torsdag 30. oktober 2008

Fleire Safari-bilder (foto: Anette)


Denne giraff-jenta har fått seg ein trøkk...


Kjersti og Anette er godt innpakka på ein kjøleg "morning drive"


Kvelden før var det enda kaldare! Vi måtte pakke oss inn i ponchos!


Vi kom ekstremt nærme denne elefanten som sto og koste seg med ei rot. Vi var bare få meter unna, så det var veldig spennande...

Denne søte zebraen gjekk og beita i veikanten




Safari-bilder (foto: Therese)


Advarsel rett utanfor reservatet...


Eit skjønt lite zebra-føll! :)


Ein diger hann-elefant som vandra aleine


Ein fin liten fugl


Impala-hann


Photo shoot av zebra frå bilen

Nashorn - det er veldig mange White Rhinos i reservatet



African Wild Dogs i farta!!

Anette fotograferer White Rhino


Anette og Kjersti poserer foran Safari-kjøretøyet, vår flinke guide i bakgrunnen


Nyala-jenter. Legg merke til halane, og fuglen på ryggen



Giraffer og zebraer går godt ilag
Enorme dyr!

Det er ikkje så veldig folksomt i reservatet, men når nashorna står midt i vegen hopar det seg fort opp - det er bare å vere tålmodig... Framste guide-bilen rusar motoren for å visa at han ikkje er ein annan hann-nashorn, for dei likar ikkje kvarande + at dei har ekstremt dårleg syn...

Ei gruppe Nyala-jenter spring bakom bilen vår











Safari!

I helga var vi på safari i Hluhluwe Umfolozi Game Reserve - det var heilt fantastisk!
Allereie før vi kom inn i reservatet såg vi mange ville dyr. Heldigvis hadde vi kjøpt inn kikkertar for anledninga, så vi var godt utstyrt!;) Vi sjekka inn på Hilltop Camp, og fekk oss ein fin hybel der. Heiv oss med på Game Drive (tur m/ guide) på ettermiddagen som varte i over tre timar. Blir fort mørkt i Sør-Afrika, så mesteparten av denne turen foregjekk i mørket, men det gjorde ingenting, for vi hadde kjempesterke lyskastarar med oss i bilen. Var ei kald og regnfull oppleving; vi var pakka inn i tepper og ponchoer, men fraus likevel!.. Dette skapte derimot ingen dempar på stemninga - vi skulle på løvejakt!:) Vi fekk tips om løver som akkurat hadde felt eit bytte og åt av dette - du er faktisk veldig heldig om du ser løver her, for det er ikkje mange av dei... Spente kjørte vi i veg, men måtte jo sjølvsagt stoppa litt og sjå på elefantar og andre dyr på vegen:) Var ganske langt unna, så då vi endeleg kom fram var løvene ikkje å sjå. Det var derimot hyener!! Eit par hyener forsynte seg av byttet til løvene - tydeleg nervøse for om løvene skulle dukka opp att..! For nokre usedvanleg stygge dyr!! Og for ei forferdeleg lukt av det daude dyret! Det var verkeleg ei oppleving! Vi lyste etter løvene, men det var dessverre ingen å sjå. På veg tilbake til campen befant vi oss plutseleg midt i ein elefant-flokk!!! Dei var i vegen og på begge sider, ein potensielt veldig farleg situasjon..!.. Veldig spennande! For nokre digre flotte dyr! Det var til og med baby-elefantar der!:) Så søte. Guiden fortalde oss dagen etter at han hadde pusha det litt vel langt i den situasjonen.......

Neste morgon var vi oppe kl. halv fem om natta for å rekke morgon-turen. Fortsatt kaldt, men i det minste opplett. Vi var heldige, og fekk kjøra med same guiden som kvelden før, ein veldig dyktig og hyggelig zulu-mann. På denne turen møtte vi på fleire nashorn i vegen, noko som òg var litt skummelt... Vi såg ingen elefantar på denne turen, men vi var veldig heldige og såg vill-hundar! Ikkje misforstå og tru at det dreiar seg om vanlege bikkjer som har rømt frå folk. Dette er ein eigen art, dei er veldig sjeldne å få auge på, og utryddingstrua. Dei er effektive jegarar - og vi fekk sjå dei i action faktisk!! Utruleg kult! Dei jaga ein antilope rett foran bilen vår! Og dei fekk nok heilt sikkert tak i den òg..

Etter denne turen var det tilbake til campen for frukost før vi fortsatte speidinga, og kjørte rundt i reservatet på eiga hand. Og då hadde vi flaks! Vi fekk sett løver!!:D Rett nok på lang avstand, men med kikkert såg vi dei:) Det var ein hanne som såg svær ut, med diger man (eller kva det no heiter..) og eit par-tre løvinner. Dei låg og slappa av i skyggen v/ den uttørka elvebredda i varmen. Hannen var oppe og gjekk litt før han raskt deiste i bakken igjen, og tok livet heilt med ro - vi fekk iallfall tatt ein ordentleg kikk på han då!

Andre dyr vi såg i løpet av helga: Impala, Nyala (antiloper), bøfler, zebraer, sjiraffer, hare, høne-liknande fuglar, haukar, gribb, andre fuglar, gnu, villsvin, vortesvin m.m.m.

Bilder kjem...

tirsdag 21. oktober 2008

Cargo Hold (fre. 17.10.)


Her åt vi middag fredag, i restauranten til The Phantom Ship, i uShaka Marine World, Durban.


Då vi skulle ta bilde, kom det nokre damer forbi som meinte vi måtte ha ekte Sør-Afrikanere med på bildet...


Og så kom det ein rar karakter som òg ville vere med på bilde!


Loungen inni The Phantom Ship - kult?!


Ein enorm tank m/ hai og fisk midt i restauranten! Utrulig kul opplevelse. Alt er veldig gjennomført her. Litt snålt å ete med masse fiskar som stirrar på deg og haiar som svømmer rett ved sida av..! :)


Pirates of the Caribbean?.. (Dette er ein del av taket i restauranten)


Her har vi fått hovedretten: Game Platter, beståande av krokodille, springbukk og struts!! Springbukken var god, krokodillen har eg fortsatt eit ambivalent forhold til, og strutsen smakte som ein gamal illeluktande sau!.. Vi storkoste oss, og servitørane var heilt i sjokk over at vi kunne sitte til bords i over fire timar! :) Vi var dei første som kom, og dei siste som drog..


Haiane i tanken, ganske ekle. Vanskeleg å ta bra bilde pga glaset og dårleg lysforhold..

søndag 19. oktober 2008

Umgeni River Bird Park (søn. 12.10.)


Finn fuglen 1...


Finn fuglen 2!


Ei slags due - ganske skummel..?..!


Et kakadue-par


Desse er tøffe! Ein smule framtung...




Kjersti "smatter" med to "smatte-ender" :)


Svart svane! Lever i Australia og på New Zealand


Nasjonalfuglen til Sør-Afrika!


Denne inderen var ein smule spesiell..!

Fugleshow:


Ugla Boo: Kjempesøt, flyr som ei humle og visstnok ikkje særleg smart - glem det med kloke ugler, fekk vi beskjed om.

Ein utrydningstrua variant av gribben - diger!

søndag 12. oktober 2008

Fleire mms-bilder frå Bjørn på Skogen:)


Velkomen til Casa de Bjørn, Therese og bikkjer!
Fint dørskilt?!:)


Shiras fangst!! Desse drog ho heim til hus etter å ha vore på jakt i skogen..!.. Gitt om ho var fornøyd då!?! Blir nok ingen stor sak å få den bikkja godkjent som ettersøkshund! :)


Etter ein lang dag på jakt i skogen er det godt å koma heim til Syver og få kvila seg litt i godt selskap! :)