søndag 28. september 2008

Lørdag 27. sep. – Durban City!

I går kjørte vi inn til Durban Sentrum, ein tur som normalt tar ein drøy halv time, men vi brukte over ein time i går, sidan vi blei ståande fast i ein trafikk-kork utan like! Det var heilt kaos av bilar, ingen tar hensyn, men kjører bare rett på.. Vi kom endeleg fram, og fekk parkert bilen. Var ganske spesielt å gå ut av bilen og vera dei EINASTE kvite der, blant svarte afrikanarar og indarar. Vi var vel ikkje heilt høge i hatten, der det lyste TURIST av oss lang veg..!.. Fann butikken vi hadde sett oss ut på førehand; var meininga vi skulle sjå på zebra-skinn, men den avdelinga var stengt. Det var vel kanskje like bra, då vi fekk vita prisen: frå 10.000 Rand og oppover! Dvs. frå ca. 7.000 NOK for det billegaste.... Men dei hadde masse anna artigt i butikken! Smykker i gull og perler, malte strutse-egg, m.m. Eg kjøpte meg eit handlaga salat-bestikk i tre og ein kam i Ibenholt. Etterpå gjekk vi ut på ein marknad, der eg kjøpte meg øyredobar, armband og smykke – CHEAP, CHEAP!:-)

Vi surra litt då vi skulle finna African Art Centre, sidan vi ikkje turde å ta opp kart-boka........ Så det droppa vi heller, får ta det ein annan gang... Tok oss heller ein matbit. Vi ville prøva den lokale retten Bunny Chow, som er ei Curry-gryte (vi valte m/kylling) oppi eit hult loffbrød! Servitøren advarte oss om at dette var sterke saker (var ikkje tilrettelagt for turistar akkurat...) – og det fekk han heilt rett i!! Phuh! Eg klarte ikkje å eta særleg mykje av det – smaksløkane mine var jo brent av!.. Artig å ha prøvd ekte Sør-Afrikansk mat då.

Vi kjørte så vidare til Bartle Arts Trust (BAT) Centre nede v/ havna. BAT er eit populært kunstsenter, m/ konsertsal, bar, restaurant og gallerier. Var meininga vi skulle sjå ei framsyning av Zulu-dans, men den hadde visst vore før vi kom... Vi hadde det likevel hyggeleg der, og fekk kjøpt oss eit par flotte malerier laga av Ezequiel Mabote; ein flink og triveleg kunstnar, som har solgt arbeidet sitt i mange land.

Durban er ein svær by, som vi i går fekk bare ein liten smakebit av, men førsteinntrykket er at det er skittent, masete og mykje folk... (Eg er ikkje rasist altså, men kor er dei kvite??) Vi skal no uansett tilbake og utforska byen ytterlegare, for den har mykje å by på!

Forresten såg vi tre ”albino-svarte” på nokre få timar og bare på eit lite område! Det er jo litt spesielt.... Verkeleg regnbue-nasjonen dette! ;-)

Fredag 26. sep. – Field Trip!

Fredagen var vi på rundtur i området vi skal henta informantar i, ”kommunen” eThekwini. Yvonne, prosjektleiar her nede, hadde ordna med ”guide” for oss, ei hyggeleg dame som heiter Helen, v/ Narrative Foundation. Området vi kjørte rundt i heiter The Valley of A Thousand Hills, og er fantastisk vakkert, med frodige dalar og åsar.

Første stopp var hos The Valley Trust – A Center for Health Promotion, der vi prata med leiaren om evt. muligheter for å få hjelp til datainnsamlinga vår. Han fortalde oss at (Oi, no gjekk det akkurat ein apekatt forbi leilegheita vår!!) dei nesten er over-forska på innan HIV/AIDS-området, og at mange av dei personane som er tilknytta organisasjonen allereie er overvelda av arbeid, så det kunne bli vanskeleg. Han var likevel svært interessert i oppgåvene våre, og ville prøva å hjelpa oss så godt som han kunne, så det var jo positivt. Skal senda han prosjektbeskrivelsen vår, så får vi sjå.

Neste stopp var hos Embocraft Training Centre Trust, der vi møtte ei fantastisk dame med ei god utstråling av varme og ro. Senteret lærer opp fattige, arbeidslause kvinner i sying og anna handarbeid, slik at dei får mulighet til å gjera seg eit levebrød. Butikken deira var full av flott handarbeid; alt frå vesker, puter og bordbrikker, til perlesmykker og –nøkkelringar. Eg kjøpte meg eit nydeleg perlekjede. Mottoet til Embo er: ”Masisebenze ndawonye / Let’s work together for change”, og det lykkast dei med i stor grad

Etter dette kjørte vi inn eit svært fattig område som heiter Ngcolosi. Her var vi innom førstehjelpsstasjonen, og det kan verkeleg ikkje samanliknast med Norge! Minna ikkje om noko som kan gje deg førstehjelp akkurat... Vi fekk møta Thandi Langa, ei sterk dame som starta ein organisasjon som tilbyr omsorgsarbeid heime hos HIV/AIDS-sjuke, utført av frivillige.

Phakama Care Centre, v/ Mr. Shandu, var neste stopp. Dette er ein dagheim for foreldrelause og fattige born i alderen 1-5 år. Her får borna mat og omsorg, og dei fattige familiane får litt avlastning. Mr. Shandu er òg leiar av den lokale helsekomiteen, og er ein svært engasjert mann, som jobbar for bedre kår for alle i dette svært fattige området. Ein får lyst til å bringe desse sjønne borna heim til Norge, der dei kan få ein trygg oppvekst med alt dei treng! Vi har det jammen godt i Norge ja...

Siste stopp var Hillcrest AIDS Centre, ein organisasjon som jobbar for HIV/AIDS-sjuke, gjennom mange ulike prosjekt: HIV/AIDS kunnskapsformidling og rådgjeving, sjukepleie og heime-omsorg, inntektsgenerering vha. handarbeid, mat-utdeling, begravelsesfond, m.m. Dei har til og med ein eigen bygning der dei tar imot AIDS-pasientar som er så sjuke at dei bare ventar på å dø, og då tilbyr Hillcrest dei omsorg, kjærleik og ein fredfull ende på livet...

tirsdag 23. september 2008

Mjuk start...

Vi har fortsatt ikkje kome i gang med jobbinga, her nede er det skuleferie denne veka, og i morgon er det ”National Holiday”. Vi fekk no likevel besøkt universitetet i dag (University of KwaZulu-Natal), og skal tilbake torsdag for å jobba litt. Campusen der psykologi-avdelinga ligg, Howard Campus, er ikkje så veldig stor. Det er veldig fint der; frodig, med masse planter. Vi fekk møtt fleire av dei som jobbar på avdelinga ”vår”, veldig trivelige folk, og vi blei godt imottatt. Eit par av damene der er 60 år, og i den alderen tvingar Universitetet dei til å pensjonera seg! Visstnok for å sleppa yngre krefter til (har nok ein samanheng med at arbeidsledigheita i S-A er oppi 30%...) Heilt omvendt i forhold til Norge altså – og ganske trist spør du meg. Desse damene vi møtte er fantastisk flotte og spreke damer med mykje kunnskap og lang erfaring – Universitetet gjev dermed slepp på store ressursar!!

Ellers fekk vi høyra ei historie av to MA-studentar som på veg til campus i dag nesten hadde blitt robba! To unggutar i 15-16 års alderen hadde først spurt studentane om vegen til ein jente-skule, så om kva klokka var, og til slutt bedt studentane om å gje dei mobil-telefonane, ellers skulle dei drepe dei!.. Gutane hadde ingenting på seg, og var visst ikkje særleg truande, så studentane tok dei ikkje alvorleg – før eine guten stakk handa i lomma til eine studenten for å få tak i mobilen! I staden for å gje gutane det dei ville ha (det vi får anbefalt å gjera om nokon prøver å rana oss) eller leggja på sprang, satte den mannlege studenten i å skrika og hyla alt han orka(!), og då forsvann gutane kjapt, i rein forskrekkelse.. Så då veit vi kva vi skal gjera om vi kjem oppi ein liknande situasjon – så lenge ingen held eit våpen mot oss... Heldigvis er Ballito, der vi bur, rekna for å vera ein særs trygg stad, der vi til og med kan gå gatelangs om kvelden! Forøvrig får vi reaksjonar frå alle på det at vi bur i Ballito, men jobbar/studerar i Durban! Folk synes det er ein forferdeleg stor avstand – og då brukar vi 40 min. i bil! Så det at folk reagerer på det synes VI er rart igjen; vi er jo vant med å forholda oss til store avstandar og å bruka litt tid på å reise mellom heim og jobb – noko innbyggjarane i Durban ikkje er, til tross for at det er ein diger by. Rare greier... Mistenkjer òg at folk reagerer fordi Ballito er eit veldig fint område, med dyre hus, der dei rike pleier å feriera...

Då vi kom heim frå Durban fekk eg lagt meg ved bassenget og sola meg ei lita stund – deiligt! Vi har fått vita at første helga vår her har vore den kaldaste helga i KwaZulu-Natal i heile år!! Typisk min flaks... I tillegg har desse dagane vore dei mest politisk intense dagane på lang tid, med President Mbeki som måtte gå, og at landet no plutseleg sto utan President! Historiske dagar vi får oppleva her i Sør-Afrika no altså.

Eg har forresten byrja å trena igjen!! Hurra for meg! Vi meldte oss inn i den lokale ”Gym’en” i går, og starta same kvelden. Kjenner det i kroppen i dag...

I kveld skal vi ut og eta og ut på byen etterpå – blir nok litt liv sidan det er offentleg fridag i morgon.

søndag 21. september 2008

Nokon bilder...


Eg og Anette har krokodille til forrett! Kjersti nyter Carpaccio.


Stova vår i Ballito - vi har funne oss godt til rette! :)


Utsikta frå altanen på leilegheita vår - Det Indiske Hav!
Havet kom litt brått på meg, og eg blei VÅT!!
Ein svettande krokodille...
Dette er ein to år gamal Nil-krokodille!..

I Sør-Afrika!

No har vi fått installert oss i leilegheita i Ballito, og eg skal prøva å få blogga litt om opphaldet vårt her nede framover. Har ikkje fast internet-tilgang, så det vil begrensa seg litt.. Og det blir lite om hund dei to neste månadane! Men Shira har det kjempefint heime på Skogen ilag med Bjørn og Syver. Ho spring fritt rundt på garden og har det betre enn nokon sinne! Trur ikkje ho savnar meg... :-s

Fly-turen ned hit tok nesten eit heilt døgn, men det gjekk smertefritt, og eg kan anbefala å fly med British Airways på det varmaste! Vi fekk full oppvarting og alt vi trengte heile vegen.

Leie-bil frå AVIS, ein snerten kvit VW Polo Classic, og Anettes erfaring med å kjøra på venstre sida av vegen brakte oss trygt fram!:) I Sør-Afrika er det mykje finare vegar enn heime i verdas rikaste land, med fartsgrenser opp i 120..! Leilegheita er stor og fin, fullt møblert, med altan og greier. Ligg i eit fint område, inngjerda med døgnbemanna vakt. Forøvrig klarte vi å punktera eit fram-dekk i dag..! Heldigvis blei det flatt midt på lyse dagen, og vi fekk raskt assistanse av ein passerande snill innbyggjar. (Vi hadde jo sjølvsagt klart å skifta hjul sjølve, men er jo kjekt med litt hjelp òg!)

Vi var litt uheldige med veret dei første dagane, med regn og sterk vind, og ganske så kaldt – her er det vår no! Vi har no fått besøkt det enorme kjøpesenteret Gateway og sett litt av området. I dag var vi i Crocodile Creek og fekk sett MASSE krokodillar, + haldt ein 2 år gamal nil-krokodille!! Etterpå gjekk vi på restaurant og ÅT ein.... (Ein smule makabert kanskje...) Smakte godt, men var litt rart å ete kjøt av ei svær øgle/dinosaur-sak..! Kvitt, fast kjøt, på ein måte ein slags blanding av fisk og kylling.... Forøvrig et og drikk vi godt her, for her er det skikkeleg billeg!! :-D

mandag 8. september 2008

Begivenhetsrik helg!

Det har vore ei særdeles travel helg på hundefronten - og ikkje minst ei veldig kjekk helg! :)

Lørdagen var det agility-stevne på Brekke, Maridalen, i regi av klubben vår, så då var eg medhjelpar der. Sto opp 0615(!), brygga kaffe til kiosken og var på plass kl. 0730. Frå då av gjekk det slag i slag med bane-bygging, eigne startar og rydding til slutt. Vi jobba i nesten 12 timar! Men det var kjekt, sosialt og det styrka tilhørighetsfølelsen til klubben. Første løpet vårt i hopp gjekk kjempebra!:D Eg hadde vore så nervøs på førehand, og nesten ikkje sove natta før, men Shira skuffa ikkje. Litt kranglete (mot andre hundar) var ho, men det gjekk bedre utover dagen. Og min største skrekk; at ho skulle storme ut av ringen og lemleste nokon stakarsar på sidelinja, det skjedde sjølvsagt og heldigvis ikkje. Ho hadde full fokus på meg, og vi kom gjennom banen med 1 feil og 1 vegring, innan standardtida - HURRA! Dvs. 2. premie, så eg er strålande nøgd!! Dessverre var det så mange påmeldte, og mange som gjorde det bra, at vi fekk ingen premie for det, men vi er like glade.
AG-løpet gjekk ikkje fullt så bra, der diska vi fordi Shira var heilt fjern på det tidspunktet. Vi fekk då likevel fullført, med fine felt!:)
Til slutt var det open hopp-klasse, ein kjapp og tett bane. Der gjorde vi eit bra løp, heilt til slutten der Shira gjekk i ei felle og tok feil hinder. Eg skulle vore meir obs på fella og dratt ho meir mot rette hinder, men, men... Fortsatt fornøyde vi - var jo kjekt likevel!!
Gitt om vi var slitne etter den dagen!!

Søndagen måtte vi òg opp tidleg, og kjørte til Drøbak. Då var Bjørn og Syver med for støtte, så det var ekstra hyggelig. Første løp var ein ganske vanskeleg hopp-bane, m/ alle hinder på max høgde (svenske dommarar er tøffe!). Vi gjorde likevel eit godt løp, men blei diska fordi eg hadde gløymd å ta av flått-bandet til Shira!!! Forferdeleg surt altså! Synes vi kunne ha fått sluppe unna med ein advarsel - det er tross alt kl. 1, og det er jo ikkje snakk om eit halsbånd i den forstand!! Grr.......
AG-banen var òg vanskeleg, med utfordrande handling. Her mista eg Shira eit par ganger undervegs, ho blei distrahert av spennande lukter i grusen... Vi mista mykje tid på det, og pådrog oss feil og vegring, men det haldt likevel til ein 3. premie - og eg er fornøyd med at eg i det minste klarte å hanke Shira inn att rimeleg kjapt då ho starta med snusinga si, for det er ikkje alltid like lett!!

Alt i alt ei ganske vellykka helg! Det var to slitne jenter som kom heim til leilegheita i går..!

torsdag 4. september 2008

Blodspor

I går var siste kurs-dag, og vi fekk gå ei test-prøve, der instruktøren (dommar) hadde lagt eit langt og umerka spor ut dagen før. Ei ny utfordring for meg og Shira! Ho starta kjempebra og var veldig spornøye - heilt til ein vinkel med blodopphald. Vinkelen låg midt i ei kryssing av mange stiar, så det var ganske utfordrande. Vi måtte til slutt få hint frå dommaren om retninga, og eg tar sjølvkritikk på at eg ikkje fulgte meir med. Eg kunne ha hjelpt Shira meir v/ å vore merksam på blodflekkar i terrenget, spor etter sporleggjar og tenkt litt over kor det ville vore logisk å gå vidare... Dessutan burde eg hatt blod på handa og gitt spor-signal (handa i bakken + kommando "spor") med ein gang eg oppfatta at Shira var av. Jaja, vi lærer jo av det. Er litt meir for førar å halda styr på enn eg trudde i utgangspunktet; vi er ein ekvipasje, eit team - det er ikkje bare Shira som skal jobba... Vidare i sporet kom vi over fersk-spor av rådyr, og då tok jo Shira ut i 120 sjølvsagt! Lina brann godt i handa mi, og det var såvidt eg fekk stoppa villdyret mitt! Heldigvis fekk eg hanka ho inn att, og resten av sporet gjekk greit. Verdt ein 3. premie visstnok, så vi fekk jo faktisk godkjendt tross alt! :) No må vi øva meir på lange spor lagt av andre, der eg ikkje veit kor det går, og vinklar med blodopphald.

Har visst gløymd å nemna kven som har kursa oss! Det er Oslo Hundeskole, og kan anbefalast.

I kveld er det forøvrig siste AG-trening før konkurranse-helga vår...... Shit altså!