søndag 18. april 2010

Menneskets beste venn

Nokon av dei eigenskapane ved hunden eg set aller høgast er den hengivenheten og fantastiske lojaliteten dei viser overfor oss tobeinte. Hundar er kloke og følsomme dyr som eg trur i mange tilfeller forstår oss bedre enn vi forstår dei, og det båndet som er mellom hund og eigar er så sterkt at dei som aldri har hatt hund sjølv ikkje kan forstå det. For ei stund sidan såg eg ein film som skildrar dette båndet og den lojaliteten hunden har for eigaren på ein svært rørande måte. Anbefaler alle å sjå filmen om Hachi med Richard Gere i hovedrolla! Filmen er basert på ei sann historie, om professoren som fann ein Akita hundevalp på togstasjonen, beholdt hunden og utvikla eit nært vennskap med den. Professoren tok toget til og fra jobb, og kvar morgen fulgte hunden han til toget, og kvar ettermiddag kom han til same tid og møtte han igjen. Eg kan ikkje sei så mykje meir om handlinga for då avslører eg fort litt mykje. For hundefolk må eg koma med ein advarsel: Du kommer garantert til å grine - masse! Kan ikkje huske sist eg grein så mykje i ein film... Men det er ein fin film, og den minner oss om kvifor hunden er vår beste venn.

søndag 4. april 2010

Hundar i Thailand

Då vi var i Thailand nyleg, i Phuket og Ao Nang, fekk vi sjå ein del laushundar. Det som slo meg var at dei gjerne haldt seg for seg sjølve, på sine faste områder - eg som trudde hundar var flokkdyr?! Og dei var veldig rolege (pga varmen muligens?) og fredlege, det var aldri noko bråk som vi kunne sjå, verken hundane imellom eller mellom hund og menneske. Dessutan var hundane flinke til å passe seg for trafikken. Dei gjekk langs svært trafikerte vegar, men det såg ut til at dei visste å passe seg for bilane og ikkje minst scooterane (som det kryr av der nede!). Eg prøvde ved eit par anledningar å tilby vatn til dei firbeinte, dei såg så varme ut (mange hadde faktisk masse pels!), men dei viste ikkje særleg interesse for det, så dei ordnar seg tydelegvis, med både vatn og mat - og varmen er dei sjølvsagt mykje meir vant til enn meg!.. Sjølvsagt såg dei ikkje akkurat kjernesunne ut, mange var tynne og skabbete, og det gjorde meg vondt å sjå. Måtte bare kjøpe ein kylling-middag med ris til nokre av dei, håpar dei satte pris på det:) Eg må få med at det var ikkje alle gatehundane som var heilt aleine, fleire hadde eigarar, men fekk sin frihet og valgte gjerne likevel å halde seg nær matmor/matfar. Av alle hundane vi såg var det berre ein som var i band, han var "not so friendly" fekk vi beskjed om, så då er jo det greit. Tenk om hundane våre kunne ha vandra fritt i gatene her i Norge, kordan ville det vore?? Eg trur hundane våre ville blitt meir sosiale og hatt eit meir avslappa forhold til kvarandre då. Eit anna spørsmål er trafikken, trur ikkje eg ville tatt sjansen på at mine firbeinte passa seg for trafikken på eige ansvar - eg er for hønemor til det...

Nedanfor er nokre bilder av div. laushundar i Thailand: