mandag 29. august 2011

Ny jaktprøve 27. august på Sokna



Det går rette vegen med oss i alle fall! Nok ein gang nøgd med at Victor var blikkstille og fokusert. Så får vi heller trene meir på lange vanndirigeringer og dobbeltmarkeringer... Spesielt nøgd med kommentaren på "Apporteringslyst: Stor, med snabba upptak og innleveringer", Vic som har vore litt nølande og forstiktig med vilt - hurra! :)

Avd. Ringerike har skrevet referat fra prøven, og der er bilde av bl.a. Victor:)

søndag 21. august 2011

NRK avd. Kongsvinger og omegn sin B-prøve

Tid for jaktprøve igjen i dag, og det var eit spennande prøveopplegg som møtte oss på Trondsbu. Terrenget var myr, vatn, siv og litt skog. Dommar var Morten Kjelland, og dagens makker var Tone med Augusta, det var kjekt! Vi var tredje par ut, noko som passa meg bra.

Først fekk vi ei dobbeltmarkering med duer som gjekk veldig fint. Etterpå var det ei enkelmarkering ved vatnet, før den vanskelege parten kom... Vi stod eit godt stykke frå vatnet fordi det var mykje myr/"sump" framfor oss. Det kom to skot og bare på siste skotet var det markering. Oppgåva var for førstemann å dirigere rett ut over vatnet til land på andre sida for å hente ei and. Dette viste seg å vere vanskeleg for dei aller fleste. Hundane skjønte ikkje at dei skulle over vatnet og trakk mot den markeringa på sida som dei faktisk hadde sett. Kun eit fåtall hundar klarte oppgåva, og bare ein utan mykje fløyting og mas. Eg fekk heller ikkje Vic uti vatnet. Markeringa etterpå huska han godt, så den spikra han. Så var det tid for feltsøk i eit fint felt. Dette klarte Vic bra, bortsett frå heilt på slutten, då han hadde antydning til å søke litt med vilt i munnen. Dette har eg aldri sett at han har gjort før, men eg får vere litt obs på han framover... Midt under feltsøket blei det eit avbrudd med markering i utkanten av feltet, og den fekk han ikkje med seg i det heile, og viste liten dirigerbarhet då eg prøvde å hjelpe han. Endte med at han plukka vilt frå feltet i staden for markeringa. Dirigering fungerer bra når vi trener aleine, men med ein gang han blir heit og det begynner å koke i den vetle gyldne skallen, så går det ikkje så bra lenger... Nok å trene på altså!

Sjølv om det ikkje klaffa heilt i dag, har vi kome ein lang vei sidan vi starta på vår første AK-prøve i Rogaland i vår, og Vic viste mange positive takter: Han var HEILT STILLE! :-D Han plukka alle vilt utan nøling, og sprang ikkje over nokon i feltet:) Han gjekk fint ved fot, markerte bra og avleverte bra. Han gjorde eit godt inntrykk på både dommar og skrivar - verre med førar, som fekk litt pepper... Men uansett ein kjekke dag uti skauen med to- og firbeinte!

Kritikken ser dåke her:

Kan vere vanskelig å lese den sammenfattende kritikken, så skriver den her (eit ord eg ikkje klarte å lese..):
"Hund som viser ? retr.egensk. Spes. i mark.arb og fritt søk. Dessv. løses ikke dagens oppg., derav premiegraden"

søndag 14. august 2011

EXCELLENT!


I går deltok eg og Victor på utstillinga til Norges Jeger- og Fiskerforbund, Elverum, og fekk eit resultat som overgjekk alle forventningar! Det er ikkje lett for ein "utypisk" labrador av jaktlinjer å få gode premieringar i utstillingsringen, så det var veldig kjekt at vi faktisk fekk raud sløyfe! :-D

Kritikken frå dommar, Angela Hancock :
"Good yellow, in hard working condition. Stop a little flat. Good topline and tailset. Good depth of rib(?). ? tight feet. Nice working dog." (Ikkje så lett å lese skrifta...)

Trur det var lurt å feite opp Princen ;) Og så at vi ikkje bada han igjen før denne siste utstillinga..

På utstillinga til NRK avd. Østfold for to veker sidan fekk vi Good/gult, med følgjande kritikk frå dommar, Valerie Banbery:
"Quite an old fashioned working type. Head lacks a little stop, but excelles in muzzle. This dog is well balanced. Has sufficient bone. Lacks a little body weight for show ring, though I would not want to see him heavy. Rather straight in front, but never the less covers the ground with drive. Not in his best coat."

No går vi for jaktchampionat, og har alle muligheter for det! :)

fredag 10. juni 2011

Hipp Hurra for Shira! Og tid for ettertanke...


(Foto: Nina Reistad, 2006)

Shira fyller 7 år i dag - gratulera så masse med dagen til verdas beste - og verdas verste hund! Uendeleg med glede har ho gitt meg - og uendeleg med tårer har eg felt for ho. Dei som har lest boka Marley & Me, av John Grogan, og andre som har/har hatt såkalla problemhund veit kva eg meiner...

Eg vil skrive eit innlegg om dette. Eg har tenkt på det lenge, og spesielt ift all skryten av Victors og mine prestasjoner som eg vanligvis skriv om. Eg er nemleg ikkje bortskjemt med å ha ein god hund, så når alt fungerer så godt med Victor er det så deilig å dele den gleda med heile verda!;) Med Shira er det ei heilt anna historie.

Den dagen eg brakte Shira heim for første gang, 8 veker gamal, sa naboen (ein erfaren hundeeigar) noko sånn som at "den der skal du få bryne deg på!". Eg fnøys av det, og kunne ikkje tru at han kunne sei noko sånt, men han fekk sjølvsagt rett. Nokon hundar er født med ein viljestyrke ut av ei anna verd! Gjennom åra har folk kalt Shira for dum fordi ho ikkje lyer, og meg for altfor snill som ikkje har tukta ho. Shira er slettes ikkje dum, men ho skjønte frå dag 1 at ho har eit val! Og stort sett vel ho sine eigne veier, det er det som er dei tobeintes problem... Ein erfaren hundekar sa til meg at enkelte hundar vil du aldri kunne verken motivere eller kontrollere, uansett metode, og Shira er ein sånn type. Eg er har prøvd det aller meste, frå strupelenke og fysiske korrigeringar, til klikkertrening og positiv forsterking. Vi har deltatt på kurs etter kurs gjennom åra, våre i kontakt med mange erfarne hundetrenarar, men Shira lar seg ikkje "temme". Ho DRAR i båndet, ho har destruert ting for tusenvis av kroner, ho hoppar på folk, ho stikk av så fort ho får sjansen, ho kjem sjeldan på innkalling, ho jagar mindre dyr og er aggressiv i møte med framande hundar. Det seies at ein får den hunden ein fortjener, og at hundens atferd kan tilskrivast eigaren. Heldigvis har eg Victor som kan bevise at dette er ein sannhet med modifikasjoner!

Shira har iallfall ein stor personlighet! Eg har kjempa med/mot ho i alle år, og spesielt vanskeleg var den perioden vi budde i Oslo. I starten gjekk det bra, vi meldte oss inn i ein klubb, og trente agility, men vi opplevde å bli mobba ut av klubben. Pga rasebakgrunnen hennar frykta dei ho. Dette gjorde meg både lei meg og usikker. (Sjølvoppfyllande profeti?..) Shira trivdes ikkje med det ufrie bylivet, og hundeaggresjonen utvikla seg. I gjennom eit heilt år jobba eg knallhardt med ho på alle lufteturar, men det hjalp ikkje. Det blei nærast eit mareritt å gå ut med ho, og vi kom inn i ein ond sirkel, der ho fekk altfor lite stimuli, og ting blei bare enda verre. Noko av det vondaste for meg var blikkene og kommentarane frå folk - både med og utan hund. Alt dette såra meg, for midt oppi alt det negative er det ein hund eg aldri ville vore forutan! Shira var etterlengta igjennom 20 år, og eg knytta meg til ho umiddelbart då eg fekk ho. Ho er faktisk veldig søt og snill, ein blid og morsom hund. Ho er ein drøm å ha i hus - stille og roleg. Ho er ekstremt folkekjær, og ein elendig vakthund!.. Eg stolar 100 % på ho rundt folk i alle aldrar og variantar. Då eg gjennomgjekk ei livskrise, var det ho som var der for meg, trøstande og lojal, ein trofast venn. Og kanskje var det nettopp pga alle utfordringane at vi utvikla eit så sterkt bånd? Ho har lært meg det meste av det eg kan om hund og hundetrening - og det er eg overbevist om er meir enn eg om eg hadde fått ein hund som Victor i førsten.

Det som har redda Shira (og meg) er flyttinga til Skogen i 2008. Då vi kom med flyttelasset ut hit, og Shira hoppa ut av bilen, var det som eit trylleslag! Ho livna opp, og blei sitt glade seg igjen, etter ein tung periode i byen. Shira blei førtidspensjonert den hausten, både pga HD og forkalkninger, men òg pga hennar sta temperement - som eg hadde gitt opp å kjempe mot. Etter dette har ho levd livets glade dagar som gardshund. Ho er strålande fornøyd om ho får gå å snuse for seg sjølv, springe i skogen, vere med på ein biltur i ny og ne, og kose på sofaen med Bjørn. Vi håpar på fortsatt mange gode år med denne Spesielle og Kjære hunden! :)


Shira har alltid vore særs glad i snø - snøleoparden vår! :) Fire mnd gamal på øvste bilde... Dei to nedanfor er tatt no i vinter.


onsdag 1. juni 2011

Jaktcup post 4 i går

Øvelsen for Jordbær-klassen var som følger:

Hund og fører går sammen mot et anvist punkt der fører stopper sammen med hunden og ber denne bli. Mens hund og fører går med ryggen til legger dommer en dummy på utgangspunktet uten at hunden ser dette. Fører fortsetter alene frem til nytt anvist punkt og gjør helt om. Hunden sendes fra der den sitter for å apportere den utlagte dummyen. Hund og fører går sammen tilbake til utgangspunktet.

Eg var litt spent på Victor, for han har vore litt treg på den type "ut-øvelse", og denne var jo blind... Vi har trent litt på det i det siste (klokka bl.a.), og det lønte seg: Perfekt gjennomført, full pott og 20 poeng! Ingenting å trekke for, sa dommer Anne Kaurin. :) :) :)

Etterpå hadde NLM-laget vårt ei fin treningsøkt med feltsøk. Trente på å sende fleire hundar samstundes, og det gjekk rimeleg greit. Yngstemann, Basse, prøvde å leike litt, men fekk ikkje særleg respons, så det var ingen problem. Vi kom ikkje så langt at vi prøvde alle fire samstundes, men etter eit par økter til vil nok det gå fint.

Fekk med meg eit par ender og ei kanin heim, så no blir det fokus på kaldt vilt framover!

søndag 29. mai 2011

På tide med ein oppsumering!

Blir litt for lenge mellom kvar gang eg får oppdatert bloggen, så no får vi prøve å oppsumere litt av det som har skjedd sidan sist.

30. mars var det siste runde med vintercupen til UAK. Eg og Victor vann nybyrjarklasssen stor hund, og fekk eit fantastisk flott stoffbur, som Kristian i Ruffwear sponsa til alle klassevinnarane - takk for det! :D Skal få tatt eit bilde av det etter kvart. Dette er bur av svært høg kvalitet, med mange fine finesser - og du kan òg bli ein heldig eigar, bare trykk her! :)

Første helga i april reiste eg og Victor i lag med Rønnaug og Sofi til Stavanger, for årets første jaktprøve! Vi var så heldige å få bu hos snille Kjersti, og hadde det som plomma i egget. Sjølve prøvane gjekk ikkje så bra... Lørdagen blei vi dømt av Frank Hermansen, i ein walk-up. Vi fekk sende på ei markering, då var vi allerede på nåde fordi Vic var heilt hysterisk høg. Han var ikkje nedpå, og laga lyd:( Og då han først fekk gå ville han ikkje ta den teite anda - sånn hadde han jo aldri sett før! Så han raste rundt og leita etter noko bedre enn krikkand... Då var det altså takk for seg, og vi måtte fint bare gå å observere resten av prøva. Neste dag var ein bedre dag! Igjen var det walk-up, og dagens dommar var Birgitta Staflund-Wiberg. Vic var seg sjølv, ivrig, men fokusert. Han lagde eit par ørsmå pip, som Birgitta sjølvsagt fekk med seg... Men vi fekk iallfall fullført walk-up'en! Med fine markeringer og dirigeringer. Så var det feltsøket... Der tok han av igjen, og bare sprang! Sprang over vilt, stadig på jakt etter noko meir fristande! Så då var det takk for seg igjen. Var ikkje viltet som var problem, det tok han då eg sendte han direkte på det, men å gjere jobben på eiga hand blei visst for mykje på han den dagen. Alt i alt er eg likevel glad eg tok turen. Flott prøveterreng og opplegg, og masse flinke hundar og trivelige folk! Takk til Rønnaug for koseleg selskap gjennom helga:)

12. april var det jaktcupens post 2, dirigering. I vår klasse var det ein fremmadsending, gjekk ganske bra, og vi fekk 18 poeng:) På post 3, den 3. mai, var det dobbeltmarkering. Passivitet blei òg dømt sidan det var to og to hundar inne samstundes. Dette gjekk heilt supert, og blei ein real opptur etter jaktprøven i Rogaland! 20 poeng og dommerens favoritt! Dermed blei det koppen på oss igjen:)

28. april var det hønsecupens post 4, "hopp og sprett" (innkalling over hinder), perfekt utført og 20 poeng! :D I dag har vi deltatt på hønsecupens post 5, "ligg i ro", noko som var piece of cake for Vic - til tross for ballar som trilla forbi han. Vi deltok til og med i klassen over oss pga få hunder der: 4 min. fellesdekk med skjult fører og grilla kylling som blei dratt foran snuten - ingen problem! :)

Helga 7.-8. mai deltok eg og Vic på AK-kurset til Øyvind Veel. Det var eit kjempebra kurs som vi absolutt fekk mykje ut av!! :D Og best av alt: Victor var så lugn og god! :)

Forrige helg var det agility på tapeten igjen. Vi deltok på stevne i Nordkisa, med blanda resultater. Søndagen var definitivt best, med vårt første opprykksnapp i agility, og 2. plass! :D


Neste aktivitet på planen er jaktcupens post 4 på tirsdag, og som alltid ser vi fram til det:)

søndag 27. mars 2011

Fra flyball til revefelling og hønsecup!

For ei flott helg vi har hatt! Og så i nydeleg vårver! :-D

Lørdagen deltok eg og Victor på flyballkurset som UAK arrangerte, med instruktører fra Oslo Hundeskole Det var kjekt å få trene på noko heilt nytt, og Victor fiksa dette òg! Victor syntes denne nye hundesporten var heilt genial! Tenk å få "betalt" for å springe, hoppe og hente tennisball - alt i ett!! :) Kunne godt tenke meg å fortsette med dette òg, men no har eg vel meir enn nok å halde på med for ei stund!.. Får bli når eg blir pensjonist! ;) For å sjå kva flyball går ut på trykk her

Søndagsmorgen vakna eg av eit skot, då hadde Bjørn tatt ein rev! Då han gjekk for å hente den oppdaga han at den dessverre var skadeskoten og var forsvunnen. Godt var det då at han hadde Shira med! Ho tok ut reven umiddelbart, fann han godt gøymd innunder ei gran, og ho haldt han til Bjørn fekk kome og avliva den. Ho er bare heilt rå den bikkja! Gjekk rett i strupen på reven, ho hylte og reven hylte, men ho fekk haldt den nede, og flytta seg for Bjørn slik at han fekk tatt den. Litt av ein start på dagen altså!

Nokon som sa blodhund?..!

Seinare på dagen var det tid for retrieverklubbens hønsecup, post 3, noko som heldigvis gjekk litt fredlegare for seg... Vic gjekk ein nydeleg fri ved fot gjennom ein tunnell av hunder, ensa ikkje fotballspelinga i enden av løypa og hadde full kontakt med meg heile vegen! 20 poeng og dommerens favoritt!! Dermed blei det kopp på oss - ein kjempefin kopp! :) Etterpå hadde vi ei god treningsøkt med dirigering på vilt - Vic har vore i storform denne helga! Får bare håpe det held seg til og med neste helg...