søndag 9. oktober 2011

Klubbmester!

I går arrangerte NRK avd. Oslo og omegn sitt klubbmesterskap i retrieverjakt, ein slags Working Test med tre postar. Og jammen vann vi ikkje den òg! Gratulera til Liv og Laika og Raimo og Kompis som var hakk i hælane våre poengmessig! Gratulera òg til vinnerane av begynnerklassen, Gudny og Molly, og vinnerane av vinnerklassen, Rita og Nani! Og så Steen og Basse då, beste unghund - gratulera!

Vi stilte i åpen klasse. Post 1 var ei dirigering som viste seg vanskeleg for svært mange. Litt knoting blei det på oss òg, men ikkje verre enn at vi kom unna med 18 poeng. Post 2 var ei dobbeltmarkering der vi kunne sende i frivillig rekkefølge. Victor gjorde jobben perfekt, men ho mor gløymde seg ut og ga dobbeltkommando (eg sa "følg med" og peikte for han...), noko som medførte trekk av eit poeng, altså 19 poeng fekk vi der. Post 3 var ei enkeltmarkering på vatn, 20 poeng! :-) Ein koseleg dag på Bogstad, med hundearbeid, hundevenner, hundeprat, kaffe, kaker og pølsegrilling - i klart og fint ver! Ei fin avslutning på sesongen:-)

Victor tar seg ein velfortjent pust i bakken. Anbefaler Ruffwears samanleggbare, solide drikkeskål - den er genial å ha med seg rundt om kring! :)