fredag 30. juli 2010

Slektstreff!

Tidlegare denne veka var eg og Victor ute på tur igjen. Denne gangen bar det til Sør-Sverige, på kenneltreff, hos Victors oppdrettere, Carmal's. Vi var veldig spente på å sjå att både kullsøsken og andre slektningar, og eg gledde meg til å visa fram Victor, kor fin og flink han er blitt! :) Hos Anders og Mirjam var det to høgløpske tisper, så det blei litt masse på Vic. Han blei stressa, gira og fjern - alt på ein gang! Var ikkje seg sjølv - han var ikkje interessert i mat ein gang!! Det er ille. Eg er ikkje vane med hannhundar - og Vic er ikkje vane med løpetisper, så dette er ei utfordring for oss...

Vi fekk ikkje vist oss frå vår aller beste side, men eg kan ikkje klage, det kunne absolutt vore verre. Det var kjempetriveleg på kenneltreffet, mange møtte. Først hadde vi frokost i lag, så trente vi gruppevis. Vi med unghundar trente på vannmarkering, gå ved fot med forstyrrelser og fremmadsending. Vic har ekstremt med motor - det gjeld bare å ha hovudet med seg!.. Vi hadde lunsj i lag før vi hadde ein mini working test. Eg og Vic kom på tredje plass i vår gruppe, og vann eit retriever-kobbel:) Av kullsøskena møtte søster Selma og dei gule brødrene, Harry og Poacher. Artig å sjå kor forskjellige dei var blitt, på utsida iallfall. I fjor var kullet veldig jamnt. Vic hadde meir pels enn dei andre, kanskje fordi han er vakse opp i kalde Norge? Harry var den største og Poacher mest lik pappa Lee i fargen. Fine, flinke hundar alle saman!! Håpar på å sjå resten av gjengen neste gang!

På kvelden grilla vi heime hos Anders og Mirjam, deilig villsvin! Eg var til og med så heldig å få med meg ei villsvin-steik heim! Den skal nytast med familien i morgen:) Neste dag hadde vi ei treningsøkt ved havet, greit å få litt tips til øvelser vi kan gjere. Skjønar at eg må trena med fleire forstyrrelser... Vic var i same sinnstilstand som dagen før, men igjen, eg kan jo ikkje klage - han er jo ingen vanskeleg hund, bare ung og hormonell!.. ;-p

Takk til Anders og Mirjam for fine og innhaldsrike dagar i Skåne! Heldige med veret var vi òg! :) Bilder kjem seinare.

Ingen kommentarer: