søndag 14. februar 2010

Hønsecup post 2

Gratulera med morsdag og Valentine's Day!

I dag var det tid for andre post av hønsecup'en, og vi stillte opp med godt mot i eit flott vinterver. Bjørn og Ann (mor hans) var heiagjeng. Posten var innkalling frå sitt, med ein annan hund som forstyrring. Ingen problem det, for Vic, men dommaren ville ha han inn i på plass, og då blei det straks verre - for det har vi aldri trent på!.. Jaja, fekk 15 av 20 poeng: En overbevisende prestasjon. Oppgaven løses sikkert, men med mindre feil. Er no uansett kjekt og sosialt å vere med! Etterpå drog vi heim til foreldra til Bjørn og fekk varm sjokolade og fastelavensbollar, NAM!:)

søndag 7. februar 2010

Søndagstur i nydeleg vinterver!

I dag fekk eg og Vic med oss Bjørn og Shira ut på vår faste søndagstur med Jack, så det var veldig koseleg! :) Fantastisk ver, kaldt, men med strålande solskinn! Bikkjene fekk kappspringa med Jack, det gjekk så snøen spruta, og vi var vel alle like raske;) Shira var skikkeleg sliten etterpå, mens Vic er ustoppeleg. Flott tur, men dessverre klarte vi å mista reflekskobbelet til Vic som matchar halsbåndet og selen hans. Gjekk akkurat same vegen tilbake som vi kom, men såg ikkje kobbelet, så det er nok ein heldig hund som har fått seg nytt fint kobbel i dag... (Var mange folk ute på tur i dag) :-/


Shira, Jack, meg og Victor (bilde tatt av Bjørn og hans htc-mobil)

No nærmar det seg ett-års dagen for Victor, han var 11 mnd. i forgårs. Sjekk ut bilder av Victors fine gule brødre på Carmals blogg - dei er jammen blitt store karar dei òg. Artig for meg å sjå dei igjen for første gang sidan dei var 6 og 8 veker gamle - spesielt sidan det var ein av dei to eg eigentleg hadde mest lyst på (hysj, ikkje sei noko til Vic!). Kunne sjølvsagt aldri i livet tenkt meg å bytta i dag, og er bombesikker på at eg fekk den aller beste valpen! ;) Ellers kan ein sjå ein av Victors svarte brødre på Isalina Pepz blogg - dei er ganske like!