Valpane i Sverige er no to veker gamle; dei veks og har det bra! :)
Trykk på Carmals-bloggen på mi bloggliste i venstre marg for å sjå dei nyaste bildene! Kan garantere at du får eit snev av valpesjuke..! :D
fredag 20. mars 2009
torsdag 12. mars 2009
Tuberkolose-rotter
Rottene i Tanzania finn ikkje berre miner; dei blir òg trent til å oppdaga Tuberkolose! :)
Sjå bare her: http://www.herorat.org/fightingtuberculosis
Fasinerande å sjå at dei blir trent på same måten som eg lærte å trena kantarell-søk med Shira då vi var på kurs ved Knut Pedersen; nemleg spesialsøk vha. klikkertrening.
Vil igjen oppmoda om å adoptere ei av desse fantastiske rottene - du kan vere med på å redde liv! http://www.herorat.org/en/adopt
Og dette er eit SERIØST prosjekt som Norge er med på å støtta, m.a. gjennom Norsk Folkehjelp. Dessutan er Fjellanger Hundeskole ein samarbeidspartner.

Mine-rotter!
I Tanzania held dei på med eit fasinerande prosjekt der dei trener opp rotter til å finna miner! Metoden er klikkertrening, og rotter blir brukt fordi dei er intelligente, lettlærte dyr med veldig god luktesans. Rotter er så små (veel, akkurat desse rottene er ganske digre..) at dei ikkje vil utløysa minene om dei kjem borti dei, dei har ingenting i mot å utføra repeterande oppgåver, og dei er kostnadseffektive dyr å halda (t.d. mat og transportmessig). Dessutan har dei visstnok, i motsetning til hundar, eit mindre emosjonelt forhold til handleren sin, noko som er ein fordel då dei kan skifta handler når som helst.
Eit fantastisk prosjekt! No vurderer eg å fjernadoptera ei rotte;)
Sjekk ut linken:
http://www.herorat.org/en/content/landmines-stink

onsdag 11. mars 2009
Helsesjekk
Oslo Hundeskole har nyleg opna eigen dyreklinikk i sine lokaler på Sinsen, og i den forbindelse tilbyr dei gratis helsesjekk til hund og katt - dette måtte eg jo sjølvsagt nytta meg av! Alltids greit å ta ein sjekk sjølv om ein ikkje mistenker at noko nødvendigvis er gale. I tillegg er det jo veldig ok for hundane å få oppleva eit besøk hos vetrinæren utan ubehag!:) Dei sjekka tenner, øyrer, hjarta, lunger, klør, hud, buk, bein, ernæringstilstand og analsekker.
Shira var først ute: Ho har heldigvis klart å halde vekta (25,5 kg), og ho fekk skryt for sine fine tenner og fine pels, og ellers sto alt bra til med ho:) Shira har aldri hatt problemer med å takla veterinæren før, men eg merka no at ho har blitt litt utrygg etter eit par ubehagelege vet-besøk dette siste året... Så dermed var det jo faktisk særdeles bra for ho med dette vet-besøket i dag. Ho var forøvrig eksemplarisk i oppførselen! Møtte fleire hundar der inne, men ho var bare super-høflig!:D Og så må eg bare skryta enda litt til: Vet'en kommenterte kor veloppdragen ho var, og kunne sjå at vi har trent mykje! :)
Så var det nestemann: Ein ikkje fullt så veloppdragen Syver (sorry Bjørn)! Brysker seg og knurrer og bjeffer med reist bust heile vegen inn til undersøkjingsrommet.. Han er ikkje så begeistra for vetrinærar, men at det var ei kvinne hjalp nok på, så ho fekk no undersøkt han vha. litt bestikkelse. Der og var formen heilt fin:) Einaste litt tannstein, så spørs om ikkje vi må ta oss saman og prøvd å få pussa litt tenner...
Fin klinikk (fortsatt litt byggearbeid), trivelege folk der og dei verkar dyktige! :)

tirsdag 10. mars 2009
Foreldra til valpen
Info. og bilder av dei flotte foreldra til valpen vi skal kjøpe finn dåke her:
Mamma Kita (SJCH Streamlights Nikita)
Pappa Lee (Delfleet Hawk)
Mamma Kita (SJCH Streamlights Nikita)
Pappa Lee (Delfleet Hawk)
Dei første valpebildene!
No er dei første bildene "offentleggjort"! ;)
Sjekk ut bloggen til Camals Gundogs.
Vi skal ha ein liten gul gut:) Er dei ikkje herlige?! Gitt om eg gler meg!!!

søndag 8. mars 2009
Familieforøkelse :)
Eg er så glad, så glad! No blir det valp i heimen igjen, og eg gler meg sjølvsagt heilt vanvittigt! Eg har funne eit kjempeflott jaktlabrador-kull i Sverige, ved Carmals Gundogs. Natt til fredagen blei det fødd ei tispe og sju hannar, så då flyttar ein av gutane heim til oss rundt 1.mai-helga - perfekt tima med oppgåve-innleveringa mi! :)
Denne hunden skal trenast til å bli Bjørns jaktkompis og min nye agility-partner. Ambisjonane er ganske store: Starte på jaktprøver, starte i agility-konkurranser, lydighetskonkurranser og ganske sikkert blodspor-prøver òg. Blir moro!
Valpen er den perfekte gulrot og belønning for å fullføre Master-oppgåva (eg kjøpte forresten Shira då eg var ferdig med Bachelor-graden min), og eg gler meg til å følge utviklinga til valpane framover!

Abonner på:
Innlegg (Atom)