fredag 10. juni 2011

Hipp Hurra for Shira! Og tid for ettertanke...


(Foto: Nina Reistad, 2006)

Shira fyller 7 år i dag - gratulera så masse med dagen til verdas beste - og verdas verste hund! Uendeleg med glede har ho gitt meg - og uendeleg med tårer har eg felt for ho. Dei som har lest boka Marley & Me, av John Grogan, og andre som har/har hatt såkalla problemhund veit kva eg meiner...

Eg vil skrive eit innlegg om dette. Eg har tenkt på det lenge, og spesielt ift all skryten av Victors og mine prestasjoner som eg vanligvis skriv om. Eg er nemleg ikkje bortskjemt med å ha ein god hund, så når alt fungerer så godt med Victor er det så deilig å dele den gleda med heile verda!;) Med Shira er det ei heilt anna historie.

Den dagen eg brakte Shira heim for første gang, 8 veker gamal, sa naboen (ein erfaren hundeeigar) noko sånn som at "den der skal du få bryne deg på!". Eg fnøys av det, og kunne ikkje tru at han kunne sei noko sånt, men han fekk sjølvsagt rett. Nokon hundar er født med ein viljestyrke ut av ei anna verd! Gjennom åra har folk kalt Shira for dum fordi ho ikkje lyer, og meg for altfor snill som ikkje har tukta ho. Shira er slettes ikkje dum, men ho skjønte frå dag 1 at ho har eit val! Og stort sett vel ho sine eigne veier, det er det som er dei tobeintes problem... Ein erfaren hundekar sa til meg at enkelte hundar vil du aldri kunne verken motivere eller kontrollere, uansett metode, og Shira er ein sånn type. Eg er har prøvd det aller meste, frå strupelenke og fysiske korrigeringar, til klikkertrening og positiv forsterking. Vi har deltatt på kurs etter kurs gjennom åra, våre i kontakt med mange erfarne hundetrenarar, men Shira lar seg ikkje "temme". Ho DRAR i båndet, ho har destruert ting for tusenvis av kroner, ho hoppar på folk, ho stikk av så fort ho får sjansen, ho kjem sjeldan på innkalling, ho jagar mindre dyr og er aggressiv i møte med framande hundar. Det seies at ein får den hunden ein fortjener, og at hundens atferd kan tilskrivast eigaren. Heldigvis har eg Victor som kan bevise at dette er ein sannhet med modifikasjoner!

Shira har iallfall ein stor personlighet! Eg har kjempa med/mot ho i alle år, og spesielt vanskeleg var den perioden vi budde i Oslo. I starten gjekk det bra, vi meldte oss inn i ein klubb, og trente agility, men vi opplevde å bli mobba ut av klubben. Pga rasebakgrunnen hennar frykta dei ho. Dette gjorde meg både lei meg og usikker. (Sjølvoppfyllande profeti?..) Shira trivdes ikkje med det ufrie bylivet, og hundeaggresjonen utvikla seg. I gjennom eit heilt år jobba eg knallhardt med ho på alle lufteturar, men det hjalp ikkje. Det blei nærast eit mareritt å gå ut med ho, og vi kom inn i ein ond sirkel, der ho fekk altfor lite stimuli, og ting blei bare enda verre. Noko av det vondaste for meg var blikkene og kommentarane frå folk - både med og utan hund. Alt dette såra meg, for midt oppi alt det negative er det ein hund eg aldri ville vore forutan! Shira var etterlengta igjennom 20 år, og eg knytta meg til ho umiddelbart då eg fekk ho. Ho er faktisk veldig søt og snill, ein blid og morsom hund. Ho er ein drøm å ha i hus - stille og roleg. Ho er ekstremt folkekjær, og ein elendig vakthund!.. Eg stolar 100 % på ho rundt folk i alle aldrar og variantar. Då eg gjennomgjekk ei livskrise, var det ho som var der for meg, trøstande og lojal, ein trofast venn. Og kanskje var det nettopp pga alle utfordringane at vi utvikla eit så sterkt bånd? Ho har lært meg det meste av det eg kan om hund og hundetrening - og det er eg overbevist om er meir enn eg om eg hadde fått ein hund som Victor i førsten.

Det som har redda Shira (og meg) er flyttinga til Skogen i 2008. Då vi kom med flyttelasset ut hit, og Shira hoppa ut av bilen, var det som eit trylleslag! Ho livna opp, og blei sitt glade seg igjen, etter ein tung periode i byen. Shira blei førtidspensjonert den hausten, både pga HD og forkalkninger, men òg pga hennar sta temperement - som eg hadde gitt opp å kjempe mot. Etter dette har ho levd livets glade dagar som gardshund. Ho er strålande fornøyd om ho får gå å snuse for seg sjølv, springe i skogen, vere med på ein biltur i ny og ne, og kose på sofaen med Bjørn. Vi håpar på fortsatt mange gode år med denne Spesielle og Kjære hunden! :)


Shira har alltid vore særs glad i snø - snøleoparden vår! :) Fire mnd gamal på øvste bilde... Dei to nedanfor er tatt no i vinter.


2 kommentarer:

Anonym sa...

forstår deg så altfor godt... gratulerer så masse med godjenta;))

Tellus sa...

Så utrolig vakker hun er. Høres ut som dere har gjennomgått mye på både godt og vondt sammen, og jeg kjenner meg veldig godt i igjen i beskrivelsene du gir ifht å bli uglesett av andre mennesker, og at folk ikke "godtar" din hund og dens problemer. Folk glemmer lett at hunder er individer. De har hver sin personlighet, og sånn skal dte faktisk være! Men kjempeflott at dere trives i gards, og har funnet roen der!