tirsdag 8. juni 2010

Vi skal til Norsk Lagmesterskap i retrieverarbeid!

Det er ikkje bare eg som synes Victor er ein usedvanlig god hund! Han har blitt lagt merke til, og no er vi blitt invitert med på eine laget som Oslo-avdelinga skal stille med til NLM 9. juli. Det skal vere ein unghund (under to år) eller upremiert hund med på kvart lag (blant fire hunder), så då fekk vi muligheten - kjempekjekt og stor stas! :)

Vi gler oss!!!

onsdag 2. juni 2010

Det går opp og ned her i livet...

I eine augneblinken er vi i lykkerus over den fantastiske flinke hunden vår, for så å bli ganske frustrert...

Victor er ein gardshund, han går laus her heime til tross for bandtvangen... Dei einaste gangene han har stukke av er når Shira har dratt han med seg på sine eventyr (ho går ikkje laus). Eg har ferie denne veka, er heime og passar Melvin. I går starta eg prosjekt "vaske veranda", noko som haldt meg opptatt nokon timar, mens hundane var så heldige og fekk sole seg. Då eg skulle gå i dusjen slo det meg at det var ei stund sidan eg hadde sett Vic, men eg tenkte at han sikkert var på ein liten tur (som han gjerne tar, men kjem alltid raskt tilbake). Eg ropte litt på han utan resultat før eg gjekk inn for å gjere meg klar til dagens jaktcup post 4 v/retrieverklubben.

Gitt om eg byrja å bli rimeleg stressa - eg skulle på jaktcup, men hunden min var borte! Eg gjekk litt rundt og fløyta på han, før eg måtte hive meg i bilen med håp om at eg ville finne han på vegen - då kom telefonen: "Savner du ei bikkje?" JA! Det var eit bergingsfirma i Lillestrøm som hadde fått inn Victor!! Han var levert av ei dame som hadde gått tur i skauen her oppe, han hadde visst gått i lag med ho ei stund. Vic pleier å gå naken her heime, så han hadde ikkje på seg halsbåndet med tlf.nr'et mitt på, ellers kunne eg ha sluppe billigare frå det - 250 kr. måtte eg betale for å få lauslatt rømlingen. Først var eg irritert over det heile, at turgåaren hadde tatt med seg Vic frå skogen her oppe og at eg måtte betale for det. Etter at eg hadde fått roa meg var eg bare så takknemlig og glad for at eg fekk tilbake go'guten min! Det kunne jo gått så mykje verre! Han er jo så snill og sosial, eit lett bytte... Viss eg hadde mista ein av hundane mine veit eg ikkje kva eg ville gjort - dei er alt for meg! Så i natt sov Victor inntil meg i senga, han har fått på seg halsbandet med tlf.nr. på og i dag har eg verkeleg passa på han!

Og jaktcup'en?! Der nulla vi! Vic var fjern og eg hadde misforstått oppgåva, så vi hadde rett og slett ikkje trent på øvelsen - sånn kan det gå... Det viktigaste er likevel at prinsen min er der han skal vere - hos meg:)

Her er eit bilde av heile familien samla slik vi skal vere: