torsdag 9. oktober 2008
HURRA!!
Eg har endeleg klart å fixa bloggen min! Halleluja! Så no blir det bilder og alt mulig anna skøy igjen ;)
onsdag 8. oktober 2008
Helga som var
Må bare skrive litt om helga vi hadde – sjølv om det allereie nærmar seg ny helg..! Den var bare heilt fantastisk!! Starta fredagsettermiddag, då vi etter ein dag på universitetet kjørte ned til Florida Road i Durban for å finna oss ein fin restaurant der vi kunne feira 25-års dagen til Kjersti. Vi hadde sett oss ut ein restaurant som guide-bøkene våre anbefalte, men den hadde sjølvsagt flytta tre dagar tidlegare!.. Det viste seg å vera hell i uhell, for vi endte i staden på ein splitter ny fantastisk fin restaurant som heiter Harvey’s. Viste seg å vera ein fancy tapas-restaurant, der konseptet var at selskapet (vi) skulle bestilla rettar ilag, slik at alle fekk smake alt. Rettane blei delikat servert i fire små porsjonar, så bestillte vi bare fleire etter kvart. Kjempegod raudvin fekk vi òg til! Blant dei sju(!) rettane var favoritten min Kudu, som er eit antilope-dyr – fantastisk godt kjøt!! Og servicen var veldig bra, bortsett frå at dei ”gløymde” å gje oss kompensasjon for at vi fann eit lite glas-skår i eine retten... Vi skal iallfall tilbake hit!
Lørdagen tilbrakte vi på The Spa!:) Eg har aldri vore ein heil dag på spa før, med full pakke, men det gav heilt klart meirsmak!! Vi møtte opp kl. 1200, og første behandling var Full Body Mud-wrap for meg og Full Body Massage for Kjersti og Anette. Eg låg på ein benk, og blei først spraya med olje, deretter børsta terapeuten meg for å fjerne døde hudceller. Etter dette var eg klar for leira! Blei smurt inn med varm leire – skikkeleg deiligt! Så la terapeuten plast og handkler over meg, og der skulle eg liggja i ein halv time og marinerast. I starten klødde det typisk nok over alt, men det gav seg heldigvis fort, så då var det bare å chille. Eg fekk forresten ein hodebunnsmassasje òg. Så var det å dusje av seg leiro og bli smurt inn med body cream. No er altså kroppen min heilt klar for å brunast av varme solstråler! :)
Etter denne behandlinga blei vi servert ein deilig lunsj som vi åt ute, i selskap med mange søte apekattar som svingte seg i trærna nedanfor der vi satt! Utsikta forøvrig var upåklageleg, der vi såg utover havet.. Etter måltidet bar det inn for nye behandlingar. Først Full Facial, med rensing, skrubbing, kuring, kreming, osv. av ansiktet. Var godt det òg utanom den grusomme klemminga av porer – fysj for ein tortur! Men det var verd å lide for skjønnheten, for etterpå gløda det av oss!:) Vi fekk så tid til å bobla oss litt i Jacuzzi’en. Siste behandlig var pedikyr og manikyr (m/ nakkemassasje!), så no har eg så fine rosa tånegler og raude fingernegler! Høyrer med til historia at ho som ordna negla mine klæsja på så mykje lakk at det starta å ramla av allereie neste dag! Men då eg ringte dei og fortalde om dette, fekk eg koma tilbake for ny lakk og då blei resultatet bedre. Under heile opphaldet blei vi behandla som dronningar, med ein kjempebra service. Herligt å ha muligheten til å unne seg noko slikt utan å bli ruinert.
Lørdagskvelden var planen å finna ein ordentleg fin restaurant som vi kunne kle oss litt opp til (vi feira fortsatt Kjerstis bursdag, og ho hadde kjøpt seg lang kjole..!), og den fann vi godt gøymd inne på eit enormt og luksuriøst resort (takk til guideboka igjen); Zimbali. Vi trudde vi hadde gjort det bra dagen før, men dette tok kaka! For ein fantastisk vakker stad, med mykje lekkert på menyen. Eg åt hummer! Og så drakk vi restaurantens eigen(!) vin, Thandi:)
Søndagen var vi bare heime og slappa av – trengte det etter den tøffe lørdagen..!.. ;p

tirsdag 7. oktober 2008
Bilder...
Trur det er noko med cokkie-/sikkerhetsinnstillingane paa pc'en min som har endra seg slik at eg ikkje faar til aa legga ut bilder og linkar for augneblinken. Skal justere litt paa dei, saa faar vi sjaa... I mellomtida kan de sjaa paa dei fine bildene til Anette! :)
http://anetteiafrika.blogspot.com
http://anetteiafrika.blogspot.com
onsdag 1. oktober 2008
Lyst til å ha Shira på lån i to veker??
Eg er så heldig og får Bjørn på besøk! :D Han reiser ned 7. nov. og så kjem vi tilbake til Oslo i lag den 20. november. I den forbindelse treng vi nokon til å ta seg av Shira, og lurer på om nokon har lyst på oppgåva?? Ta kontakt fortast mulig i tilfelle! :)
Problemer med å legge ut bilder...
Hmm, noko e galt med data-hærket her; får ikkje lagt ut bilder i bloggen min!:( Skal prøve å finne ut av det...
søndag 28. september 2008
Lørdag 27. sep. – Durban City!
I går kjørte vi inn til Durban Sentrum, ein tur som normalt tar ein drøy halv time, men vi brukte over ein time i går, sidan vi blei ståande fast i ein trafikk-kork utan like! Det var heilt kaos av bilar, ingen tar hensyn, men kjører bare rett på.. Vi kom endeleg fram, og fekk parkert bilen. Var ganske spesielt å gå ut av bilen og vera dei EINASTE kvite der, blant svarte afrikanarar og indarar. Vi var vel ikkje heilt høge i hatten, der det lyste TURIST av oss lang veg..!.. Fann butikken vi hadde sett oss ut på førehand; var meininga vi skulle sjå på zebra-skinn, men den avdelinga var stengt. Det var vel kanskje like bra, då vi fekk vita prisen: frå 10.000 Rand og oppover! Dvs. frå ca. 7.000 NOK for det billegaste.... Men dei hadde masse anna artigt i butikken! Smykker i gull og perler, malte strutse-egg, m.m. Eg kjøpte meg eit handlaga salat-bestikk i tre og ein kam i Ibenholt. Etterpå gjekk vi ut på ein marknad, der eg kjøpte meg øyredobar, armband og smykke – CHEAP, CHEAP!:-)
Vi surra litt då vi skulle finna African Art Centre, sidan vi ikkje turde å ta opp kart-boka........ Så det droppa vi heller, får ta det ein annan gang... Tok oss heller ein matbit. Vi ville prøva den lokale retten Bunny Chow, som er ei Curry-gryte (vi valte m/kylling) oppi eit hult loffbrød! Servitøren advarte oss om at dette var sterke saker (var ikkje tilrettelagt for turistar akkurat...) – og det fekk han heilt rett i!! Phuh! Eg klarte ikkje å eta særleg mykje av det – smaksløkane mine var jo brent av!.. Artig å ha prøvd ekte Sør-Afrikansk mat då.
Vi kjørte så vidare til Bartle Arts Trust (BAT) Centre nede v/ havna. BAT er eit populært kunstsenter, m/ konsertsal, bar, restaurant og gallerier. Var meininga vi skulle sjå ei framsyning av Zulu-dans, men den hadde visst vore før vi kom... Vi hadde det likevel hyggeleg der, og fekk kjøpt oss eit par flotte malerier laga av Ezequiel Mabote; ein flink og triveleg kunstnar, som har solgt arbeidet sitt i mange land.
Durban er ein svær by, som vi i går fekk bare ein liten smakebit av, men førsteinntrykket er at det er skittent, masete og mykje folk... (Eg er ikkje rasist altså, men kor er dei kvite??) Vi skal no uansett tilbake og utforska byen ytterlegare, for den har mykje å by på!
Forresten såg vi tre ”albino-svarte” på nokre få timar og bare på eit lite område! Det er jo litt spesielt.... Verkeleg regnbue-nasjonen dette! ;-)

Etiketter:
BAT,
Bunny Chow,
Durban,
kunst
Fredag 26. sep. – Field Trip!
Fredagen var vi på rundtur i området vi skal henta informantar i, ”kommunen” eThekwini. Yvonne, prosjektleiar her nede, hadde ordna med ”guide” for oss, ei hyggeleg dame som heiter Helen, v/ Narrative Foundation. Området vi kjørte rundt i heiter The Valley of A Thousand Hills, og er fantastisk vakkert, med frodige dalar og åsar.
Første stopp var hos The Valley Trust – A Center for Health Promotion, der vi prata med leiaren om evt. muligheter for å få hjelp til datainnsamlinga vår. Han fortalde oss at (Oi, no gjekk det akkurat ein apekatt forbi leilegheita vår!!) dei nesten er over-forska på innan HIV/AIDS-området, og at mange av dei personane som er tilknytta organisasjonen allereie er overvelda av arbeid, så det kunne bli vanskeleg. Han var likevel svært interessert i oppgåvene våre, og ville prøva å hjelpa oss så godt som han kunne, så det var jo positivt. Skal senda han prosjektbeskrivelsen vår, så får vi sjå.
Neste stopp var hos Embocraft Training Centre Trust, der vi møtte ei fantastisk dame med ei god utstråling av varme og ro. Senteret lærer opp fattige, arbeidslause kvinner i sying og anna handarbeid, slik at dei får mulighet til å gjera seg eit levebrød. Butikken deira var full av flott handarbeid; alt frå vesker, puter og bordbrikker, til perlesmykker og –nøkkelringar. Eg kjøpte meg eit nydeleg perlekjede. Mottoet til Embo er: ”Masisebenze ndawonye / Let’s work together for change”, og det lykkast dei med i stor grad
Etter dette kjørte vi inn eit svært fattig område som heiter Ngcolosi. Her var vi innom førstehjelpsstasjonen, og det kan verkeleg ikkje samanliknast med Norge! Minna ikkje om noko som kan gje deg førstehjelp akkurat... Vi fekk møta Thandi Langa, ei sterk dame som starta ein organisasjon som tilbyr omsorgsarbeid heime hos HIV/AIDS-sjuke, utført av frivillige.
Phakama Care Centre, v/ Mr. Shandu, var neste stopp. Dette er ein dagheim for foreldrelause og fattige born i alderen 1-5 år. Her får borna mat og omsorg, og dei fattige familiane får litt avlastning. Mr. Shandu er òg leiar av den lokale helsekomiteen, og er ein svært engasjert mann, som jobbar for bedre kår for alle i dette svært fattige området. Ein får lyst til å bringe desse sjønne borna heim til Norge, der dei kan få ein trygg oppvekst med alt dei treng! Vi har det jammen godt i Norge ja...
Siste stopp var Hillcrest AIDS Centre, ein organisasjon som jobbar for HIV/AIDS-sjuke, gjennom mange ulike prosjekt: HIV/AIDS kunnskapsformidling og rådgjeving, sjukepleie og heime-omsorg, inntektsgenerering vha. handarbeid, mat-utdeling, begravelsesfond, m.m. Dei har til og med ein eigen bygning der dei tar imot AIDS-pasientar som er så sjuke at dei bare ventar på å dø, og då tilbyr Hillcrest dei omsorg, kjærleik og ein fredfull ende på livet...

Abonner på:
Innlegg (Atom)