fredag 30. desember 2011

Årets siste jakttrening

The final hunt training of 2011 (english summary at the bottom)
For ein flott dag i Maridalen i dag! Sol, snøfritt stubbejorde og bare nokre få minusgrader - optimale forhold for fine gjengen vår på 10 ekvipasjar. Vi starta med å leggje ut dummier i to ulike områder, så jobba vi med markeringer på linje der hunden måtte springe tett forbi dei andre hundane. Ikkje alle hundar som taklar dette like bra, fleire mister fokus. Vic bryr seg knapt om dei andre hundane, men har full fokus på markeringsarbeidet:-) Så jobba vi med markering i terrengskifte, med krav om at hunden måtte gå rett gjennom krattet, det var ikkje lov å gå rundt. Vic er fryktlaus på godt og vondt og suste gjennom utan problem. Det er likevel utfordrande for han å ha kontroll på markeringa gjennom terrengskifte... Til slutt sendte vi hundane på områda vi hadde lagt ut i starten av treninga. Vi jobba fleire i gangen, noko som fungerte fint for alle.
I kaffepausen og etter treninga fekk eg testa ut julegåva frå Victor, min nye fine turkopp! Og Victor fekk testa sin nye jule- og bursdagsgåve frå meg, Jervehiet. Tippar dette vil bli flittig brukt framover og såg ut til at Vic syntes det var greit òg. Back on track dekken brukar han òg, både før og etter trening. Nokon vil kanskje synes det er unødvendig og overdrevent, men eg tenkjer forebygging og er overbevist om at dette minskar sjansane for skader. Dette er tross alt ein hundeaktivitet som krev både eksplosivitet, hurtighet og utholdenhet. På bildet slappar han godt av etter treningsøkta, varm og god:-)
We have had a wonderful day hunt training in Oslo today. We were 10 pairs of dogs and owners, the sun was shining and it was not too cold. We had a good session and I'm just so happy with my dog who never disappoints me. In an attempt to keep Victor healthy and avoid injuries I use a special coat on him before and after training, called Back on track. I also bought him a warm resting bag, Jervehiet, where he can relax and keep warm while waiting. We tested it today and it seems like Victor approves it:-) Also notice on the picture: My Christmas presant from Victor! ;-)

søndag 25. desember 2011

Long time, no see...

(Summary in English at the bottom.)

Etter ein svært så hektisk haust kan vi no endeleg nyte ein liten juleferie - og prioritere bloggen igjen... På tide med ein oppdatering altså! Hausten har ikkje BARE handla om husbygging og jobb, det har sjølvsagt vore plass til litt hundeaktivitetar òg...

Nestsiste helga i november var det jaktkurs hos Øyvind Veel på Dillingøy som gjaldt. Svært lærerikt! Det var fokus på det å bryte forventningar hos hunden for å få meir fokus og mindre stress, samt signaler. Ei utfyllande skildring av kurset kan lesast i bloggen til Sarita, som husa meg og Victor den helga med heilt topp oppvartning - takk, Sarita! http://www.saritaslabrador.com/ Sjå "Dagbok", 23. november. Vic fungerte imponerande bra den helga, han var stille og fokusert, til tross for sitt sedvanlige ivrige seg. Tilbakemeldingen frå Veel var både positiv og litt foruroliggande: Han er redd for at Vic skal skade seg med det tempoet han held og poengterte viktigheten av å trene slike hunder i variasjonsterreng! Ellers fekk vi skryt, Vic er ein god hund - bare han overlever sin egen iver... Iallfall gøy å høyre Veel sei at bikkja er heilt rå og at han kan stille i eliteklasse når som helst! :)
Vic skuer utover vatnet, klar for å apportere.

Siste helga i november var det klart for Dogs 4 All på Lillestrøm. Her skulle vi konkurrere om HP Pettersens minnepokal i LP klasse 1. Vi gjorde ein god figur, men nivået var høgt, dommarane var strenge og vi blei plassert som nr. 7, med 182,5 poeng: http://www.nkk.no/nkk/public/openIndex?ARTICLE_ID=13201
Det var uansett ein kjekk dag, i samvær med mange trivelege to- og firbeinte! Litt shopping fekk vi til òg.. ;-) Mest stas var det at Rønnaug og Sofi fekk i havn utstillingsresultatet som førte til at dei kan titulere seg med tittelen Norsk jaktchampion! Gratulera så masse til Rønnaug og Sofi!! Vi fekk oss ein lærepenge òg denne helga, for det var nok her Vic blei smitta med nesemidd... Heldigvis er han frisk og fin no!

I desember har vi stort sett hatt treningsferie, gått litt turer, kost oss masse innandørs - og så har jo Vic passa jobben sin som bygginspektør i nyhuset! :-) No i juleferien har vi tatt opp jakttrening att, i grønt vestlandsterreng - GOD JUL!! ;-D

I've had a busy fall, with much to do at both work and at home with house building. During the Holidays now I finally found some time to update the blog!

The two major dog events this period have been one weekend with hunting course and one weekeend with the biggest dog show of the year in Norway. At the dog show November 26th, me and Victor competed in obedience. We did well, with 182,5 points (of 200), but it was not good enough to win, which of course was our goal;-) At the hunt training weekend Victor did such a good job, I can't wait for a new season to begin! We received some interesting feedback from the leader of the course: He said that Victor is a great dog without any flaws, as long as he survives his own eagerness! He can be to quick and too careless, exposing himself to injuries... So we need to have focus on training in terrain with variation.. Winter has only just arrived in Norway, so I doubt there will be much hunt traning ahead. It will probably get colder and snow will fall, not an ideal situation for hunt traning. This means we will focus on obedience class 2 in the near future. But first: Happy Holidays!

søndag 13. november 2011

Presenting Victor, the ODG dog!


It's about time I introduce us properly, as we have been cooperating with Original Doggear (ODG) and using Ruffwear for over a year now. My name is Therese Sæberg, I am 30 years old, and I live with my family on the country side, close to Oslo, Norway. Victor is a Labrador Retriever of the old fashioned working type. His pedigree name is Carmal's Kitas Prince and he was born on the 5th of March 2009 at the kennel of Anders Carlsson in Sweeden. From early age Victor showed good working skills, and he was chosen to be an ODG ambassador by using dog equipment from Ruffwear. This I am grateful for! I use Ruffwear gear on Victor and my other dogs, and I'm very happy with it. It's durable, practical and looks good. Victor is trained in obedience and agility, but our absolute favorite dog sport is retrieving - which is what this dog obviously was made to do. We attend different competitions, working tests and field trials, and here's a resumé of our top results in 2011:

October: Winner of the club championship, open class (unofficial working test)
September: Overall winner of the club hunting cup throughout the year, open class
September: 1st prize open class field trial
August: Excellent (1st) at the dog show (exterior)
June: Overall winner of the club obedience cup throughout the year, open class
May: Clear round and 2nd best, agility, class 1 (beginner)
January: 1st prize obedience trial, class 1

The results of our future activities will be posted in the blog. First contest coming up is obedience at the Dogs4All show in Lillestrøm, 26th of November.

søndag 9. oktober 2011

Klubbmester!

I går arrangerte NRK avd. Oslo og omegn sitt klubbmesterskap i retrieverjakt, ein slags Working Test med tre postar. Og jammen vann vi ikkje den òg! Gratulera til Liv og Laika og Raimo og Kompis som var hakk i hælane våre poengmessig! Gratulera òg til vinnerane av begynnerklassen, Gudny og Molly, og vinnerane av vinnerklassen, Rita og Nani! Og så Steen og Basse då, beste unghund - gratulera!

Vi stilte i åpen klasse. Post 1 var ei dirigering som viste seg vanskeleg for svært mange. Litt knoting blei det på oss òg, men ikkje verre enn at vi kom unna med 18 poeng. Post 2 var ei dobbeltmarkering der vi kunne sende i frivillig rekkefølge. Victor gjorde jobben perfekt, men ho mor gløymde seg ut og ga dobbeltkommando (eg sa "følg med" og peikte for han...), noko som medførte trekk av eit poeng, altså 19 poeng fekk vi der. Post 3 var ei enkeltmarkering på vatn, 20 poeng! :-) Ein koseleg dag på Bogstad, med hundearbeid, hundevenner, hundeprat, kaffe, kaker og pølsegrilling - i klart og fint ver! Ei fin avslutning på sesongen:-)

Victor tar seg ein velfortjent pust i bakken. Anbefaler Ruffwears samanleggbare, solide drikkeskål - den er genial å ha med seg rundt om kring! :)

søndag 25. september 2011

Jaktprøve igjen

I dag har vi deltatt på avd. Vestfolds AK-prøve i Andebu, og endeleg fekk Victor vist kva han er god for! Årets siste prøve, og det er deilig å avslutte sesongen med ein 1. premie altså:) Trykk på bildet nedanfor, så får du opp ein større, nogenlunde lesbar versjon...
Prøven var lagt opp som ein jaktsti, der vi i par fulgte ein dommar frå post til post. Første og andre post var dobbeltmarkering der vi skulle hente ein fugl kvar, og så bare bytte rekkefølge på neste. Tredje post var ein dobbeltmarkering med større avstand, der vi enkeltvis skulle hente begge. Første markering gjekk på land, og andre på vatn. Eg sendte Vic først på vatn, og då han skulle hente den på land hadde han gløymd kor den var, men med litt bistand frå meg fann han den òg. Fjerde post var ei fremmadsending som gjekk bra - ganske dirigerbar i dag faktisk! (Han har vist seg litt lite styrbar i slike heite situasjonar tidlegare...) Siste post var feltsøk - og det var der vi briljerte i dag! Vic tok fram gamle feltsøkkunster, og det kunne ikkje gjerast bedre sa dommaren! :-D Både han og makkerhund, Isac, var supereffektive! Og best av alt: Vic plukka kaniner spontant og med glede! HURRA!

Tusen takk til NRK avd. Vestfold for bra prøveopplegg, som til tross for rekordmange startande takla det kjempefint! Og takk til trivelege retrievervenner for ein flott dag ute i skogen!! Det er så positiv stemning og godt samhold i retrieverfamilien:)

Til slutt eit bilde av Victor med vinflaska vi fekk som dommar Ann-Turid Hustads beste ekvipasje:) Victor har sjølvsagt på seg sitt Ruffwear halsband og kobbel frå ODG.

mandag 29. august 2011

Ny jaktprøve 27. august på Sokna



Det går rette vegen med oss i alle fall! Nok ein gang nøgd med at Victor var blikkstille og fokusert. Så får vi heller trene meir på lange vanndirigeringer og dobbeltmarkeringer... Spesielt nøgd med kommentaren på "Apporteringslyst: Stor, med snabba upptak og innleveringer", Vic som har vore litt nølande og forstiktig med vilt - hurra! :)

Avd. Ringerike har skrevet referat fra prøven, og der er bilde av bl.a. Victor:)

søndag 21. august 2011

NRK avd. Kongsvinger og omegn sin B-prøve

Tid for jaktprøve igjen i dag, og det var eit spennande prøveopplegg som møtte oss på Trondsbu. Terrenget var myr, vatn, siv og litt skog. Dommar var Morten Kjelland, og dagens makker var Tone med Augusta, det var kjekt! Vi var tredje par ut, noko som passa meg bra.

Først fekk vi ei dobbeltmarkering med duer som gjekk veldig fint. Etterpå var det ei enkelmarkering ved vatnet, før den vanskelege parten kom... Vi stod eit godt stykke frå vatnet fordi det var mykje myr/"sump" framfor oss. Det kom to skot og bare på siste skotet var det markering. Oppgåva var for førstemann å dirigere rett ut over vatnet til land på andre sida for å hente ei and. Dette viste seg å vere vanskeleg for dei aller fleste. Hundane skjønte ikkje at dei skulle over vatnet og trakk mot den markeringa på sida som dei faktisk hadde sett. Kun eit fåtall hundar klarte oppgåva, og bare ein utan mykje fløyting og mas. Eg fekk heller ikkje Vic uti vatnet. Markeringa etterpå huska han godt, så den spikra han. Så var det tid for feltsøk i eit fint felt. Dette klarte Vic bra, bortsett frå heilt på slutten, då han hadde antydning til å søke litt med vilt i munnen. Dette har eg aldri sett at han har gjort før, men eg får vere litt obs på han framover... Midt under feltsøket blei det eit avbrudd med markering i utkanten av feltet, og den fekk han ikkje med seg i det heile, og viste liten dirigerbarhet då eg prøvde å hjelpe han. Endte med at han plukka vilt frå feltet i staden for markeringa. Dirigering fungerer bra når vi trener aleine, men med ein gang han blir heit og det begynner å koke i den vetle gyldne skallen, så går det ikkje så bra lenger... Nok å trene på altså!

Sjølv om det ikkje klaffa heilt i dag, har vi kome ein lang vei sidan vi starta på vår første AK-prøve i Rogaland i vår, og Vic viste mange positive takter: Han var HEILT STILLE! :-D Han plukka alle vilt utan nøling, og sprang ikkje over nokon i feltet:) Han gjekk fint ved fot, markerte bra og avleverte bra. Han gjorde eit godt inntrykk på både dommar og skrivar - verre med førar, som fekk litt pepper... Men uansett ein kjekke dag uti skauen med to- og firbeinte!

Kritikken ser dåke her:

Kan vere vanskelig å lese den sammenfattende kritikken, så skriver den her (eit ord eg ikkje klarte å lese..):
"Hund som viser ? retr.egensk. Spes. i mark.arb og fritt søk. Dessv. løses ikke dagens oppg., derav premiegraden"

søndag 14. august 2011

EXCELLENT!


I går deltok eg og Victor på utstillinga til Norges Jeger- og Fiskerforbund, Elverum, og fekk eit resultat som overgjekk alle forventningar! Det er ikkje lett for ein "utypisk" labrador av jaktlinjer å få gode premieringar i utstillingsringen, så det var veldig kjekt at vi faktisk fekk raud sløyfe! :-D

Kritikken frå dommar, Angela Hancock :
"Good yellow, in hard working condition. Stop a little flat. Good topline and tailset. Good depth of rib(?). ? tight feet. Nice working dog." (Ikkje så lett å lese skrifta...)

Trur det var lurt å feite opp Princen ;) Og så at vi ikkje bada han igjen før denne siste utstillinga..

På utstillinga til NRK avd. Østfold for to veker sidan fekk vi Good/gult, med følgjande kritikk frå dommar, Valerie Banbery:
"Quite an old fashioned working type. Head lacks a little stop, but excelles in muzzle. This dog is well balanced. Has sufficient bone. Lacks a little body weight for show ring, though I would not want to see him heavy. Rather straight in front, but never the less covers the ground with drive. Not in his best coat."

No går vi for jaktchampionat, og har alle muligheter for det! :)

fredag 10. juni 2011

Hipp Hurra for Shira! Og tid for ettertanke...


(Foto: Nina Reistad, 2006)

Shira fyller 7 år i dag - gratulera så masse med dagen til verdas beste - og verdas verste hund! Uendeleg med glede har ho gitt meg - og uendeleg med tårer har eg felt for ho. Dei som har lest boka Marley & Me, av John Grogan, og andre som har/har hatt såkalla problemhund veit kva eg meiner...

Eg vil skrive eit innlegg om dette. Eg har tenkt på det lenge, og spesielt ift all skryten av Victors og mine prestasjoner som eg vanligvis skriv om. Eg er nemleg ikkje bortskjemt med å ha ein god hund, så når alt fungerer så godt med Victor er det så deilig å dele den gleda med heile verda!;) Med Shira er det ei heilt anna historie.

Den dagen eg brakte Shira heim for første gang, 8 veker gamal, sa naboen (ein erfaren hundeeigar) noko sånn som at "den der skal du få bryne deg på!". Eg fnøys av det, og kunne ikkje tru at han kunne sei noko sånt, men han fekk sjølvsagt rett. Nokon hundar er født med ein viljestyrke ut av ei anna verd! Gjennom åra har folk kalt Shira for dum fordi ho ikkje lyer, og meg for altfor snill som ikkje har tukta ho. Shira er slettes ikkje dum, men ho skjønte frå dag 1 at ho har eit val! Og stort sett vel ho sine eigne veier, det er det som er dei tobeintes problem... Ein erfaren hundekar sa til meg at enkelte hundar vil du aldri kunne verken motivere eller kontrollere, uansett metode, og Shira er ein sånn type. Eg er har prøvd det aller meste, frå strupelenke og fysiske korrigeringar, til klikkertrening og positiv forsterking. Vi har deltatt på kurs etter kurs gjennom åra, våre i kontakt med mange erfarne hundetrenarar, men Shira lar seg ikkje "temme". Ho DRAR i båndet, ho har destruert ting for tusenvis av kroner, ho hoppar på folk, ho stikk av så fort ho får sjansen, ho kjem sjeldan på innkalling, ho jagar mindre dyr og er aggressiv i møte med framande hundar. Det seies at ein får den hunden ein fortjener, og at hundens atferd kan tilskrivast eigaren. Heldigvis har eg Victor som kan bevise at dette er ein sannhet med modifikasjoner!

Shira har iallfall ein stor personlighet! Eg har kjempa med/mot ho i alle år, og spesielt vanskeleg var den perioden vi budde i Oslo. I starten gjekk det bra, vi meldte oss inn i ein klubb, og trente agility, men vi opplevde å bli mobba ut av klubben. Pga rasebakgrunnen hennar frykta dei ho. Dette gjorde meg både lei meg og usikker. (Sjølvoppfyllande profeti?..) Shira trivdes ikkje med det ufrie bylivet, og hundeaggresjonen utvikla seg. I gjennom eit heilt år jobba eg knallhardt med ho på alle lufteturar, men det hjalp ikkje. Det blei nærast eit mareritt å gå ut med ho, og vi kom inn i ein ond sirkel, der ho fekk altfor lite stimuli, og ting blei bare enda verre. Noko av det vondaste for meg var blikkene og kommentarane frå folk - både med og utan hund. Alt dette såra meg, for midt oppi alt det negative er det ein hund eg aldri ville vore forutan! Shira var etterlengta igjennom 20 år, og eg knytta meg til ho umiddelbart då eg fekk ho. Ho er faktisk veldig søt og snill, ein blid og morsom hund. Ho er ein drøm å ha i hus - stille og roleg. Ho er ekstremt folkekjær, og ein elendig vakthund!.. Eg stolar 100 % på ho rundt folk i alle aldrar og variantar. Då eg gjennomgjekk ei livskrise, var det ho som var der for meg, trøstande og lojal, ein trofast venn. Og kanskje var det nettopp pga alle utfordringane at vi utvikla eit så sterkt bånd? Ho har lært meg det meste av det eg kan om hund og hundetrening - og det er eg overbevist om er meir enn eg om eg hadde fått ein hund som Victor i førsten.

Det som har redda Shira (og meg) er flyttinga til Skogen i 2008. Då vi kom med flyttelasset ut hit, og Shira hoppa ut av bilen, var det som eit trylleslag! Ho livna opp, og blei sitt glade seg igjen, etter ein tung periode i byen. Shira blei førtidspensjonert den hausten, både pga HD og forkalkninger, men òg pga hennar sta temperement - som eg hadde gitt opp å kjempe mot. Etter dette har ho levd livets glade dagar som gardshund. Ho er strålande fornøyd om ho får gå å snuse for seg sjølv, springe i skogen, vere med på ein biltur i ny og ne, og kose på sofaen med Bjørn. Vi håpar på fortsatt mange gode år med denne Spesielle og Kjære hunden! :)


Shira har alltid vore særs glad i snø - snøleoparden vår! :) Fire mnd gamal på øvste bilde... Dei to nedanfor er tatt no i vinter.


onsdag 1. juni 2011

Jaktcup post 4 i går

Øvelsen for Jordbær-klassen var som følger:

Hund og fører går sammen mot et anvist punkt der fører stopper sammen med hunden og ber denne bli. Mens hund og fører går med ryggen til legger dommer en dummy på utgangspunktet uten at hunden ser dette. Fører fortsetter alene frem til nytt anvist punkt og gjør helt om. Hunden sendes fra der den sitter for å apportere den utlagte dummyen. Hund og fører går sammen tilbake til utgangspunktet.

Eg var litt spent på Victor, for han har vore litt treg på den type "ut-øvelse", og denne var jo blind... Vi har trent litt på det i det siste (klokka bl.a.), og det lønte seg: Perfekt gjennomført, full pott og 20 poeng! Ingenting å trekke for, sa dommer Anne Kaurin. :) :) :)

Etterpå hadde NLM-laget vårt ei fin treningsøkt med feltsøk. Trente på å sende fleire hundar samstundes, og det gjekk rimeleg greit. Yngstemann, Basse, prøvde å leike litt, men fekk ikkje særleg respons, så det var ingen problem. Vi kom ikkje så langt at vi prøvde alle fire samstundes, men etter eit par økter til vil nok det gå fint.

Fekk med meg eit par ender og ei kanin heim, så no blir det fokus på kaldt vilt framover!

søndag 29. mai 2011

På tide med ein oppsumering!

Blir litt for lenge mellom kvar gang eg får oppdatert bloggen, så no får vi prøve å oppsumere litt av det som har skjedd sidan sist.

30. mars var det siste runde med vintercupen til UAK. Eg og Victor vann nybyrjarklasssen stor hund, og fekk eit fantastisk flott stoffbur, som Kristian i Ruffwear sponsa til alle klassevinnarane - takk for det! :D Skal få tatt eit bilde av det etter kvart. Dette er bur av svært høg kvalitet, med mange fine finesser - og du kan òg bli ein heldig eigar, bare trykk her! :)

Første helga i april reiste eg og Victor i lag med Rønnaug og Sofi til Stavanger, for årets første jaktprøve! Vi var så heldige å få bu hos snille Kjersti, og hadde det som plomma i egget. Sjølve prøvane gjekk ikkje så bra... Lørdagen blei vi dømt av Frank Hermansen, i ein walk-up. Vi fekk sende på ei markering, då var vi allerede på nåde fordi Vic var heilt hysterisk høg. Han var ikkje nedpå, og laga lyd:( Og då han først fekk gå ville han ikkje ta den teite anda - sånn hadde han jo aldri sett før! Så han raste rundt og leita etter noko bedre enn krikkand... Då var det altså takk for seg, og vi måtte fint bare gå å observere resten av prøva. Neste dag var ein bedre dag! Igjen var det walk-up, og dagens dommar var Birgitta Staflund-Wiberg. Vic var seg sjølv, ivrig, men fokusert. Han lagde eit par ørsmå pip, som Birgitta sjølvsagt fekk med seg... Men vi fekk iallfall fullført walk-up'en! Med fine markeringer og dirigeringer. Så var det feltsøket... Der tok han av igjen, og bare sprang! Sprang over vilt, stadig på jakt etter noko meir fristande! Så då var det takk for seg igjen. Var ikkje viltet som var problem, det tok han då eg sendte han direkte på det, men å gjere jobben på eiga hand blei visst for mykje på han den dagen. Alt i alt er eg likevel glad eg tok turen. Flott prøveterreng og opplegg, og masse flinke hundar og trivelige folk! Takk til Rønnaug for koseleg selskap gjennom helga:)

12. april var det jaktcupens post 2, dirigering. I vår klasse var det ein fremmadsending, gjekk ganske bra, og vi fekk 18 poeng:) På post 3, den 3. mai, var det dobbeltmarkering. Passivitet blei òg dømt sidan det var to og to hundar inne samstundes. Dette gjekk heilt supert, og blei ein real opptur etter jaktprøven i Rogaland! 20 poeng og dommerens favoritt! Dermed blei det koppen på oss igjen:)

28. april var det hønsecupens post 4, "hopp og sprett" (innkalling over hinder), perfekt utført og 20 poeng! :D I dag har vi deltatt på hønsecupens post 5, "ligg i ro", noko som var piece of cake for Vic - til tross for ballar som trilla forbi han. Vi deltok til og med i klassen over oss pga få hunder der: 4 min. fellesdekk med skjult fører og grilla kylling som blei dratt foran snuten - ingen problem! :)

Helga 7.-8. mai deltok eg og Vic på AK-kurset til Øyvind Veel. Det var eit kjempebra kurs som vi absolutt fekk mykje ut av!! :D Og best av alt: Victor var så lugn og god! :)

Forrige helg var det agility på tapeten igjen. Vi deltok på stevne i Nordkisa, med blanda resultater. Søndagen var definitivt best, med vårt første opprykksnapp i agility, og 2. plass! :D


Neste aktivitet på planen er jaktcupens post 4 på tirsdag, og som alltid ser vi fram til det:)

søndag 27. mars 2011

Fra flyball til revefelling og hønsecup!

For ei flott helg vi har hatt! Og så i nydeleg vårver! :-D

Lørdagen deltok eg og Victor på flyballkurset som UAK arrangerte, med instruktører fra Oslo Hundeskole Det var kjekt å få trene på noko heilt nytt, og Victor fiksa dette òg! Victor syntes denne nye hundesporten var heilt genial! Tenk å få "betalt" for å springe, hoppe og hente tennisball - alt i ett!! :) Kunne godt tenke meg å fortsette med dette òg, men no har eg vel meir enn nok å halde på med for ei stund!.. Får bli når eg blir pensjonist! ;) For å sjå kva flyball går ut på trykk her

Søndagsmorgen vakna eg av eit skot, då hadde Bjørn tatt ein rev! Då han gjekk for å hente den oppdaga han at den dessverre var skadeskoten og var forsvunnen. Godt var det då at han hadde Shira med! Ho tok ut reven umiddelbart, fann han godt gøymd innunder ei gran, og ho haldt han til Bjørn fekk kome og avliva den. Ho er bare heilt rå den bikkja! Gjekk rett i strupen på reven, ho hylte og reven hylte, men ho fekk haldt den nede, og flytta seg for Bjørn slik at han fekk tatt den. Litt av ein start på dagen altså!

Nokon som sa blodhund?..!

Seinare på dagen var det tid for retrieverklubbens hønsecup, post 3, noko som heldigvis gjekk litt fredlegare for seg... Vic gjekk ein nydeleg fri ved fot gjennom ein tunnell av hunder, ensa ikkje fotballspelinga i enden av løypa og hadde full kontakt med meg heile vegen! 20 poeng og dommerens favoritt!! Dermed blei det kopp på oss - ein kjempefin kopp! :) Etterpå hadde vi ei god treningsøkt med dirigering på vilt - Vic har vore i storform denne helga! Får bare håpe det held seg til og med neste helg...

lørdag 5. mars 2011

To år i dag! :)

Gratulera med dagen til verdas beste labrador!



Tenk at det har gått heile to år sidan eg fekk beskjeden fra Mirjam at no var kvalpane født! Eg hadde i utgangspunktet tenkt meg ei gul tispe, men det fantes ikkje i kullet, kun ei einaste tispe, og ho var bestillt. Tre gule hanner var det, og eg kunne få ein av dei. Eg bestemte meg for å gå for ein hann. Vi var på besøk då kvalpane var fem veker gamle, og då fall eg sjølvsagt for den mørkaste gule hannen (likast far sin), men også han var bestillt. Om eg skulle ha gul kvalp var det bare Victor igjen. Vi tok ein kvalpetest, og det var svært jevne resultat, der ingen skilte seg særskilt ut... At det var akkurat Victor som blei med oss heim var altså ganske tilfeldig - eller kanskje ikkje? Eg er iallfall sikker på at eg ikkje kunne ha fått bedre hund!!! Eg er Carmals evig takknemlig for denne fantastiske hunden! Victer er myk, lettlært, snill, arbeidsvillig, utholden og har god av- og påknapp. Trur eg har funne drømmerasen, blir nok jaktlabrador her i heimen i framtida òg! For dei som vil ha ein hund som Victor (anbefales!) finnes det straks eit nytt kull etter Lee og Kita på Carmals:)

Dagen i dag har blitt feira med snusetur på heilt nye trakter, noko Vic syntes var kjempespennande, leik med gode venner, og eit herremåltid beståande av villaks og pizza!

søndag 23. januar 2011

Årets første konkurransehelg: Debut i AG og LP!

Då var det overstått, og veldig kjekt var det! Blei lange dagar i Flatebyhallen, men sånn er det å vere hundenerd..! ;)

Lørdagen starta med eit veldig fint agilityløp. Dessverre snudde eg ryggen til Vic då han kom ut fra nest siste tunnell, og han tok vippa i staden for hinderet, dermed diska vi. Men løpet var uansett fint og eg er nøgd! Film av løpet kan sjåast på YouTube. Hoppløpet seinare på dagen var det verre med, der blei det mykje rot, men lærerikt var det i det minste. Fokus framover blir slalom, bakombytter og fremmadsending.


Søndagen var det LP, og vi starta som nr. 3 av 50 startande. Gjekk veldig bra heilt til siste øvelsen, då fekk Vic noko veldig spennande i nasa si, så han mista heilt fokus - ulikt han! Det var "kontroll over hunden på avstand" to meter. Vic var meir opptatt av noko bak seg enn meg. Han la seg sakte og halvhjerta. Oppsitten måtte eg kommandere ein ekstra og meir markant gang før han gjorde det. Dette trakk dessverre òg ned på heilhetsinntrykket... Kan likevel ikkje klage, med 177,5 poeng, 1. premie og opprykk til kl. 2! :) Var 15 stk som klarte 1. premie, eg og Vic havna på ein 7. plass. Her er poengfordelinga:
Tannvisning 10 (x 1)
Fellesdekk to minutter 10 (x 3)
Lineføring 8 (x3)
Dekk fra holdt 9,5 (x 2)
Innkalling fra sitt 10 (x 2)
Stå under marsj 9 (x 2)
Fritt hopp over hinder 9,5 (x 2)
Avstandskommandering 6 (x 2)
Helhetsinntrykk (8,5)


Vi var mange frå retrieverklubben som gjorde ein flott innsats, og ein ekstra gratulasjon til beste i kl. 1, Geir Tore Snefjellå med jaktlabben Morris! Tusen takk til Tone Høyland for bildene.

søndag 9. januar 2011

Oppsumering av hundeåret 2010

Er vel på tide å ta ein oppsumering av året som har gått. Alt i alt har det vore eit veldig bra år, med mykje aktivitet, og eg har mange gode minner å glede meg over! :) Som alltid går det opp og ned, men eg kan ikkje klage, og føler meg heldig: Eg er nøgd med livet mitt, og vil ikkje endre på noko:) No manglar berre eit skikkeleg hus! ;)

Vinteren i fjor trente eg, Victor og Shira lydighet og svømming. Eg hadde hest på fór to dagar i veka, og Vic var alltid med på søndagsturane - han og Jack blei gode venner!:) Eg og Bjørn hadde to herlige veker i Thailand - skulle ønske vi kunne gjere det kvar vinter! Då vi kom tilbake byrja eg og Vic på årets hønse- og jaktcup, arrangert av retrieverklubben avd. Oslo og omegn. Det gjekk så som så resultatmessig, men moro og sosialt var det! 5. mars fylte Prince Victor 1 år! :-D

Cup-aktivitetane fortsatte utover våren, mens hesten flytta frå oss. Då blei det enda meir tid til hundetrening, og vi bytta ut lydigheten og svømminga med agility og jakttrening. Vic viste seg å ha talent for agility, og det har vore kjempegøy å trene han i det! I mai skjedde det mykje, bl.a. henta vi vårt nye familiemedlem i Sverige, Bjørns nye jakthund, BAN'en Melvin. Eg og Vic starta på vår aller første Working Test ifm retrieverklubbens pinsearrangement, og gjorde ein flott prestasjon med 85 poeng! :) Helga etter starta vi på vår første jaktprøve, og igjen gjekk det kjempebra, med 1. premie og opprykk med ein gang! :)



I juni tok Vic bronsemerket i Agility. Ellers var det ein roleg måned, før det braka laus igjen i juli. Vic deltok som unghund i Norsk Lagmesterskap for retrieverjakt i Ål. Vi hadde eit bra lag og fekk oss ein plass i finalen!:) Vic var heilt rå og hanka inn den eine toppscoren etter den andre, fantastisk gøy!! Han og ein annan lab skilte seg ut som dei beste unghundane, og vi fekk invitasjon til å bli med på andejakt hos eine dommaren i Sverige:) Helga etter dette kjørte eg og Vic til Trøndelag der vi deltok på fuglehundkurs med Helen Philips i regi av Canis Hundeskole: Veldig lærerikt og kjempekjekt!! Her viste Vic sine evner som apportør av levande fugl... Helga etter der igjen kjørte vi heilt til Sør-Sverige der vi var med på Carmals kenneltreff. August kom og det høge aktivitetsnivået fortsatte. Vi besøkte jakt- og fiskedagane på Elverum der Melvin stilte i valpeshowet og blei BIR. Vi reiste til Sverige, til Saxhyttan, og fekk prøve oss som apportører på andejakt for første gang, og igjen fekk Vic vist kva han er laga av - han imponerer stadig! Vi deltok på avd. Ringerikes jaktprøve og tok ein 2. premie.



Hausten starta med Mesterskapshelgen i Agder, individuelt NM i retrieverjakt. I unghundklassen var det mange gode retrievere, og Vic sørga igjen for ein finaleplass. På finalepostane var det kaldt vilt, og første post med apportering av fasan gjekk kjempefint. Verre var det med den neste, dobbeltmarkering av and. Vi rauk ut, men var likevel strålande nøgde med innsatsen!:) Midt i september tok vi ein grand slam på sesongslutten, med beste hund på Osloavdelingas jaktprøve på Bogstad!! :-D Etter dette deltok vi på nokre gode jaktkurs, før vi roa ned for vinteren. Gjennom årets jaktcup i klubben hadde vi hatt mykje uflaks og dårlig trening på førehand, men på siste post klaffa det endeleg, og vi fekk Vic fekk vist kva han er god for. Han renska feltsøket, blei kåra dommarens favoritt, og vi fekk koppen! :)

Vi fortsatte med agility- og lydighetstrening då vinteren kom, og på lydighetstrening får Shira vere med. Vintercup'en til Urskauen Agilityklubb starta, og Vic gjekk feilfritt både i november og desember. Vi røntga beina til Vic og Melvin, og Vic fekk heldigvis A på hoftene sine. Verre var det med stakars Melvin, muligens årets einaste dårlige nyhet: Han fekk diagnosen Short Ulna Syndrome, og måtte inn til akutt operasjon av venstre forbein. Operasjonen gjekk heldigvis bra, men det er ein ganske lang rehabiliteringsperiode framover, der vetle rampen må ta det med ro.

Vi satsar på at Melvin blir heilt bra, og at Victors fine utvikling fortsetter i 2011. Shira får kosa seg vidare med pensjonisttilværelsen. Hundeaktivitetane vil heilt klart bli prioritert sjølv om vi skal bygge hus i tillegg! :)