakpartskontroll og innkalling. Vi leikar oss litt med apportering av ball og puppy dummy og har gått eit par blodspor. Victor er kjempeflink! Og han har fortsatt ei fantastisk arbeidslyst!! :D Framover skal han faktisk vere med meg på jobb, blir spennende å sjå korleis det går.

Ellers vurderer vi å melde han på valpeshow på ei jakthundutstilling på Elverum i august... Han må jo uansett i ringen før eller sidan om han skal få Championatet sitt! ;)

torsdag 11. juni 2009

Hipp hurra for Shira som fyller 5 år i dag!! :D

I dag har eg faktisk laga ein filmsnutt til ære for Shira, med bilder frå livet hennar, og eg var så stolt over sluttproduktet mitt, men så får eg ikkje til å lasta den opp nokon plass! Grr... Så det er grunnen til at dette innlegget kjem så seint på bursdagen, no har eg gitt opp heile filmen.

Vi har hatt ein flott dag, med svineknoker til frokost, lang skogstur til lunsj, røkt kjøtbein til middag og blodspor til kvelds! ;) Trur snuppo er rimeleg nøgd med dagen sin :)

Ikkje får eg lagt ut bilder heller no - dårlege greier dette :/ Prøver igjen i morgen...

fredag 5. juni 2009

Stor gut!

No er Victor blitt 13 veker og 3 månadar gamal! Han veks og legg på seg raskt, men held seg slank. Han veg 10 kg i dag. For ei veke sidan var han 9,2 kg. og fem dagar før det var han 8,4 kg., så her går det verkeleg unna! På same dagen eg vegde Victor til å vera 8,4 kg. var visstnok eine kull-broren 7,2 kg., så spørs om ikkje Victor blir ein bra stor gut...

tirsdag 2. juni 2009

Fullt program

Sidan forrige blogg-innlegg har tida bare flydd avgårde. Victor har vore med på masse, og eg skal prøva å huska det meste, det viktigaste iallfall...

Forrige helg var ein milepæl, for då starta endeleg vetle-guten å sova natta gjennom! Hurra! På tide når ein er 11 veker synes eg... Viste seg at problemet skuldast at det lysnar så tidleg - noko så enkelt!! Dette fann ho mor ut etter å ha kome på den geniale ideen om å legga eit stort handkle over buret om natta..! Fattar ikkje at eg ikkje har kome på det før! Er veldig lyst i stova vår, mange vindauger, ingen gardiner, og det er jo ikkje mange timane det er mørkt om natta no...

Forrige mandag var siste dagen på valpekurs, og det gjekk jo som vanleg ganske bra. Synes kurset burde vart lenger!

Tirsdagen var vi nedi by'n, på Puppy Party. Eg var på Blindern på kurs den dagen, så det blei Bjørn som tok Victor med seg innover, og då var det miljøtrening for alle penga! Dei tok toget, Victor var flink, men tissa inne på Oslo S... Det hølja ned heile den dagen, og bare det var ein prøvelse for vetle Victor - han likte det ikkje!! Dei gjekk litt rundt og såg på livet i sentrum før dei tok trikken opp til meg på Blindern. Då var Victor heilt utkjørt av alle dei nye inntrykka - ikkje den luraste oppladinga for Puppy Party... På valpefesten møtte ti kvalpar, dei fleste var under 12 veker og mindre enn Victor, men Victor var sjenert og tilbakehalden. Han ville heller kose med dei tobeinte og trene enn å leika med dei andre. 40% av kvalpane var forresten Portugisisk Vannhund - Obama-effekten?.. Victor har hittil vore lite interessert i framande hundar, inkl. kvalpar, og eg er litt usikker på korleis eg skal ta det. På ein måte er det jo bra, gjer jo treninga mykje lettare! Men eg vil ikkje at han skal vere redd for andre hundar heller, så vi får bare fortsetja og sosialisera.

Onsdagen var vi på skytebanen. Victor fekk eit griseøyre (det første i sitt liv, og det slo verkeleg an!), og låg baki bilen og koste seg med det mens det small rundt han. Bilen stod parkert ganske tett opp til skytinga og vindauga var opne, men Victor reagerte ikkje. Han bare logra:) Var verre med Shira som eg trente utanfor... Gjekk med ein pose med kotelett- og pølsebitar, men ho var fortsatt engsteleg. Men ho tok no iallfall godbitane, så det kunne jo alltids vore verre. Etter ei god stund blei vi bare sitjande i bilen, og då kapitulerte Shira til slutt og la seg ned. Skal trene meir seinare.

Torsdagen gjekk vi tur ved Østensjø-vatnet(?), der det er MASSE fuglar (ender, gjess, osv.), slik at Victor skulle få oppleve fugl på nært hald. Han var nysgjerrig, men haldt seg roleg - flinke guten!:) I tillegg møtte vi fleire hundar og hadde nærkontakt med islandshestar som sto inngjerda der. Victor var slettes ikkje redd hestane, og ville helst leika med dei:) Han var meir skeptisk overfor sin eigen art...

Fredagen var vi hos vet'en for å få 12-vekers vaksina. Vet'en skrytte voldsomt over Victor. Alt var bra med han, ingen problemer og for eit fantastisk flott lynne - dette lova godt, sa vet'en! :D

Vi reiste så nedover til hytta på Jæløya, første gang heile gjengen var på helgetur i lag! Foreldra til Bjørn var òg der, og vi koste oss med sol og varme, god mat og vin. Shira fekk bada, så ho var jo strålande nøgd. Lørdagen slappa vi bare av, mens søndagen drog vi til Sarpsborg for å sjå på Retriever-klubbens pinse-arrangement. Var utstilling, og vi var spente på å sjå lab-kvalpane som skulle delta... Dei var dobbelt så breie som Victor!! Sjølv om dei var nokre veker eldre kjem Victor aldri til å sjå sånn ut... Kun ein stilte i bruksklassen - kun for nødvendighets skuld fordi du må ha premiering frå utstilling for å kunne få jakt-championat... Var eit særdeles flott eksemplar som stilte (Searover Kits Deep), og heldigvis hadde den britiske domaren vett nok til å bedømma han ut i frå at dette faktisk var ein JAKTlab, så det blei gitt raudt tross alt.

Dagen i går var meir spennande. Då var det Working Test uti skogen. Veldig interessant for oss ferskingane å sjå korleis det foregår. Tenkjer vi skal klare det neste år!! Det var fem postar deltakarane måtte gjennom. Det blei skutt ein del, og det gjekk stort sett i å markere og apportere dummier. Veldig mange Flat'er med, og ikkje så mange jakt-lab'er. Igjen viste Victor stor trygghet. Han reagerte ikkje i det heile på skudda, og fekk helst på mange folk og hundar. Til slutt sovna han i lyngen midt oppi det heile... :)

Så det har vore ei god veke med MASSE miljøtrening! Siste innspurt før sosialiseringsvinduet lukker seg... ;)

På siste lufteturen seint i går kveld hadde vi ein litt ekkel oppleving. Den starta veldig morsom faktisk... Shira kom over ein frosk i vegen, og ho syntes den var fantastisk artig der den hoppa bortover - ho var som ein kvalp igjen, og eg lot ho leike litt med den. Ho bare slo litt etter den med labben og dytta litt i den. Er litt usikker på om ho tok den i munnen på eit tidspunkt. Det gjekk ikkje lange tida, kanskje bare eit minutt, før ho plutseleg fekk ein rar reaksjon. Akkurat då gjekk Victor òg bort til frosken, men eg fekk redda han unna før det gjekk for langt. For Shira fråda om kjeften! Det skumma og rant!! Det var heilt tydeleg at frosken hadde utskilt noko gift-stoff for beskyttelse, Victor fekk ein lik reaksjon i mindre skala. Det var skikkeleg ekkelt! Shira brakk seg, og eg blei skikkeleg uroleg. Observerte hundane grundig. Det ga seg heldigvis raskt, først hos Victor og så hos Shira. Ho slutta å skumma av munnen etter ca. 20-25 min. Så bodskapen er klar: Ikkje la hundane dåkas få lov til å leika seg med froskar!! I dag tidleg hadde Victor diaré, og kanskje var det òg ein del av reaksjonen på frosken? Heldigvis blei no Victor raskt bra att i løpet av dagen i dag:)

torsdag 21. mai 2009

Når villdyret våkner...

I dag er Victor 11 veker, og i løpet av dei siste dagane har det skjedd noko med han... Villdyret har endeleg vakna, og han har vist oss at det ikkje er noko som helst gale med han, han er ein heilt normal kvalp no! :) Det eg siktar til er at Victor har vore så ekstremt roleg av seg at vi blei nesten litt bekymra for han, men han har i løpet av få dagar no blitt meir og meir aktiv - og no savnar vi nesten den gamle Victor! ;) For to dagar sidan haldt han det gåande med Syver heile dagen, i fullt tempo, og på kvelden var han med på Retrieverklubbens jaktcup. Der haldt han ut i tre timar, og var i storform. Helste på mange folk og vaksne retrievere, og fekk leikt med ein Golden-kvalp på ni veker som heitte Viggo. Victor var litt skeptisk i starten, men slapp seg laus ganske raskt. Og midt i det heile ville han faktisk heller trene enn å leike! Den hunden er jo bare heilt rå!! Og då vi kom heim tok det fortsatt ei stund før han "kollapsa". Og ikkje ein gang etter ein sånn lang og aktiv dag fekk mor sova heile natta... :-s

Dette var altså vårt første møte med retriever-klubben, og det var masse trivelege folk der. Verkar som om det er eit godt miljø der. Og så var det så fin atmosfære mellom hundane!! Var veldig mange der den dagen, men alle var samla og oppførte seg hyggeleg mot kvarandre. Dette ser ein ikkje ofte der det er samla mange hundar av ulike rasar... Retrieverane er verkeleg trivelege hundar! :)

I går var vi heime heile dagen, og då var Victor skikkeleg masete og bøllete! Det måtte skje noko heile tida, og sidan det ikkje gjorde det (eg måtte bruka tida mi på å skriva jobb-søknad), blei han veldig rastlaus og masete - kjeda seg skikkeleg! Eg måtte halda han og Syver atskilt sidan dei akkurat var blitt dynka i Exspot, og sidan vi skulle på valpekurs på kvelden og då var det om å gjere å ha litt energi igjen til det... Valpekurset gjekk bra. Vi trente på passeringstrening, gå på plass, sitt og bli, helsa på framande utan å hoppa, og innkalling.

I natt fekk eg sova seks og ein halv time i strekk, så det kjem seg:) I dag er planen å ta ein tur inn til byen og besøka ein kompis. Tenkjer kanskje å gå eit blodspor med Shira òg.

lørdag 16. mai 2009

Bilder frå dei to første vekene med Victor


Shira soler seg og Victor held ho med selskap


Heile gjengen på eit brett - ikkje så lett å få til...


Fine hundane mine!! :)


Victor et blomar mens Shira poserer meir vant


Victor ser på eit fly :)


Shira og Victor leikar. Shira ser litt gal ut, men ho er verdas mest tålmodige med Victor altså!


Trening: God kontakt!


På valpekurs: Victor kan kunsten å gå fint i band! Bjørn synes det er litt langt ned til Victor...



Gutta tar ein blund i lag på sofaen


Er som regel desse to karane som får nyta senga til Shira...


Her har Victor'en sovna på kjøkengulvet - han er ein liten trøtting.


Fått margbein - NAM! Er ikkje Victor søt?! :)