fredag 28. mai 2010

For ein debut!

Mandag starta eg og Victor på vår første Working Test. Den var i regi av Oslo-avdelinga til Retrieverklubben og fann stad i Asker. Vi fekk 85 (av 100) poeng!! Superfornøyd!!! Det var heile 60 påmeldte i begynnerklassen, og mange erfarne hundar. Vi kom på ein 11. plass, og Victor var desidert yngste hunden av alle i toppen, så det viser at han er god! Gøy at det var utelukkande jaktlabradorer på pallen òg, når det var ein overvekt av Flat'er som stilte... Ein bra debut altså!

Han var litt høg under heile testen, men klarte å samle seg når det gjaldt. Første post var vann-markering med skudd, dvs. dummyen blei kasta i sivet, så det viste seg å bli ein vanskeleg øvelse for dei aller fleste. Han gjekk ikkje rett på den, blei forstyrra av sivet som var heilt nytt for han, måtte leite litt, men gav seg ikkje, og fann den rimeleg kjapt, og kom rett inn til mor!:) Måtte sjølvsagt riste seg litt (vi har ikkje trent så mykje på vatn), men han slapp iallfall ikkje dummyen. Her fekk vi bare 10 poeng, synes dommeren var litt streng her...

Neste post var ein enkel markering med skudd. Den gjekk strålande! 19 poeng! 1 poent trekk for eit litt laust grep om dummyen, dommeren sa at det var typisk unghund. Ellers syntes han det var nydeleg å sjå på! :D

Post tre var markering med minne (og skudd sjølvsagt), på ei myr. Her skulle vi gå litt fri ved fot og Vic var så heit at han havna foran meg og eg måtte korrigere han på plass, noko vi mista eit poeng for. Ellers gjekk øvelsen smertefritt: 19 poeng!

Post fire var ein liten walk-up og enkel markering med lang avstand (også her skudd). Så lang avstand at Vic ikkje gjekk rett ut, noko vi tapte 1 poeng på, men vi fekk likevel 19 poeng! :)

Siste post var ein enkel markering igjen (skudd på alle poster). No var Vic byrja å bli sliten, det er mykje venting mellom postane på ein Working Test... Han slurva dermed med avleveringa, slapp dummyen foran meg, og vi mista 2 poeng, men må seie oss nøgde med 18 poeng her.

Vi var heldige med veret, med solskinn utan at det var for varmt - veldig kjekt var det, og eit bra organisert arrangement! :)

I morgen starter vi på vår første offisielle jaktprøve. Om Vic går like bra som han gjorde på treninga i går, ligger vi godt an, for i går var han fantastisk!! Makan til hund eg har! :D

Venting på post...

søndag 16. mai 2010

Dette er Melvin!

Eller Vijaga Michelangelo, som det står i papirene hans. Han er ein Basset Artesien Normand, og siste tilskuddet i flokken vår. Melvin blir Bjørn sin jakthund, hovedsakleg til bruk på rådyr og hjort.

Den ca fem timar lange kjøreturen heim frå Sverige i går gjekk greit. Melvin var sjølvsagt uroleg og peip i starten, men så skjønte han at han var trygg, og då sov han stort sett resten av turen. Bjørn la seg til på feltseng ved sida av Melvin i stova i natt, og det var ingen problemer, Melvin sov heilt til kl. 08.30 i dag!! Ellers ser han ut til å vere ein tøffing, unntatt når det gjeld å gå ut i regnet... Han steler det meste, tygger på alt og herjer allereie med Victor og Shira. Ser ut til at Victor synes det er spennande med ein ny liten leikekamerat. Han markerte til og med at Melvin er hans i går! Først tissa han på Melvin, så rulla han seg på han!! Makan! Det gjekk fint med Melvin altså, det var mjukt underlag, så han lot seg ikkje affisere, men vi må halde eit auge med Victor, som er ein hest i forhold til vetle Melvin. Victor tar seg no godt av sin nye vetlebror, leikar med han, underholder han og oppdrar han. Shira har gitt Melvin valpelisens, og er kjempetålmodig med han, til tross for at han klatrer på ho, biter ho i halen og jokker på ho!.. Nei, Melvin trur eg blir ein tøffing!


lørdag 1. mai 2010

Vic har bestått kvalifiseringsprøven!! :)

Den er ikkje vanskeleg, og det var "piece og cake" for Victor, men det er uansett godt å ha det overstått. For den som er interessert i kva prøven går ut på, sjekk ut heimesida til retrieverklubben. No kan vi planlegge å starte på jaktprøver... Spørsmålet er om vi er klare for det?? Hmm, det er jo ikkje mange jaktprøvar i dette landet, så det er fristande å hive seg uti det og starte på dei som er... Gruble, gruble! Det er påmeldingsfrist for ein prøve i morgen, så eg må bestemme meg i dag for om vi skal prøve oss allereie om fire veker! Har jo allereie meldt oss på working test då, men det er jo uoffisielt, så det er jo ikkje så "farleg"...

søndag 18. april 2010

Menneskets beste venn

Nokon av dei eigenskapane ved hunden eg set aller høgast er den hengivenheten og fantastiske lojaliteten dei viser overfor oss tobeinte. Hundar er kloke og følsomme dyr som eg trur i mange tilfeller forstår oss bedre enn vi forstår dei, og det båndet som er mellom hund og eigar er så sterkt at dei som aldri har hatt hund sjølv ikkje kan forstå det. For ei stund sidan såg eg ein film som skildrar dette båndet og den lojaliteten hunden har for eigaren på ein svært rørande måte. Anbefaler alle å sjå filmen om Hachi med Richard Gere i hovedrolla! Filmen er basert på ei sann historie, om professoren som fann ein Akita hundevalp på togstasjonen, beholdt hunden og utvikla eit nært vennskap med den. Professoren tok toget til og fra jobb, og kvar morgen fulgte hunden han til toget, og kvar ettermiddag kom han til same tid og møtte han igjen. Eg kan ikkje sei så mykje meir om handlinga for då avslører eg fort litt mykje. For hundefolk må eg koma med ein advarsel: Du kommer garantert til å grine - masse! Kan ikkje huske sist eg grein så mykje i ein film... Men det er ein fin film, og den minner oss om kvifor hunden er vår beste venn.

søndag 4. april 2010

Hundar i Thailand

Då vi var i Thailand nyleg, i Phuket og Ao Nang, fekk vi sjå ein del laushundar. Det som slo meg var at dei gjerne haldt seg for seg sjølve, på sine faste områder - eg som trudde hundar var flokkdyr?! Og dei var veldig rolege (pga varmen muligens?) og fredlege, det var aldri noko bråk som vi kunne sjå, verken hundane imellom eller mellom hund og menneske. Dessutan var hundane flinke til å passe seg for trafikken. Dei gjekk langs svært trafikerte vegar, men det såg ut til at dei visste å passe seg for bilane og ikkje minst scooterane (som det kryr av der nede!). Eg prøvde ved eit par anledningar å tilby vatn til dei firbeinte, dei såg så varme ut (mange hadde faktisk masse pels!), men dei viste ikkje særleg interesse for det, så dei ordnar seg tydelegvis, med både vatn og mat - og varmen er dei sjølvsagt mykje meir vant til enn meg!.. Sjølvsagt såg dei ikkje akkurat kjernesunne ut, mange var tynne og skabbete, og det gjorde meg vondt å sjå. Måtte bare kjøpe ein kylling-middag med ris til nokre av dei, håpar dei satte pris på det:) Eg må få med at det var ikkje alle gatehundane som var heilt aleine, fleire hadde eigarar, men fekk sin frihet og valgte gjerne likevel å halde seg nær matmor/matfar. Av alle hundane vi såg var det berre ein som var i band, han var "not so friendly" fekk vi beskjed om, så då er jo det greit. Tenk om hundane våre kunne ha vandra fritt i gatene her i Norge, kordan ville det vore?? Eg trur hundane våre ville blitt meir sosiale og hatt eit meir avslappa forhold til kvarandre då. Eit anna spørsmål er trafikken, trur ikkje eg ville tatt sjansen på at mine firbeinte passa seg for trafikken på eige ansvar - eg er for hønemor til det...

Nedanfor er nokre bilder av div. laushundar i Thailand:





lørdag 27. mars 2010

Så har vi hatt vannhale òg!

For litt sidan fekk stakars Victoren halelammelse, også kalt vannhale. Den hang bare rett ned ein dag - og det er ille for ein labrador!! Var tydeleg at det var ubehageleg, så han fekk smake litt på Rimadylen til Shira. Heldigvis hadde eg nyleg vore på foredrag med veterinær i regi av retrieverklubben, så eg visste kva det var, ellers ville eg blitt alvorleg bekymra! Vanskeleg å sei kva det kom av, men trur det blei litt mykje på han gjennom helga, med messevandring heile lørdagen (då var han sliten!) og skitur søndagen, der han fekk prøve å trekke litt i lag med Shira. Mandagen hang så halen, men i løpet av 4-5 dagar kom den opp att og logra som aldri før heldigvis!:) Er visst ganske vanleg lidelse, alle retrievereigarane eg spurte hadde hatt dette på sine hundar.

Dårlig bilde, tatt med mobil, men ein kan tydeleg sjå at halen heng rett ned og at Vic ser litt bedrøva ut... Ellers heng halen aldri ned, og den er aldri i ro!;)

søndag 14. mars 2010

Prince Victor 1 år 5. mars! :D

Betre seint enn aldri... Etter at vi kom heim frå Thailand forrige søndag har eg ikkje hatt tid til å blogge eller legge inn bilder på dataen i det heile, så her kjem ei forsinka bursdagshelsing til vår go'gutt Victor som nyleg fylte år. Som dåke kan sjå av bildene er han ein skikkeleg fin gutt!! :)




Forrige søndag deltok vi på post 3 i hønsecupen, og fekk 18 av 20 poeng - HURRA!!