lørdag 21. februar 2009

Eit lite livsteikn frå oss

Det har blitt lite blogging i det siste - eller i år faktisk!..

På hundetreningsfronten er det ei stille tid. Etter at Shira var dårleg i sein-haustes, og etter at vi flytta til Skogen har det vore lite trening. Sidan eg bestemte meg for å legge Shiras agility-karriere på hylla, og sidan vi no bur eit stykke utanfor Oslo, har eg ikkje fornya medlemskapet mitt i Oslo og Omegn Dressurklubb. Tenkte det kunne vore greit å finna ein hundeklubb i Lillestøm-området, men trur faktisk ikkje det er noko her!:s Er mange hundeskular som tilbyr kurs, men dårleg med klubb der vi kan bare møtast og trena ilag med andre... Så no blir vi gåande litt på vent - ventar på at snøen skal forsvinna og vi kan starta blodsportreninga:) Shira har no ingenting i mot snø - tvert imot! Ho elsker å basa i snøen!! Og ho er blitt veldig flink til å halda seg på gården og ikkje stikka av!:) Det er eg kjempefornøyd med! Innkallinga er blitt mykje bedre (sikkert mykje takka vera Bjørns innsats), så det er veldig kjekt. Er jo så mykje trivelegare for både oss og dyra at vi kan ha dei gåande laus når vi først er så heldige og bur sånn som vi gjer. Men ein og annan tur tar ho seg fortsatt, og noko anna forventar eg ikkje av den tøtta der..! Er jo så forferdeleg fristande med det reve-åtet som blir lagt ut nedi dalen her..!..

Vi trener litt triks då; Shira har lært seg å bukke, og no prøver vi å få til å krypa baklengs! Skal prøva å få tatt litt bilder av triksa hennar.

Ellers byrjar eg å bli litt stressa mtp. oppgåva mi, så det blir travelt med jobbing på den no framover - skal bli så inderleg godt å bli ferdig!! :D

Og dei siste to vekene har det blitt min tur til å stivne av i muskulaturen.. Etter at eg måtte spa fram bilen min frå ei sinnsjuk mengde med snø har ryggen min klikka heilt. Den har vore veldig vond, og det ser ikkje ut til å gje seg, så eg må få noko hjelp med den etter kvart - er passe lei no!

Ser ikkje ut til at det skal slutta å snø heller.. Trur aldri eg har opplevd ein meir snørik vinter forutanom åra i Nord-Norge!

Ingen kommentarer: