tirsdag 22. juli 2008

Lydighetstreninga i dag...



...var veldig bra faktisk! :D Berre meg og Shira, på plenen på skuleplassen. Eg var til og med litt strukturert: "Think, plan, do!" ;)

Først innkalling frå sitt: Kanon! Avstandsbelønning der ho fekk henta seg noko i veska mi; ho valte sjølvsagt pipe-grisen og var overlykkeleg.

Så fri ved fot: Vi klura litt i starten, for ho var over-gira for ein gangs skuld (luksus-problem for oss!), men ho skjønte fort at ho måtte ta seg saman for å få leika meir med grisen:)

Etter dette tok vi fram apport-bukken: Dette er lenge sidan vi har trent, men ho huska på å halda godt fast sjølv om eg drog i den, så det imponerte meg. Eg var ikkje fullt så imponert då vi satte saman heile øvelsen, for ho tygger i fart, så det må vi jobba meir med. Ellers hadde ho super fart og arbeidsglede. Tygginga må vekk før vi går over til tre-apport igjen...

Til slutt trente vi frys på muse-matte, og det gjekk òg veldig fint!

Vi fekk òg litt trening på "framand hund" då ein svart liten elghund passerte oss. Eg para denne stimulien (syn av framand hund) med masse skinke-ost, så Shira var veldig nøgd.

Alt i alt ei god lita økt! Brukte berre 25 min, men vi var effektive, og ga oss akkurat i tide trur eg! Då kunne vi gå heim og eta med god samvittighet:) Shira fekk tørr-foret sitt strødd utover heile hagen, så ho kunne søka etter maten sin, bra mental stimuli for ho, så no ligg ho og sover så søtt i senga si:)

mandag 21. juli 2008

Underskriftskampanje mot Mattilsynets vedtak i hundemishandlinssaka

At det går an!! Det er eit rart land vi bur i... Gandhi har sagt "The greatness of a nation and its moral progress can be judged by the way its animals are treated". Godt sagt. Dessverre har vi no fått enda ei sak som visar at Norge slettes ikkje er verdas beste land å bu i for menneskets beste venn. Kvinna som blei fråtatt dei 22 hundane sine pga. dyremishandling skal no få 4 av dei tilbake att, og det er ikkje ein gang satt nokon begrensingar på kor mange hundar ho kan ha! Om ein leser om alle dei grusome forholda i hundehaldet sitt ho blei tatt for, skjønar ein at dette er horribelt! Oppmodar alle som bryr seg littegrann om dyr om å signera underskriftskampanjen til Brukshundforumet - mennesker som ho her burde ALDRI få lov til å ha dyr!! Les gjerne nyhende-klippa som står lista opp på Brukshundforumet, for å opplyse seg om saka. I tillegg legg eg ut link til ein artikkel som understrekar alvoret: http://www.varingen.no/artikkel.asp?Artid=18112 Når han som har overtatt ein av dei mishandla hundane til kvinna heller vil avliva hunden enn å gje den tilbake til ho, seier det litt! Ein skjebne verre enn døden...

søndag 20. juli 2008

Andre kantarell-tur...

...var òg ganske så resultatlaus, men denne gangen hadde vi i det minste rådført oss litt med andre før vi bega oss ut på tur, så vi gjekk iallfall ikkje heilt på måfå. Vi fekk eit par tips om kor det har vore kantarell tidlegare, men vi fann ikkje noko der no. Shira førte meg til ein dau fugl i dag (dau hjort i går...), og ellers fann vi mykje blåbær som vi plukka med oss. Blir blåbær og sjokoladekake til dessert i dag, og det er jo godt!:) Vi gjekk i ein veldig fin skog, så til tross for regnet som gjorde oss skikkeleg blaute hadde vi ein veldig fin søndagstur likevel! I dag var eg ekstra glad for at eg har ein så tøff hund som Shira! Vi måtte krysse ei gamal henge-bru over ei stor og buldrande elv, noko eg synes var litt skummelt, men Shira leda an og gjekk roleg over, trygg som eit fjell! Det er bl.a. slike eigenskapar eg set pris på hos Amstaffen! :)

lørdag 19. juli 2008

Første kantarell-tur...

...blei heller resultatlaus - dvs. vi fann eit hjorteskjelett som Shira blei overbegeistra for, ei hjortegrop, markjordbær, bringebær og ei lita hasselnøtt! Eg satte min lit til Shiras nase og kunne bare håpa på det beste, så eg lot ho leda an. Ho tok oss oppover fjellsida - det var rimeleg bratt! Vi klarte nesten å setja oss i skårfeste, då det var stupbratt ned med bare lause steinar..! Var litt nervepirrande der ei stund, men vi kom oss heilskinna ned og fortsatte jakta vår ei stund før Shira fekk springa laus og kosa seg som ho ville siste biten. Konklusjon: Vi treng meir søks-trening, Shira var mest opptatt av å følgja hjorte-tråkk, og det ser ikkje ut til å vera kantarellar i Muradalen! Men vi hadde oss ein fin tur, med mange fine inntrykk:)


Utsikt frå langt oppi skårfestet...


Dette bildet blei egentleg tatt sist: Ein lykkeleg, fri hund!


Hjortegropa


Markjordbæra var dessverre berre modne på eine sida...


Hehe, Shira har tredd seg over ei trestamme - det var bratt!


Bringebæra her oppi fjellsida var små og syrlege


Fine hunden min! Speidar etter soppen....

torsdag 17. juli 2008

Agility-trening i dag

Vi varma opp med lp-trening, og enda opp med å gå gjennm dei fleste klasse 1-øvelsane. Shira gjorde dei kjempebra for ein gangs skuld!:D Lineføring og fri v/fot var veldig fine - ho var heilt med! Vi sliter jo som regel med at ho ikkje klarar å halda fokus, så det var skikkeleg kjekt at ho var heilt med i dag! Kanskje det var pga at belønninga var ekstra spennande - leeeeenge sidan eg har hatt framme kongen, eller kanskje det rett og slett var fordi det er lenge sidan sist vi trente? Hmm, klarar liksom aldri å bestemma meg for om eg vil legga lp-karrieren vår død, eller om eg vil gje det eit nytt forsøk..?.. Når vi har sånne dagar som i dag, med at alle øvelsane er fine, og Shira visar engasjement, då får eg lyst til å starta igjen!.. Vi får sjå....

Men det var jo agility vi skulle trena! Vi var få som møtte, så det blei ein heilt enkel bane. Vi trente stort sett på slalomen, der målet er å få opp farta og få rett inngang frå ulike vinklar. I tillegg må vi øva opp høgre-slalomen vår, men i dag blei det fokus på fart. Eg er nøgd med treninga - vi fekk opp ganske bra fart på slutten! :)

Etterpå var det fri-leik! Her er nokre bilder av Shira og Ozzy i aksjon.


tirsdag 8. juli 2008

Badenymfe!



Shiras favoritt-aktivitet er bading! Ho elskar å bada i innsjø, fjord og elv, men prøv å få ho i badekaret, dusjen eller under vannslangen - då protesterar ho! I går fekk ho svømma eit kvarters tid i elva, mot strømmen - kjempefin trening! Dette er sånt som kostar flesk å få gjort i basseng, og vi er så heldige å ha elva rett i nærleiken. Og enda betre at Shira er så glad i å svømma der - problemet er å få ho på land igjen... Tenkte å prøva metoden Kathy Sdoa brukte på mine-delfinane ho trente på opent hav: "Catch and release". Alltid trene mange innkallingar/targeting, med super belønning, for så og få sleppe rett uti igjen, og dermed ikkje få forventninga om at kvar gang ho kjem inn så er det slutt på moroa. Det er jo forsåvidt same metoden vi har brukt på vanleg innkalling på land - og det funka jo heller dårleg der... Men vi prøver! :)