tirsdag 27. mai 2014

Himmel og helvete

Eg har lenge tenkt på å skrive om planar og mål for meg og Victor i 2014, men no blir det dessverre ikkje som eg hadde tenkt... Eg hadde fylt opp kalenderen kvar helg framover med aktivitetar som eg såg fram til: Å vise fram fine hunden min på utstilling, jaktkurs, pinsearrangementet og dobbel jaktprøve - no må alt avlysast, Victor er sjukmeldt! :-(

Tirsdagen for to veker sidan vakna eg til fantastiske nyhender, servert på senga: Fødselen var i gang og kvalpane til Drina og Victor var på veg ut i verda, utruleg spennande! Samtidig kom Victor haltande inn på soverommet, noko som la ein dempar på gleda... Han hadde tydeligvis slått opp haustens skade i framfoten på jakttreninga kvelden før. Vi var heldige og fekk time hos Nina same kvelden og Victor fekk fysioterapi. Vi tok det med ro den påfølgjande veka, men mandagen tok eg sjansen på ei kort og forsiktig jakttreningsøkt i lunsjpausen min. med nedkjøling av foten etterpå. På kvelden var han litt halt igjen, men det gjekk seg raskt til. Onsdag var det ny runde med behandling hos Nina, vi tok det med ro resten av veka og han halta ikkje meir.

Søndag var det uttakskonkurranse til IWT (International Working Test). Victor var i fin form og fekk inn 15, 17 og 20 poeng på dei første postane. På post 3 gjorde han ei heilt nydeleg markering og eg var i himmelen! På neste post med markering gjekk det lang tid før han fekk setje i gang og han måtte forsere terrengskifter og gjerde. Eg måtte gripe inn og hjelpe han, men han høyrde på meg og vi fekk dummyen raskt inn, 15 poeng. På siste post tok det òg litt tid, og i staden for å springe ut i rett område for markeringa sprang han til vatnet og plaska rundt. (Skjønar no at han hadde vondt då...) Det var vegetasjon m.m. i mellom oss, så eg kunne ikkje sjå han og det tok tid før han høyrde meg og kom tilbake slik at eg fekk dirigert han til rett område - vi hanka så vidt inn 5 poeng. Vi skritta ned før Victor blei satt i bilen. Eg hadde is i kjølebagen som eg holdt på Victors bein i fem minutt, men såg at han ikkje la særleg vekt på foten. Sidan Nina var til stades spurte eg om ho kunne ta ein kikk på han. Ho kunne raskt konstatere at han var varm og beinet hadde fylt seg, og så hylte han då ho bøyde litt på leddet. Æsj, altså! Eg mistenker at det var gjerdehoppinga som gjorde utslaget no. Bekymringsverdig, eg har aldri før opplevd at han har blitt akutt halt som dette, og denne gangen gjekk det ikkje over heller... I dag, to dager seinare har vi vore hos Anders på Sørum og Fet veterinærkontor og fått grei beskjed: Rimadyl og fullstendig ro i minst fire veker framover, kanskje lenger! Ingen springing el. andre belastninger. Og først etter at vi får klarsignal kan vi byrje med gradvis opptrening att... Håndleddet er komplisert, med mykje sener og ligamenter, og det er mykje bevegelse. Ein skade der (vi antar det er forstrekt i dette tilfellet) treng lang tid for å heles. Dyrlegen meinte at Vic vil bli bra, men eg må innstille meg på at det kan ta lang tid (mange månader!), og eg må vere konsekvent. Eg er utålmodig og det har kosta... No har eg lært - halting må tas på alvor!! Tenk, hadde eg bare skjønt det før, så kunne eg brukt heile vinteren på å ta det med ro!..

Mildt sagt kjipt at alt vi hadde planlagt går i vasken og at vi blir satt tilbake - ikkje minst at Victor har vondt! :-( Eg føler meg som verdas verste matmor akkurat no... Trøsta er at det alltids kunne vore verre, røntgenbildene viste ingenting (ingen forkalkning) og det er bra! Og som Bjørn har påpeikt: Det er ein aktiv jakthund det er snakk om, som blir brukt, og då vil risikoen for skade alltid vere der. (På ein måte bedre enn om det var noko som var forårsaka av menneskets unaturlege avlspreferanser, som eks. hudproblemer pga. for mykje hud el. pusteproblemer pga. for inntrøkt snuteparti...) Victor lever livet til det fulle. Han spring og hoppar i all slags terreng, han gjev alltid alt han har, om det er på tur med flokken sin eller om det er "på jobb". Og det seier litt om mentaliteten hans: Sjølv om matmor er sløv og ikkje fangar opp signalene så kjapt, Victor tok 1.AK m/HP med knekt hjørnetann og 1.EK med håndleddsskaden i haust! Han gjer alt for meg - alltid med uendeleg glede, gode guten min!

No gjeld det å fokusere på det positive. Drina og Victors seks velskapte valper hos Lars og Charlotte veks og har det bra. Å sjå bilder og filmsnutter av dei er himmelsk! :-)