torsdag 21. mai 2009

Når villdyret våkner...

I dag er Victor 11 veker, og i løpet av dei siste dagane har det skjedd noko med han... Villdyret har endeleg vakna, og han har vist oss at det ikkje er noko som helst gale med han, han er ein heilt normal kvalp no! :) Det eg siktar til er at Victor har vore så ekstremt roleg av seg at vi blei nesten litt bekymra for han, men han har i løpet av få dagar no blitt meir og meir aktiv - og no savnar vi nesten den gamle Victor! ;) For to dagar sidan haldt han det gåande med Syver heile dagen, i fullt tempo, og på kvelden var han med på Retrieverklubbens jaktcup. Der haldt han ut i tre timar, og var i storform. Helste på mange folk og vaksne retrievere, og fekk leikt med ein Golden-kvalp på ni veker som heitte Viggo. Victor var litt skeptisk i starten, men slapp seg laus ganske raskt. Og midt i det heile ville han faktisk heller trene enn å leike! Den hunden er jo bare heilt rå!! Og då vi kom heim tok det fortsatt ei stund før han "kollapsa". Og ikkje ein gang etter ein sånn lang og aktiv dag fekk mor sova heile natta... :-s

Dette var altså vårt første møte med retriever-klubben, og det var masse trivelege folk der. Verkar som om det er eit godt miljø der. Og så var det så fin atmosfære mellom hundane!! Var veldig mange der den dagen, men alle var samla og oppførte seg hyggeleg mot kvarandre. Dette ser ein ikkje ofte der det er samla mange hundar av ulike rasar... Retrieverane er verkeleg trivelege hundar! :)

I går var vi heime heile dagen, og då var Victor skikkeleg masete og bøllete! Det måtte skje noko heile tida, og sidan det ikkje gjorde det (eg måtte bruka tida mi på å skriva jobb-søknad), blei han veldig rastlaus og masete - kjeda seg skikkeleg! Eg måtte halda han og Syver atskilt sidan dei akkurat var blitt dynka i Exspot, og sidan vi skulle på valpekurs på kvelden og då var det om å gjere å ha litt energi igjen til det... Valpekurset gjekk bra. Vi trente på passeringstrening, gå på plass, sitt og bli, helsa på framande utan å hoppa, og innkalling.

I natt fekk eg sova seks og ein halv time i strekk, så det kjem seg:) I dag er planen å ta ein tur inn til byen og besøka ein kompis. Tenkjer kanskje å gå eit blodspor med Shira òg.

Ingen kommentarer: