søndag 11. august 2013

De Nordiske Jakt- og Fiskedagene 2013

Det har blitt tradisjon å dra til Elverum for å overvære dette årlege arrangementet, inkludert "en av de største jaktustillingene som arrangeres i hele Skandinavia" (fra programmet). I fjor stilte vi bare Melvin, som då fekk Cert og blei BIR, to år gamal. I år hadde vi meldt på både Melvin og Victor. Melvin var først i ringen og han gjentok bragden frå i fjor: Cert og BIR! Han er tydeligvis ein fin basset! :-) For dei som ikkje er så kjende med utstillingsterminologien gis Certifikat til dei ekstra fine hundane som er av "Excellent" (1. pr.) kvalitet. Får du tre Cert blir du utstillingschampion. BIR = best av alle stilte i den rasen, og går vidare til gruppefinale for å konkurrere om å bli best i gruppa (av fleire hunderasar), for igjen å konkurrere om BIS-tittel (Best in show). I gruppefinalen (gr. 4 og 6) blei det spennande då dommaren plukka ut Melvin blant alle dei fine BIR-hundane. Han og Bjørn blei ståande att i ringen i lag med fem andre ekvipasjar der fire skulle plasserast. Melvin blei ikkje plassert blant dei fire beste, men vi er uansett veldig nøgde med at han kom så langt - det var over all forventning!.. Og fine premiar blei det - skal få tatt bilder.



Det var verre med storebror, Victor... Forventningane var det så som så med, men eg var optimistisk sidan, som det står i programmet for arrangementet: "Dagens utstilling er basert på de tradisjonelle ideene om å skape bedre jakthunder: Den skal fremme utviklingen av den enkelte hunderase, fysiske og sunne hunder, typeriktige, funksjonelle og sosialt tilpassede hunder." Dette var jo noko til og med eg kunne kjøpe... Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er overbegeistra for hundeutstillingar, og kan nok stusse over at eg plutselig har begynt å stille Victor fleire ganger, til tross for at vi har det vi treng for å kunne få jaktchampionat. Vel, eg har tenkt: Det er ikkje til å koma vekk i frå at utstilling er den største hundesporten og den er komen for å bli, så "if you can't beat them, join them!" ;-) Vi kan krangle om korleis ein labrador skal sjå ut, og klage over at for få labradorer generelt deltar på jaktlige aktiviteter og at labradorer av reine jaktlinjer ikkje får rettferdig bedømming på utstilling, osv. Men viss vi ynskjer endring og utvikling så må vi alle vere aktive på fleire fronter. Derfor har eg bestemt meg for å stille ut min jaktavla labrador to-tre ganger i året, og det vil eg oppmode andre med same type hund til å gjere! Då er vi der dei fleste folk er, og får vist fram dei flotte og funksjonelle hundane våre - både til dommarar og andre hundefolk.

Foto: Ann Brændshøi
Tilbake til Elverumsutstillinga: Victor fekk Excellent (raud/1. pr.) her for to år sidan, og sidan han aldri har vore finare enn han er no (han har jo lagt seg litt ut sidan han var to år), hadde eg håp... "Sufficient" (grøn/4.pr.) blei det! (På utstilling er det fire premiegrader du kan få etter kor godt dommaren synes hunden oppfyller rasestandarden: Excellent (1.), Very Good (2.), Good (3.) og Sufficient (4.), og evt. ingen premiering i det heile, men det skal mykje til...) Eg kan telje utstillingane Victor har deltatt på på ei hand (over ein toårsperiode), vi har aldri fått så dårleg resultat før, og no har vi altså alle fire premiegradene/fargane. Er det mogeleg? Det er kanskje ikkje så rart at eg er så pass skeptisk til utstilling, det verkar jo rimeleg tilfeldig? Og subjektivt... Kva skjedde med ideen om å skape bedre jakthunder? Mens det i åpen klasse florerte med raudsløyfer, måtte vi i bruksklassen/jaktpremierte (tre tisper, ein hannhund) nøye oss med grønt og ei gul... Kritikken Vic fekk: "Godtakbar helhet. Hodet skulle vært mer rasetypisk i sine linjer og sitt uttrykk. Velformet hals. Bra skuldre. Steil overarm. Velvinklet bakpart. Brystkassen skulle vært bredere. Beveger seg stabilt. Mb pels. Trivelig temperament." Jaja, for første gang fekk vi "bra pels" i det minste... Og vi gjev oss ikkje, we'll be back! Om enn ikkje i år, no får det halda for ei stund... Til helga skal vi gjere noko vi kan, gå jaktprøve - og det gler vi oss til! :-)

tirsdag 6. august 2013

Oppsumering første halvår 2013

Med working testen helga som var starta haustsesongen for meg og Victor, og då tenkte eg det var greit å sjå tilbake på vårsesongen. Den var jo faktisk heilt utruleg for oss! :-D Vi lyktes i det meste vi foretok oss og var ein usedvanlig positiv flyt. Må bare haustsesongen fortsetje i same duren...

I mars braka det laus med eliteprøven i Rogaland. Det var vel verd den lange reisa då Victor sto igjen som einaste med 1. pr. på lørdagen og blei kåra Elitevinner! Dagen etter gjorde han ein solid innsats igjen, spesielt gjennom ein særs langvarig drive (fleire ganger) med 13 stk. på linja! Han var stille og dommaren hadde observert at han jakta effektivt og godt inne i skogen. Etterpå var det walk-up og det haldt ei stund. Vi var uheldige og fekk i oppgåve å eye-wipe hunden før oss som ikkje hadde lykkast på ei vanskeleg dirigering. Her sa Victor at no får det vere nok, så han tok ut og sprang i frå heile greia... Dermed blei det 0.

I mai hadde vi eit tettpakka program med jaktkurs to helger, med dyktige instruktørar Oliver Kiraly og Trond Gjøtterud, samt to helger med working tester. Først var det NRKs pinsearrangement på Kongsvinger, med utstilling eine dagen og WT neste dag. På utstillinga (brukshundklasse) fekk vi Very Good (blå) av dommar Sverre Sand. Og med 2. WT EK (94 poeng) gjekk vi til topps i dual-konkurransen, som Labradormester! Ekstra kjekt at ein labrador av reine jaktlinjer kan få vist seg fram i ei slik kåring. :-) Siste helga i mai var det igjen både utstillin og WT i regi av NRK avd. Gjøvik/Lillehammer. På denne utstillinga fekk vi Good (gul) av dommar Kjell Svensson, mens på working testen vann vi EK med 88 poeng.

1. WT EK, NRK avd. Gjøvik og Lillehammer. Foto: Beathe Nes
 I juni var det tid for NLM (norsk lagmesterskap i retrieverarbeid). Vi stilte lag med Rønnaug & Sofi, Wenche & Ronja og Tone Kit & Mira (unghund). Og jammen klarte vi ikkje å karre oss heilt til topps! Stort å slå dei velmerriterte ekvipasjane i Team Vinje Våpen og Team Omegn! :-) Arrangøren, NRK avd. Østfold, hadde skaffa til veie flotte premiar til oss, og på vegne av NRK avd. Oslo og omegn som vi representerte, tar vi vare på vandrepremien, ei fin stokkand (utstoppa vel og vite...).

Vinner NLM 2013: Fun Hunting v/NRK avd. Oslo og omegn
 I tillegg har vi tilbrakt mykje kvalitetstid i lag med hyggelege treningskompiser rundt omkring. Altså kunne ikkje dette halvåret vore særlig betre for oss! :-) Spent på fortsetjinga...

Ny sesongstart

3. august starta sesongen på ny for Victor og meg. Vi deltok på The Retriever Challenge, ein uoffisiell WT i regi av NRK avd. Østfold. Postane var lagt til fine områder på Kalnes, internasjonale dommarar var henta inn og mange var påmeldte i alle tre klassane, til saman over 120 stk. Dagen blei lang når så mange skulle gjennom, vi fekk ei skikkeleg regnbyga, men stemninga var god og det var kjekt å vere med. Flott at nokon tar seg bryet med å stelle i stand eit slikt arrangement! Sett ut frå resultatlista var postane særs utfordrande for dei aller fleste. Det var generelt laaange avstander, Victor gjorde ein god jobb heile tida, men med 0 på ein post klarte vi ikkje å hevda oss denne dagen og endte på 65 poeng.

Post 1, dommar Fons Exelmans frå Belgia: 18 poeng. Fremmadsending gjennom høgt gras og ei dump der hunden ville forsvinne ut av syne nokre meter. Med skudd, samt forstyrrelsesskudd i ei anna retning. Victor gjekk av linja og trakk i retning forstyrrelsesskuddet, men eg fekk henta han greit inn att. Dette gjorde likevel at vi mista poeng, i tillegg til at dommaren syntes at eg blåste for høgt i fløyta...

Post 2, dommar Stefano Martinoli frå Italia: 17 poeng. Fremmadsending på to apporter med skot på begge. Utfordringa var at dei låg i tett vinkel og det var bestemt kven av dei som skulle hentast først. Måtte handle litt og trur eg mista eit poeng då eg heiv dummyen på bakken bak meg i staden for å gje den i handa til dommaren... Så lærte eg noko av det! ;)

Post 3, dommar Idar Reinås frå Norge: 13 poeng. Fremmadsending langs strandkanten, over fleire terrengskifter, opp ein bratt bakke langt unna, ingen skudd. Eg fekk Victor greit ut i området og trudde han hadde dummyen, men slappa av for tidlig. Han sprang forbi og etter det måtte det meir handling til for å få han tilbake til dummyen.

Post 4, dommar Rita Kokeny frå Ungarn: 17 poeng. Ei enkeltmarkering himla langt unna, gjennom høgt gras og terrengskifter. Det gjekk litt tid mellom skudd og kast og Victor fekk ikkje med seg nedslaget. Han sprang likevel ivrig ut i området der skyttaren var. Der måtte eg hjelpe han og han responderte bra.

Post 5, dommar Peter Bates frå Storbrittania: 0 poeng. Enkeltmarkering med skjult nedslag, men først skulle det hentast ein dummy som var lagt ut i smal vinkel ved sida av. Skudd på begge. Hunden måtte springe ned ein bratt bakke og opp ein bratt bakke. Det var mykje tett vegetasjon i terrenget og den skjulte dummyen som skulle hentast først var verkeleg skjult, hunden ville vere utanfor syne der. Victor gjekk forbi denne og dukka opp ved markeringa som han hadde full kontroll på. Eg prøvde å stoppa han og dirigere han unna, klarte det nesten, men han var for nærme og visste for godt, så han tok feil dummy. Vi trøster oss med at nesten halvparten av ekvipasjane i klassen nulla på denne og ingen fekk meir enn 15 poeng...

Ein fin dag var det uansett. Arrangørane hadde laga eit proft opplegg, med flinke medhjelparar og fine premiar! Gratulera så masse til dei som plasserte seg! :-) Resultatliste: http://retrieverchallenge.com/index.html

mandag 25. mars 2013

Vinner Eliteprøven Jæren 2013

Det er tittelen på pokalen vi har med heim etter helgas jaktprøve i regi av NRK avd. Rogaland - er jo stas då! :-D Eg har aldri vore bortskjemt med å vere best, men i Team Victor får vi det til! Fantastiske hunden min, denne helga fekk han vist kva han er god for! Utruleg hyggeleg med alle fine ord frå alle rundt, både med-prøvedeltakarar og heiagjengen heime - at så mange engasjerer seg og gler seg med meg er stort! Vic skal visstnok ha påført enkelte av tilskodarane "frysninger" og "gåsehud" med oppvisinga si. :) Han er ein bra hund, det viser han til stadig, og eg er evig takknemlig til Anders og Mirjam ved Carmal's som lot meg kjøpe han! Med jevnlig trening framover (ilag med gode treningsvenner!) og vår sterke relasjon skal vi nå målet om NJCH-tittel i år... ;)

1. Premien fekk vi som einaste ekvipasje lørdagen altså. Første delen av prøven var ein walk-up på jorde med alle 12 deltakarane på linje. Vi byta kontinuerleg på å vere inne til bedømming, fire i gangen, for dommarane, Birgitta Staflund Wiberg og Boye Rasmussen. Beundringsverdig av prøveleiar å halde orden på alle! Første markeringa vår var langt ute på det opne jordet og Vic blei sirklande lenge før han fann dummyen. Eg vurderte om eg skulle bryte inn og hjelpe han, men valgte å la være sidan han jobba i området. Mange dommarar har jo sagt at dei vil sjå markeringsarbeid og vil ikkje at vi skal bryte inn før hunden evt. er på vei ut av området. Min vurdering viste seg i dette tilfellet å vere feil, eg burde ha dirigert hunden for bedre effektivitet, var dommarens dom. Nyttig lærdom! Neste oppgåve var ei dirigering mot "rabbit" på jordet, der Vic viste seg å vere særs dirigerbar:) Siden var det ei dobbelmarkering på linje, der Vic bråsnudde ved den nærmaste då han fekk ferten av den - nydelig! Siste oppgåva vår i walk-upen var ei dobbelmarkering som fleire andre hadde slite med. Vi fekk anvist vår dummy og igjen var det ingen problem for Vic - stolt matmor, ja! Så braut vi for lunsj og no var matlysta endeleg tilbake...

Nokon av deltakarane var ute i løpet av walk-upen, men dei fleste hang enno med då vi bevega oss til eit nytt område. Vi blei ståande stille tett på linje, mens det var fleire oppgåver i og rundt skogholtet framfor oss, med skudd og kast som forstyrrelser. Første markeringa vår landa skjult i eine enden av skogen. Eg sendte Vic inn, han kom tom ut og eg måtte dirigere han tilbake, gjekk rimeleg ok. Neste oppgåve var ei markering som hadde landa skjult på andre enden av skogen. Eg sendte Vic inn, han søkte av området (eg kunne ikkje sjå han anna enn glimtvis, så eg stolte på han) og kom ut med dummy:) Siste oppgåva vår var ei rein dirigering i jordekanten, og forutenom at Vic ikkje stoppa på første fløytesignalet mitt gjorde han igjen ein fin og effektiv jobb. Eg var alt i alt svært nøgd med Vic, men ein veit jo aldri kva dommarane vektlegg, og det var utruleg stort å få vår første 1.EK den kvelden, før vi feira med god mat og godt selskap. :) Kritikk: "En härlig labhane som börjar dagen med en liten förarmiss. Han blir bättre och bättre under hela dagen och visar en mycket god balans mellan självständighet och samarbete. Han använder alla sina sinnen vilket gör hans arbete effektivt."

Korleis gjekk det så søndagen? Vi starta med laaaangvarig drive (over ein time!) med 13(!) ekvipasjer på linja. Vic var superkul og søkte effektivt då det var hans tur. So far, so good... Så var det walk-up der han gjorde ein fin markering i eit område der fleire sleit.. Og så var vi uheldige og fekk den vanskeligste dirigeringa (då hadde ekvipasjen før oss måtta gitt opp)... Stor avstand, jorde, ingen referansepunkter for hunden. Fekk stoppa han fint eit par ganger på vei ut, men så plutselig var det som om han fekk fyrt opp ein rakett i rumpa! Han tok ut og sprang som om han hadde fanden sjøl i hælane! Og han høyrde ingenting lenger... Der enda dagens prøve for oss - "out of control". Hehe, sånn er det med desse dyra, alt kan skje - og det er jo det som gjer det artig. Kritikk: "Starter dagen fint og viser god vilje i søget og på markeringerne, mangler lydighed på de lange dirigering og stoppes." (Vic fekk mykje skryt for feltsøket sitt!) Eg er uansett strålande nøgd med innsatsen vår denne helga! Vi var relativt rolege, fokuserte og heilt på nett - meste av tida iallfall... ;) Gratulera så masse til søndagens verdige vinnar, Hege, med sin Blue, som til og med fekk HedersPris!! :-D Og igjen var det bare ein 1. pr. - ganske eksklusivt altså. :)

Må til slutt berømme NRK avd. Rogaland med helgas opplegg! Med bare tre personar i Jaktkomiteen har dei laga ei proft opplegg vha. dyktige medhjelparar. Flott terreng og tøffe dommarar. Grillmat og reker - topp stemning! Takk for oss, vi kjem gjerne igjen! :)



søndag 13. januar 2013

Kald hundehelg!

Men aktivitetsrik likevel. Tenkte å dele denne helgas erfaringer om beskyttelse for kulda. I går låg temperaturen på ca. 9 minusgrader, men det var heldigvis strålande sol! Vi kjørte til Ås og trente på jorder der det bare var eit par cm. med snø - herlig. Med godt selskap og mykje varmt tøy er det ingen sak å vere ute i timesvis til tross for vinterkulda. Kan verkeleg anbefale sånne små varmeposer til å putte i vottane og teipe under sokkane (for tobeinte!)! Før sjølve treninga hadde Victor på seg sitt tynne Back On Track dekken under og Ruffwear Quinzee utanpå. I tillegg hadde han Jervehiet å krype inn i mens vi tok ein kaffe og planla treninga. Viktig å halde varmen! Potane blei smurt inn med potefett og så var vi klare for action!
Victor og Carmen (arkivfoto)
Eg hadde tenkt å bruke neoprenvesten på Victor mens han var i arbeid, men den må klyppast til litt meir først... Han fekk altså gå naken, men eg ynskjer meg Ruffwear sin Cloud Chaser! Den hadde vore praktisk å ha under kalde treningsforhold! Treninga gjekk bra og eg har god tru på at dette regimet mitt som nokon sikkert ser på som "hønemor-aktig" er med på å forebygga skader som lett kan oppstå ifm trening. (Bank i bordet!)

I dag var det kaldare, 13 minusgrader, men vi vågde oss ut på søndagstur - heile familien! :) Melvin og Shira hadde på seg sine dekken, mens Victor fekk springe naken igjen som dagen før. Han er så aktiv og eg tenkte at det ikkje var riktig kaldt nok til å dra fram Katahdin-dekkenet (dekker dei edlare delane hans..). Det vi ikkje tenkte på i dag var potane!.. Vi møtte ein Dachs på dagens tur som hadde potesokkar på seg og då vi kom heim viste det seg at det burde våre hundar òg hatt! Alle tre blødde litt frå ein pote kvar, så det blei dagens lærepenge: Skaren er skarp og sjølv om ein ikkje skal gå så veldig lang tur er det vel verdt å ha på potesokkar! Melvin har ikkje dette, så no blir det shopping på dogbooties.com
Victor og Melvin (arkivfoto)

tirsdag 1. januar 2013

Året 2012

Når eg ser tilbake på året som har gått er det iallfall ein ting som er sikkert, det har vore lite blogging! Det betyr dog ikkje at det har vore eit stille år, tvert imot, året har flydd avgårde og det har vore travelt. På tide med ein årsberetning for hundelivet.

Dei første månadane var prega av husbygginga. Ein hyttetur til fjells med Victor og gode kollegaer tok eg meg likevel tid til. Victor reiste med tog og trakk på ski for første gang i sitt liv og det gjekk så bra så.
Bjorli, januar 2012. Foto: Ingunn S. Svendsen
I februar debuterte vi i LP II der vi gjekk til 2. pr. med 154,5 poeng. Dette var i hallen på Sinsen.

Siste helga i mars var det tid for årets første jaktprøve. Eg og Victor kjørte heile den lange veien til Stavanger - og jammen betalte det seg! Lørdagen starta vi i Åpen klasse, alt klaffa og vi gjekk til 1. pr. med HP og blei klassens beste hund!! Fantastisk med opprykk til Eliteklassen! Søndagen fekk vi prøva oss i EK, vi var fortsatt på nett og gjekk til 2. pr., ein lærerik debut eg var svært nøgd med. Det viste seg attpåtil at denne helgas bragder hadde Vic gjennomført med ei knekt hjørnetann! Dette måtte ha gjort vondt sa vet'en og fylte igjen...
Rogaland, mars 2012
I april prøvde vi oss i lydighetsringen igjen og denne gangen gjekk vi til 1. pr. med 178,5 poeng og 2. plass - nok eit opprykk på plass! :-)
Sarpsborg, april 2012
I mars og april gjennomførte eg studiet mitt, introduksjonskurs i dyreassisterte intervensjoner, ved Antrozoologisenteret og UMB. Veldig interessant! I samband med dette gjekk Victor òg gjennom ein mentalbeskrivelse for å teste kor eigna han er som terapihund. I april deltok vi òg på eit lærerikt jaktkurs med Birgitta Staflund-Wiberg på Dikemark.

Like før 17. mai flytta vi inn i nye huset og i pinsehelga debuterte eg og Victor i vinnerklassen på Working Test i Sarpsborg (Raseråd Flat sitt arrangement). Nok ein vinnerprestasjon med 94 av 100 poeng, noko som haldt til ein god 2. plass.

I sommar var eg og Bjørn ei veke i Toscana i anledning bryllupet til Petter og Tine, ein deilig ferie! Og så var eg og Victor på hundeferie i Hemsedal der vi deltok på jaktkurs med Trond Gjøtterud. På Working Testen siste dagen gjorde vi bare som i pinsen og sanka inn 94 poeng og 2. plass igjen! Både lærerikt og mykje moro med så mange trivelege hundefolk samla! :-)

Frå august og ut oktober gjekk det slag i slag kvar einaste helg! Det var innflytningsfest og jakt- og fiskedagane på Elverum, der Melvin stilte og blei BIR med Cert - og dermed òg NVCH! Starten på duejakta tok vi på Hurum med kurs i regi av Meneo Hundesenter og Øyvind Veel. Jaktprøvane byrja igjen og vi deltok omtrent på alt som var. På Ringerike/Sokna gjekk vi til 3. pr. På Østfold-prøva gjekk vi til 2. pr. lørdagen og 0 søndagen - ein meget pinlig affære, med ein hund som var totalt ute av hand... På Vestfold-prøva byrja det bra, men så fann Vic plutselig på at han skulle bytte den dummyen han var på veg inn med i ein annan dummy som låg på bakken! Over og ut altså... Oslo-prøva var ikkje noko særleg å snakka om - 3. pr. der. Ei heller dobbeltprøva i Agder. Vi starta i første pulje lørdagen, det var iskaldt og det skulle vere andejakt: Drive ved vannet og bare vannarbeid! Det var fullt kaos då fire hundar var ute og jobba samstundes - med tilhøyrande blåsing i fløyter og kommandoroping, så Vic var bare kjempeforvirra, men det haldt underleg nok til ein 3. pr. Innsatsen endte med vannhale, men han var heldigvis fin igjen då han skulle starte i siste pulje dagen etter. Ein drive og walk-up på jorde/skogkant der han jobba kjempebra! Det blei dessverre litt for omstendelig dirigeringsarbeid på den siste blinde apporten og då gjekk vi frå 1. til 3. pr... Vi hadde òg meldt oss på bevegelig prøve på Dillingøy og då den havna på same helg som eg og Bjørn var i Wien, stilte Sarita Victor for meg - i tillegg til sin egen hund, Carmen! Øivind T. var snill og stilte opp som handler, slik at det lot seg gjere å gjennomføre, men dette blei litt for heftig for Vic og Carmen, og dei rauk ut. Innimellom jaktprøvane og ordentlig jakt var jo Mesterskapshelgen ei kjekk oppleving. Vic gjorde mykje bra arbeid og fekk gå alle 6 innleiande postane, men eine posten skulle vise seg ekstra vanskelig (ikkje bare for oss) og med 0 der var ikkje totalsummen så veldig imponerande... Uansett veldig kjekt å sjå så mange gode hundar og hundefolk i action! Haustens store opptur blei den praktiske prøven ifm. andejakt på Sætre Bruk i Hurum. Det var tøffe forhold, men Vic gjorde sitt beste, vi var eit team og vi fekk godkjent innsatsen vår! :-) Og for ikkje å gløyma klubbmesterskapet i lydighet! I øs-pøs-regn-heile-dagen vann vi kl. II med 161 poeng!
Victor på skogsfugljakt
Frå november byrja ting å roa seg att. Vi deltok på raseparaden på Dogs4All i Lillestrøm og tok opp att lydighetstreninga. Vi har feira vår første jul i nytt hus med familien på besøk og bare kosa oss. Eg ser tilbake på eit år med mange gode opplevingar! På hundefronten har eg og Victor oppnådd mykje av det vi ønska oss, no gjeld det bare å få inn 1. premiane på jaktprøvar i 2013... ;-)

søndag 2. september 2012

Sesongen godt i gang!

Dagane flyr og blogging blir nedprioritert - lenge sidan sist. Det er mykje eg gjerne skulle ha skrive om, både opplevingar og tankar, men det blir rett og slett ikkje tid. Denne gang nøyer eg meg med ei oppsumering av sesongstarten.

Vi starta (20-21. aug.) med dujakt-kurs i regi av Meneo Hundesenter. Øyvind Veel var instruktør og staden var Hurum. Merkeleg nok var vi bare fire påmeldte, men det var kanskje like greit, for duene var lure og holdt seg stort sett utanfor skytehold... Masse duer, men få skuddsjanser dessverre. Blei mest passivitetstrening, men det er jo ikkje så dumt for Victor. Dei tre apportane han fekk gjekk greit. Det er verre med hundeføraren som skal avliva dei skadeskotne..!.. Var greit å få ei innføring i korleis ein skal te seg på duejakt, det var ein heilt nydelig dag og godt selskap, så vi var nøgde tross alt og ser fram til fleire duejakter på eiga hand framover.

Helga etter var det avd. Ringerikes jaktprøve på Sokna. Veldig fin prøve, lagt opp som ein jaktsti. Eg var ikkje heilt på nett og stopp-knappen til Victor fungerte dårleg... Dommar var Trond Gjøtterud og dommarelev Svein Scheie. Vi fekk ein 3. premie og kommentar: I dag fine dirigeringer. Selv om stopplydigheten kan forbedres. Fine markeringer. 3. markering misses av hund og fører. Søket blir noe ødelagt av at fører holder hunden i feil område på 2. apport. Helheten tilsier dagens premie. Det som fungerte godt og som eg var nøgd med var fotgåinga til Vic - den må ha vore tidenes beste! Heilt perfekt:-) Og så var han blikk stille og gjennomførte ei lang vanndirigering over all forventning! :-) Heldigvis blir det nye sjansar allereie neste helg, med dobbelprøven til avd. Østfold.

Foto: Sarita Winsevik
Denne helga deltok vi i Norsk Retrievermesterskap på Sessvollmoen. Første delmål var å koma gjennom første grunnomgang (tre postar) utan null slik at vi fekk gått alle seks postane. Det klarte vi rimelig greit, men så var det slutt. På post 4 var Victor plutselig heilt ute av hånd. Det var ei dirigering med forstyrrelse. Vi brukte altfor mykje tid og plass, så då nulla vi dessverre, men vi fekk iallfall fullført grunnomgangen. Kjekke postar som simulerte relle jaktsettinger, dyktige dommarar og medhjelparar! Våre poeng: 16, 13, 20, 0, 17, 13. Til saman 79 av 120 poeng og sånn ca. midt på resultatlista. Vi kjem sterkare tilbake neste år! ;-) Tusen takk til arrangørane for eit fantastisk flott arrangement - vel gjennomført! :-D
Gratulera så mykje til vinnarane og dei andre på pallen! Imponerande hundearbeid:-)