tirsdag 6. august 2013

Oppsumering første halvår 2013

Med working testen helga som var starta haustsesongen for meg og Victor, og då tenkte eg det var greit å sjå tilbake på vårsesongen. Den var jo faktisk heilt utruleg for oss! :-D Vi lyktes i det meste vi foretok oss og var ein usedvanlig positiv flyt. Må bare haustsesongen fortsetje i same duren...

I mars braka det laus med eliteprøven i Rogaland. Det var vel verd den lange reisa då Victor sto igjen som einaste med 1. pr. på lørdagen og blei kåra Elitevinner! Dagen etter gjorde han ein solid innsats igjen, spesielt gjennom ein særs langvarig drive (fleire ganger) med 13 stk. på linja! Han var stille og dommaren hadde observert at han jakta effektivt og godt inne i skogen. Etterpå var det walk-up og det haldt ei stund. Vi var uheldige og fekk i oppgåve å eye-wipe hunden før oss som ikkje hadde lykkast på ei vanskeleg dirigering. Her sa Victor at no får det vere nok, så han tok ut og sprang i frå heile greia... Dermed blei det 0.

I mai hadde vi eit tettpakka program med jaktkurs to helger, med dyktige instruktørar Oliver Kiraly og Trond Gjøtterud, samt to helger med working tester. Først var det NRKs pinsearrangement på Kongsvinger, med utstilling eine dagen og WT neste dag. På utstillinga (brukshundklasse) fekk vi Very Good (blå) av dommar Sverre Sand. Og med 2. WT EK (94 poeng) gjekk vi til topps i dual-konkurransen, som Labradormester! Ekstra kjekt at ein labrador av reine jaktlinjer kan få vist seg fram i ei slik kåring. :-) Siste helga i mai var det igjen både utstillin og WT i regi av NRK avd. Gjøvik/Lillehammer. På denne utstillinga fekk vi Good (gul) av dommar Kjell Svensson, mens på working testen vann vi EK med 88 poeng.

1. WT EK, NRK avd. Gjøvik og Lillehammer. Foto: Beathe Nes
 I juni var det tid for NLM (norsk lagmesterskap i retrieverarbeid). Vi stilte lag med Rønnaug & Sofi, Wenche & Ronja og Tone Kit & Mira (unghund). Og jammen klarte vi ikkje å karre oss heilt til topps! Stort å slå dei velmerriterte ekvipasjane i Team Vinje Våpen og Team Omegn! :-) Arrangøren, NRK avd. Østfold, hadde skaffa til veie flotte premiar til oss, og på vegne av NRK avd. Oslo og omegn som vi representerte, tar vi vare på vandrepremien, ei fin stokkand (utstoppa vel og vite...).

Vinner NLM 2013: Fun Hunting v/NRK avd. Oslo og omegn
 I tillegg har vi tilbrakt mykje kvalitetstid i lag med hyggelege treningskompiser rundt omkring. Altså kunne ikkje dette halvåret vore særlig betre for oss! :-) Spent på fortsetjinga...

Ingen kommentarer: