fredag 6. september 2013

Sånn gjer ein Elite-HP-hund!

Etter å ha gått til 1. premie med HP (hederspris) på NRK avd. Kongsvinger og omegns jaktprøve for eit par veker sidan var eg rimeleg høgt oppe. Dommar Øyvind Veels samanfattande kritikk: "Solid ekvipasje. Føres godt og riktig. Løser alle dagens oppgaver effektivt. Jaktmaskin." Og hadde dertil store forhåpninger då vi ankom Stjørdal no forrige helg... Dobbeltprøve i regi av NRK avd. Trondheim og omegn, og to sjanser altså - til å få i havn den siste førstepremien (vi treng for championattittelen)... Eg kjende på presset og følte at vi hadde litt å leve opp til, mens Victor - vel, gudane skal vite kva han kjende på! At han bare er ein hund tross alt, kanskje? Haha, eg kan (nesten) le av det no, men eg kan lova at det ikkje var mykje morsomt då. Dommar Pål Bådsviks samanfattande kritikk: "Gjennomfører i dag alle prøvens momenter. Konsentrert og målbevisst markør med meget godt minne. Brister i sitt dirigeringsarbeid, samt underkjent søk gjør at hunden ikke kan premieres." Tenk det, feltsøk som brukar å vere stjerneøvelsen vår!.. Nei, kva som gjekk av Victor då har eg ikkje svar på, han var iallfall ikkje på jobb! Feltet låg ved eit skogstjern, men Victor låste seg heilt til vannkanten og såg ut som han ville imponere dommaren med å vise kor flink han er i lengdehopp, frå øy til øy... Synd at det og bading ikkje var del av prøveoppgåvene, då hadde vi gjort det bra!.. For å sei det sånn, humøret mitt på slutten der sto i stil med vèret, det var (bokstavelig talt) ei svart sky over hovudet mitt og det striregna! Min trivelege makker (vi gjekk to og to i par) hadde eit par teoriar om det kunne vere hennar feil, fordi ho måtte blåse inn hunden sin, og Victor som då akkurat var sendt ut, stoppa opp og blei litt satt ut - men slikt skal han tåle. Eller om det var hunden hennar, ein eldre hannhund, som med høg hale "parkerte" Victor - vel, han er vane med å jobbe med andre, så det må han òg tåle. Nei, han var høg som eit hus frå starten av, ikkje klarte han å gå fot og ikkje klarte han å springe rett fram på dirigering - det kokte nok rett og slett heilt over for han! Nullen vi fekk var dessverre fortjent altså. Kanskje vi skal innføre lengdehopp-konkurranse til Norge? ;-)

Søndagen var Victor slik vi kjenner han på plass att, heldigvis! Det var ein triveleg prøve i solskinn, der alle seks EK-ekvipasjane gjekk i lag. Først var det markeringsarbeid på land og vatn, så ein liten walk-up/støkkjakt med markeringer og blinde fremmadsendinger, for så å avslutte med ein drive/klappjakt. Vi gjorde ein bra jobb gjennom heile prøven, det var bare ei markering vi måtte jobba med. Dessverre gjorde det at 1. premien glapp, og vi endte opp med ein 2. pr. Vel og bra det, men ikkje det vi samlar på lenger... Dommar Trond Gjøtterud sin samanfattande kritikk: "Gjennomfører hele prøven på en fin måte. Variabelt mark.arb. Viser styrke i søksarb. Lar seg villig styre. Manglende konsentrasjon på mark. i starten av prøven gir premiegraden."

Jaja, vi får heldigvis ein ny sjanse neste helg, sidan NRK avd. Ringerike og omegn har vist velvilje og latt oss få vere med på deira jaktprøve! :-) På an igjen... I mellomtida er det bare å ynskje alle som deltar på Mesterskapshelgen lykke til! Måtte den beste retriever vinne!