onsdag 2. juni 2010

Det går opp og ned her i livet...

I eine augneblinken er vi i lykkerus over den fantastiske flinke hunden vår, for så å bli ganske frustrert...

Victor er ein gardshund, han går laus her heime til tross for bandtvangen... Dei einaste gangene han har stukke av er når Shira har dratt han med seg på sine eventyr (ho går ikkje laus). Eg har ferie denne veka, er heime og passar Melvin. I går starta eg prosjekt "vaske veranda", noko som haldt meg opptatt nokon timar, mens hundane var så heldige og fekk sole seg. Då eg skulle gå i dusjen slo det meg at det var ei stund sidan eg hadde sett Vic, men eg tenkte at han sikkert var på ein liten tur (som han gjerne tar, men kjem alltid raskt tilbake). Eg ropte litt på han utan resultat før eg gjekk inn for å gjere meg klar til dagens jaktcup post 4 v/retrieverklubben.

Gitt om eg byrja å bli rimeleg stressa - eg skulle på jaktcup, men hunden min var borte! Eg gjekk litt rundt og fløyta på han, før eg måtte hive meg i bilen med håp om at eg ville finne han på vegen - då kom telefonen: "Savner du ei bikkje?" JA! Det var eit bergingsfirma i Lillestrøm som hadde fått inn Victor!! Han var levert av ei dame som hadde gått tur i skauen her oppe, han hadde visst gått i lag med ho ei stund. Vic pleier å gå naken her heime, så han hadde ikkje på seg halsbåndet med tlf.nr'et mitt på, ellers kunne eg ha sluppe billigare frå det - 250 kr. måtte eg betale for å få lauslatt rømlingen. Først var eg irritert over det heile, at turgåaren hadde tatt med seg Vic frå skogen her oppe og at eg måtte betale for det. Etter at eg hadde fått roa meg var eg bare så takknemlig og glad for at eg fekk tilbake go'guten min! Det kunne jo gått så mykje verre! Han er jo så snill og sosial, eit lett bytte... Viss eg hadde mista ein av hundane mine veit eg ikkje kva eg ville gjort - dei er alt for meg! Så i natt sov Victor inntil meg i senga, han har fått på seg halsbandet med tlf.nr. på og i dag har eg verkeleg passa på han!

Og jaktcup'en?! Der nulla vi! Vic var fjern og eg hadde misforstått oppgåva, så vi hadde rett og slett ikkje trent på øvelsen - sånn kan det gå... Det viktigaste er likevel at prinsen min er der han skal vere - hos meg:)

Her er eit bilde av heile familien samla slik vi skal vere:

søndag 30. mai 2010

Vi gjorde det igjen!! :D

I går debuterte eg og Victor på vår første offisielle jaktprøve, og det gjekk fantastisk bra!! Vi fekk 1. premie av den svenske dommaren Per Erik Forslund - utruleg kjekt! Prøven var i regi av Norsk Retrieverklubb avd. Gjøvik/Lillehammer, og det var eit bra arrangement. Mykje venting, men det vil det jo alltid vere på slike prøver. Vi var heldige med været, det regna heilt til vi kom fram til prøveområdet, deretter var det sol og ikkje for varmt - perfekt! Mange trivelege folk og hundar gjorde dagen fin!

Eg skal scanne inn dommerkritikken og publisere den, men inntil videre kan eg sei at vi fekk mykje skryt av dommaren:) Han Victors store iver og jaktlyst og fantastiske nase, ein veldig bra hund, med bare små ungdommelige skjønnhetsfeil. Victor var rimeleg heit under prøven, og litt vanskelig å kontrollere under fri ved fot, men det gjekk likevel greit. Første øvelse var ein enkel markering (alle med skudd), som gjekk knirkefritt. Så var det et lite feltsøk med to dummyer i same området, det gjekk òg bra. Etter det var det ein fremmadsending. Her sprang Vic ut skeivt, men det gjorde ingenting, for nasa hans hjalp han rett til dummyen likevel!:) Etter dette var det eit større feltsøk med tre dummyer, her gjorde Vic det heilt supert, og dommeren bare smilte:) Så var det å gå ned til vatnet der det var to enkle markeringer. Vic markerte bra, men måtte sjølvsagt riste seg på veg opp til meg begge gangene. Dette har vi jo ikkje fått trent noko særleg på og det viktigaste var at han ikkje slapp eller knakk dummyen! Vi avslutta med to enkle markeringer i skogen - ein motiverande avslutning for både hund og fører! :)

Mykje venting på jaktprøver - neste gang skal eg ha med bok!


Victor sliten etter innsatsen sin


Her har vi fått dommerkritikken - nøgd og stolt mor! :)

fredag 28. mai 2010

For ein debut!

Mandag starta eg og Victor på vår første Working Test. Den var i regi av Oslo-avdelinga til Retrieverklubben og fann stad i Asker. Vi fekk 85 (av 100) poeng!! Superfornøyd!!! Det var heile 60 påmeldte i begynnerklassen, og mange erfarne hundar. Vi kom på ein 11. plass, og Victor var desidert yngste hunden av alle i toppen, så det viser at han er god! Gøy at det var utelukkande jaktlabradorer på pallen òg, når det var ein overvekt av Flat'er som stilte... Ein bra debut altså!

Han var litt høg under heile testen, men klarte å samle seg når det gjaldt. Første post var vann-markering med skudd, dvs. dummyen blei kasta i sivet, så det viste seg å bli ein vanskeleg øvelse for dei aller fleste. Han gjekk ikkje rett på den, blei forstyrra av sivet som var heilt nytt for han, måtte leite litt, men gav seg ikkje, og fann den rimeleg kjapt, og kom rett inn til mor!:) Måtte sjølvsagt riste seg litt (vi har ikkje trent så mykje på vatn), men han slapp iallfall ikkje dummyen. Her fekk vi bare 10 poeng, synes dommeren var litt streng her...

Neste post var ein enkel markering med skudd. Den gjekk strålande! 19 poeng! 1 poent trekk for eit litt laust grep om dummyen, dommeren sa at det var typisk unghund. Ellers syntes han det var nydeleg å sjå på! :D

Post tre var markering med minne (og skudd sjølvsagt), på ei myr. Her skulle vi gå litt fri ved fot og Vic var så heit at han havna foran meg og eg måtte korrigere han på plass, noko vi mista eit poeng for. Ellers gjekk øvelsen smertefritt: 19 poeng!

Post fire var ein liten walk-up og enkel markering med lang avstand (også her skudd). Så lang avstand at Vic ikkje gjekk rett ut, noko vi tapte 1 poeng på, men vi fekk likevel 19 poeng! :)

Siste post var ein enkel markering igjen (skudd på alle poster). No var Vic byrja å bli sliten, det er mykje venting mellom postane på ein Working Test... Han slurva dermed med avleveringa, slapp dummyen foran meg, og vi mista 2 poeng, men må seie oss nøgde med 18 poeng her.

Vi var heldige med veret, med solskinn utan at det var for varmt - veldig kjekt var det, og eit bra organisert arrangement! :)

I morgen starter vi på vår første offisielle jaktprøve. Om Vic går like bra som han gjorde på treninga i går, ligger vi godt an, for i går var han fantastisk!! Makan til hund eg har! :D

Venting på post...

søndag 16. mai 2010

Dette er Melvin!

Eller Vijaga Michelangelo, som det står i papirene hans. Han er ein Basset Artesien Normand, og siste tilskuddet i flokken vår. Melvin blir Bjørn sin jakthund, hovedsakleg til bruk på rådyr og hjort.

Den ca fem timar lange kjøreturen heim frå Sverige i går gjekk greit. Melvin var sjølvsagt uroleg og peip i starten, men så skjønte han at han var trygg, og då sov han stort sett resten av turen. Bjørn la seg til på feltseng ved sida av Melvin i stova i natt, og det var ingen problemer, Melvin sov heilt til kl. 08.30 i dag!! Ellers ser han ut til å vere ein tøffing, unntatt når det gjeld å gå ut i regnet... Han steler det meste, tygger på alt og herjer allereie med Victor og Shira. Ser ut til at Victor synes det er spennande med ein ny liten leikekamerat. Han markerte til og med at Melvin er hans i går! Først tissa han på Melvin, så rulla han seg på han!! Makan! Det gjekk fint med Melvin altså, det var mjukt underlag, så han lot seg ikkje affisere, men vi må halde eit auge med Victor, som er ein hest i forhold til vetle Melvin. Victor tar seg no godt av sin nye vetlebror, leikar med han, underholder han og oppdrar han. Shira har gitt Melvin valpelisens, og er kjempetålmodig med han, til tross for at han klatrer på ho, biter ho i halen og jokker på ho!.. Nei, Melvin trur eg blir ein tøffing!


lørdag 1. mai 2010

Vic har bestått kvalifiseringsprøven!! :)

Den er ikkje vanskeleg, og det var "piece og cake" for Victor, men det er uansett godt å ha det overstått. For den som er interessert i kva prøven går ut på, sjekk ut heimesida til retrieverklubben. No kan vi planlegge å starte på jaktprøver... Spørsmålet er om vi er klare for det?? Hmm, det er jo ikkje mange jaktprøvar i dette landet, så det er fristande å hive seg uti det og starte på dei som er... Gruble, gruble! Det er påmeldingsfrist for ein prøve i morgen, så eg må bestemme meg i dag for om vi skal prøve oss allereie om fire veker! Har jo allereie meldt oss på working test då, men det er jo uoffisielt, så det er jo ikkje så "farleg"...

søndag 18. april 2010

Menneskets beste venn

Nokon av dei eigenskapane ved hunden eg set aller høgast er den hengivenheten og fantastiske lojaliteten dei viser overfor oss tobeinte. Hundar er kloke og følsomme dyr som eg trur i mange tilfeller forstår oss bedre enn vi forstår dei, og det båndet som er mellom hund og eigar er så sterkt at dei som aldri har hatt hund sjølv ikkje kan forstå det. For ei stund sidan såg eg ein film som skildrar dette båndet og den lojaliteten hunden har for eigaren på ein svært rørande måte. Anbefaler alle å sjå filmen om Hachi med Richard Gere i hovedrolla! Filmen er basert på ei sann historie, om professoren som fann ein Akita hundevalp på togstasjonen, beholdt hunden og utvikla eit nært vennskap med den. Professoren tok toget til og fra jobb, og kvar morgen fulgte hunden han til toget, og kvar ettermiddag kom han til same tid og møtte han igjen. Eg kan ikkje sei så mykje meir om handlinga for då avslører eg fort litt mykje. For hundefolk må eg koma med ein advarsel: Du kommer garantert til å grine - masse! Kan ikkje huske sist eg grein så mykje i ein film... Men det er ein fin film, og den minner oss om kvifor hunden er vår beste venn.

søndag 4. april 2010

Hundar i Thailand

Då vi var i Thailand nyleg, i Phuket og Ao Nang, fekk vi sjå ein del laushundar. Det som slo meg var at dei gjerne haldt seg for seg sjølve, på sine faste områder - eg som trudde hundar var flokkdyr?! Og dei var veldig rolege (pga varmen muligens?) og fredlege, det var aldri noko bråk som vi kunne sjå, verken hundane imellom eller mellom hund og menneske. Dessutan var hundane flinke til å passe seg for trafikken. Dei gjekk langs svært trafikerte vegar, men det såg ut til at dei visste å passe seg for bilane og ikkje minst scooterane (som det kryr av der nede!). Eg prøvde ved eit par anledningar å tilby vatn til dei firbeinte, dei såg så varme ut (mange hadde faktisk masse pels!), men dei viste ikkje særleg interesse for det, så dei ordnar seg tydelegvis, med både vatn og mat - og varmen er dei sjølvsagt mykje meir vant til enn meg!.. Sjølvsagt såg dei ikkje akkurat kjernesunne ut, mange var tynne og skabbete, og det gjorde meg vondt å sjå. Måtte bare kjøpe ein kylling-middag med ris til nokre av dei, håpar dei satte pris på det:) Eg må få med at det var ikkje alle gatehundane som var heilt aleine, fleire hadde eigarar, men fekk sin frihet og valgte gjerne likevel å halde seg nær matmor/matfar. Av alle hundane vi såg var det berre ein som var i band, han var "not so friendly" fekk vi beskjed om, så då er jo det greit. Tenk om hundane våre kunne ha vandra fritt i gatene her i Norge, kordan ville det vore?? Eg trur hundane våre ville blitt meir sosiale og hatt eit meir avslappa forhold til kvarandre då. Eit anna spørsmål er trafikken, trur ikkje eg ville tatt sjansen på at mine firbeinte passa seg for trafikken på eige ansvar - eg er for hønemor til det...

Nedanfor er nokre bilder av div. laushundar i Thailand: