torsdag 21. mai 2009

Når villdyret våkner...

I dag er Victor 11 veker, og i løpet av dei siste dagane har det skjedd noko med han... Villdyret har endeleg vakna, og han har vist oss at det ikkje er noko som helst gale med han, han er ein heilt normal kvalp no! :) Det eg siktar til er at Victor har vore så ekstremt roleg av seg at vi blei nesten litt bekymra for han, men han har i løpet av få dagar no blitt meir og meir aktiv - og no savnar vi nesten den gamle Victor! ;) For to dagar sidan haldt han det gåande med Syver heile dagen, i fullt tempo, og på kvelden var han med på Retrieverklubbens jaktcup. Der haldt han ut i tre timar, og var i storform. Helste på mange folk og vaksne retrievere, og fekk leikt med ein Golden-kvalp på ni veker som heitte Viggo. Victor var litt skeptisk i starten, men slapp seg laus ganske raskt. Og midt i det heile ville han faktisk heller trene enn å leike! Den hunden er jo bare heilt rå!! Og då vi kom heim tok det fortsatt ei stund før han "kollapsa". Og ikkje ein gang etter ein sånn lang og aktiv dag fekk mor sova heile natta... :-s

Dette var altså vårt første møte med retriever-klubben, og det var masse trivelege folk der. Verkar som om det er eit godt miljø der. Og så var det så fin atmosfære mellom hundane!! Var veldig mange der den dagen, men alle var samla og oppførte seg hyggeleg mot kvarandre. Dette ser ein ikkje ofte der det er samla mange hundar av ulike rasar... Retrieverane er verkeleg trivelege hundar! :)

I går var vi heime heile dagen, og då var Victor skikkeleg masete og bøllete! Det måtte skje noko heile tida, og sidan det ikkje gjorde det (eg måtte bruka tida mi på å skriva jobb-søknad), blei han veldig rastlaus og masete - kjeda seg skikkeleg! Eg måtte halda han og Syver atskilt sidan dei akkurat var blitt dynka i Exspot, og sidan vi skulle på valpekurs på kvelden og då var det om å gjere å ha litt energi igjen til det... Valpekurset gjekk bra. Vi trente på passeringstrening, gå på plass, sitt og bli, helsa på framande utan å hoppa, og innkalling.

I natt fekk eg sova seks og ein halv time i strekk, så det kjem seg:) I dag er planen å ta ein tur inn til byen og besøka ein kompis. Tenkjer kanskje å gå eit blodspor med Shira òg.

lørdag 16. mai 2009

Bilder frå dei to første vekene med Victor


Shira soler seg og Victor held ho med selskap


Heile gjengen på eit brett - ikkje så lett å få til...


Fine hundane mine!! :)


Victor et blomar mens Shira poserer meir vant


Victor ser på eit fly :)


Shira og Victor leikar. Shira ser litt gal ut, men ho er verdas mest tålmodige med Victor altså!


Trening: God kontakt!


På valpekurs: Victor kan kunsten å gå fint i band! Bjørn synes det er litt langt ned til Victor...



Gutta tar ein blund i lag på sofaen


Er som regel desse to karane som får nyta senga til Shira...


Her har Victor'en sovna på kjøkengulvet - han er ein liten trøtting.


Fått margbein - NAM! Er ikkje Victor søt?! :)

torsdag 14. mai 2009

Victor er no 10 veker gamal...

...og det er tid for ei oppsumering av korleis vi kjenner han så langt.

Victor er først og fremst ein utruleg søt og snill hund! Han sjarmerer alle han møter heilt i senk. Han er ein veldig roleg valp, nesten så eg blir bekymra... Alle kommenterer det, og eg trur han er den rolegaste valpen eg har møtt! Det er no heldigvis litt liv i han òg: I lag med Syver herjar han bra, og han blir veldig ivrig når vi trener:) Victor er ein skikkeleg glad-gutt, halen visper og går konstant! :D Som den labradoren han er er han VELDIG glad i mat, og det koker fullstendig over for han når det er måltid på gang, men vi får han no til å sitja, og jobbar med at han må venta på værsågod... Han er (heldigvis) ein heilt anna type enn Shira: Held seg i nærleiken av oss heile tida, diltar i hælane på oss, mens Shira var over alle hauar allereie i den alderen der, så det lovar jo godt for framtidig trening av Victor!;)

"Sitt" kan Victor no, og han er veldig flink på innkalling, både på namnet sitt og spesielt på fløyte (lært inn hos oppdretter). Å gå fint i band er ingen problem for han. Ellers jobbar vi med å sette seg inn på plass og bli. Vi fekk dessverre eit stort tilbakesteg i "på plass"-treninga etter at eg var så uheldig å trakka på han, og då blei han skremt:( Men Victor er ein solid hund, og ein smart hund, så eg trur dette skal gå seg til ganske raskt. Vi får handtera han utan problemer: Klippe klør, rense auger og øyrer, etc.:) Og han synes det er heilt ok å kjøra bil, då bare legg han seg til å sova.

Victor er altså ein fantastisk fin hund på alle mulige måtar, og eg er så takknemleg for å ha fått kjøpa han av Mirjam og Anders ved Carmals Gun Dogs. Einaste vi sliter litt med er nettene. Vi har kun sove ei heil natt sidan vi fekk han for snart to veker sidan. Dette er heilt ulikt frå korleis Shira var, ho sov natta gjennom frå første stund. Lurer på om kanskje gutane rett og slett ikkje klarar å halda seg like lenge som tispene? Vi legg oss rundt midnatt, og så er det opp i fire-tida og seks-sju tida att... Byrjar å bli slitsomt. Han sover i bur i stova, så han har vore veldig flink å sei høgt og tydeleg ifrå når han må ut, og det har gått greit, men dei siste nettene har han tissa i buret før eg rekk fram, og dette synes eg er rart. (Han har ikkje vatn i buret om natta.) Eg sover veldig lett og spretter opp straks eg høyrer han. Nokon som vil dela sine erfaringar på dette området med meg?

-TRØTTE Therese-

søndag 10. mai 2009

Meir miljøtrening

I går starta vi dagen etter ei rekord-lang søvnfull natt! :D Victor sov i heile sju og ein halv time - herligt!! Vi kjørte inn til byen for å gå på årets store skrotmesse på Ekeberg. Ein perfekt miljøtrenings-mulighet for både liten og stor. Shira var reist på besøk til PI for helga (ho er populær den tøtta), så eg og Bjørn tok med oss Syver og Victor. På Ekeberg var det ekstremt masse folk og mange hundar med. Vi møtte faktisk ein gul jaktlabrador!:) Ei tispe på to og eit halvt år. Var veldig artig å sjå kor Victor tydeleg kjendet att rasen sin! Han har ikkje vist ein sånn glede og iver over å treffe andre hundar som då han såg denne her!!:) Vi møtte òg ei tispe som var veldig lik på Shira, blanding av Border Collie og Staff. Ho var veldig glad i kvalpar:) Ellers fekk Victor helsa på masse forskjellige folk òg. Umulig å bevege seg effektivt framover gjennom ei folkemengde med ein sånn søt valp som Victor på armen: Alle smiler og vil klappe og synes han er fantastisk:) Og Victor er like glad og trygg over for alle saman!:) Til og med ein stor hest fekk han helsa på, men veit ikkje heilt kva han eigentleg oppfatta av den - den var jo så enorm for han!

Victor blei raskt trøtt av alt dette her, så vi måtte bera han mykje av tida - og gitt om han veks for kvar dag! Til og med Bjørn syntes Victor var tung!! Då vi fekk han veide han 6,8 kg. Skal vega han igjen i dag og sjå kor mykje han har lagt på seg i løpet av veka...

Etter skrot-messa besøkte vi nokon venner på Tøyen, og då var Victor så sliten at han bare sov..

Victor og Syver er forresten blitt gode kompisar no!:) I starten var Syver veldig skeptisk og anspent, likte slettes ikkje dette ny-tilskuddet i familien... Syver er veldig oppmerksomhetssjuk og eiesjuk, så han blei jo veldig sjalu. Men etter eit par dagar fekk vi eit gjennombrudd då vi var på besøk hos foreldra til Bjørn. Då leika plutseleg gutta i lag! Og sidan har dei herja fint i lag og har det moro saman:) No ligg dei tett saman og sover på senga til Shira...

lørdag 9. mai 2009

Bilder frå helga i Sverige då vi henta Victor


Bjørn med pappa Lee. Vi satsar på at Victor blir like flott som far sin!:)


Eg og mamma Kita som er svensk jakt-champion.


Victors fine foreldre: Lee og Kita


Victor "angriper" broren


Victor byr opp mamma Kita til leik. Oppdretter Mirjam følger med.


Vetle go'guten vår Victor :)

onsdag 6. mai 2009

Miljø-trening

Blir mykje Victor-prat her framover...

Er fortsatt litt hektiske etterdønninger av masteroppgåve-innspurten her, så Victor blir med rundt på div. ærender, med miljøtrening på kjøpet! :)

I går starta vi dagen med å kjøre inn til Oslo, til psykologisk institutt, der eg hadde avtale med ei veninne om at ho kunne passe Victor litt mens eg var ein tur innom legen på Blindern. Eg stressa fælt for å rekke det (den rush-trafikken i Oslo er eit he...!), og så viste det seg pinadø at timen min faktisk var dagen etter!! Blitt litt lite søvn i det siste, så har ganske så demente tendensar her - kanskje det er ei slags amme-tåke?;) Sidan vi no først var i byen ringte eg MY og møtte ho og Åshild for kaffe. Veldig koseleg. Vi var heldige og fann parkering rett utanfor vindauga på kafeen, og sidan Victor var heilt utslitt fekk han sova i bilen mens vi gjekk inn for å vakna litt - ingen problem! :D

På ettermiddagen drog eg tilbake til byen for å feira skuleslutt med klassen, så då trente Bjørn inn klikkeren med Victor og dei fekk gått seg ein tur. Då dei kom for å hente meg på tog-stasjonen seinare hadde Bjørn begge hundane baki Forden sin. Shira er så snill, tålmodig og oppofrende overfor Victor: Mens han låg og breia seg over heile plassen der, hadde ho trøkt seg heilt utpå sida, oppå masse rot!.. Gode jenta mi - ho får (og vil ha!) ekstra masse kos for tida!!:)

Så i dag morges var det på an igjen - sidan det var i dag eg jo hadde lege-timen min. Etter knappe fem timars søvn (lengst så langt..) bega vi oss i vei igjen. Victor har verkeleg skjønt det med bilkjøringa! Han får ligge fastspent (hunde-bilsele) i førarsetet ved sida av meg, og legg seg til å sove umiddelbart:) I dag leverte eg han hos Åshild før eg hasta vidare til legen, og han hadde vore ein prins med ho: Sove heile tida - etter først å ha insistert på at det var oppi senga hennar det skulle skje! Hehe, han er ein kar med sterke meiningar, og går det ikkje heilt sånn som han vil lar han oss få vite det! Han er no morsom då: Ser INTENST på deg mens han bjeffar, men han gjer seg raskt om han ikkje får noko respons:) Ellers er han jo bare fantastisk kontaktssøkende, tillitsfull og trygg overfor alle folk! Og sjarmerer sjølvsagt alle i senk!! På veg heim frå byen i dag kjørte vi innom NKK for å ordne omregistreringa, og alle damene der falt jo hodestups for han sjølvsagt! Så dement som eg er for tida hadde eg jo sjølvsagt gløymt det viktigaste papiret og måtte dra derfra med uforretta sak, og må på an igjen i morgen..!..

I morgen skal vi atter ein gang kjøre inn til Oslo! Då er det levering av master-oppgåva på instituttet som står for tur, og ein liten tur innom veileder for å sei takk - og Victor er med! :)

mandag 4. mai 2009

Victor

Hadde gløymd kor slitsomt det kan vere med valp..! Vi la oss rett etter midnatt i går: Victor i buret som skal vere hans plass, og eg i sovepose på golvet rett utanfor - i stova. Han protesterte nokon minuttar før han la seg til å sova. Eg sov skikkeleg dårleg sjølv om han var roleg - hardt på golvet til tross for fleire underlag!.. I halv-seks tida vakna han og sat stille og venta mens eg heiv på meg morgenkåpa, så bar det ut i full fart. Han fekk tømt seg med ein gang, og har ikkje hatt nokon ulykker inne - flinke guten! Etterpå la vi oss på sofaen i lag og slumra litt til Bjørn sto opp og då fekk Victor ein ny luftetur. Sidan har det gått slag i slag. Han diltar i hælane på meg HEILE tida, og er veldig oppmerksomhetssjuk - seier tydeleg i frå om han meiner han får for lite!

Vi tok ut på køyretur for å henta Shira som har vore hos PI i helga. Victor satt ved sida mi, låst fast i Syvers hundesele. Han klagde høglydt heile vegen (halv times køyretur), og vi måtte stoppa halvvegs for ein liten tissepause. Trur kanskje han var litt bilsjuk, den veien er ekstremt svingete!.. Møtet med Shira gjekk greit. Victor var heilt avslappa, mens Shira var heller skeptisk. Ho snuste på han, mista fort interessa og stakk heller ned til nabo-Rottisen for å herja med ho og ete kattematen dei har der... Shira var no forresten blitt god og rund i løpet av desse dagane, så ho har hatt det godt. Trur det var kjærlighet ved første blikk for Victor, men foreløbig blir det ikkje gjengjeldt. Shira synes han er forferdeleg masete og innpåsliten - ho gjer meg blikk som ser ganske så bebreidande ut! Så må passe på å kose litt ekstra med ho framover så ho forstår at ho fortsatt er dronninga på Skogen sjølv om det har kome ein liten arve-prins til gards!

Victor spydde opp frokosten i bilen på veg heim - triveleg... :-s Og så akkurat på bilbelte-festet då - vanskelegaste plassen å koma til for å få reingjort!.. Trur no eg fekk tatt det meste likevel. Shira tok ein protest-runde og stupte rett i eit gjørmehol då vi kom heim, skal bli greier når vi får heim tredjemann...

I kveld skal vi på valpekurs. Blir spennande. Nett no ligg Victor ved beina mine, sover søtt og lader opp... Han er no sjønn då!

søndag 3. mai 2009

Valpen Victor!


Etter ein kjøretur på nærmare åtte timar frå Sverige har vi no endeleg fått valpen vår heim i dag. Han var kjempeflink på kjøreturen! Sa frå når han måtte på do så vi fekk stoppa for han og sov ellers for det meste:)


Bildet er frå kjøreturen i dag. Meir bilder og meir info seinare - no er mor sliten her!..