søndag 11. august 2013

De Nordiske Jakt- og Fiskedagene 2013

Det har blitt tradisjon å dra til Elverum for å overvære dette årlege arrangementet, inkludert "en av de største jaktustillingene som arrangeres i hele Skandinavia" (fra programmet). I fjor stilte vi bare Melvin, som då fekk Cert og blei BIR, to år gamal. I år hadde vi meldt på både Melvin og Victor. Melvin var først i ringen og han gjentok bragden frå i fjor: Cert og BIR! Han er tydeligvis ein fin basset! :-) For dei som ikkje er så kjende med utstillingsterminologien gis Certifikat til dei ekstra fine hundane som er av "Excellent" (1. pr.) kvalitet. Får du tre Cert blir du utstillingschampion. BIR = best av alle stilte i den rasen, og går vidare til gruppefinale for å konkurrere om å bli best i gruppa (av fleire hunderasar), for igjen å konkurrere om BIS-tittel (Best in show). I gruppefinalen (gr. 4 og 6) blei det spennande då dommaren plukka ut Melvin blant alle dei fine BIR-hundane. Han og Bjørn blei ståande att i ringen i lag med fem andre ekvipasjar der fire skulle plasserast. Melvin blei ikkje plassert blant dei fire beste, men vi er uansett veldig nøgde med at han kom så langt - det var over all forventning!.. Og fine premiar blei det - skal få tatt bilder.



Det var verre med storebror, Victor... Forventningane var det så som så med, men eg var optimistisk sidan, som det står i programmet for arrangementet: "Dagens utstilling er basert på de tradisjonelle ideene om å skape bedre jakthunder: Den skal fremme utviklingen av den enkelte hunderase, fysiske og sunne hunder, typeriktige, funksjonelle og sosialt tilpassede hunder." Dette var jo noko til og med eg kunne kjøpe... Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er overbegeistra for hundeutstillingar, og kan nok stusse over at eg plutselig har begynt å stille Victor fleire ganger, til tross for at vi har det vi treng for å kunne få jaktchampionat. Vel, eg har tenkt: Det er ikkje til å koma vekk i frå at utstilling er den største hundesporten og den er komen for å bli, så "if you can't beat them, join them!" ;-) Vi kan krangle om korleis ein labrador skal sjå ut, og klage over at for få labradorer generelt deltar på jaktlige aktiviteter og at labradorer av reine jaktlinjer ikkje får rettferdig bedømming på utstilling, osv. Men viss vi ynskjer endring og utvikling så må vi alle vere aktive på fleire fronter. Derfor har eg bestemt meg for å stille ut min jaktavla labrador to-tre ganger i året, og det vil eg oppmode andre med same type hund til å gjere! Då er vi der dei fleste folk er, og får vist fram dei flotte og funksjonelle hundane våre - både til dommarar og andre hundefolk.

Foto: Ann Brændshøi
Tilbake til Elverumsutstillinga: Victor fekk Excellent (raud/1. pr.) her for to år sidan, og sidan han aldri har vore finare enn han er no (han har jo lagt seg litt ut sidan han var to år), hadde eg håp... "Sufficient" (grøn/4.pr.) blei det! (På utstilling er det fire premiegrader du kan få etter kor godt dommaren synes hunden oppfyller rasestandarden: Excellent (1.), Very Good (2.), Good (3.) og Sufficient (4.), og evt. ingen premiering i det heile, men det skal mykje til...) Eg kan telje utstillingane Victor har deltatt på på ei hand (over ein toårsperiode), vi har aldri fått så dårleg resultat før, og no har vi altså alle fire premiegradene/fargane. Er det mogeleg? Det er kanskje ikkje så rart at eg er så pass skeptisk til utstilling, det verkar jo rimeleg tilfeldig? Og subjektivt... Kva skjedde med ideen om å skape bedre jakthunder? Mens det i åpen klasse florerte med raudsløyfer, måtte vi i bruksklassen/jaktpremierte (tre tisper, ein hannhund) nøye oss med grønt og ei gul... Kritikken Vic fekk: "Godtakbar helhet. Hodet skulle vært mer rasetypisk i sine linjer og sitt uttrykk. Velformet hals. Bra skuldre. Steil overarm. Velvinklet bakpart. Brystkassen skulle vært bredere. Beveger seg stabilt. Mb pels. Trivelig temperament." Jaja, for første gang fekk vi "bra pels" i det minste... Og vi gjev oss ikkje, we'll be back! Om enn ikkje i år, no får det halda for ei stund... Til helga skal vi gjere noko vi kan, gå jaktprøve - og det gler vi oss til! :-)

Ingen kommentarer: