mandag 10. august 2009

Ferieveka

No er vi akkurat kome tilbake frå ei veke på vestlandet, det har gått i eit banka kjør, og eg skulle gjerne hatt fleire dagar der!:)

Her kjem ein kort rapport:
Vi ankom Rosendal seint fredagskvelden (31. juli) etter ein laaang kjøretur. Gjekk greit, har heldigvis hundar som likar å kjøra bil. Spesielt Victor, han bare sover i bil:) Lørdagen gjekk vi tur og trente litt dummy-apportering og "sauesosialisering", før eg og Bjørn tilbrakte kvelden i Uskedalen, på festidalen. Mamma og Sondre-bror var barnevakter for bikkjene. Victor var nok litt stressa over at vi var vekke for han prøvde visst heile tida å stikka av, og etter å ha vore ute lenge så tissa han inne, imens han sprang over HEILE stova..!.. Inkludert på det nye teppet til mamma og pappa... :-o Shira på si side fekk besøk av eit piggsvin mens ho sto ute, og blei hysterisk galen på det. Klarte å rappe til det stakars piggsvinet med labben (ei Shira høg på adrenalin kjenner ikkje piggane..!) ein gang før naboen som hadde høyrd bråket kom ilande til og redda piggsvinet. Altså ein action-fylt kveld for barnevaktene! Hehe.. Då eg og Bjørn kom heim frå festivalen på natta var Victor så sliten at han ikkje orka å koma ut av buret sitt i det heile. Festivalen var forresten veldig vellykka!! Veldig profesjonelt arrangert og veldig kjekt, med masse folk! :)

Søndagen slappa vi av + kjørte inn til Gjetingsdalen, til familiens småbruk (hytte) der. Bjørn og pappa skulle sjå etter hjort, då det var gjeve fellingstillatelse på to skadedyr. Dei såg sju dyr, men skaut ingen den kvelden. Neste dag gjekk vi oss ein tur. Først var vi nedom Bråtun (nabo-gården) for å helse på. Vi var litt spente på om Shira og Sindi, ung-tispa der, ville hugsa kvarandre att. Det var tydeleg at Shira kjendte Sindi, mens Sindi var litt meir skeptisk (blir lite sosialisering med andre hundar inni dalen der). Det gjekk fint, og spesielt dei to retrieverane fann tonen (Sindi er labrador/golden-mix)! ;) Etterpå skulle vi testa Shira på ferskspor av hjort oppi skogen. Gjekk ganske bra, men det er så mange dyr som går der, så det er veldig mange spor som kryssar kvarandre, noko som jo gjer det vanskeleg å halde seg på eit spor... På kvelden var Bjørn og pappa ute og såg etter hjort att, på ein ny plass, men såg ingen då. Min plan var å reisa frå Gjetingsdalen dagen etter (tirsdagen), for vi hadde mange folk vi skulle få sett i løpet av dei siste dagane i Kvinnherad. Bjørn, derimot, han ville slettes ikkje dra frå Gjetingsdalen, han likte seg så godt! Så då gjekk eg med på å bli litt til, det er jo tross alt veldig fint å vera der!:) Vi gjekk ein tur til fjells med pappa, plukka blåbær, grilla pølser over bål og drakk nydeleg elve-vatn. Litt flaut at gamle-far sprang så lett i frå oss oppover - det må gjerast noko med!! (Ut å røre på meg no etterpå...) Tirsdagskvelden lykkast endeleg jegarane våre! Dei kom att på kvelden med ein stk. daud hjort som måtte slaktast. Bikkjene syntes jo dette var heilt fantastisk! Shira meinte at hjorten og blodet var hennar, og viste det tydeleg overfor jyplingen Victor - makan til flekking av tenner!..

Onsdagen kjørte vi tilbake til Rosendal. Møtte Siri på den nye kaféen/butikken Årmann (som eg så vidt fann fram til - er gale når eg ikkje klarar å finna fram i vetle Rosendal lenger!..!), veldig fin butikk, med god kaffe!:) Besøkte så Ingunn og Kim, før vi avslutta med eit besøk hos besto på haugen. Torsdagen fekk vi besøk av søskenbarnet mitt, Beate m/fam., som har ei Berner Sennen tispe på eit år. Var igjen spent på reaksjonen til Shira, om ho ville hugsa ho, men det var ingen problem, Shira tok godt imot ho, og Victor blei litt forelska trur eg.. :) På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut til Omvikdalen, og besøkte Siv m/fam. og enda ei ung-tispe (toller) som eg satsar på at Shira forblir venn med. Shira hadde ingen problemer med Kaja, mens Kaja på si side var blitt mykje tøffare sidan sist...

Siste dagen vår tilbrakte vi i Bergen. Kjørte først til Åsane og besøkte Margareth, Emanuel og deira nyfødte gut, Benjamin. For ein bitteliten og fin baby! Etter nokre timar der kjørte vi inn til byen, og tok Fløibanen til topps. Bikkjene hadde ingen problemer med å ta banen, Victor bare la seg ned og slappa av som vanleg:) Vi spaserte ned att, ein fin tur. Veldig slitsomt å gå med Shira i band, ho trekker som eit uvær og måtte sjølvsagt gjera utfall mot alle bikkjer ho såg.. :( Ho er uforbedreleg altså! Vel nede i byen att hadde vi oss ein middag v/ Egon, forvist baki eit "hundehjørne", før vi starta på turen tilbake til Rosendal - ei heilt eiga historie!..

Ferieveka var altså hektisk, vi rakk over mykje, men skulle svært gjerne rukke over enda meir! Ein fin ferie var det iallfall! :D

Ingen kommentarer: