Dei første månadane var prega av husbygginga. Ein hyttetur til fjells med Victor og gode kollegaer tok eg meg likevel tid til. Victor reiste med tog og trakk på ski for første gang i sitt liv og det gjekk så bra så.
Bjorli, januar 2012. Foto: Ingunn S. Svendsen |
Siste helga i mars var det tid for årets første jaktprøve. Eg og Victor kjørte heile den lange veien til Stavanger - og jammen betalte det seg! Lørdagen starta vi i Åpen klasse, alt klaffa og vi gjekk til 1. pr. med HP og blei klassens beste hund!! Fantastisk med opprykk til Eliteklassen! Søndagen fekk vi prøva oss i EK, vi var fortsatt på nett og gjekk til 2. pr., ein lærerik debut eg var svært nøgd med. Det viste seg attpåtil at denne helgas bragder hadde Vic gjennomført med ei knekt hjørnetann! Dette måtte ha gjort vondt sa vet'en og fylte igjen...
Rogaland, mars 2012 |
Sarpsborg, april 2012 |
Like før 17. mai flytta vi inn i nye huset og i pinsehelga debuterte eg og Victor i vinnerklassen på Working Test i Sarpsborg (Raseråd Flat sitt arrangement). Nok ein vinnerprestasjon med 94 av 100 poeng, noko som haldt til ein god 2. plass.
I sommar var eg og Bjørn ei veke i Toscana i anledning bryllupet til Petter og Tine, ein deilig ferie! Og så var eg og Victor på hundeferie i Hemsedal der vi deltok på jaktkurs med Trond Gjøtterud. På Working Testen siste dagen gjorde vi bare som i pinsen og sanka inn 94 poeng og 2. plass igjen! Både lærerikt og mykje moro med så mange trivelege hundefolk samla! :-)
Frå august og ut oktober gjekk det slag i slag kvar einaste helg! Det var innflytningsfest og jakt- og fiskedagane på Elverum, der Melvin stilte og blei BIR med Cert - og dermed òg NVCH! Starten på duejakta tok vi på Hurum med kurs i regi av Meneo Hundesenter og Øyvind Veel. Jaktprøvane byrja igjen og vi deltok omtrent på alt som var. På Ringerike/Sokna gjekk vi til 3. pr. På Østfold-prøva gjekk vi til 2. pr. lørdagen og 0 søndagen - ein meget pinlig affære, med ein hund som var totalt ute av hand... På Vestfold-prøva byrja det bra, men så fann Vic plutselig på at han skulle bytte den dummyen han var på veg inn med i ein annan dummy som låg på bakken! Over og ut altså... Oslo-prøva var ikkje noko særleg å snakka om - 3. pr. der. Ei heller dobbeltprøva i Agder. Vi starta i første pulje lørdagen, det var iskaldt og det skulle vere andejakt: Drive ved vannet og bare vannarbeid! Det var fullt kaos då fire hundar var ute og jobba samstundes - med tilhøyrande blåsing i fløyter og kommandoroping, så Vic var bare kjempeforvirra, men det haldt underleg nok til ein 3. pr. Innsatsen endte med vannhale, men han var heldigvis fin igjen då han skulle starte i siste pulje dagen etter. Ein drive og walk-up på jorde/skogkant der han jobba kjempebra! Det blei dessverre litt for omstendelig dirigeringsarbeid på den siste blinde apporten og då gjekk vi frå 1. til 3. pr... Vi hadde òg meldt oss på bevegelig prøve på Dillingøy og då den havna på same helg som eg og Bjørn var i Wien, stilte Sarita Victor for meg - i tillegg til sin egen hund, Carmen! Øivind T. var snill og stilte opp som handler, slik at det lot seg gjere å gjennomføre, men dette blei litt for heftig for Vic og Carmen, og dei rauk ut. Innimellom jaktprøvane og ordentlig jakt var jo Mesterskapshelgen ei kjekk oppleving. Vic gjorde mykje bra arbeid og fekk gå alle 6 innleiande postane, men eine posten skulle vise seg ekstra vanskelig (ikkje bare for oss) og med 0 der var ikkje totalsummen så veldig imponerande... Uansett veldig kjekt å sjå så mange gode hundar og hundefolk i action! Haustens store opptur blei den praktiske prøven ifm. andejakt på Sætre Bruk i Hurum. Det var tøffe forhold, men Vic gjorde sitt beste, vi var eit team og vi fekk godkjent innsatsen vår! :-) Og for ikkje å gløyma klubbmesterskapet i lydighet! I øs-pøs-regn-heile-dagen vann vi kl. II med 161 poeng!
Victor på skogsfugljakt |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar