Det har skjedd og skjer så masse for tida at blogging blir nedprioritert. Får ta ei lita oppsumering:
Første helga i august var heile familien ein snartur til vestlandet for å ta ut eit skadedyr i Gjetingsdalen. Hjorten blei skoten, Melvin fekk prøve seg på ferske hjortespor og ellers nøyt vi ei deilig villsvinsteik!! Eg kan når eg vil! ;)
Andre helga i august var det utdrikkingslag for Marianne heile lørdagen - veldig kjekt! Og så var det jakt- og fiskedagane på Elverum søndagen. Melvin gjekk sitt første valpeshow og blei BIS!! :) Den dagen fekk vi gjort mykje. Då vi kom heim bar det ut i skogen for å plukke kantareller (fann masse!) og så fekk vi til og med tid til ei treningsøkt på vatn for Victor. Øve på å ikkje riste seg før avlevering... Shira fekk òg vere med og fekk svømt litt.
Helga etter det var eg og Bjørn i 30-års lag til Petter og på søndagen var det slektstreff!
Forrige helg ofra eg A-HA-konserten på Ullevål for å vere med som apportører på andejakt i Sverige, på Saxhyttan gård. Victors første andejakt, men han var kjempeflink! Tok skadeskutte ender utan problem - det var verre for ho mor som måtte avlive dei stakkars dyra... Var ikkje forberedt på den biten, men det er rart kva ein kan greie når ein må, og kva ein kan venje seg til (nesten litt skummelt!). Jakta tok på for Vic, både fysisk og mentalt. Søndagen jobba han med ein brøkdel av effekten han hadde lørdagen, men vi var fortsatt nøgde. Han apporterte ca 30 ender lørdagen og ca 10 søndagen. Ei spennande og innhaldsrik helg altså!!
Denne helga var det jaktprøve igjen, NRK avd. Ringerike og omegn sin, litt nord for Hønefoss. Eg var ekstra spent, hadde jo ein 1. premie frå før å forsvare, men det klarte vi dessverre ikkje. Blei ein 2. premie denne gangen. Vic som har vore så flink på feltsøk har blitt altfor høg. Han tar heilt av og raser rundt i ein fart som gjer det vanskeleg for han å plukke opp vitringa - her skal det trenes mykje nærsøk framover! Det eg var mest nøgd med var å sjå at den treninga vi har gjort på avlevering frå vatn i det siste har betalt seg! For første gang leverte han utan å riste seg - HURRA!!! Takk til Hans Andreas for god hjelp på klubbtreninga tidlegare i veka! Legger ut dommerkritikken seinare.
I dag har vi tatt det litt med ro, har regna på og av heile dagen. På kvelden fekk vi tatt ei treningsøkt der Vic for første gang skulle få apportere kanin! Hadde tatt fram ei and òg for sikkerhets skuld. Var jo ikkje sikkert han ville ta kaldt vilt no når han har fått smaken på det varme! Og visst var han skeptisk med det same - anda var jo hard og iskald! Men han tok det raskt. Enda meir skeptisk var han til kanina, men han lydde apport-kommandoen som ein prins, og syntes det var heilt ok å finne og hente iskald stiv kanin!
Ellers er vi opptatte med agility-kurs mandagar, kurs i vannarbeid onsdagar og jakttreningar med klubben torsdagar. Og neste helg er det NM!! Phuh...
søndag 29. august 2010
Bilder fra kenneltreffet tidlegare i sommar
fredag 30. juli 2010
Slektstreff!
Tidlegare denne veka var eg og Victor ute på tur igjen. Denne gangen bar det til Sør-Sverige, på kenneltreff, hos Victors oppdrettere, Carmal's. Vi var veldig spente på å sjå att både kullsøsken og andre slektningar, og eg gledde meg til å visa fram Victor, kor fin og flink han er blitt! :) Hos Anders og Mirjam var det to høgløpske tisper, så det blei litt masse på Vic. Han blei stressa, gira og fjern - alt på ein gang! Var ikkje seg sjølv - han var ikkje interessert i mat ein gang!! Det er ille. Eg er ikkje vane med hannhundar - og Vic er ikkje vane med løpetisper, så dette er ei utfordring for oss...
Vi fekk ikkje vist oss frå vår aller beste side, men eg kan ikkje klage, det kunne absolutt vore verre. Det var kjempetriveleg på kenneltreffet, mange møtte. Først hadde vi frokost i lag, så trente vi gruppevis. Vi med unghundar trente på vannmarkering, gå ved fot med forstyrrelser og fremmadsending. Vic har ekstremt med motor - det gjeld bare å ha hovudet med seg!.. Vi hadde lunsj i lag før vi hadde ein mini working test. Eg og Vic kom på tredje plass i vår gruppe, og vann eit retriever-kobbel:) Av kullsøskena møtte søster Selma og dei gule brødrene, Harry og Poacher. Artig å sjå kor forskjellige dei var blitt, på utsida iallfall. I fjor var kullet veldig jamnt. Vic hadde meir pels enn dei andre, kanskje fordi han er vakse opp i kalde Norge? Harry var den største og Poacher mest lik pappa Lee i fargen. Fine, flinke hundar alle saman!! Håpar på å sjå resten av gjengen neste gang!
På kvelden grilla vi heime hos Anders og Mirjam, deilig villsvin! Eg var til og med så heldig å få med meg ei villsvin-steik heim! Den skal nytast med familien i morgen:) Neste dag hadde vi ei treningsøkt ved havet, greit å få litt tips til øvelser vi kan gjere. Skjønar at eg må trena med fleire forstyrrelser... Vic var i same sinnstilstand som dagen før, men igjen, eg kan jo ikkje klage - han er jo ingen vanskeleg hund, bare ung og hormonell!.. ;-p
Takk til Anders og Mirjam for fine og innhaldsrike dagar i Skåne! Heldige med veret var vi òg! :) Bilder kjem seinare.

torsdag 22. juli 2010
Jaktkurs med Helen Philips!
Eg og Victor har vore på Canis Hundeskole sitt kurs for "gun dogs" v/Midtkiløras Fuglehundsenter i Trøndelag - metoden var klikkertrening sjølvsagt. Instruktøren, Helen Philips, var henta frå England: "Helen Philips jobber som profesjonell jakthundstrener med utgangspunkt i sitt egen oppdrett av Ungarske Viszlas og spaniels, samt som hundefører under jaktsessongen. Hun underviser dessuten ved Warwickshire College’s kurser i Canine Behaviour Education and Training" (fra www.canis.no). Hundane som var med på kurs var flest Setterar, i tillegg til Vic, ein Springer Spaniel og ein Vorsteher. Det har vore nokre kjekke og lærerike dagar på kurs!! Både hund og førar måtte ta seg minst ein siesta til dagen..! Her kjem ei oppsumering av kva vi var gjennom.
Lørdagen:
Grunnleggande dressur. Vi fokuserte på å få hunden til å slappa av i treningssituasjonen, slik at han blei meir mottageleg for læring. Teknikken vi brukte var å gå i ring med hunden og visa eit avslappa kroppsspråk sjølve. Hunden kunne få snuse og kikke seg rundt, men ikkje slik at vi enda opp med å følge hunden, hunden skulle følge oss. Vi starta ikkje å "betale for" (belønne) atferd før hunden begynte å slappa av. Vi lærte òg ein pauseteknikk. Det er viktig at hundane får mange pausar under treninga, at han lærer seg å slappa av då. Helen kalte dette for 'parkering', og det består rett og slett av at vi går til sides og står på bandet til hunden - det enkle er ofte det beste! Hunden får betalt for tegn som visar at han er i ferd med å slappe av, alt etter nivået på hunden. Først kan det vere for å ha alle fire beina i bakken, så for å ikkje pipe, så for å roe pusten, så for å sitte, osv. Det tok lang tid for dei fleste av oss å få hundane til å lære seg å slappe av dei første gangene, men litt etter litt gjekk det kortare og kortare tid før hunden klarte å slappe av og fokusere på fører. Avslappingsøvelsen m/å gå i ring er eit godt utgangspunkt for alle treningsøkter! Når hunden har lært seg rutinen er det ein effektiv måte å få den i treningsmodus på! Ein oppkava hund vil sjølvsagt ikkje ta til seg læring på same måten som ein roleg og fokusert hund, så det er vel verdt å ta dei minuttane det tar før ein set i gang med treninga. Denne dagen trente vi òg på kontakt og raske sitter. Eg begynte å lære Victor sitt på fløytesignal.
Søndagen:
Igjen grunnleggande dressur, med fokus på raske sitter, som er ein viktig ferdighet for ein fuglehund. Eg trente både med stemme og fløyte. Prøvde å auke avstanden frå meg, men det var verre... Fekk råd om å kaste godbiten over hodet på Vic og bruke handsignal i tillegg, men det har jo vi trent stå på, så han sto jo så klart! Hmm... Eg gjekk muligens litt raskt fram. Dette er iallfall noko vi skal trene masse på framover! Vi trente òg innkalling, noko Vic mestrar svært bra! Eg er glad eg har ein Labrador og ikkje ein Setter - gurimalla kor dei dyra springer! Ser kor Shira har det frå... Til slutt trente vi sitt under oppflyging av duer. Mens dei andre hundane blei heilt ville av synet av due i oppflukt verka det som om Vic var heilt i sjokktilstand - han verka nesten redd dei første gangane Anna-Karin slapp duene! Er kanskje ikkje så rart, det er første gang han har opplevd noko sånt... Han var heilt roleg, men eg hadde ingen som helst kontakt med han, så sitten kunne eg bare gløyma. Det blei rett og slett trening på due-eksponering! Vic fekk koma heilt fram til Anna-Karin som haldt duene. Etter kvart verka han tryggare og han behaldt roen.
På kvelden var det foredrag om hundemassasje, og Vic fekk sjølvsagt nyta godt av det etterpå. Han elsker å få massasje! :)
Mandagen:
Apportering stod på planen. Mange av dei andre måtte starte på nytt, med å shape inn det å holde apporten. Vi fekk godkjendt vår apport, og fekk trene på fremmadsending og dirigering. Her hadde Helen mange råd til meg. Brukte øvelsane "tre på rad" og "klokka", i tillegg til sidedirigering vha target (kjegler). Nyttig for oss! Vi fekk òg ei innføring i korleis vi kunne trene inn nærsøk, vi starta med å sende hunden ut på jakt etter godbitar og la på fløytesignalet 1-2-3 når hunde søkte i rett område. Etter lunsj var det vannarbeid. Vi trente på ro ved vatnet, gå fri ved fot ved vatnet, svømmekommando (Helen meiner hunden må ha ein svømmekommando for dei tilfella der han ikkje ser det som har havna i vatnet) og apportering av kaldt vilt, ei and eg hadde med meg. I tillegg trente vi på å ikkje riste seg før avleveringa, og sjølve avleveringa. Alle desse momentene trente vi kvar for seg, det er viktig! Vi er ikkje stødige nok til å kunne kjede saman alt enno.
Tirsdagen:
Vi reiste til Stokkmarka Fuglehundsenter utenfor Trondheim der vi fekk prøve hundane på rapphøns. Fuglane blei satt ut på jordet ein om gangen, først på eit jorde med nedklipt gras, og så på eit jorde med høgt gras. For Setterane gjaldt det å finne fuglen, ta stand, få signal om å reise fuglen for så å halde seg i ro i oppflukt - ei ganske krevande atferdsrekke. For Vic og spanielen som ikkje tar stand var det bare om og gjere å finne fuglen og støte den opp for så å kunne halde seg i ro etterpå. Eg var veldig spent på Vic sidan vi aldri har trent på noko slikt før, men han tok det med ein gang! Han var den av hundane med best nase, som fann fuglen raskast, og han var roleg etter oppflukt, sto bare og såg etter fuglen. Hadde ikkje nok fokus til at eg kunne be han sitte, men det var greit i ein så ny situasjon, han jaga iallfall ikkje etter fuglen slik mange av dei andre hadde lyst til! Vic var den einaste som kunne gå fri, utan sele - *stolt mor*. Eine gangen på kortgraset hoppa han opp og fanga fuglen i oppflukt, då blei både hund og førar like forskrekka! Fuglen flaksa og Vic slapp taket, og fuglen fløy avgårde like heil - det gjorde ingenting, sa Helen! Vi hadde to forsøk i langgraset. Første gangen sprang han etter fuglen eit lite stykke, men snudde tvert på mi fløyteinnkalling! Det var bra jobba! Ved andre forsøket fann han atter ein gang fuglen fort, men denne fuglen var litt treig og blei liggende og trykke, så då tok Vic saken i eigne hender - eller munn: Han plukka opp fuglen og sprang stolt og fornøyd heim til mor med den!! Plutseleg satt eg med ei lys levande rapphøns i henda mine! Eg blei så øvegidd og skulle belønne Vic samtidig som eg måtte sjekke at fuglen var like heil, så det enda med at eg mista fuglen og den fløy heim (tilsynelatande i fin form)! Då sprang Vic etter, men igjen fekke eg stoppa og snudd han vha fløyteinnkalling:) No har vi iallfall fått bevist at Vic er mjuk i munnen sin! HAHAHA! For ein opplevelse!! Vic har introdusert ei ny miljøvennlig, stille og effektiv jaktform! :)
Tusen takk til Helen Philips, Anna-Karin Lundmark v/Canis hundeskole, Midtkiløras Fuglehundsenter og Stokkmarka Fuglehundsenter for nokre fantastiske kursdagar!! Og ikkje minst takk for laget til svært så hyggelege medelevar! :)

tirsdag 13. juli 2010
For ei helg vi har hatt!
Endeleg tid til å blogge litt om helgas hendelser.
Vi reiste heile familien til Ål i Hallingdal i helga der eg og Victor skulle delta på NLM. Elleve lag stilte, og takka vere Victors formidable innsats kom vi til finalen søndagen! Victor redda dagen med alle poenga han klarte å sanke inn på dei seks postane. Resultat: 18, 20, 19, 20, 20 og 22! Siste post var feltsøk, med 25 dummyer lagt ut. Dummyane var merka med poeng frå 1-5 og vi fekk ti min. på å hente inn flest mulig. Fantastisk gøy å sjå fire hannbikkjer jobba sjølvstendig med søk samtidig i same felt! :) Vic fekk inn seks dummyer, med til samen 22 poeng - tre 5'ere! :D Ein artig øvelse! Totalt sett fekk Vic tredje beste poengsum av alle hundane!
På kvelden fekk vi vite lagscorene, øvelse for øvelse - det var kjempespennande å sjå kven som kom med til finalen! Vi kom med, så det var sjølvsagt veldig kjekt! Enda kjekkare var det at to unghundar som hadde gjort det særdeles bra i løpet av dagen blei løfta fram - ein av dei var Vic! Dommarane hadde lagt merke til han og han hadde imponert, så det var stas! Vi fekk dermed invitasjon til å vere med på jakt v/jakthytta (Saxhytte gård) til den svenske dommaren Pelle Agorelius! Han er interessert i å følge lovande unghundar vidare og å knytte til seg hundeførarar til jakt. Fantastisk moro!!
Søndagen gjekk ikkje fullt så bra for laget vårt, så det blei ingen seier, men det var både kjekt å lærerikt å få vere med. Ein stor takk til mine gode lagspelarar Rita, Siri og Hans Andreas for at eg fekk vere med!! I tillegg vil eg benytta anledningen til å takka oppdrettarane mine, Mirjam Axner og Anders Carlsson, v/Carmals Gundogs, for verdas beste hund! :D
Det neste for oss no blir jaktprøve siste helga i august og så individuelt mesterskap første helga i september, det blir kjekt!

tirsdag 8. juni 2010
Vi skal til Norsk Lagmesterskap i retrieverarbeid!
Det er ikkje bare eg som synes Victor er ein usedvanlig god hund! Han har blitt lagt merke til, og no er vi blitt invitert med på eine laget som Oslo-avdelinga skal stille med til NLM 9. juli. Det skal vere ein unghund (under to år) eller upremiert hund med på kvart lag (blant fire hunder), så då fekk vi muligheten - kjempekjekt og stor stas! :)
Vi gler oss!!!
Vi gler oss!!!
onsdag 2. juni 2010
Det går opp og ned her i livet...
I eine augneblinken er vi i lykkerus over den fantastiske flinke hunden vår, for så å bli ganske frustrert...
Victor er ein gardshund, han går laus her heime til tross for bandtvangen... Dei einaste gangene han har stukke av er når Shira har dratt han med seg på sine eventyr (ho går ikkje laus). Eg har ferie denne veka, er heime og passar Melvin. I går starta eg prosjekt "vaske veranda", noko som haldt meg opptatt nokon timar, mens hundane var så heldige og fekk sole seg. Då eg skulle gå i dusjen slo det meg at det var ei stund sidan eg hadde sett Vic, men eg tenkte at han sikkert var på ein liten tur (som han gjerne tar, men kjem alltid raskt tilbake). Eg ropte litt på han utan resultat før eg gjekk inn for å gjere meg klar til dagens jaktcup post 4 v/retrieverklubben.
Gitt om eg byrja å bli rimeleg stressa - eg skulle på jaktcup, men hunden min var borte! Eg gjekk litt rundt og fløyta på han, før eg måtte hive meg i bilen med håp om at eg ville finne han på vegen - då kom telefonen: "Savner du ei bikkje?" JA! Det var eit bergingsfirma i Lillestrøm som hadde fått inn Victor!! Han var levert av ei dame som hadde gått tur i skauen her oppe, han hadde visst gått i lag med ho ei stund. Vic pleier å gå naken her heime, så han hadde ikkje på seg halsbåndet med tlf.nr'et mitt på, ellers kunne eg ha sluppe billigare frå det - 250 kr. måtte eg betale for å få lauslatt rømlingen. Først var eg irritert over det heile, at turgåaren hadde tatt med seg Vic frå skogen her oppe og at eg måtte betale for det. Etter at eg hadde fått roa meg var eg bare så takknemlig og glad for at eg fekk tilbake go'guten min! Det kunne jo gått så mykje verre! Han er jo så snill og sosial, eit lett bytte... Viss eg hadde mista ein av hundane mine veit eg ikkje kva eg ville gjort - dei er alt for meg! Så i natt sov Victor inntil meg i senga, han har fått på seg halsbandet med tlf.nr. på og i dag har eg verkeleg passa på han!
Og jaktcup'en?! Der nulla vi! Vic var fjern og eg hadde misforstått oppgåva, så vi hadde rett og slett ikkje trent på øvelsen - sånn kan det gå... Det viktigaste er likevel at prinsen min er der han skal vere - hos meg:)
Her er eit bilde av heile familien samla slik vi skal vere:

Abonner på:
Innlegg (Atom)