mandag 6. april 2009

Hunder likner eierne


Ser du ikkje likheten?!
Ikkje eg heller...
VG rapporterer at amerikanske forskarar no meinar at dei har grunnlag for å hevda at hundar liknar på eigarane sine - og visstnok meiner dei at dette kun gjeld utsjånad, personligheten er ulik. Einaste eg og Shira har til felles fysisk er at vi begge kjempar litt for å halda oss nede på trivselsvekta;) Ellers er vi faktisk meir like på innsida; stae og eigenrådige som vi begge er til tider!
Kanskje eg liknar meir på ein gul labrador?.. ;)

tirsdag 31. mars 2009

Hundeloven må reformeres - NÅ!

Dette er namnet på ei facebook-gruppe eg akkurat oppdaga, og så sant, så sant! Oppmodar alle med FB å melde seg inn i gruppa og vise sitt engasjement!

Vis støtte for Amstaffen - signèr oppropet!!
http://www.opprop.no/opprop.php?id=mstaff

Redd Majlo og Odin!!

Dette er sikkert saker som dei fleste har fått med seg no, men det er viktig at enda fleire engasjerer seg mot den uretten som er begått mot desse hundane og deira familie!

Odin er ein Grand Danois som no er blitt begjæra avliva fordi han i leikemodus dytta til ein femåring som uheldigvis slo seg litt i fallet. Uhell skjer!! Men neida, la oss heller kreve bikkja avliven - for eit nisseland vi bur i... Då faren (politiadvokat..) til femåringen la fram krav om avliving tok like godt rettsvesenet med i saka eit tilfelle der Odin klinsja saman med ein annan hannhund og den enda opp med å måtte sy nokon sting. Hundar er dyr!! Dei er ikkje alltid enige dei heller, men vi kan då ikkje gå rundt og forlange avliving på alle dyr som slåss litt! Dette er heilt horribelt. Begge våre hundar har enda opp hos vet'en og måtta blitt sydd etter klinsj med andre hundar, men det hadde då aldri fallt oss inn å forlanga den andre hunden avliven!!! Det kunne jo like godt vore omvendt, og det kan det fortsatt bli - det er dyr vi har med å gjere! Å slå desse to sakene saman blir fullstendig feil! Dei skjedde med eit halvt års mellomrom og handlar om to vidt forskjellige ting - attpåtil to uskuldige ting!! Eg blir så utruleg oppgitt altså!!

For meir info om Odin-saka:
http://www.nettavisen.no/dyr/article2572123.ece
http://origo.no/-/bulletin/show/266432_odin-maa-boete-med-livet

Vær så snill og signèr oppropet til støtte for Odin:
http://www.opprop.no/opprop.php?id=ikkeavlivodin

Majlo er ein svensk registrert Amstaff som har blitt med sine svenske eigarar til Norge fordi eigarane ikkje var klar over det idiotiske forbudet i Norge. No har politiet tatt Majlo og vil avliva denne friske og fine familiehunden som aldri har gjort noko gale! Det er heilt utruleg kva rettsvesenet i Norge får seg til å prioritera! Uskuldige folk og hundar skal straffast, mens voldtektsmenn og valdsforbrytarar får gå fritt omkring i samfunnet vårt! Eg blir så sint og lei meg!!! Noko slikt har eg alltid frykta kunne skje meg og Shira, for eg kan jo ikkje bevisa at ho faktisk er fødd før det tullete forbudet tredde i kraft... No håpar eg verkeleg at desse maktkåte folka tar til vet og lar Majlo koma heim til familien sin og Sverige! Og som alltid har eg fortsatt eit håp om at forbudet mot visse hunderasar blir oppheva.

For meir info. om Majlo-saka:
http://www.adressa.no/nyheter/sortrondelag/article1298943.ece
http://www.nettavisen.no/dyr/article2577947.ece
http://www.nkk.no/nkk/public/openIndex?ARTICLE_ID=5183

Og ikkje minst: Signèr oppropet til støtte for Majlo!!!
http://www.opprop.no/opprop.php?id=ajlo

Ord til ettertanke:

First they came for the Pit Bulls
and they banned them and killed them
their owners cried out in horror but I did not object
because I did not own pit bulls.

Then they came for the Rottweilers
and they banned them and muzzled them
their owners cried out in protest but I did not object
because I did not own Rottweilers.

Today they have come for my dogs
and they will ban them and take them from me
as I cry out in outrage and anger no one objects
because they do not own my dogs.

fredag 20. mars 2009

Valpeoppdatering

Valpane i Sverige er no to veker gamle; dei veks og har det bra! :)
Trykk på Carmals-bloggen på mi bloggliste i venstre marg for å sjå dei nyaste bildene! Kan garantere at du får eit snev av valpesjuke..! :D