lørdag 23. januar 2010

Stille på bloggen, men ikkje i det virkelige liv!

Eg er dårlig på å oppdatera bloggen, men livet er travelt, og eg prioriterer den verkelege verda over cyberspace;)

Vi har endeleg kome inn i ein slags rutine med aktivitetar og trening, men målet er jo sjølvsagt å få trent enda meir! Så no ser veka vår som regel ca sånn ut:
Mandag - Fritrening av hundane, terping av grunnferdigheter no på vinteren.
Tirsdag - Eg er i stallen, rir Jack, hundane har fri.
Onsdag - Lydighetstrening med retrieverklubben, vi er så heldige og får vere innandørs!
Torsdag - Hundane har svømmetrening v/Holt Hestesenter, beste dagen i veka ifølge Shira! Vic får nokre dummykast i vatnet.
Fredag - Fritrening av hundane, må innrømme at det ofte blir ein fridag....
Lørdag - Tur/fritrening
Søndag - Lengre tur med Jack (hesten) og Victor, dei har blitt skikkeleg kompisar! Dei spring om kapp, og Victor vinn!:) Skal prøve å få tatt litt bilder...

Victor har lært seg triks: No kan han sitte bamse, noko han lærte seg kjapt. I tillegg kan han gje labb, kanskje ikkje så imponerande, men vi har jo ikkje trent på sånt tidlegare. Utgangsposisjon har han akkurat lært seg, og mor blei litt stolt når vi fekk spørsmål om korleis vi får til så rette sitter!:) Noko i treninga vår gjer vi tydelegvis rett.

Fokus framover: Trene
- Gå på plass med kontakt (lp), med og utan koppel
- Hald fast (apport)
- Dekk og bli (fellesdekk)

Ellers har eg og Bjørn bestillt tur til Thailand!! Så om nokon vil låne hund i to veker, sei ifrå!