Vi starta (20-21. aug.) med dujakt-kurs i regi av Meneo Hundesenter. Øyvind Veel var instruktør og staden var Hurum. Merkeleg nok var vi bare fire påmeldte, men det var kanskje like greit, for duene var lure og holdt seg stort sett utanfor skytehold... Masse duer, men få skuddsjanser dessverre. Blei mest passivitetstrening, men det er jo ikkje så dumt for Victor. Dei tre apportane han fekk gjekk greit. Det er verre med hundeføraren som skal avliva dei skadeskotne..!.. Var greit å få ei innføring i korleis ein skal te seg på duejakt, det var ein heilt nydelig dag og godt selskap, så vi var nøgde tross alt og ser fram til fleire duejakter på eiga hand framover.
Helga etter var det avd. Ringerikes jaktprøve på Sokna. Veldig fin prøve, lagt opp som ein jaktsti. Eg var ikkje heilt på nett og stopp-knappen til Victor fungerte dårleg... Dommar var Trond Gjøtterud og dommarelev Svein Scheie. Vi fekk ein 3. premie og kommentar: I dag fine dirigeringer. Selv om stopplydigheten kan forbedres. Fine markeringer. 3. markering misses av hund og fører. Søket blir noe ødelagt av at fører holder hunden i feil område på 2. apport. Helheten tilsier dagens premie. Det som fungerte godt og som eg var nøgd med var fotgåinga til Vic - den må ha vore tidenes beste! Heilt perfekt:-) Og så var han blikk stille og gjennomførte ei lang vanndirigering over all forventning! :-) Heldigvis blir det nye sjansar allereie neste helg, med dobbelprøven til avd. Østfold.
Foto: Sarita Winsevik |
Gratulera så mykje til vinnarane og dei andre på pallen! Imponerande hundearbeid:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar