fredag 29. august 2008

Kort oppdatering

Det har vore ein travel sommar, og det har ikkje blitt mindre travelt etter at vi kom tilbake til Oslo og starta på siste studie-året, så det har blitt dårleg med blogging...
Skulle jo eigentleg legge ut bilder frå Vossa-kurset, men spørs om eg får fingen ut til det.

Etter at vi kom tilbake har vi starta på enda eit nytt kurs - igjen! (Jada...) Og no trur eg faktisk vi ENDELEG, etter fire år, har funne det ultimate for Shira - noko ho kan verkeleg lykkast i, og vera lykkeleg med!:) Det er nemleg BLODSPOR - perfekt for denne blodtørstige jakthunden min! Ho tok poenget umiddelbart, og sporar nesten som om ho aldri har gjort anna i livet - flinke hunden min. Spørs om ikkje det blir godkjendt ettersøkshund av Shira no etter kvart:D
Men først skal vi gå eit par agility-konkurransar neste helg............ Det blir iallfall spennande!
Og så er eg nødt til å forlata min kjære bebbis i to heile månadar, så då blir det nok ikkje så mykje trening på ho. Heldigvis veit eg at ho vil ha det fantastisk godt på Skogen, ilag med Syver og Bjørn, ellers hadde eg aldri klart å reist frå ho så lenge... Eg skal forresten til Sør-Afrika ifm datainnsamling til Master-oppgåva mi, for dei som lurte på det.

Nei, no må eg jobba litt. Skal prøva å bli flinkare til å oppdatera bloggen, men kan ikkje lova noko - det er hektiske tider..!

onsdag 13. august 2008

Vossakurset 2008 (7.-10. aug.)

Som i fjor hadde vi det kjempekjekt på kurs i regi av Voss Hundeklubb!:D Verkeleg bra opplegg, og all æra til klubben for godt gjennomført arrangement!! Gode kurs og flinke instruktørar, og mange sosiale aktivitetar. Det gjekk i eitt bankande frå tidleg morgon til seine kvelden, og det var to slitne jenter som returnerte til Rosendal søndagsettermiddag... Shira gjekk rett og la seg i senga si og sov resten av dagen/kvelden - og ho mor måtte ta seg ein kvil på sofaen ho med..!..

Eg hadde meldt meg på med agility som 1. val, men var for seint ute, så då blei det sporkurs på oss, og det var jo kjekt det òg! Instruktør var sjef for Forsvarets Hundeskole, Ole Auten, ein sympatisk kar som verkeleg kan sakene sine - vha berre positive treningsmetodar:)
Shira, som ikkje har gått spor på nærmare to år, viste seg å vera litt rusten. Ho gjekk første sporet mest med nasa i sky og rota fælt, og brydde seg ikkje om pipe-grisen sin som låg i enden! Så etter denne mislykka starten (eg som hadde skrytt av at vi hadde starta såvidt med pinne-plukking!) blei det slepe-spor i fortsetnaden: Ole knytte ei lang lina i kongen til Shira, og ho fekk sjå den forsvinna inn i skogen, før ho blei satt i bilen. Etter ca. ein halv time tok vi ho ut, og då gjekk det mykje betre. Gjentok same prosedyren med slepe-spor igjen, med greit resultat, før vi prøvde vanleg (utan påverknad) igjen, men då gjekk det straks litt dårlegare igjen, så det var tilbake på slepe-spor igjen...

Fredagen fortsatte vi med slepe-spor (m/ minimal påverknad), og ho gjekk berre betre og betre utover dagen! Det var oppløftande sidan vi hadde slitt med at Shira konsekvent heller ville gå på vilt-spor, den sta-beisen! Dei to siste spora vi gjekk var kanonbra!! Ho konsentrerte seg bra, haldt nasa i bakken, og jobba rett og slett veldig bra. Fin avslutning på dagen - og fin avslutning på sporkurset. Dagen etter gjekk vi nemleg over til agilitykurset då det vart ein mindre person der.

Lørdagen blei det altså agility på oss likevel!:) Instruktøren var Anja MacNeill, og fokuset låg på handling. Eg har mykje å jobba med der, så det var godt å få litt veiledning!! Dette var ein varm og solrik dag, så Shira blei raskt pumpa, men vi fekk då litt ut av det tross alt. Jammen var det kjekt å få instruksjon i agility igjen!

Søndagen var det berre trening fram til lunsj, og det var nok like greit, for vi var slitne alle saman. Denne dagen tulla Shira ein del, ho ville helst berre gå å snusa i bakken, så eg måtte jobba hardt for å motivera ho til å halda fokus på agilityen. Vi klarte no å få ein fin avslutning, med stor fart:) Om å gjera å behalda det positive rundt aktiviteten, så då får det heller berre vera at det ikkje blei så mykje handling-trening på meg akkurat då.

Sosiale aktivitetar (forutan måltida!) var quiz torsdagskvelden (sjølvsagt hunderelatert!), foredrag om tøying av hundens musklar fredagskvelden (+ vi var innom festen til dei danske soldatane) og koseleg grillfest lørdagskvelden. God stemning og masse kjekke folk!!
Vi kjem meir enn gjerne tilbake på kurs neste sommar, og anbefalar det til alle andre! :)

Bilder frå denne langhelga blir lagt inn i eit eige innlegg litt seinare.