Vi deltok på elitegruppa saman med seks andre ekvipasjar og var så heldige å få Trond Gjøtterud som instruktør, med fruen Berit som hjelpeinstruktør. Vi trente 3,5 timar om dagen og det haldt lenge! Det skjer mykje på Gjøtterud sine kurs og det er mykje trøkk - akkurat det eg og Vic treng å trena på! Det var stor forskjell på den hunden eg handla på mandag og den hunden eg handla på working testen lørdag!..
For å ta det siste først: Vi kom på 2. plass i vinnerklassen på WT-en med 94 poeng, bare 2 poeng vinnarane Cathrine og Whip - gratulera til dei! Hakk i hel fulgte Magnus og Max, så det var tett i toppen! :-) Det var seks postar og vi fekk poengsummane 14, 9, 18, 17, 19 og 17 poeng. Etter ei lang og hard veke må vi sei oss godt nøgde med dette.
Mantraet gjennom veka har vore at vår jobb som hundeførere er å gjere det lettast mogeleg for hundane, mens Gjøtteruds oppgåve var å gjere det vanskeleg for oss..! Fokus har vore på å ha faste ritualer ved utsending, fortelle hunden klart og tydeleg ved fot kva vi vil og å gje tydelege signaler ved dirigering. Eg erfarte at Vic gjekk ei rettare linje når eg var meir kontant og ikkje brukte så lang tid før eg sendte han ut. Han følgjer jo handa mi godt, så eg treng ikkje lenger forvisse meg om at han faktisk gjer det. Ein annan ting vi erfarte var at når eg rekk fram handa mi nedanfor og opp i staden for ovanfor og ned, så blir han verande på plassen sin i staden for å jumpe framfor meg - verdifull læring. Vidare var det fokus på å vere konsekvent i utsendingane (forlange rette linjer!), følgje med på vinden og å halde hunden stramt innanfor aktuelt område. Ikkje minst fekk vi hundeførarane trening i å markera! Med tennisballar og dummyar i alle retningar. Vi har òg fått ein smakebit på A-prøve, der marginane er små...
Ei veke til både nytte og glede altså! Takka vere dyktige instruktørar og trivelege medkursdeltakarar:-) Mine treningsmål framover er iallfall klare:
- Meir påliteleg og kontant stopp på fløyta
- Meir påliteleg sidedirigering (rolege og tydelege signaler!)
- Dirigering på vatn
Foto: Sarita Winsevik |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar