søndag 2. september 2012

Sesongen godt i gang!

Dagane flyr og blogging blir nedprioritert - lenge sidan sist. Det er mykje eg gjerne skulle ha skrive om, både opplevingar og tankar, men det blir rett og slett ikkje tid. Denne gang nøyer eg meg med ei oppsumering av sesongstarten.

Vi starta (20-21. aug.) med dujakt-kurs i regi av Meneo Hundesenter. Øyvind Veel var instruktør og staden var Hurum. Merkeleg nok var vi bare fire påmeldte, men det var kanskje like greit, for duene var lure og holdt seg stort sett utanfor skytehold... Masse duer, men få skuddsjanser dessverre. Blei mest passivitetstrening, men det er jo ikkje så dumt for Victor. Dei tre apportane han fekk gjekk greit. Det er verre med hundeføraren som skal avliva dei skadeskotne..!.. Var greit å få ei innføring i korleis ein skal te seg på duejakt, det var ein heilt nydelig dag og godt selskap, så vi var nøgde tross alt og ser fram til fleire duejakter på eiga hand framover.

Helga etter var det avd. Ringerikes jaktprøve på Sokna. Veldig fin prøve, lagt opp som ein jaktsti. Eg var ikkje heilt på nett og stopp-knappen til Victor fungerte dårleg... Dommar var Trond Gjøtterud og dommarelev Svein Scheie. Vi fekk ein 3. premie og kommentar: I dag fine dirigeringer. Selv om stopplydigheten kan forbedres. Fine markeringer. 3. markering misses av hund og fører. Søket blir noe ødelagt av at fører holder hunden i feil område på 2. apport. Helheten tilsier dagens premie. Det som fungerte godt og som eg var nøgd med var fotgåinga til Vic - den må ha vore tidenes beste! Heilt perfekt:-) Og så var han blikk stille og gjennomførte ei lang vanndirigering over all forventning! :-) Heldigvis blir det nye sjansar allereie neste helg, med dobbelprøven til avd. Østfold.

Foto: Sarita Winsevik
Denne helga deltok vi i Norsk Retrievermesterskap på Sessvollmoen. Første delmål var å koma gjennom første grunnomgang (tre postar) utan null slik at vi fekk gått alle seks postane. Det klarte vi rimelig greit, men så var det slutt. På post 4 var Victor plutselig heilt ute av hånd. Det var ei dirigering med forstyrrelse. Vi brukte altfor mykje tid og plass, så då nulla vi dessverre, men vi fekk iallfall fullført grunnomgangen. Kjekke postar som simulerte relle jaktsettinger, dyktige dommarar og medhjelparar! Våre poeng: 16, 13, 20, 0, 17, 13. Til saman 79 av 120 poeng og sånn ca. midt på resultatlista. Vi kjem sterkare tilbake neste år! ;-) Tusen takk til arrangørane for eit fantastisk flott arrangement - vel gjennomført! :-D
Gratulera så mykje til vinnarane og dei andre på pallen! Imponerande hundearbeid:-)

søndag 29. juli 2012

Hundeferie i Hemsedal

Eg og Victor har for første gang deltatt på NRK avd. Bergen og omegns årlege hundeferie i Hemsedal, dvs. ei heil veke fylt med jaktkurs og hyggelig samvær med retrievere og retrieverfolk! Eit godt organisert arrangement som oppfylte alle forventningar:-)

Vi deltok på elitegruppa saman med seks andre ekvipasjar og var så heldige å få Trond Gjøtterud som instruktør, med fruen Berit som hjelpeinstruktør. Vi trente 3,5 timar om dagen og det haldt lenge! Det skjer mykje på Gjøtterud sine kurs og det er mykje trøkk - akkurat det eg og Vic treng å trena på! Det var stor forskjell på den hunden eg handla på mandag og den hunden eg handla på working testen lørdag!..

For å ta det siste først: Vi kom på 2. plass i vinnerklassen på WT-en med 94 poeng, bare 2 poeng vinnarane Cathrine og Whip - gratulera til dei! Hakk i hel fulgte Magnus og Max, så det var tett i toppen! :-) Det var seks postar og vi fekk poengsummane 14, 9, 18, 17, 19 og 17 poeng. Etter ei lang og hard veke må vi sei oss godt nøgde med dette.

Mantraet gjennom veka har vore at vår jobb som hundeførere er å gjere det lettast mogeleg for hundane, mens Gjøtteruds oppgåve var å gjere det vanskeleg for oss..! Fokus har vore på å ha faste ritualer ved utsending, fortelle hunden klart og tydeleg ved fot kva vi vil og å gje tydelege signaler ved dirigering. Eg erfarte at Vic gjekk ei rettare linje når eg var meir kontant og ikkje brukte så lang tid før eg sendte han ut. Han følgjer jo handa mi godt, så eg treng ikkje lenger forvisse meg om at han faktisk gjer det. Ein annan ting vi erfarte var at når eg rekk fram handa mi nedanfor og opp i staden for ovanfor og ned, så blir han verande på plassen sin i staden for å jumpe framfor meg - verdifull læring. Vidare var det fokus på å vere konsekvent i utsendingane (forlange rette linjer!), følgje med på vinden og å halde hunden stramt innanfor aktuelt område. Ikkje minst fekk vi hundeførarane trening i å markera! Med tennisballar og dummyar i alle retningar. Vi har òg fått ein smakebit på A-prøve, der marginane er små...

Ei veke til både nytte og glede altså! Takka vere dyktige instruktørar og trivelege medkursdeltakarar:-) Mine treningsmål framover er iallfall klare:
  • Meir påliteleg og kontant stopp på fløyta
  • Meir påliteleg sidedirigering (rolege og tydelege signaler!)
  • Dirigering på vatn
Foto: Sarita Winsevik
Eg ser at vi har behov for å trene med meir trøkk ved å bruke skot/dummy launcher og fleire markeringar/dirigeringar i fleire retningar med fleire hundar på linja. Gler meg til å både trene, konkurrere og gå på prøver i haust! :-)

søndag 27. mai 2012

Debut i vinnerklasse på Working Test

(english summary at the bottom)
Då var den debuten overstått òg, på arrangementet til raserådet for Flat Coated Retriever i Sarpsborg. Takk for eit fint arrangement og for at vi fekk vere med sjølv om vi ikkje er Flat! :-) Og for ein debut!! Eg er strålande nøgd med 2. plass og 94 av 100 poeng der vi slo nokre gamle ringrevar;-) Det har vore ein særdeles varm og fin dag, så vi fekk verkeleg testa kjøledekkenet frå Ruffwear. Victor blir veldig varm og prega av det, så eg er overbevist om at dette var eit godt hjelpemiddel i dag:-)


Ein sliten Vic slappar av i skyggen ved buret etter ein lang og fin dag

Vi syntes det var grunn til å feire med sprudlevatn i dag! :-)
Victor made his debut in winner class at Working Test today. He came in 2nd with 94 of 100 points! I am so happy with him! It has been a really warm day, so I am sure his Ruffwear Swamp Cooler helped him get through the day in a comfortable way:-)

søndag 22. april 2012

Mentalbeskrivelse og jaktkurs

I går var eg på AntrozoologiSenteret for å få ein mentalbeskrivelse av Victor. Der var samling for etologer som skulle få innføring i korleis AntrozoologiSenteret testar hundar for å kartlegga kor eigna dei er for dyreassisterte intervensjonar. Som student på UMBs introduksjonskurs i dyreassisterte intervensjoner fekk eg dette tilbudet og det passa fint no når eg skal i gang med dette på jobben. Victor skal få prøve seg som ein slags miljøarbeider (terapihund) på OrbitArena og sjølv om eg meiner at han er eigna for dette er det jo greit å få ei ekstern kvalitetssikring!
Det var interessant å vere med på mentalbeskrivelsen, det heile tok 20-25 min. vil eg anta. På førehand hadde vi fylt ut eit eigenkartleggingsskjema. Mesteparten av testen gjekk føre seg innandørs i bygget til AntrozoologiSenteret på ÅS (UMB).

Det første som møtte oss då vi kom inn var at ein hund passerte oss tett på vei ut. Dette var ei tispe, så Victor måtte jo snusa på ho - hundetoleransen er det ingenting å sei på! Ein person kom så fram for å helse på Victor og testa korleis han reagerte då ho blei litt voldsom med han (klappa han hardt). Han slapp ut eit lite kvin, men fortsatte å la seg handtera villig. Vi gjekk vidare inn på eit oppholdsrom der vi bare skulle sitja passive, mens det blei observert korleis hunden oppførte seg på ein ny plass med fleire framande i rommet. Ein kjeks var strategisk plassert utpå kanten av eit salongbord... Vic gjekk rundt og undersøkte rommet og prøvde å ta kontakt med alle personane, kjeksen brydde han seg ikkje om. Han verka litt stressa, peste og syntes nok det var litt rart at alle bare satt heilt stille, og han viste så dempande signaler i form av å klø seg. Etter nokre minuttar løyste vi opp stemninga ved at ei reiste seg opp og tok kontakt med Victor, det blei han glad for. Vi gjekk vidare inn i ein lang mørklagt gang der det satt ei i rullestol i enden og krykker låg slengt på golvet. Vi passerte på begge sider og sjølv om det var trangt og Vic aldri har sett ein rullestol før lot han seg ikkje affisere i det heile. Heller ikkje då rullestolen kom mot han. Det blei òg testa korleis han ville reagere når det kom ein person mot han på krykker med litt agressiv holdning og krykkene ramla. Det er tydeleg for meg at Vic stoler 100 % på meg og at han er veldig trygg saman med meg:) Neste test var å få han til å legge seg på ei seng saman med ein person. Han syntes det var litt rart å skulle ligge der og bli kost med av eit framand menneske, men blei liggande og lot seg klappa på - sjølv om han viste meir interesse for luktene på sengeteppet... Etter dette skulle det testast korleis han er for andre enn meg å gå med i kobbel ned og opp ei bratt trapp. Vic går sjeldan i kobbel, så dette er han ikkje veldig god på, så han drog litt. Så var det litt testing av lydighet: Sitt, ligg, opp og stå. Vidare blei det testa korleis Vic reagerte på at folk sto heilt tett i ein ring rundt han, han elsker jo å vere midtpunkt, så han bare logra nøgd! Han blei invitert til leik (drakamp), noko han sjølvsagt var heilt med på, og han blei servert mat som han like raskt blei fratatt. Victor var like glad! Til slutt gjekk vi ut, som på tur, hunden  i kobbel. Det blei fyrt av eit skot, vi snudde og det blei fyrt av eit skot til. Vic reagerte oppmerksomt og var klar for å markera, men han gjorde ikkje noko meir ut av det. Flinke hunden min!

Eg vil få tilsendt ein rapport på det vi var gjennom, men fekk ein muntleg tilbakemelding om at Vic hadde gjort ein fin figur og godt kunne eigna seg for dyreassisterte intervensjonar!:-) Det vi må trene på er å gå fint i kobbel...

Eg har ikkje fått tid til å blogga frå forrige helgs jaktkurs med Birgitta Staflund-Wiberg, men det har heldigvis Sarita gjort: www.saritaslabrador.com :-) sjå under "Dagbok", innlegg datert 14.-15. april. Det viktigaste eg tar med meg frå det kurset er ein ny måte å trene søk på (ettersøk har fått ei heilt ny meining!) og at vi må trena på mykje vanskelegare markeringar! Lengre avstandar og tettare terreng - ein apportkastar står høgt på ynskjelista... No er det "back to basics"! Vi lærte forøvrig at rosa ikkje er ein eigna farge på dummier, dei bør heller vere i ein farge som hunden ikkje ser så lett!.. Takk til instruktøren, samt initiativtakeren, Sarita, for eit bra kurs! :-)

Foto: Sarita Winsevik.

søndag 8. april 2012

Jakttrening påskeafta og påmelding WT

I går trente vi heime hos oss på Skogen. Vi er så heldige å ha flotte områder for formålet og det er ekstra triveleg å få dele det med treningskompiser, ein fin liten gjeng var vi.

Det blei walk-up light og tidenes lengste markering - iallfall for denne gjengen. Rundt 300 meter, med terrengskifte og i kupert terreng! Eg var neimen ikkje sikker på om hundane ville fikse denne oppgåva, men vi måtte bare teste. Det gjekk over all forventning og alle hundane besto testen - veldig kjekt! Vi avslutta treninga med dobbeltmarkeringar og fremmadsendingar på vilt. Eg må bare nemne ein episode som igjen illustrerer kor stødig og snill hund Victor er. Under oppvarminga hadde vi gått 15-20 m. frå hundane på linja og skulle til å kalle inn ein og ein. Då var det ein hannhund som Vic ikkje kjenner særleg godt reiste seg og kom bort til Vic og sto over han. Litt vanskeleg å tyde kroppsspråket, men begge hundane var litt stive og det kom litt murring. Og når attpåtil eigaren til den andre hunden kom bort og kjefta på den blei det ein del uro tett innpå Vic - men han forholdt seg heilt roleg og rørte ikkje på seg! Dette til tross for at eg kunne sjå at han syntes det var ubehagelig. Eg er sikker på at eg kan takka hans stødige natur og hans fullstendige tillit til meg for den roen og lydigheten han beholder i ein slik type anspent setting.

270 m. i luftlinje til skogkanten! Det går bratt ned her og i bunn er ein liten bekk før det går bratt opp til det andre jordet.

Begge foto: Sarita Winsevik


No har eg meldt meg og Victor på Working Testen som raserådet for flat skal arrangera i Sarpsborg den 27. mai. Vi satsar høgt og går for vinnerklassen i år! Gler oss!! Eg ser i siste nummer av retrievernytt at det blir arrangert eigne rasearrangement med ulike aktivitetar for både Golden, Ches, Toller og Flat framover. Raserådet for labrador derimot, har kun utstilling - kvifor er det slik? Eg synes dette gjev næring til splittelsen i rasen og det er trist... Korleis står det til med raserådet for labrador sitt fokus på bevaring av rasens opprinnelige bruksegenskaper?

Eg er takknemleg for at raserådet for flat har opna sin Working Test for alle rasar! :-)

onsdag 4. april 2012

VICTORY!

Vi klarte det igjen - Vidunderlige Victor og meg! Vi utgjer eit godt team må eg sei:-) Nok eit mål nådd i helga som var: 1. premie i LP II og opprykk til LP III!


Lørdag 31. mars arrangerte NRK avd. Østfold LP-prøve i Sarpsborg. Vi kombinerte dette med familie-hyttetur og fekk nokre fine dagar. Eg hadde i utgangspunktet klart å misse påmeldingsfristen med ein dag og då er det ingen nåde når det er påmelding via NKK si nettside... Heldigvis var arrangørane imøtekomande slik at eg fekk meldt meg på likevel - takk til Reidun!

Prøvedagen kom med fint ver men med ein iskald vind og eg hadde (som vanleg og heldigvis) seint startnr. Pakka meg inn i Jervehiet til Vic og fekk sett mykje fint hundearbeid før det var vår tur:

Fellesdekken var vi litt uheldige med då to av fire hundar sprang etter førarane sine! Vic låg fint, men hadde visst rørt bittelitt på seg (forståeleg nok!) og vi fekk karakteren 9,5. Fri ved foten funka kjempebra (sjølv om han faller ut litt innimellom) og eg er strålande nøgd med 9 på den! Dekk under marsj fekk vi 8,5 på. Innkalling frå sitt med stå var verd nok ein 9'er! Stå under marsj blei 8,5 igjen, mens fremadsending med stå fungerte heilt perfekt og vi blei belønna med ein 10'er! Apportering er sjølvsagt Victors favorittøvelse, noko som gjer han overivrig og han kastar seg etter apportbukken og støter den - 8 poeng. Fritt hopp over hinder med sitt blei ganske så skeiv, men vi hanka inn ein 9'er likevel:-) Siste øvelsen, kontroll over hunden på avstand, var vi òg uheldige med, då vi fekk både passerande tog og voldsomme vindkast samstundes! Det resulterte i at Vic tydeleg mista fokus og før første avstandskommando (oppsitt) sto eg og avveide om det var mest lønsamt å vente på kontakt el. risikere å måtte bruke dobbeltkommando... Eg fann ut at eg ikkje turte å vente lenger og fekk ingen reaksjon på første kommandoen min og måtte dermed kommandere igjen. Derifrå gjekk resten greit og vi kom gjennom øvelsen med 7,5 poeng. Helhetsinntrykk fekk vi toppscore på, så eg var strålande nøgd! Poengsummen blei 178,5 og jammen blei vi ikkje nest best i klassen òg! Bare slått av ein Malinois som gjorde alt perfekt - gratulera til ein verdig vinnar! :-)

No blir det nok ikkje meir lydighetstrening før til seinhausten igjen - og då blir det kl. III øvelsar! :-) Inntil dess blir det full fokus på jakttreninga, jaktprøvar, jaktcup og ikkje minst JAKT.

GOD PÅSKE!! :-D

onsdag 28. mars 2012

Årets første jaktprøve: NRK avd. Rogaland, 24.-25. mars

Fredagen kjørte eg og Victor avgårde til Stavanger med mål om å ta vår andre 1. premie i AK og dermed få opprykk til EK. Det er langt å kjøre rundt heile kysten, men eg har vore rimeleg ivrig på å bli ferdig med "døde-dyr-klassen" og det er lite jaktprøvar før hausten. Dessutan fekk eg kombinert turen med å besøka Kjersti, ei veninna frå Kvinnherad, så det var jo triveleg:)

Lørdagen kom med tåke og vind på Dysjaland. Det var kjøleg å vere ute heile dagen, men så lenge det er opphald kan ein ikkje klage. Prøveområdet var kjempefint og prøveopplegget likeså. Vi gjekk to og to ekvipasjar saman, som ein slags blanding av jaktsti og walk-up. På eine sida var det enkeltmarkeringer og på andre sida var det dirigeringer og til slutt eit lite feltsøk. Ein relativt enkel prøve altså, som passa meg og Vic midt i blinken. Vic var som vanleg spent og ivrig, men klarte å behalde roen nok til å gjere ein imponerande bra jobb. Endeleg fekk han vist kva han er god for - i ein prøvesituasjon! :-D Eg hadde ein god følelse då eg var ferdig og det viste seg at dommarane, Pål Bådsvik og Danny Frasier (hoveddommaren vår) var nøgde! Under fellesmiddagen på kvelden blei eg og Vic utnevnt til klassens beste ekvipasje (av 18 stk) og fekk til og med HP!! For ein perfekt dag! :-) Nedanfor har eg gjengitt kritikken for spesielt interesserte.


Søk: Dekker hele området, stor fart og stil. Trekker god fert, godt søk.
Fart og utholdenhet: Stor fart og stil, meget utholdende
Nese: God nese, følger fert opp
Dirigerbarhet: Meget lydig, meget dirigerbar, fantastiske linjer
Markeringsevne: Alle tre markeringer meget flott. God markør
Skuddreaksjon: OK
Almen oppførsel: Meget flott heelwork, meget rolig og godt team
Apporteringslyst: Spontan oppsamling, stor app.lyst
Apportgrep: Retriever flott til hånd, meget gode avleveringer
Samarbeidsvilje: Meget samarbeidsvillig, godt team
Hundetoleranse: OK
Sammenfattende kritikk: En talentfull hund som er meget lydig, markerer fantastisk. Et godt søk, stil og fart over hele linjen. God heelwork med gode linjer. Fantastisk team m/stort potensiale.

Lørdagens resultat førte til at vi prøvde oss i EK for første gang på søndagen og EK skulle gå på same opne fine område som AK hadde gått dagen før. Eg var spent sidan eg ikkje ante kva eg gjekk til og eg lurte på om Vic eigentleg for klar for å "leika med dei store"... Evt. at han kanskje ville vere sliten frå dagen før og dermed "litt fjern". Vic viste seg absolutt verdig EK og var heilt perfekt! Han var rolegare enn dagen før og veldig fokusert - ein drøm å føre! Dessverre klarte ikkje eg å stole på at han ville klare jobben, så eg blanda meg litt for mykje inn (imot mine eigne prinsipper faktisk!). Det endte med at vi blei satt ned til 2. pr., men eg var overlykkeleg uansett! Det var kjempekjekt med nye og større utfordringar og eg lærte masse! Vi var 10 stk i klassen og første delen av prøven bytta vi å gå på linja, 4 i slengen. Det var markeringar og dirigeringar om ein annan og det krevde at førar var ekstra vaken! Etter walk-upen var det ein drive som Vic takla fint og så var det ei individuell oppgåve der det først kom ei markering, men så måtte eg sende Vic på ei blind dirigering i ei anna retning - og det var LANGT (over 200 m.)!! Eg har aldri dirigert han på så store avstandar før, men det var ingen problem! Og etterpå spikra han den første markeringa - lett som ein plett! Imponerande! Vi avslutta med ein mini-walk-up med markeringar både foran og bak. Då hadde vi haldt på i ca 2,5 timar... Kritikken frå dommarane, Malu og Daniel Marx: A very powerful dog. Too much intervention from the handler on the blinds and marks makes the work inefficient and gives the prize.

Eg og Vic har altså hatt tidenes helg og det var definitivt verd den lange kjøreturen! Då vi kom heim fekk vi ein varm og fin velkomst:

Søndagsettermiddag oppdaga eg forresten at Vic hadde knekt av ein stor del av eine hjørnetanna i underkjeven! Dette må ha skjedd tidlegare i vekk for han har åte dårleg i det siste - stakkar guten min! Vet'en kunne konstatere at nerva var både død og betent, så dette har vore vondt - noko som gjer helgas prestasjoner enda meir imponerande!! No har han fått rotfylling og går på smertestillande.. Og er glad for å kunne ete normalt igjen! ;-)

torsdag 2. februar 2012

Victor snørekjører for første gang!

Sist helg var eg og Victor med nokre jenter frå jobben på hyttetur. Vi reiste med tog i fire timar for å koma oss til Bjorli. Victor er ikkje vane med kollektivtransport og då eg tok på han kløven og førte han inn på bussen som skulle ta oss til togstasjonen var han alt anna enn nøgd. Victor finn seg i alt, han er så snill, men han har eit svært tydeleg kroppsspråk og det er lett å sjå når han mistrives. Då heng halen rett ned og han har verdas mest bekymra uttrykk i ansiktet! Tog derimot, det syntes Victor var ein flott reisemåte! På toget slappa han godt av og syntes det var hyggeleg å treffe ein artsfrende, førerhunden Proffen, ein Golden.
Og så var det skigåinga då... Victor skjønte ikkje heilt opplegget i starten og var meir opptatt av å snuse enn å trekke mor på ski! Etter kvart sprang og trakk han, men det store problemet kom kvar gang vi møtte folk... Etter å ha fått prenta inn gjennom heile livet at han skal gå på venstre side av mor var det vanskelig å forstå at han no skulle halde seg foran eller faktisk på høgre side! Til og med når folk kom rett i mot og haldt på å kjøre han ned skjønte han det ikkje! Korleis får du ein hund til å forstå at han må halde seg foran el. til høgre for deg i skiløypa?? Heldigvis var det ikkje så folksomt i løypene der og moro hadde vi lell. Vi avslutta turen i varmestua der vi møtte dei andre jentene (som foretrekker nedoverski..). Eg måtte legge Vic att utanfor, så då var det godt at eg hadde med det nye dekkenet i sekken! Victor fekk tøyd ut og fekk på seg sitt Ruffwear Quinzee, og då kunne eg forlate han med rimeleg god samvittighet (eg hadde full oversikt via vindauget altså!). Det fine med dette dekkenet er at det er veldig varmt, men samtidig lett å bære med seg!:)
Togturen nedover att på søndagskvelden gjekk for så vidt greit den òg, men det var eit eldre tog og dårleg tilrettelagt for reisande med hund, så her har NSB forbedringspotensiale! Vi med hund var forvist til ein heilt eigen plass i vogna - sjølvsagt der alle andre passasjerar måtte gå for å koma seg av og på eller på do. Det var satt av tre seter til oss og med tre store hundar (Vic var minst!), hundane måtte ligga i den smale midtgangen og det var ikkje var noko ideelt! Heldigvis var alle hundane greie og fann seg i å ligge tett innpå framande hundar. Dvs. vi traff Proffen att, og den tredje var ei ung tispe, så Vic var heilt bekvem med den situasjonen;-)
Takk til Siriann, Birgit, Marianne og Ingunn (fotografen) for ei flott helg!! :-D
Slenger til slutt med eit bilde av gutta boys i sine Ruffwear-dekken

mandag 23. januar 2012

Lauryn Hill i Oslo Spektrum 21. januar

Som dåke skjønar av tittelen kjem ikkje dette innlegget til å handla om hund... På oppfordring frå Aud Grete skal eg skriva litt om opplevinga mi på laurdagen.

På laurdagsettermiddag sat eg inne og hadde pause frå maling i nyehuset. Kikka på facebook, og der var det ein status som lyste mot meg: "Noen som har lyst på to gratisbilletter til Lauryn Hill i kveld?" "Jaa!!" Og vips, så var billettane mine! :-D Takka vere Lene som eigentleg hadde vunne dei dagen før, men ikkje kunne gå, og Stefan som annonserte dei på si fb-side:-) Då var det bare å finne ein makker... Gubben ville ikkje vere med og eg begynte å ringe rundt. Rundt kl. 17 på ein laurdag var ikkje det bare, bare... Enda på visa var at eg ikkje fekk nokon med meg! Men det betydde jo ikkje at eg ikkje kunne gå aleine! Eg som hadde hatt lyst til å gå på denne konserten sidan det blei annonsert at Lauryn Hill skulle koma til Norge - men hadde vurdert at det blei for dyrt å bruke pengar på no...

Å gå aleine på konsert i Spektrum har eg vel ikkje sett for meg at eg skulle gjere og det føltes litt rart å stå aleine (blant 4500 andre!) i ventetida før showet starta... Godt ein har smartphone å leike seg med! ;-) Og det var definitivt verdt det - til tross for at dama ikkje kom på scena før to timar etter annonsert!.. Heldigvis hadde ho ein bra DJ som varma opp publikum med mykje god hip hop, r'n b, reggae, rap, m.m.

Hill entra scena i eit, etter mi meining, snålt sceneantrekk: Langt skjørt, bluse og pelsjakke - som ho beholdt på til tross for at svetten sila! Ho hadde ikkje gjort noko spesielt med hår og sminke, så kva ho har brukt så lang tid på bakom scena er ikkje godt å sei... Det er ein del år og 6(!) ungar sidan sist eg såg ho i rampelyset, og eg hadde nok ikkje kjendt ho igjen om eg ikkje visste kven som sto foran meg... Eg var forresten veldig heldig med plasseringa mi: Eg blei ståande bare 5-6 m. frå scena! Og sjølv om intimsfæren min blir rimeleg punktert under sånne omstendigheter og det er slitsomt å stå er det verdt å kunne rocke med!:-) Spesielt i dette tilfellet, når det ikkje var noko storskjerm eller fancy show, bare Ms. Hill med bandet.

Ein litt hard, rocka liten variant av Killing me softly var åpninga, før ho fortsatte med låtar frå "The Miseducation of Lauryn Hill". Etter kvart tok ho oss tilbake til The Fugees-tida og sang nokre låtar frå den epoken, noko som verkeleg fekk opp stemninga! Alle sangane var på ein måte remixa litt, men det gjorde ingenting, stemma var like rå som før, ho rappa like bra og hadde bra energi! Litt dårlig lyd trekker noko ned på totalinntrykket, og at ho ikkje tok særlig kontakt med publikum. Eg har inntrykk av at ho er litt eksentrisk, og det er vel normalt for musikalske genier.. ;-) Vi dansa og sang med likevel og det verka som om folk generelt var nøgde:-) Dei profesjonelle anmeldarane har ikkje vore like positive, men eg kom ikkje på konserten med noko kritisk innstilling, eg var bare takknemlig for at eg fekk sjansen til å oppleve Lauryn Hill tross alt:-)