Viser innlegg med etiketten feltsøk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten feltsøk. Vis alle innlegg

søndag 29. august 2010

Travle tider...

Det har skjedd og skjer så masse for tida at blogging blir nedprioritert. Får ta ei lita oppsumering:

Første helga i august var heile familien ein snartur til vestlandet for å ta ut eit skadedyr i Gjetingsdalen. Hjorten blei skoten, Melvin fekk prøve seg på ferske hjortespor og ellers nøyt vi ei deilig villsvinsteik!! Eg kan når eg vil! ;)

Andre helga i august var det utdrikkingslag for Marianne heile lørdagen - veldig kjekt! Og så var det jakt- og fiskedagane på Elverum søndagen. Melvin gjekk sitt første valpeshow og blei BIS!! :) Den dagen fekk vi gjort mykje. Då vi kom heim bar det ut i skogen for å plukke kantareller (fann masse!) og så fekk vi til og med tid til ei treningsøkt på vatn for Victor. Øve på å ikkje riste seg før avlevering... Shira fekk òg vere med og fekk svømt litt.

Helga etter det var eg og Bjørn i 30-års lag til Petter og på søndagen var det slektstreff!

Forrige helg ofra eg A-HA-konserten på Ullevål for å vere med som apportører på andejakt i Sverige, på Saxhyttan gård. Victors første andejakt, men han var kjempeflink! Tok skadeskutte ender utan problem - det var verre for ho mor som måtte avlive dei stakkars dyra... Var ikkje forberedt på den biten, men det er rart kva ein kan greie når ein må, og kva ein kan venje seg til (nesten litt skummelt!). Jakta tok på for Vic, både fysisk og mentalt. Søndagen jobba han med ein brøkdel av effekten han hadde lørdagen, men vi var fortsatt nøgde. Han apporterte ca 30 ender lørdagen og ca 10 søndagen. Ei spennande og innhaldsrik helg altså!!

Denne helga var det jaktprøve igjen, NRK avd. Ringerike og omegn sin, litt nord for Hønefoss. Eg var ekstra spent, hadde jo ein 1. premie frå før å forsvare, men det klarte vi dessverre ikkje. Blei ein 2. premie denne gangen. Vic som har vore så flink på feltsøk har blitt altfor høg. Han tar heilt av og raser rundt i ein fart som gjer det vanskeleg for han å plukke opp vitringa - her skal det trenes mykje nærsøk framover! Det eg var mest nøgd med var å sjå at den treninga vi har gjort på avlevering frå vatn i det siste har betalt seg! For første gang leverte han utan å riste seg - HURRA!!! Takk til Hans Andreas for god hjelp på klubbtreninga tidlegare i veka! Legger ut dommerkritikken seinare.

I dag har vi tatt det litt med ro, har regna på og av heile dagen. På kvelden fekk vi tatt ei treningsøkt der Vic for første gang skulle få apportere kanin! Hadde tatt fram ei and òg for sikkerhets skuld. Var jo ikkje sikkert han ville ta kaldt vilt no når han har fått smaken på det varme! Og visst var han skeptisk med det same - anda var jo hard og iskald! Men han tok det raskt. Enda meir skeptisk var han til kanina, men han lydde apport-kommandoen som ein prins, og syntes det var heilt ok å finne og hente iskald stiv kanin!

Ellers er vi opptatte med agility-kurs mandagar, kurs i vannarbeid onsdagar og jakttreningar med klubben torsdagar. Og neste helg er det NM!! Phuh...

mandag 30. juni 2008

Kveldstur i fjordhest-land




Meininga var å legge nokon spor i kveld, og kanskje ta eit feltsøk. Er lenge sidan sist, så det er på tide med litt oppfriskning før spor-kurset i august... Kjørte opp til Muradalen, men fann fort ut at det var ALTFOR blautt - iallfall utan støvlar! Så det blei tur i staden, inkludert elve-bading og ball-kasting for Shira. I Muradalen gjekk det fleire fine fjordingar og beita. Shira haldt seg på trygg avstand, men følet blei veldig nysgjerrig då Shira sat samankrøka for å "tømma ryggen", og nærma seg - til Shiras store forferdelse... Shira la øyrene bakover, og det var tydeleg ho stressa med å gjera seg ferdig, og då ho endeleg hadde fått pressa ut siste rest, satte ho avgårde i rakett-fart for å koma seg unna!! Hehe, morsomt å sjå på!


Då vi kom heim trente vi litt på kjøkenet, Shira jobba for halve dagsrasjonen sin av tørrfor i løpet av eit kvarter. Vi trente på musematte-target; prøvde å fryse targeten og å kjede saman med andre øvelsar. Ellers starta vi innøving av nytt innkallingssignal, fløyte, men det vil vera enklare med hjelp av andre. Shira var super-ivrig! Det er tydeleg at det har blitt mindre aktivisering av ho no etter at eg har byrja i full jobb, så ho har kjeda seg og vore litt masete dei siste dagane - det må vi gjera noko med! :)