tirsdag 25. august 2009

Trening dei siste dagane

I dag har eg trent grunnferdigheter i lydighet med Victor. Vi trente litt kontakt (sliter fortsatt med å halda kontaken mens vi beveger oss..), og trente meir på ein heilt ny øvelse: Hald fast, med samanrulla avis. Dette viste seg å vere overraskande vanskeleg... Men det var jo første treningsøkt, så vi får bare prøve igjen. Merker at Vic fort blir plaga av varme - ikkje at vi har vore så bortskjemt med det i det siste, men det måtte jo sjølvsagt blir solsteik akkurat då eg skulle trene i dag... Eller kanskje det rett og slett er ho mor som foretrekker å vere ute i sola? ;) Jaja, det er jo trening det òg, å lære seg å jobbe sjølv om det er varmt. Ellers trur eg vi må gå litt "back to basics" i klikkertreninga, for eg synes han er litt passiv... Lurer på kva vi skal finne på for å auke kreativiteten og aktiviteten? Både Vic og Shira fekk seg ein runde med fòr-søk på bakken i dag, Shira trengte kvile etter turen vår i går.

I går vi var vi ute på tur i nestan to timar i ulendt terreng. Shira sprang som ein tulling, svømte og styra voldsomt - ho kjenner ikkje sine eigne grenser. På returen var ho tydeleg sliten, og gjekk sakte i baktropp. Då vi kom heim måtte ho såpevaskast under hageslangen, ho var heilt svart!! Eg strakte ut bakbeina hennar og ga ho ein pille, og så kvilte ho stort sett resten av dagen. Lurer på om eg må setja litt meir grenser for ho ift aktivitetsnivået hennar? Ho er så utruleg glad når ho får rasa rundt i skogen, men eg vil jo ha ho i god form lengst mogleg. Er god trening for ho, men alt med måte... Er vanskeleg å vita kor grensene går.

Eg og Vic blei med Bjørn på duejakt på ettermiddagen. God passivitetstrening for vetleguten. Hadde det ikkje vore for den sinnsjuke mengda med blodtørste mygg ville det vore ei kosestund. Men til tross for raus spraying av Autan blei vi godt bitne alle tre... Vic var kjempeflink, la seg ned og slappa av bak kamuflasje-nettet. Då Bjørn fekk ei due på skuddhold og fyrte av, satte Vic seg bare rett opp og såg på fuglen - som fløy uskadd avgårde... Dette var første gang Vic opplevde skot på så nært hald, men det var som forventa ingen problem for den guten:D Ellers var det lite fugl, så det kom ingen apporteringsmuligheter.

Søndagen gjekk eg blodspor, lagt av Bjørn, med både Shira og Vic. Først Vic: Det var jammen meg ein heilt annan hund enn ved dei to første forsøka!! Tidlegar når vi har prøvd, har han trudd poenget var å slikke i seg alt det sølte blodet, så det har jo gått rimeleg treigt. Men no raste han avgårde i eit forrykande tempo! Her gjeld det å roe ned betraktlig no... Og det er tydeleg at vi kan avansere i vanskeleghetsgradene på sporet. Shira gjekk bra, men ho mista sporet i ein vinkel og begynte å ete gras i staden for å søke opp sporet, ho er lett å distrahera den tøtto der! Etter å ha fått ho tilbake på sporet gjekk ho knallbra eit godt stykke, men sleit faktisk med å finne sporslutten. Her er det bare å hamstre meir blod og trene meir med begge hundane!

Ingen kommentarer: