tirsdag 6. august 2013

Ny sesongstart

3. august starta sesongen på ny for Victor og meg. Vi deltok på The Retriever Challenge, ein uoffisiell WT i regi av NRK avd. Østfold. Postane var lagt til fine områder på Kalnes, internasjonale dommarar var henta inn og mange var påmeldte i alle tre klassane, til saman over 120 stk. Dagen blei lang når så mange skulle gjennom, vi fekk ei skikkeleg regnbyga, men stemninga var god og det var kjekt å vere med. Flott at nokon tar seg bryet med å stelle i stand eit slikt arrangement! Sett ut frå resultatlista var postane særs utfordrande for dei aller fleste. Det var generelt laaange avstander, Victor gjorde ein god jobb heile tida, men med 0 på ein post klarte vi ikkje å hevda oss denne dagen og endte på 65 poeng.

Post 1, dommar Fons Exelmans frå Belgia: 18 poeng. Fremmadsending gjennom høgt gras og ei dump der hunden ville forsvinne ut av syne nokre meter. Med skudd, samt forstyrrelsesskudd i ei anna retning. Victor gjekk av linja og trakk i retning forstyrrelsesskuddet, men eg fekk henta han greit inn att. Dette gjorde likevel at vi mista poeng, i tillegg til at dommaren syntes at eg blåste for høgt i fløyta...

Post 2, dommar Stefano Martinoli frå Italia: 17 poeng. Fremmadsending på to apporter med skot på begge. Utfordringa var at dei låg i tett vinkel og det var bestemt kven av dei som skulle hentast først. Måtte handle litt og trur eg mista eit poeng då eg heiv dummyen på bakken bak meg i staden for å gje den i handa til dommaren... Så lærte eg noko av det! ;)

Post 3, dommar Idar Reinås frå Norge: 13 poeng. Fremmadsending langs strandkanten, over fleire terrengskifter, opp ein bratt bakke langt unna, ingen skudd. Eg fekk Victor greit ut i området og trudde han hadde dummyen, men slappa av for tidlig. Han sprang forbi og etter det måtte det meir handling til for å få han tilbake til dummyen.

Post 4, dommar Rita Kokeny frå Ungarn: 17 poeng. Ei enkeltmarkering himla langt unna, gjennom høgt gras og terrengskifter. Det gjekk litt tid mellom skudd og kast og Victor fekk ikkje med seg nedslaget. Han sprang likevel ivrig ut i området der skyttaren var. Der måtte eg hjelpe han og han responderte bra.

Post 5, dommar Peter Bates frå Storbrittania: 0 poeng. Enkeltmarkering med skjult nedslag, men først skulle det hentast ein dummy som var lagt ut i smal vinkel ved sida av. Skudd på begge. Hunden måtte springe ned ein bratt bakke og opp ein bratt bakke. Det var mykje tett vegetasjon i terrenget og den skjulte dummyen som skulle hentast først var verkeleg skjult, hunden ville vere utanfor syne der. Victor gjekk forbi denne og dukka opp ved markeringa som han hadde full kontroll på. Eg prøvde å stoppa han og dirigere han unna, klarte det nesten, men han var for nærme og visste for godt, så han tok feil dummy. Vi trøster oss med at nesten halvparten av ekvipasjane i klassen nulla på denne og ingen fekk meir enn 15 poeng...

Ein fin dag var det uansett. Arrangørane hadde laga eit proft opplegg, med flinke medhjelparar og fine premiar! Gratulera så masse til dei som plasserte seg! :-) Resultatliste: http://retrieverchallenge.com/index.html

Ingen kommentarer: