mandag 25. mars 2013

Vinner Eliteprøven Jæren 2013

Det er tittelen på pokalen vi har med heim etter helgas jaktprøve i regi av NRK avd. Rogaland - er jo stas då! :-D Eg har aldri vore bortskjemt med å vere best, men i Team Victor får vi det til! Fantastiske hunden min, denne helga fekk han vist kva han er god for! Utruleg hyggeleg med alle fine ord frå alle rundt, både med-prøvedeltakarar og heiagjengen heime - at så mange engasjerer seg og gler seg med meg er stort! Vic skal visstnok ha påført enkelte av tilskodarane "frysninger" og "gåsehud" med oppvisinga si. :) Han er ein bra hund, det viser han til stadig, og eg er evig takknemlig til Anders og Mirjam ved Carmal's som lot meg kjøpe han! Med jevnlig trening framover (ilag med gode treningsvenner!) og vår sterke relasjon skal vi nå målet om NJCH-tittel i år... ;)

1. Premien fekk vi som einaste ekvipasje lørdagen altså. Første delen av prøven var ein walk-up på jorde med alle 12 deltakarane på linje. Vi byta kontinuerleg på å vere inne til bedømming, fire i gangen, for dommarane, Birgitta Staflund Wiberg og Boye Rasmussen. Beundringsverdig av prøveleiar å halde orden på alle! Første markeringa vår var langt ute på det opne jordet og Vic blei sirklande lenge før han fann dummyen. Eg vurderte om eg skulle bryte inn og hjelpe han, men valgte å la være sidan han jobba i området. Mange dommarar har jo sagt at dei vil sjå markeringsarbeid og vil ikkje at vi skal bryte inn før hunden evt. er på vei ut av området. Min vurdering viste seg i dette tilfellet å vere feil, eg burde ha dirigert hunden for bedre effektivitet, var dommarens dom. Nyttig lærdom! Neste oppgåve var ei dirigering mot "rabbit" på jordet, der Vic viste seg å vere særs dirigerbar:) Siden var det ei dobbelmarkering på linje, der Vic bråsnudde ved den nærmaste då han fekk ferten av den - nydelig! Siste oppgåva vår i walk-upen var ei dobbelmarkering som fleire andre hadde slite med. Vi fekk anvist vår dummy og igjen var det ingen problem for Vic - stolt matmor, ja! Så braut vi for lunsj og no var matlysta endeleg tilbake...

Nokon av deltakarane var ute i løpet av walk-upen, men dei fleste hang enno med då vi bevega oss til eit nytt område. Vi blei ståande stille tett på linje, mens det var fleire oppgåver i og rundt skogholtet framfor oss, med skudd og kast som forstyrrelser. Første markeringa vår landa skjult i eine enden av skogen. Eg sendte Vic inn, han kom tom ut og eg måtte dirigere han tilbake, gjekk rimeleg ok. Neste oppgåve var ei markering som hadde landa skjult på andre enden av skogen. Eg sendte Vic inn, han søkte av området (eg kunne ikkje sjå han anna enn glimtvis, så eg stolte på han) og kom ut med dummy:) Siste oppgåva vår var ei rein dirigering i jordekanten, og forutenom at Vic ikkje stoppa på første fløytesignalet mitt gjorde han igjen ein fin og effektiv jobb. Eg var alt i alt svært nøgd med Vic, men ein veit jo aldri kva dommarane vektlegg, og det var utruleg stort å få vår første 1.EK den kvelden, før vi feira med god mat og godt selskap. :) Kritikk: "En härlig labhane som börjar dagen med en liten förarmiss. Han blir bättre och bättre under hela dagen och visar en mycket god balans mellan självständighet och samarbete. Han använder alla sina sinnen vilket gör hans arbete effektivt."

Korleis gjekk det så søndagen? Vi starta med laaaangvarig drive (over ein time!) med 13(!) ekvipasjer på linja. Vic var superkul og søkte effektivt då det var hans tur. So far, so good... Så var det walk-up der han gjorde ein fin markering i eit område der fleire sleit.. Og så var vi uheldige og fekk den vanskeligste dirigeringa (då hadde ekvipasjen før oss måtta gitt opp)... Stor avstand, jorde, ingen referansepunkter for hunden. Fekk stoppa han fint eit par ganger på vei ut, men så plutselig var det som om han fekk fyrt opp ein rakett i rumpa! Han tok ut og sprang som om han hadde fanden sjøl i hælane! Og han høyrde ingenting lenger... Der enda dagens prøve for oss - "out of control". Hehe, sånn er det med desse dyra, alt kan skje - og det er jo det som gjer det artig. Kritikk: "Starter dagen fint og viser god vilje i søget og på markeringerne, mangler lydighed på de lange dirigering og stoppes." (Vic fekk mykje skryt for feltsøket sitt!) Eg er uansett strålande nøgd med innsatsen vår denne helga! Vi var relativt rolege, fokuserte og heilt på nett - meste av tida iallfall... ;) Gratulera så masse til søndagens verdige vinnar, Hege, med sin Blue, som til og med fekk HedersPris!! :-D Og igjen var det bare ein 1. pr. - ganske eksklusivt altså. :)

Må til slutt berømme NRK avd. Rogaland med helgas opplegg! Med bare tre personar i Jaktkomiteen har dei laga ei proft opplegg vha. dyktige medhjelparar. Flott terreng og tøffe dommarar. Grillmat og reker - topp stemning! Takk for oss, vi kjem gjerne igjen! :)