søndag 21. august 2011

NRK avd. Kongsvinger og omegn sin B-prøve

Tid for jaktprøve igjen i dag, og det var eit spennande prøveopplegg som møtte oss på Trondsbu. Terrenget var myr, vatn, siv og litt skog. Dommar var Morten Kjelland, og dagens makker var Tone med Augusta, det var kjekt! Vi var tredje par ut, noko som passa meg bra.

Først fekk vi ei dobbeltmarkering med duer som gjekk veldig fint. Etterpå var det ei enkelmarkering ved vatnet, før den vanskelege parten kom... Vi stod eit godt stykke frå vatnet fordi det var mykje myr/"sump" framfor oss. Det kom to skot og bare på siste skotet var det markering. Oppgåva var for førstemann å dirigere rett ut over vatnet til land på andre sida for å hente ei and. Dette viste seg å vere vanskeleg for dei aller fleste. Hundane skjønte ikkje at dei skulle over vatnet og trakk mot den markeringa på sida som dei faktisk hadde sett. Kun eit fåtall hundar klarte oppgåva, og bare ein utan mykje fløyting og mas. Eg fekk heller ikkje Vic uti vatnet. Markeringa etterpå huska han godt, så den spikra han. Så var det tid for feltsøk i eit fint felt. Dette klarte Vic bra, bortsett frå heilt på slutten, då han hadde antydning til å søke litt med vilt i munnen. Dette har eg aldri sett at han har gjort før, men eg får vere litt obs på han framover... Midt under feltsøket blei det eit avbrudd med markering i utkanten av feltet, og den fekk han ikkje med seg i det heile, og viste liten dirigerbarhet då eg prøvde å hjelpe han. Endte med at han plukka vilt frå feltet i staden for markeringa. Dirigering fungerer bra når vi trener aleine, men med ein gang han blir heit og det begynner å koke i den vetle gyldne skallen, så går det ikkje så bra lenger... Nok å trene på altså!

Sjølv om det ikkje klaffa heilt i dag, har vi kome ein lang vei sidan vi starta på vår første AK-prøve i Rogaland i vår, og Vic viste mange positive takter: Han var HEILT STILLE! :-D Han plukka alle vilt utan nøling, og sprang ikkje over nokon i feltet:) Han gjekk fint ved fot, markerte bra og avleverte bra. Han gjorde eit godt inntrykk på både dommar og skrivar - verre med førar, som fekk litt pepper... Men uansett ein kjekke dag uti skauen med to- og firbeinte!

Kritikken ser dåke her:

Kan vere vanskelig å lese den sammenfattende kritikken, så skriver den her (eit ord eg ikkje klarte å lese..):
"Hund som viser ? retr.egensk. Spes. i mark.arb og fritt søk. Dessv. løses ikke dagens oppg., derav premiegraden"

Ingen kommentarer: