tirsdag 25. august 2009

Trening dei siste dagane

I dag har eg trent grunnferdigheter i lydighet med Victor. Vi trente litt kontakt (sliter fortsatt med å halda kontaken mens vi beveger oss..), og trente meir på ein heilt ny øvelse: Hald fast, med samanrulla avis. Dette viste seg å vere overraskande vanskeleg... Men det var jo første treningsøkt, så vi får bare prøve igjen. Merker at Vic fort blir plaga av varme - ikkje at vi har vore så bortskjemt med det i det siste, men det måtte jo sjølvsagt blir solsteik akkurat då eg skulle trene i dag... Eller kanskje det rett og slett er ho mor som foretrekker å vere ute i sola? ;) Jaja, det er jo trening det òg, å lære seg å jobbe sjølv om det er varmt. Ellers trur eg vi må gå litt "back to basics" i klikkertreninga, for eg synes han er litt passiv... Lurer på kva vi skal finne på for å auke kreativiteten og aktiviteten? Både Vic og Shira fekk seg ein runde med fòr-søk på bakken i dag, Shira trengte kvile etter turen vår i går.

I går vi var vi ute på tur i nestan to timar i ulendt terreng. Shira sprang som ein tulling, svømte og styra voldsomt - ho kjenner ikkje sine eigne grenser. På returen var ho tydeleg sliten, og gjekk sakte i baktropp. Då vi kom heim måtte ho såpevaskast under hageslangen, ho var heilt svart!! Eg strakte ut bakbeina hennar og ga ho ein pille, og så kvilte ho stort sett resten av dagen. Lurer på om eg må setja litt meir grenser for ho ift aktivitetsnivået hennar? Ho er så utruleg glad når ho får rasa rundt i skogen, men eg vil jo ha ho i god form lengst mogleg. Er god trening for ho, men alt med måte... Er vanskeleg å vita kor grensene går.

Eg og Vic blei med Bjørn på duejakt på ettermiddagen. God passivitetstrening for vetleguten. Hadde det ikkje vore for den sinnsjuke mengda med blodtørste mygg ville det vore ei kosestund. Men til tross for raus spraying av Autan blei vi godt bitne alle tre... Vic var kjempeflink, la seg ned og slappa av bak kamuflasje-nettet. Då Bjørn fekk ei due på skuddhold og fyrte av, satte Vic seg bare rett opp og såg på fuglen - som fløy uskadd avgårde... Dette var første gang Vic opplevde skot på så nært hald, men det var som forventa ingen problem for den guten:D Ellers var det lite fugl, så det kom ingen apporteringsmuligheter.

Søndagen gjekk eg blodspor, lagt av Bjørn, med både Shira og Vic. Først Vic: Det var jammen meg ein heilt annan hund enn ved dei to første forsøka!! Tidlegar når vi har prøvd, har han trudd poenget var å slikke i seg alt det sølte blodet, så det har jo gått rimeleg treigt. Men no raste han avgårde i eit forrykande tempo! Her gjeld det å roe ned betraktlig no... Og det er tydeleg at vi kan avansere i vanskeleghetsgradene på sporet. Shira gjekk bra, men ho mista sporet i ein vinkel og begynte å ete gras i staden for å søke opp sporet, ho er lett å distrahera den tøtto der! Etter å ha fått ho tilbake på sporet gjekk ho knallbra eit godt stykke, men sleit faktisk med å finne sporslutten. Her er det bare å hamstre meir blod og trene meir med begge hundane!

onsdag 19. august 2009

Ein gledens dag for amstaffen Majlo og hans familie!

Endeleg blei det einaste rette vedtatt: Familien til Majlo vann saka mot staten, så no skal Majlo få lov til å leva vidare i Sverige. HURRA!!!
http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article1370057.ece

Eg er så glad, så glad! Fekk tårer i augene då eg fekk nyhendene. Rettferdigheten seira denne gangen, seint men godt. Håpar bare Majlo har hatt det bra på kennelen, og at han fortsatt er den same gamle gode familiehunden som han var før han blei tatt av politiet i februar i år... Trist for heile familien at dei måtte gjennomgå dette, politiet skulle ha vedtatt utvising frå landet med ein gang. Håpar verkeleg hundelova blir revurdert, amstaffen fortjener å få leva i Norge!!

Ynskjer Majlo og familien hans masse lykke til vidare!!!

torsdag 13. august 2009

Bilder frå valpeshowet






BIR-tispa


Victor er lei heile utstillinga og setter seg rett ned i søla..


Fekk jo litt premiar likevel :)

BIM'en vår! :)

Så har vi altså ein BIM-valp i huset etter søndagens valpeshow på Elverum (De nordiske jakt- og fiskedager 2009)! :D Burde vel ikkje leggje til at Victor var einaste labrador-hannen, hehe, men ærleg som eg er må eg jo fortelja det òg.

Kritikken var som følgjer:
"God type. Ennå noe langt og smalt hode. Slank hals. God manke. Trenger mer utvikling i brystdybde og lengde. Normalt vinklede bein. Faste poter. Meget gode parallelle bevegelser." Dommer var Frank Christiansen.

Eg var så syndig og kommenterte at Victor er ein jaktlabrador mens vi sto i ringen, og det var tydeleg at dommaren ikkje var enig i at rasen kjem i to variantar... Vi konkurrerte mot to "vanlege show-labrador" tisper, og sjølvsagt likte dommaren best den breiaste... Jaja, vi var no uansett med bare for moro skuld (det var jo tross alt jakthund-utstilling) og bare for å høyre kva dommaren hadde å sei, og kanskje provosere litt med ein jaktlab i ringen - noko vi jo klarte;)

Det var både min og Victors første gang i ein utstillingsring. No har eg iallfall fått prøvd det, og har funne ut at det der ikkje er noko for meg. Makan til kjedelege greier. Først masse venting (alltid forsinkelsar under utstillingar), så var det bare å springe litt rundt og stå rett opp og ned, ikkje så mykje å prestere akkurat... Provoserande at dette er det einaste mange hundar blir målt etter. Synes det er litt meiningslaust at det opptrinnet der skal få leggja avlsgrunnlaget for rasane - er ikkje rart det er så mange hundar med fysiske og psykiske problemer! Burde absolutt vore krav om premiering i bruks/lp/ag for å få utstillingschampionat, slik det er omvendt!! Kvifor er det ikkje det, eigentleg??

onsdag 12. august 2009

Enda fleire bilder frå kenneltreffet, tatt av oppdretter

Legger ut link til bilder frå kenneltreffet som oppdrettarane har lagt ut:
Carmals kenneltreff 2009
Der er fleire bilder av Victor, meg og Bjørn.

Bilder frå vestlandsferien


På toppen av Fløien, vakre Bergen by i bakgrunnen


Shira og Victor var sjølvsagt òg med opp til Fløien


På tur opp i Fløibanen, var ganske bratt... (320 m o.h.)


I Omvikdalen, på besøk hos Siv m/fam.


Shira passar på den nyfelte hjorten

mandag 10. august 2009

Ferieveka

No er vi akkurat kome tilbake frå ei veke på vestlandet, det har gått i eit banka kjør, og eg skulle gjerne hatt fleire dagar der!:)

Her kjem ein kort rapport:
Vi ankom Rosendal seint fredagskvelden (31. juli) etter ein laaang kjøretur. Gjekk greit, har heldigvis hundar som likar å kjøra bil. Spesielt Victor, han bare sover i bil:) Lørdagen gjekk vi tur og trente litt dummy-apportering og "sauesosialisering", før eg og Bjørn tilbrakte kvelden i Uskedalen, på festidalen. Mamma og Sondre-bror var barnevakter for bikkjene. Victor var nok litt stressa over at vi var vekke for han prøvde visst heile tida å stikka av, og etter å ha vore ute lenge så tissa han inne, imens han sprang over HEILE stova..!.. Inkludert på det nye teppet til mamma og pappa... :-o Shira på si side fekk besøk av eit piggsvin mens ho sto ute, og blei hysterisk galen på det. Klarte å rappe til det stakars piggsvinet med labben (ei Shira høg på adrenalin kjenner ikkje piggane..!) ein gang før naboen som hadde høyrd bråket kom ilande til og redda piggsvinet. Altså ein action-fylt kveld for barnevaktene! Hehe.. Då eg og Bjørn kom heim frå festivalen på natta var Victor så sliten at han ikkje orka å koma ut av buret sitt i det heile. Festivalen var forresten veldig vellykka!! Veldig profesjonelt arrangert og veldig kjekt, med masse folk! :)

Søndagen slappa vi av + kjørte inn til Gjetingsdalen, til familiens småbruk (hytte) der. Bjørn og pappa skulle sjå etter hjort, då det var gjeve fellingstillatelse på to skadedyr. Dei såg sju dyr, men skaut ingen den kvelden. Neste dag gjekk vi oss ein tur. Først var vi nedom Bråtun (nabo-gården) for å helse på. Vi var litt spente på om Shira og Sindi, ung-tispa der, ville hugsa kvarandre att. Det var tydeleg at Shira kjendte Sindi, mens Sindi var litt meir skeptisk (blir lite sosialisering med andre hundar inni dalen der). Det gjekk fint, og spesielt dei to retrieverane fann tonen (Sindi er labrador/golden-mix)! ;) Etterpå skulle vi testa Shira på ferskspor av hjort oppi skogen. Gjekk ganske bra, men det er så mange dyr som går der, så det er veldig mange spor som kryssar kvarandre, noko som jo gjer det vanskeleg å halde seg på eit spor... På kvelden var Bjørn og pappa ute og såg etter hjort att, på ein ny plass, men såg ingen då. Min plan var å reisa frå Gjetingsdalen dagen etter (tirsdagen), for vi hadde mange folk vi skulle få sett i løpet av dei siste dagane i Kvinnherad. Bjørn, derimot, han ville slettes ikkje dra frå Gjetingsdalen, han likte seg så godt! Så då gjekk eg med på å bli litt til, det er jo tross alt veldig fint å vera der!:) Vi gjekk ein tur til fjells med pappa, plukka blåbær, grilla pølser over bål og drakk nydeleg elve-vatn. Litt flaut at gamle-far sprang så lett i frå oss oppover - det må gjerast noko med!! (Ut å røre på meg no etterpå...) Tirsdagskvelden lykkast endeleg jegarane våre! Dei kom att på kvelden med ein stk. daud hjort som måtte slaktast. Bikkjene syntes jo dette var heilt fantastisk! Shira meinte at hjorten og blodet var hennar, og viste det tydeleg overfor jyplingen Victor - makan til flekking av tenner!..

Onsdagen kjørte vi tilbake til Rosendal. Møtte Siri på den nye kaféen/butikken Årmann (som eg så vidt fann fram til - er gale når eg ikkje klarar å finna fram i vetle Rosendal lenger!..!), veldig fin butikk, med god kaffe!:) Besøkte så Ingunn og Kim, før vi avslutta med eit besøk hos besto på haugen. Torsdagen fekk vi besøk av søskenbarnet mitt, Beate m/fam., som har ei Berner Sennen tispe på eit år. Var igjen spent på reaksjonen til Shira, om ho ville hugsa ho, men det var ingen problem, Shira tok godt imot ho, og Victor blei litt forelska trur eg.. :) På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut til Omvikdalen, og besøkte Siv m/fam. og enda ei ung-tispe (toller) som eg satsar på at Shira forblir venn med. Shira hadde ingen problemer med Kaja, mens Kaja på si side var blitt mykje tøffare sidan sist...

Siste dagen vår tilbrakte vi i Bergen. Kjørte først til Åsane og besøkte Margareth, Emanuel og deira nyfødte gut, Benjamin. For ein bitteliten og fin baby! Etter nokre timar der kjørte vi inn til byen, og tok Fløibanen til topps. Bikkjene hadde ingen problemer med å ta banen, Victor bare la seg ned og slappa av som vanleg:) Vi spaserte ned att, ein fin tur. Veldig slitsomt å gå med Shira i band, ho trekker som eit uvær og måtte sjølvsagt gjera utfall mot alle bikkjer ho såg.. :( Ho er uforbedreleg altså! Vel nede i byen att hadde vi oss ein middag v/ Egon, forvist baki eit "hundehjørne", før vi starta på turen tilbake til Rosendal - ei heilt eiga historie!..

Ferieveka var altså hektisk, vi rakk over mykje, men skulle svært gjerne rukke over enda meir! Ein fin ferie var det iallfall! :D