onsdag 29. juli 2009

Enda fleire bilder frå kenneltreffet...


Pappa Lee er ein fantastisk flott kar! :)

Her er han i aksjon under ein WT-post



Mye moro med valper!


Inger og bror Chester tar seg ein kosepause:)

Bilder frå kenneltreffet til Victor


Malin og søster Selma


Inger og bror Chester har kontroll på innkallinga


Nærbilde av fine søster Selma


Bror Chester, ganske så lik Victor


Gutta kosar seg i baksetet på bilturen. (Syver blei satt av på hytta...)

tirsdag 28. juli 2009

Kenneltreff (lagt ut ein dag for seint)

No har vi akkurat kome heim frå nokre begivenhetsfylte dagar i Sverige. I går var det kenneltreff ved kennel Carmal, og vi kjørte ned på søndagen. Kom ganske seint, så det var bare å installere seg på jakthytta vi skulle få bu i, gå ein kveldstur og ta kvelden. Vi fekk ei svær fin jakthytte heilt for oss sjølve!:) Blei ikkje akkurat kvalitetssøvn den natta: Dette var jo Victors første overnatting ute av heimen, og han fann ikkje roen inne på det framande soverommet sjølv om han hadde ståande tilbod om å få sove i senga med meg, Bjørn og Shira... Victor romsterte ein del og klaga litt gjennom natta, og la seg til slutt på golvet. Neste natt derimot hadde han skjønt det - då breia han seg ut over puta til ho mor og syntes alt var bare stas!.. Kos med hundane i senga i blant, til tross for at det blir trangt om plassen og tungt på beina... :)

Kenneltreffet starta kl. ni, og etter å ha satt Shira i ein luftegård, var vi klare for dagen. Eg var så spent på å sjå søskena til Victor, korleis dei var i forhold til han. Dei to andre gule gutane frå kullet kom dessverre ikkje, men resten møtte opp. Gutta var stort sett veldig like, ein var litt mindre og tispa var minst og mest proporsjonert, veldig fine -alle saman! Eit jamnt og godt kull med valpar av god kvalitet, godt gemytt, god arbeidslyst og med god av/på-knapp. Det kunne sjå ut som om Victor var blant dei rolegaste og med størst evne til å kopla av, og det er eg jo sjølvsagt nøgd med! :)

Vi starta med litt lett lydighetstrening. Mirjam ville sjå korleis vi låg an, og kom med tips. Vi prøvde òg litt apportering av dummy, og det gjekk fint, vi har jo trent litt på det. Så fekk valpane kvila litt, mens vi gjekk rundt og kikka på dei vaksne hundane som gjekk WT (working test), lærerikt for oss å sjå på. Bl.a. fekk vi sjå pappa Lee i aksjon, og han er både flott og flink! :D

Etter ein sosial og hyggeleg grill-lunsj var det tid for litt valpetrening att. No skulle dei få prøva seg på apport av ekte fugl!! Dette var fullstendig nytt for Victor, og då Mirjam kom med den daude kråka var han litt skeptisk, han visste ikkje heilt kva han skulle gjere med den. Etter litt oppmuntring kom han med den til meg, og fekk sjølvsagt MASSE belønning for det! Oppdretter påpeikte (sikkert med rette) at viltet skal vere det mest interessante og belønninga i seg sjølv, og dette er ein diskusjon eg vil koma tilbake til seinare. Vi prøvde òg med ei dau and, men den sleit tannlause Victor med å få grep på... ;) Til slutt fekk valpane herja med kvarandre, og Victor fekk sitt livs aller første svømmetur! :D

Alt i alt ein flott dag for både to- og firbeinte. Veldig hyggeleg å få helsa på så mange fine hundar og ikkje minst dei trivelege eigarane deira! :)

Skal få lagt ut litt bilder straks...

tirsdag 14. juli 2009

Victor er blitt stor gut!


Fokus stående foran fører kan vi stort sett... (Victor har ei nase fullstendig utanfor proporsjonar for tida!)


Innkalling både med fløyte og stemme er Victor god på:)


Har snart tatt igjen storesøster Shira i størrelsen...


Victor i farta!


Like lange bein som Shira og større potar - kor skal dette ende?..

Shira elskar å sola seg! :)

Dårleg treningsøkt/dårleg trenar

Æsj, i dag har eg hatt ei heller dårleg treningsøkt med Victor, og det er sjølvsagt min feil. Planen var å trene på ein så enkel grunnferdighet som fokus under marsj baklengs. Dette viste seg å ikkje vere så enkelt... Fokus ståande framfor førar har vi jo inne relativt greit, sjølv om eg slit litt med at Victor stiller seg opp i all slags rare vinklar i forhold til meg! Eg vil ha han rett framfor meg, men det er visst ikkje så lett for han å skjøna. Veit ikkje om det er så nøye at han står rett, er jo kontakten som er viktigst, men det er jo opp til meg å setja kriteriane... Og så viste det seg altså i dag at straks eg rører på meg (beveger meg bakover) så mistar Victor kontakten: Han følgjer villeg med meg, men ser bare rett framfor seg, altså bare rett i beina mine. Straks eg stoppar ser han opp og tar kontakt igjen. (Vi har trent dette innandørs tidlegare og då gjekk det greit.) Eg prøvde å bevege meg bare ørlite og forsterke at han då haldt kontakten, men han bare fortsatte å sjå ned umiddelbart ved min minste bevegelse. Eit anna problem vi har med denne type trening er at han går så himla tett innpå meg!! Han er så nær at han må jo vri nakken i vinkel for å ha kontakt med meg! Alle desse faktorane gjorde utålmodige meg så frustrert at eg haldt på å skrika! Ikkje akkurat gode eigenskapar ved valpe-trening... Eg trente bare fem-minutters økter før eg hadde fem min. pause mens eg trente Shira imellom. Etterpå trente vi stå og bli, og det var bare enda meir problematisk (vi har trent masse sitt og bli), så no er eg bare kjempefrustrert. Trur kanskje eg stiller litt høge krav til Victor fordi han har vore så flink fram til no. Gode treningstips mottas med takk!!

mandag 6. juli 2009

Oppdatering Victor

No har det gått lang tid sidan forrige innlegg - tida flyr av gårde!

I går var Victor akkurat 4 månadar! Han er blitt ein langbeint kar, og energien hans veks i takt med beina... Men han er fortsatt veldig snill, og usedvanleg lydhør overfor oss. Vi treng ikkje vera strenge med han, seier vi nei sluttar han straks med det gale han held på med - og det er heldigvis ikkje ofte han gjer noko gale den karen! I dag oppdaga eg at han har mista to tenner (oppe, framme), så han klør nok sikkert bra i gummane for tida, men han er flink til å vita kva han har lov til å tygga på - foreløbig har han ikkje ødelagt noko... Han veger no 14,2 kg, og kjem heilt sikkert til å bli ein stor lab. Om nokon som har søsken av Victor leser dette, legg gjerne att opplysinger her om korleis dei har utvikla seg - hadde vore interessant å visst.

Vi trener grunnferdigheter så og sei dagleg: Fokus, sitt, ligg, stå, bli, target, bakpartskontroll og innkalling. Vi leikar oss litt med apportering av ball og puppy dummy og har gått eit par blodspor. Victor er kjempeflink! Og han har fortsatt ei fantastisk arbeidslyst!! :D Framover skal han faktisk vere med meg på jobb, blir spennende å sjå korleis det går.

Ellers vurderer vi å melde han på valpeshow på ei jakthundutstilling på Elverum i august... Han må jo uansett i ringen før eller sidan om han skal få Championatet sitt! ;)