tirsdag 14. juli 2009

Victor er blitt stor gut!


Fokus stående foran fører kan vi stort sett... (Victor har ei nase fullstendig utanfor proporsjonar for tida!)


Innkalling både med fløyte og stemme er Victor god på:)


Har snart tatt igjen storesøster Shira i størrelsen...


Victor i farta!


Like lange bein som Shira og større potar - kor skal dette ende?..

Shira elskar å sola seg! :)

Dårleg treningsøkt/dårleg trenar

Æsj, i dag har eg hatt ei heller dårleg treningsøkt med Victor, og det er sjølvsagt min feil. Planen var å trene på ein så enkel grunnferdighet som fokus under marsj baklengs. Dette viste seg å ikkje vere så enkelt... Fokus ståande framfor førar har vi jo inne relativt greit, sjølv om eg slit litt med at Victor stiller seg opp i all slags rare vinklar i forhold til meg! Eg vil ha han rett framfor meg, men det er visst ikkje så lett for han å skjøna. Veit ikkje om det er så nøye at han står rett, er jo kontakten som er viktigst, men det er jo opp til meg å setja kriteriane... Og så viste det seg altså i dag at straks eg rører på meg (beveger meg bakover) så mistar Victor kontakten: Han følgjer villeg med meg, men ser bare rett framfor seg, altså bare rett i beina mine. Straks eg stoppar ser han opp og tar kontakt igjen. (Vi har trent dette innandørs tidlegare og då gjekk det greit.) Eg prøvde å bevege meg bare ørlite og forsterke at han då haldt kontakten, men han bare fortsatte å sjå ned umiddelbart ved min minste bevegelse. Eit anna problem vi har med denne type trening er at han går så himla tett innpå meg!! Han er så nær at han må jo vri nakken i vinkel for å ha kontakt med meg! Alle desse faktorane gjorde utålmodige meg så frustrert at eg haldt på å skrika! Ikkje akkurat gode eigenskapar ved valpe-trening... Eg trente bare fem-minutters økter før eg hadde fem min. pause mens eg trente Shira imellom. Etterpå trente vi stå og bli, og det var bare enda meir problematisk (vi har trent masse sitt og bli), så no er eg bare kjempefrustrert. Trur kanskje eg stiller litt høge krav til Victor fordi han har vore så flink fram til no. Gode treningstips mottas med takk!!

mandag 6. juli 2009

Oppdatering Victor

No har det gått lang tid sidan forrige innlegg - tida flyr av gårde!

I går var Victor akkurat 4 månadar! Han er blitt ein langbeint kar, og energien hans veks i takt med beina... Men han er fortsatt veldig snill, og usedvanleg lydhør overfor oss. Vi treng ikkje vera strenge med han, seier vi nei sluttar han straks med det gale han held på med - og det er heldigvis ikkje ofte han gjer noko gale den karen! I dag oppdaga eg at han har mista to tenner (oppe, framme), så han klør nok sikkert bra i gummane for tida, men han er flink til å vita kva han har lov til å tygga på - foreløbig har han ikkje ødelagt noko... Han veger no 14,2 kg, og kjem heilt sikkert til å bli ein stor lab. Om nokon som har søsken av Victor leser dette, legg gjerne att opplysinger her om korleis dei har utvikla seg - hadde vore interessant å visst.

Vi trener grunnferdigheter så og sei dagleg: Fokus, sitt, ligg, stå, bli, target, bakpartskontroll og innkalling. Vi leikar oss litt med apportering av ball og puppy dummy og har gått eit par blodspor. Victor er kjempeflink! Og han har fortsatt ei fantastisk arbeidslyst!! :D Framover skal han faktisk vere med meg på jobb, blir spennende å sjå korleis det går.

Ellers vurderer vi å melde han på valpeshow på ei jakthundutstilling på Elverum i august... Han må jo uansett i ringen før eller sidan om han skal få Championatet sitt! ;)

torsdag 11. juni 2009

Hipp hurra for Shira som fyller 5 år i dag!! :D

I dag har eg faktisk laga ein filmsnutt til ære for Shira, med bilder frå livet hennar, og eg var så stolt over sluttproduktet mitt, men så får eg ikkje til å lasta den opp nokon plass! Grr... Så det er grunnen til at dette innlegget kjem så seint på bursdagen, no har eg gitt opp heile filmen.

Vi har hatt ein flott dag, med svineknoker til frokost, lang skogstur til lunsj, røkt kjøtbein til middag og blodspor til kvelds! ;) Trur snuppo er rimeleg nøgd med dagen sin :)

Ikkje får eg lagt ut bilder heller no - dårlege greier dette :/ Prøver igjen i morgen...

fredag 5. juni 2009

Stor gut!

No er Victor blitt 13 veker og 3 månadar gamal! Han veks og legg på seg raskt, men held seg slank. Han veg 10 kg i dag. For ei veke sidan var han 9,2 kg. og fem dagar før det var han 8,4 kg., så her går det verkeleg unna! På same dagen eg vegde Victor til å vera 8,4 kg. var visstnok eine kull-broren 7,2 kg., så spørs om ikkje Victor blir ein bra stor gut...

tirsdag 2. juni 2009

Fullt program

Sidan forrige blogg-innlegg har tida bare flydd avgårde. Victor har vore med på masse, og eg skal prøva å huska det meste, det viktigaste iallfall...

Forrige helg var ein milepæl, for då starta endeleg vetle-guten å sova natta gjennom! Hurra! På tide når ein er 11 veker synes eg... Viste seg at problemet skuldast at det lysnar så tidleg - noko så enkelt!! Dette fann ho mor ut etter å ha kome på den geniale ideen om å legga eit stort handkle over buret om natta..! Fattar ikkje at eg ikkje har kome på det før! Er veldig lyst i stova vår, mange vindauger, ingen gardiner, og det er jo ikkje mange timane det er mørkt om natta no...

Forrige mandag var siste dagen på valpekurs, og det gjekk jo som vanleg ganske bra. Synes kurset burde vart lenger!

Tirsdagen var vi nedi by'n, på Puppy Party. Eg var på Blindern på kurs den dagen, så det blei Bjørn som tok Victor med seg innover, og då var det miljøtrening for alle penga! Dei tok toget, Victor var flink, men tissa inne på Oslo S... Det hølja ned heile den dagen, og bare det var ein prøvelse for vetle Victor - han likte det ikkje!! Dei gjekk litt rundt og såg på livet i sentrum før dei tok trikken opp til meg på Blindern. Då var Victor heilt utkjørt av alle dei nye inntrykka - ikkje den luraste oppladinga for Puppy Party... På valpefesten møtte ti kvalpar, dei fleste var under 12 veker og mindre enn Victor, men Victor var sjenert og tilbakehalden. Han ville heller kose med dei tobeinte og trene enn å leika med dei andre. 40% av kvalpane var forresten Portugisisk Vannhund - Obama-effekten?.. Victor har hittil vore lite interessert i framande hundar, inkl. kvalpar, og eg er litt usikker på korleis eg skal ta det. På ein måte er det jo bra, gjer jo treninga mykje lettare! Men eg vil ikkje at han skal vere redd for andre hundar heller, så vi får bare fortsetja og sosialisera.

Onsdagen var vi på skytebanen. Victor fekk eit griseøyre (det første i sitt liv, og det slo verkeleg an!), og låg baki bilen og koste seg med det mens det small rundt han. Bilen stod parkert ganske tett opp til skytinga og vindauga var opne, men Victor reagerte ikkje. Han bare logra:) Var verre med Shira som eg trente utanfor... Gjekk med ein pose med kotelett- og pølsebitar, men ho var fortsatt engsteleg. Men ho tok no iallfall godbitane, så det kunne jo alltids vore verre. Etter ei god stund blei vi bare sitjande i bilen, og då kapitulerte Shira til slutt og la seg ned. Skal trene meir seinare.

Torsdagen gjekk vi tur ved Østensjø-vatnet(?), der det er MASSE fuglar (ender, gjess, osv.), slik at Victor skulle få oppleve fugl på nært hald. Han var nysgjerrig, men haldt seg roleg - flinke guten!:) I tillegg møtte vi fleire hundar og hadde nærkontakt med islandshestar som sto inngjerda der. Victor var slettes ikkje redd hestane, og ville helst leika med dei:) Han var meir skeptisk overfor sin eigen art...

Fredagen var vi hos vet'en for å få 12-vekers vaksina. Vet'en skrytte voldsomt over Victor. Alt var bra med han, ingen problemer og for eit fantastisk flott lynne - dette lova godt, sa vet'en! :D

Vi reiste så nedover til hytta på Jæløya, første gang heile gjengen var på helgetur i lag! Foreldra til Bjørn var òg der, og vi koste oss med sol og varme, god mat og vin. Shira fekk bada, så ho var jo strålande nøgd. Lørdagen slappa vi bare av, mens søndagen drog vi til Sarpsborg for å sjå på Retriever-klubbens pinse-arrangement. Var utstilling, og vi var spente på å sjå lab-kvalpane som skulle delta... Dei var dobbelt så breie som Victor!! Sjølv om dei var nokre veker eldre kjem Victor aldri til å sjå sånn ut... Kun ein stilte i bruksklassen - kun for nødvendighets skuld fordi du må ha premiering frå utstilling for å kunne få jakt-championat... Var eit særdeles flott eksemplar som stilte (Searover Kits Deep), og heldigvis hadde den britiske domaren vett nok til å bedømma han ut i frå at dette faktisk var ein JAKTlab, så det blei gitt raudt tross alt.

Dagen i går var meir spennande. Då var det Working Test uti skogen. Veldig interessant for oss ferskingane å sjå korleis det foregår. Tenkjer vi skal klare det neste år!! Det var fem postar deltakarane måtte gjennom. Det blei skutt ein del, og det gjekk stort sett i å markere og apportere dummier. Veldig mange Flat'er med, og ikkje så mange jakt-lab'er. Igjen viste Victor stor trygghet. Han reagerte ikkje i det heile på skudda, og fekk helst på mange folk og hundar. Til slutt sovna han i lyngen midt oppi det heile... :)

Så det har vore ei god veke med MASSE miljøtrening! Siste innspurt før sosialiseringsvinduet lukker seg... ;)

På siste lufteturen seint i går kveld hadde vi ein litt ekkel oppleving. Den starta veldig morsom faktisk... Shira kom over ein frosk i vegen, og ho syntes den var fantastisk artig der den hoppa bortover - ho var som ein kvalp igjen, og eg lot ho leike litt med den. Ho bare slo litt etter den med labben og dytta litt i den. Er litt usikker på om ho tok den i munnen på eit tidspunkt. Det gjekk ikkje lange tida, kanskje bare eit minutt, før ho plutseleg fekk ein rar reaksjon. Akkurat då gjekk Victor òg bort til frosken, men eg fekk redda han unna før det gjekk for langt. For Shira fråda om kjeften! Det skumma og rant!! Det var heilt tydeleg at frosken hadde utskilt noko gift-stoff for beskyttelse, Victor fekk ein lik reaksjon i mindre skala. Det var skikkeleg ekkelt! Shira brakk seg, og eg blei skikkeleg uroleg. Observerte hundane grundig. Det ga seg heldigvis raskt, først hos Victor og så hos Shira. Ho slutta å skumma av munnen etter ca. 20-25 min. Så bodskapen er klar: Ikkje la hundane dåkas få lov til å leika seg med froskar!! I dag tidleg hadde Victor diaré, og kanskje var det òg ein del av reaksjonen på frosken? Heldigvis blei no Victor raskt bra att i løpet av dagen i dag:)