søndag 28. desember 2008

Ekstrem hundeavl!

Vil anbefala på det sterkaste alle hunde-entusiastar å sjå dokumentaren Pedigree Dogs Exposed.
Tankevekkjande film om den groteske avlen på ekstreme og abnormale trekk hos rasehundar, med dei alvorlege og smertefulle konsekvensane dette ofte får for hundanes helse og velvære. Dette har gått over alle grenser, og det er sjokkerande at visse oppdrettarar som kallar seg hunde-elskarar ikkje ser kva dei held på med!

Eg skal iallfall velja min neste valp hovedsakleg ut frå brukseigenskapane, helsa og gemyttet til begge foreldra! Og gjera leksa mi iht å undersøkja linjene bakover og oppdrettaren.

Anbefaler òg å lesa kommentarane til dette emnet av Morten Egtvedt.

tirsdag 23. desember 2008

Årets julekort


Vi ynskjer alle ei fin og fredleg juletid og alt godt for det nye året!! :)

onsdag 17. desember 2008

mandag 1. desember 2008

Shira - ein (lang) oppdatering

Endeleg på tide å skriva litt om Shira igjen!
Etter at eg kom heim frå Afrika for ei halvannan veke sidan har eg vore travelt opptatt med å flytte ordentleg inn hos Bjørn. Og før eg kunne pakke ut alle tinga mine måtte vi kjøpe, og ikkje minst bygge, eit svært garderobe-skap frå Ikea - phuh!..! Litt av eit prosjekt... No har eg endeleg fått klærna mine på plass i det minste. I desse dagar er det full utskiftning av vindauger, så det er eit stadig kaos her - ikkje bare bare å bu i eit gamalt hus..!

Shira har i det siste byrja å visa tydelege teikn på at hd'en hennar har byrja å plage ho. Dette har eg frykta, og nærast venta på lenge, og dermed tatt mine forholdsregler ifm. treninga av ho; varme godt opp, gå ned, strekke ut, fòre spesialfòr for ledd-problemer, osv. No har ho altså likevel byrja å plagast med det - forbaska greier! :(

Dei ringte oss frå kennelen då Bjørn var på besøk hos meg i Afrika. Då var ho blitt dårlig, dei kunne sjå at ho hadde smerter i rygg el. hofter. Vi blei enige om at ho kunne få smertelindrande medisin og få vere litt i ro, og så heller sjå det litt an. Dei rapporterte tilbake neste dag at ho allereie var mykje betre, så ho skulle få fortsette på medisinen til vi kom og henta ho nokre dagar seinare.

Då vi henta Shira var det nesten så eg ikkje kjendte att hunden min! Ho hadde jo krympa!! Shira var frå seg av lykke over å sjå oss at, så det var kjekt. Er jo det som er så fantastisk med hundar: Ingen som viser større og meir hemningslaus glede over å sjå deg som dei!:) Då vi fekk roa ned helsinga og satt oss i bilen for å kjøre heim merka vi at det var ein fullstendig utkjørt hund vi hadde med oss. Men det var som om ho ikkje tok sjansen på å lukke augene og miste oss av syne, i tilfelle vi skulle forsvinne for ho att.. :-s Vi fekk masse kos og nuss av ho sjølv om ho tydeleg var svært sliten. Og det er jo ikkje så unormalt etter eit kennel-opphald. På veg heim måtte vi stoppa innom butikken og handla litt. Då vi kom ut att i bilen hadde Shira satt seg godt til rette i framsetet og hadde ikkje tenkt å flytta seg. Bjørn tok tak i ho for å lempe ho baki, men då fall ho fullstendig saman og viste tennene i ein grimase. Trur aldri eg har sett ho visa smerte på den måten før! Eg blei heilt sjokka, og innsåg då alvoret, så stakars go'jento mi fekk sitja i forsetet ilag med meg siste biten heim. Då kunne eg tydeleg merka at ho hadde mista vekt!! Og det er heilt utruleg når det gjeld Shira, som alltid har vore kraftig av seg! No var ho tynn og svak, det var som om all kraft frå bakparten hennar var heilt vekke.

Vel heime lufta vi ho litt, og kunne konstatera at ho gjekk veldig stivt. Og inne bar det rett på vekta, der vi fekk bekrefta vekt-tapet på eit par kg. Dette var sjølvsagt bekymringsverdig. Ho fekk masse mat, og ho var som ein ulv (altså lik seg sjølv..) i matfatet. Eg bestemte meg for å setje ho på orme-kur for sikkerhets skuld og sjå ho an over helga... Ho hadde enorm apetitt og fin avføring, så sånn sett var ho ikkje sjuk. Over helga viste ho òg klar betring, og eg mistenker at vekt-tapet skuldast rein muskel-svinn ifm. at ho blei haldt i ro dei siste dagane på kennelen (ei lita veke). I tillegg mistenker eg no at grunnen til at ho stivna sånn av under kennel-opphaldet skuldast fòret. Hos meg får ho som sagt spesial-fòr, men det fekk ho jo ikkje på kennelen - eg hadde faktisk ikkje tenkt noko særleg over om Shira hadde noko særskilt utbytte av dette fòret, hadde bare tenkt på det som forebyggande... No derimot, er eg ganske så overbevist om at ho har stort utbytte av akkurat denne type spesial-fòr!

Sjølv om ho blei betre, blei ho aldri heilt sitt gamle sjølv att... Ho verka nedfor (noko som berre kunne skuldast smerter), unngjekk å gå i trappa her heime, leika ikkje med Syver og viste generelt tegn på at ho ikkje hadde det heilt godt. Så då bar det til vet'en. Han foretok ei grundig undersøkjing av ho, og ho hylte då han kjendte ordentleg på hoftene - og Shira, som den halve Amstaffen ho er, har særdeles høg terskel for å visa smerte!.. :-s Røntgen-bildene avslørte ein forverra hd-tilstand (vet'en ville anslå sterk grad no, vs. middels tidlegare), med avleiringar på begge hoftene. "Det der ser ikke bra ut" gjentok vet'en, og la til at "den hunden blir iallfall ikke 13 år"! Det er jo ikkje akkurat sjokkerande nyheter for meg, men synes den siste kommentaren var litt unødvendig.. :( Vet'en anbefalte smerte-lindrande medisiner m/ betennelsesdempande effekt (Rimadyl) dagleg resten av livet... Og akupunktur, i tillegg til å ellers bygge muskler vha. svømme-trening. Så no er det store spørsmålet om vi skal fortsetje med Agility-treninga, eller legge opp... Veldig trist, då dette er noko vi begge synes er veldig gøy (Shira kjeder seg ihel m/ lydighetstrening). Det viktigaste no er heilt klart å sørga for best mogeleg livskvalitet for snuppo mi, om det så skal koste meg mine siste kroner! Akkurat no grubler eg altså mykje på kva vi skal gjere framover.....

Om nokon har nokon råd, tips, tankar el. andre kommentarar, set eg stor pris på å høyre dei! :)

P.S. Gløymde å nemna at medisinen hadde umiddelbar god effekt på Shira. No er ho seg sjølv att: Går opp og ned i trappene akkurat som ho vil, leiker med Syver, løper, danser og hopper, er glad og fornøyd, vil heile tida ut og er ganske så rampete - akkurat sånn som Shirusen min skal vere! :)