tirsdag 27. januar 2009

Oppdatering om formen til Shira

Ja, det er vel på høg tid å skriva litt om korleis det har gått med Shira, etter at HD'en viste seg fram i sin grusomhet.

Shira blei ganske raskt mykje bedre!:) Vi slutta med dagleg medisinering sidan formen hennar tok seg såpass opp. No brukar vi den berre innimellom, viss Shira ser dårleg ut eller ho har vore ute i relativ sterk fysisk aktivitet. Vi er ganske forsiktige og tar våre forholdsreglar, men legg likevel ikkje særleg begrensingar på hennar utfalding i kvardagen. Kvalitet framfor kvantitet! Men det er med tungt hjerte eg har bestemt meg for å pensjonera ho frå agility-karriera. Det er så mange andre aktivitetar vi kan halda på med, som ikkje er så belastande på ledda hennar. Vi har starta med basseng-svømming ved Holt Hestesenter, så no svømmer Shira ca. 35-45 min. ein gang i veka. Dette er noko ho har stor glede av, badehunden min!:) No gler vi oss til våren og snøsmelting slik at vi kan ta opp att blodspor-treninga! I mellomtida kosar vi oss med turar i skogen der ho får springa fritt, og litt triks-trening innandørs. Ellers har vi gått over på enda dyrare og enda meir fancy fòr (Royal Canin), fullt av godsaker for HD-hundar. Til jul fekk Shira seg eit nytt og fancy dekken frå Canis som vi skal bruka under oppvarming o.l. Vi tøyer ut etter litt hardare fysisk aktivitet, og eg har lest om hundemassasje og prøvd meg fram på Shira - noko ho ikkje har vore så imponert over foreløbig...

Så lenge Shira er glad er eg glad, så akkurat no har vi det veldig bra!:)

2 kommentarer:

Iris sa...

Det var enda godt :) Har kanskje vært kombinasjon feil for/lite trening under kennel-oppholdet?
E jo enda viktigere med disse HD-hundene at man trener dem ordentlig :D

Shira og Therese sa...

Ja, eg trur òg at all stillstanden under kennel-opphaldet, i kombinasjon med feil fòr og kanskje kulde(?), var det som gjorde at ho stivna av og fekk smerter.. Heldigvis bra no! :D