mandag 20. oktober 2014

A-prøve i Danmark, lørdag 18. oktober

For andre gang i vårt liv har eg og Victor deltatt på A-prøve i Danmark, vinnerklasse. Vildmosen, nord Jylland, denne gang. Monsen har òg vore med på tur til fødelandet sitt. Charlotte og Lars var så greie og opna heimen sin for oss. Veldig hyggeleg å få koma på besøk, takk for gjestfriheten! Så til prøven... Tenkte eg skulle skrive og fortelle litt om opplevinga då det er heilt annleis enn noko prøveopplegg vi kjem i nærleiken av i Norge! Eg kjenner meg heldig som har ein hund som er kvalifisert til å starte, og det er noko eg anbefaler alle som har muligheten til å få med seg. På akkurat denne prøven var det faktisk ein ledig plass til og med!

For å ta det siste først: Det blei ingen premiering el. plassering på oss, men vi tar med oss det som var bra og den erfaringa opplevelsen har gitt.

Oppmøte på gården var kl. 8.15, med parole kl. 8.30, der vi blei ynskt velkomen, fekk info. og ein liten tår å styrka oss på, el. roa nervene med - alt etter som.. ;) Det var fokus på sikkerhet, eit viktig poeng med så mange skyttarar og folk til stades. Prøvestart var kl. 9. Då pressa alle 11 hundeførarane, 11 hundane og 3 dommarane seg saman på eit lasteplan og ein hengar, for å bli frakta ut i terrenget. Trangt ja! Imponerande kor bra hundane takla dette, til og med Victor som aldri før har vore med på liknande! Vel, på turen mellom første og andre såte hoppa han av i fart, så det blei nesten litt dramatisk der ei stund.. ;)

På første såte sto vi på linje med skyttarane, fordelt i grupper på grupper à 3-4 ekvipasjer per dommar. Vegetasjon bak oss og uendelege jorder framfor oss. Vi sto å venta mens eit lag med drivarar klappa opp fugl frå vegetasjonen bak oss. (Dei brukte forresten både springer spaniel, vorsteh og jaktlabrador til denne jobben.) Det kom ein del ender og jakta var i gang. Dei fleste fuglane landa framfor oss, spredt i ulike avstander på jordene. Og då var det bare å starte apporteringa. Vi fekk etter tur anvist område av dommaren der han ville vi skulle hente fugl. Eg var litt spent på korleis Victor ville reagere på krikkendene, sidan han ikkje er vane med desse, men han var heilt spontan i apporteringa. Ein positiv ting eg tar med meg! :) Ein annan positiv ting var at han var roleg og fokusert i passivitet ved fot. Og igjen viste han ein fantastisk viltfinnerevne - full av jaktlyst! Det som ikkje var fullt så bra var at jaktlysta og iveren tok litt overhand, slik at han etter nokre apportar blei ulydig på ei dirigeringsoppgåve. Han høyrde ikkje på stoppsignalet mitt før eg hadde blåst gjentatte ganger i fløyta, noko som førte til anmerkning frå dommaren. Av fire ekvipasjar i gruppa vår var vi likevel blant dei to som gjekk vidare til neste såte. Eine ekvipasjen som rauk ut var uheldige og opplevde det som typisk fell mange på A-prøve: Hunden er ute og jobbar og leitar etter ein spesiell fugl (dommaren har anvist området), men så fell det ein ny fugl like i nærleiken av hunden og hunden går for den i staden for... Jakta fortset nemleg mens hundane jobbar. Fort gjort å ta feil fugl i slike situasjonar altså. Her kan dåke sjå eit kjempefint bilde av Victor i jobb på første såte (fotografert av Jan Jørgensen): http://retrieverfoto.dk/n-jch-carmals-kitas-prince/

Vi forflytta oss til eit nytt område og igjen blei vi ståande på linje med skyttarane langs jordekanten mens vi venta på at drivarane skulle få opp fugl frå eit område med tett vegetasjon. På denne såten fungerte Victor heilt perfekt! :D Han var så roleg og fokusert! La seg til og med ned når det ikkje kom fugl. Han markerte det som fall, og fekk tatt ein "runner" (ein skadeskoten fugl som prøver å stikke av til fots..) til og med. Det var bare ein gang eg måtte gripe inn og hjelpe han litt og då høyrde han umiddelbart og fann fuglen med det same. Så av dommaren på denne såten fekk vi bare ros og til og med ein + foran makkerekvipasjen! :)
Skyttarane, drivarane og fangsten blei frakta på denne traktorhengaren


Etter ein lunsjpause med servering av brødmat og brus/øl var det på an igjen i eit nytt område. No var vi bare fem ekvipasjar som fortsatt hang med på prøven, men alle måtte vere med ut for å apportere - det var jo rundt 20 skyttarar! Denne såten viste seg å bli tøff! Vi fem som var igjen blei ståande på linje, med skyttarar både framfor oss og på sida. Det var både grasjorde og skog/bush/tett vegetasjon framfor oss. Her kom det veldig mykje fugl! Det blei jo rett og slett umogeleg å markere alt som fall! Likevel var Victor fortsatt roleg. Problemet byrja når tredje person på rad blei ståande rett framfor oss å fløyte og fløyte på hunden sin (dei hadde fått anvist eit område der det viste seg å ikkje vere fugl...). Victor stressa seg opp, pesa høglydt og pesinga gjekk over i ein rar lyd, ei slags ralling/knurring - vanskeleg å forklare, men det var ikkje piping. Ikkje så høglydt at dommarane sa noko, men at dei høyrde det og lurte på kva dette var (akkurat som meg!), det er eg rimeleg sikker på... Sukk, han som hadde vore så roleg og fin på dei forrige såtane! At det regnar fugl taklar han utan problem, men mykje fløyting er visst verre for han.. :-o Vel, då den mest intense fløytinga ga seg, ga Victor seg òg. Igjen henta han ein "runner" på flott vis og gjekk så ut i rett linje der eg sendte han og fann fugl. På tredje fuglen vi fekk anvist blei det litt meir klabb og babb... Fuglen var på graset, men Victor trakk veldig mot skogen der det hadde gått ned mykje fugl. Eg klarte iallfall å stoppe han denne gangen, men det blei for ineffektivt syntes dommarane og eg fekk beskjed om å kalle heim. Nestemann fann fuglen (var ikkje barebare for den ekvipasjen heller må eg få sagt) og "eyewipa" oss, og dermed var vi ute. Vi blei likevel ståande på linja og no var Victor meir roleg igjen.

Ikkje plass til heile viltparaden på bildet!

Det var mykje fokus på dirigeringsarbeid gjennom prøven, noko som overraska meg. Vi sendte på anviste områder i opent terreng (der jegaren i stor grad kan finne og hente fuglen sjølv) og brukte ikkje det tette terrenget i prøvesamanhengen. Så vi fekk i liten grad vist sjølvstendig søksarbeid i vanskeleg terreng og utholdenhet. Det var òg veldig lange avstandar innimellom, men det er vel sånn det skal vere i vinnerklasse. I Danmark er vinnerklassen på A-prøve rein konkurranse, her er det om å gjere å finne beste hunden rett og slett. Dei fire beste (viss det står så mange att til slutt) blir plassert og nr. 1 får Cert. Viss denne er fullcerta (har det som skal til for championat) går Certet til nestemann viss dommaren meiner denne har Certkvalitet (CK). Ein kan bli plassert utan å nødvendigvis å få tildelt CK. Gratulera så masse til lørdagens 1. vinner, Boye Rasmussen, som fekk sitt siste Cert og dermed fekk tittelen Dansk Jaktchampion på sin labrador! Godt gjort! Viltparaden viste at jakta hadde resultert i 300-og-eit-eller-anna stk. fugl! (Eg skjønar ikkje danske tal...) Forståeleg då at ein er heilt avhengige av effektive retrievere! Det var  no mest stokkender, ein heil del krikkender, fasaner og nokre små, fine hønsefuglar. Det er mykje fugl på ein dag altså! :-o Litt andre forhold enn det vi er vane med her i Norge altså... Dette tatt i betraktning, det trøkket som er på slike jakter, så er eg veldig nøgd med min og Victors innsats, og at vi hang med så lenge som vi gjorde! Vi har minimal erfaring med slikt, så det er nyttig å ha med seg vidare sjølv om det ikkje vart noko plassering. Det at danskane er så hyggelege var òg med på å gjere det til ei god oppleving! Fekk fleire fine kommentarar på hunden min og jobben han gjorde - det er deilig å vere norsk i Danmark! ;)

Beste reisefølget - takk for turen, gutta boys! :)

søndag 5. oktober 2014

På tide med ei oppdatering

No er det jammen lenge sidan sist - og det har skjedd MASSE! Eg får rett og slett ta ei oppsumering av det viktigaste slik at vi er à jour att...

Etter over to månadar med bare skritting i band og svømming, kunne Victor endeleg byrja å trena igjen: Teknisk jakttrening, muskelstyrke og kondis/uthaldenhet. Lykka og lettelsen var sjølvsagt uendeleg stor over å kunne friskmelde han, etter å ha måtta avlyst alle planlagte aktivitetar i sommar. Målet var opptrening gjennom august måned og "come back" ved Mesterskapshelgen 6.-7. september. Etter endt første dag på mesterskapet kunne eg heldigvis konstatere at alt gjekk etter planen: På dagens offisielle Working Test endte vi opp med 93 poeng (av 100), plassering (4 WT-elite) og ikkje minst semifinaleplass! :D Søndagen hadde Victor vore uheldig med eine auga sitt (var raudt og han klarte ikkje å halde det ordentlig oppe), men vi lot det stå til. Om det var pga. auga, eller kva, det haldt ikkje til finaleplass. Til tross for fin walk-up og spikra minnesmarkering - det blei for omstendeleg dirigeringsarbeid. Det var himla lang avstand, med masse trær i vegen og vi rota oss vekk både eg og Victor... Uansett er eg strålande nøgd med at vi kom så langt som vi gjorde! :) For øvrig viste eit veterinærbesøk dagen derpå at Victor faktisk hadde fått eit sår på hornhinna, som vi har behandla i ettertid.
Semifinale Mesterskapshelgen. Foto: Hallvard Abildsnes

Ellers så har vi utvida flokken sidan sist! Vi har fått i hus Victors førstefødte! :D Michnos Lars Monsen er like snill og god som sin far. Veldig lik i atferden faktisk, ein roleg, forsiktig og fin fyr som logrer med heile seg og har mange av dei same faktene som far sin. Blir spennande å trena han, men han får vere kvalp, og hittil har vi hatt mest fokus på sosialisering og miljøtrening. Vi kosar oss på apporteringsforberedende valpekurs og det er generelt mykje kos med ein liten sjarmør i hus. :)
Far og sønn. Monsen er 15 veker gamal på dette bildet

Det er nye kvalpar etter Victor på gang! :D Utruleg kjekt at Anne ved Kennel Labbsport ville bruke Victor til sitt andre kull på Cilla. Vasegaard's Pips Cilla er ei trygg, triveleg og sosial tispe etter gode jaktlinjer. Dette blir labradorer med stor arbeidslyst og -kapasitet! Intelligente, agile, med godt temperement, "strong will to please" og sjølvsagt vannpasjon - iht. rasestandarden:) Begge foreldredyra har god helse og er fri for hofte- og albuedysplasi, fri for augesjukdomar (inkl. PRA), fri for CNM, EIC og SD-2. Anne skal behalda ein kvalp sjølv, og hadde eg ikkje hatt Monsen ville eg nok hatt ein eg òg, for dette er ein kombinasjon eg har stor tru på. Spennande tider altså!

Til slutt må eg bare nemna at eg og Victor deltok på A-prøve den 3. oktober, og han fekk vist seg som den gode jakthunden han er! 1. pr. hund med alle nødvendige egenskaper på plass, men dessverre måtte vi trekkast ein premiegrad pga. eit lite "hjernedrypp" undervegs. Det var på eit tidspunkt då Victor kom inn med fugl at han plutseleg hadde mista retningssansen og ikkje fann meg att - det blei for ineffektivt då. Men ellers var han suveren og fekk vist markeringsevne og styrbarhet/lydighet, sjølvstendig søk/jakt/viltfinnerevne, med bl.a. to eye wipes og ein runner - moro var det!