tirsdag 27. mai 2014

Himmel og helvete

Eg har lenge tenkt på å skrive om planar og mål for meg og Victor i 2014, men no blir det dessverre ikkje som eg hadde tenkt... Eg hadde fylt opp kalenderen kvar helg framover med aktivitetar som eg såg fram til: Å vise fram fine hunden min på utstilling, jaktkurs, pinsearrangementet og dobbel jaktprøve - no må alt avlysast, Victor er sjukmeldt! :-(

Tirsdagen for to veker sidan vakna eg til fantastiske nyhender, servert på senga: Fødselen var i gang og kvalpane til Drina og Victor var på veg ut i verda, utruleg spennande! Samtidig kom Victor haltande inn på soverommet, noko som la ein dempar på gleda... Han hadde tydeligvis slått opp haustens skade i framfoten på jakttreninga kvelden før. Vi var heldige og fekk time hos Nina same kvelden og Victor fekk fysioterapi. Vi tok det med ro den påfølgjande veka, men mandagen tok eg sjansen på ei kort og forsiktig jakttreningsøkt i lunsjpausen min. med nedkjøling av foten etterpå. På kvelden var han litt halt igjen, men det gjekk seg raskt til. Onsdag var det ny runde med behandling hos Nina, vi tok det med ro resten av veka og han halta ikkje meir.

Søndag var det uttakskonkurranse til IWT (International Working Test). Victor var i fin form og fekk inn 15, 17 og 20 poeng på dei første postane. På post 3 gjorde han ei heilt nydeleg markering og eg var i himmelen! På neste post med markering gjekk det lang tid før han fekk setje i gang og han måtte forsere terrengskifter og gjerde. Eg måtte gripe inn og hjelpe han, men han høyrde på meg og vi fekk dummyen raskt inn, 15 poeng. På siste post tok det òg litt tid, og i staden for å springe ut i rett område for markeringa sprang han til vatnet og plaska rundt. (Skjønar no at han hadde vondt då...) Det var vegetasjon m.m. i mellom oss, så eg kunne ikkje sjå han og det tok tid før han høyrde meg og kom tilbake slik at eg fekk dirigert han til rett område - vi hanka så vidt inn 5 poeng. Vi skritta ned før Victor blei satt i bilen. Eg hadde is i kjølebagen som eg holdt på Victors bein i fem minutt, men såg at han ikkje la særleg vekt på foten. Sidan Nina var til stades spurte eg om ho kunne ta ein kikk på han. Ho kunne raskt konstatere at han var varm og beinet hadde fylt seg, og så hylte han då ho bøyde litt på leddet. Æsj, altså! Eg mistenker at det var gjerdehoppinga som gjorde utslaget no. Bekymringsverdig, eg har aldri før opplevd at han har blitt akutt halt som dette, og denne gangen gjekk det ikkje over heller... I dag, to dager seinare har vi vore hos Anders på Sørum og Fet veterinærkontor og fått grei beskjed: Rimadyl og fullstendig ro i minst fire veker framover, kanskje lenger! Ingen springing el. andre belastninger. Og først etter at vi får klarsignal kan vi byrje med gradvis opptrening att... Håndleddet er komplisert, med mykje sener og ligamenter, og det er mykje bevegelse. Ein skade der (vi antar det er forstrekt i dette tilfellet) treng lang tid for å heles. Dyrlegen meinte at Vic vil bli bra, men eg må innstille meg på at det kan ta lang tid (mange månader!), og eg må vere konsekvent. Eg er utålmodig og det har kosta... No har eg lært - halting må tas på alvor!! Tenk, hadde eg bare skjønt det før, så kunne eg brukt heile vinteren på å ta det med ro!..

Mildt sagt kjipt at alt vi hadde planlagt går i vasken og at vi blir satt tilbake - ikkje minst at Victor har vondt! :-( Eg føler meg som verdas verste matmor akkurat no... Trøsta er at det alltids kunne vore verre, røntgenbildene viste ingenting (ingen forkalkning) og det er bra! Og som Bjørn har påpeikt: Det er ein aktiv jakthund det er snakk om, som blir brukt, og då vil risikoen for skade alltid vere der. (På ein måte bedre enn om det var noko som var forårsaka av menneskets unaturlege avlspreferanser, som eks. hudproblemer pga. for mykje hud el. pusteproblemer pga. for inntrøkt snuteparti...) Victor lever livet til det fulle. Han spring og hoppar i all slags terreng, han gjev alltid alt han har, om det er på tur med flokken sin eller om det er "på jobb". Og det seier litt om mentaliteten hans: Sjølv om matmor er sløv og ikkje fangar opp signalene så kjapt, Victor tok 1.AK m/HP med knekt hjørnetann og 1.EK med håndleddsskaden i haust! Han gjer alt for meg - alltid med uendeleg glede, gode guten min!

No gjeld det å fokusere på det positive. Drina og Victors seks velskapte valper hos Lars og Charlotte veks og har det bra. Å sjå bilder og filmsnutter av dei er himmelsk! :-)

tirsdag 31. desember 2013

2013 - TILBAKEBLIKK

Det er vel ingen overraskelse at mitt liv dreier seg mykje om hund og at hund er min store lidenskap. Sjølv om hundane er familien min og betyr alt for meg får eg òg mykje anna ut av hundehaldet: Generell glede, mestringsfølelse og sosialt felleskap med likesinna - som eg set stor pris på! Det er no på tide med ei oppsumering av året som har gått, der Victor spelar ei hovedrolle.

Vinteren var stille, men i mars byrja det å skje ting, inkludert eit av årets høgdepunkt... Eg og Victor (+ Shira) kjørte den lange vegen rundt heile sørkysten av Norge for å delta på dobbel jaktprøve i regi av NRK avd. Rogaland. Det viste seg å vere verd turen, for lørdagen fekk vi (som einaste ekvipasje) 1. pr., blei dermed Elitevinner 2013 og fekk pokal til og med - stor stas!! Vår første 1.pr. i eliteklassen. På søndagens prøve meinte Victor at han hadde gjort nok, så då rauk vi etter kvart ut, men det la ingen demper på gleden. Han gjorde generelt veldig mykje bra arbeid den helga! :-)

Mai måned var særdeles travel, med jaktkurs to helger. Dyktige instruktørar var henholdsvis Oliver Kiraly og Trond Gjøtterud. I tillegg var det to helger med working tester: NRKs pinsearrangement på Kongsvinger, med utstilling eine dagen og WT neste dag. På utstillinga fekk vi Very Good (blå), og med 2. WT EK (94 poeng) gjekk vi til topps i dual-konkurransen for rasen og blei Labradormester! Siste helga var det igjen både utstilling og WT, i regi av NRK avd. Gjøvik/Lillehammer. På denne utstillinga fekk vi Good (gul), mens på WT vann vi eliteklassen med 88 poeng.

 I juni var det tid for NLM (norsk lagmesterskap i retrieverarbeid) på Bogstad, Oslo. Vi stilte lag med Rønnaug & Sofi, Wenche & Ronja og Tone Kit & Mira - og vi vann!! :-D

Haustsesongen starta med The Retriever Challenge, WT i regi av NRK avd. Østfold. Victor gjorde ein god jobb, men med 0 på ein post klarte vi ikkje å hevda oss. Helga etter var vi som vanleg på jakt- og fiskedagane på Elverum. Eg nytta høvet og meldte Vic på Norges største "jakthundutstilling", men endte med dårlegaste resultatet nokon sinne: Sufficient (grøn)... Helga etter fekk vi vist kva vi er gode for i vårt rette element: Sesongens første jaktprøve endte med 1. EK og hederspris! Herlig!! Trondheimsturen eit par veker etterpå, derimot, kan vi forbigå i stillheit, mens Ringeriksprøven midt i september endte med ein 2. pr. Vi apporterte ved eit par andejakter, og særs nøgd er eg med Victors innsats på den siste - så gøy når samarbeidet funkar 100 %!

Og så til årets desiderte høgdepunkt: Victor fekk Champion-tittelen sin!! Etter vel gjennomført jaktprøve på Bogstad i regi av NRK avd. Oslo og omegn blei vi premiert med vår tredje 1.EK og dermed Championatet - vårt hovedmål nådd! :-) Verd å nemne er òg at Victor vann klubbens jaktcup og dermed blei årets Multe, og at eg deltok på NRKs RAS-seminar, der vi diskuterte mål for retrieverens framtid. Klubbmesterskapet i jakt var vi òg med på, meir er det ikkje å sei om den saken... Vi klarte likevel å avslutte året med stil, i lag med resten av demo-gruppa som viste fram retrieverjakt i vinnerringen ved Dogs4All, ein vellykka demostrasjon som blei godt imottatt.

For eit år eg og Victor har hatt! Eg set så stor pris på den hunden!! Han gjer livet mitt som hundeeigar og -førar enkelt. Til tross for ein skade i haust (strekk i eine framfoten) har han heile tida vore like glad, lojal, samarbeidsvillig og gjort sitt beste - er det rart Victor spelar ei så stor rolle i livet mitt?! Vi ser fram til eit nytt år, med nye muligheter, med støtte frå Bjørn og i felleskapet med våre venner i retrievermiljøet. GODT NYTT ÅR!!

onsdag 9. oktober 2013

Valper etter Victor og Drina planlegges i 2014

Då er det "offisielt": Viss alt går etter planen blir det valper etter Victor til neste år! Dette er uendeleg stort for meg!! :-D Tispa er Michnos Drina Daim, eigd og oppdretta av Charlotte og Lars Nørgaard i Danmark. Drina er ei triveleg svart tispe med svært gode jaktegenskaper, av bra linjer. Les meir om planene for "Hvalpe" på Kennel Michno si heimeside: http://www.michno.dk/

Her er det bare å stille seg i kø, disse valpene blir labradorer slik vi vil ha dei: Flotte, sosiale, glade, snille, lærevillige, samarbeidsvillige, aktive, tøffe, sterke og friske! :-) :-) :-)

mandag 7. oktober 2013

We are the Champions! Hurra, hurra, hurra!!

N JCH Carmal's Kitas Prince (foto: Sarita Winsevik)

Eg har nådd målet med Victor for 2013, med tredje 1. premien på plass, på heimebane, ved helgas jaktprøve, har han no tittelen: NORSK JAKTCHAMPION! Det føles heilt herligt!!! :-D

Prøveopplegget kan lesast om i Saritas dagbok. Victor gjorde jobben sin, eg var godt nøgd med han og vi blei altså premiert med 1. pr. Den danske dommaren, Lars Nordenhof, opprettholdt spenninga heilt til siste slutt, og då dei annonserte resultatet var det ein utruleg lettelse! Dette har vi jo jobba mot i fleire år no. Rett nok er Victor eit naturtalent av dimensjonar og han gjer jobben min veldig lett, men ingen er perfekt og vi har hatt våre utfordringar opp gjennom vi òg - og han hadde jo faktisk ikkje klart dette utan meg;-) Eg må bare sei at eg har aldri fått til noko slikt før (Champion liksom?!), så dette skal eg leve lenge på, og denne mestringsfølelsen unner eg alle! Veldig kjekt at så mange i retrieverfamilien gler seg med oss! :)

Det var ingen selvfølge at vi skulle nå målet vårt enno... For ei tid tilbake blei Victor litt halt i eine framfoten, noko som bare viste seg etter at han hadde kvilt ei stund etter belastning/trening. Vi fekk det sjekka ut hos hundefysioterapeut Nina Egeberg og tok røntgenbilde hos veterinæren. Heldigvis var det ingen verdas ting å sjå på bildet, så konklusjonen var at det måtte skyldes ein strekk (det kan gå hardt for seg for ein aktiv jakthund!). Nina har behandla Victor eit par ganger, vi har tatt det med ro ei stund og han har fått Rimadyl ein periode. Derfor var spenninga ekstra stor no før helga, då vi skulle i ilden på jaktprøve igjen - spesielt sidan eg fekk invitasjon til å apportere på andejakt kvelden før, noko eg ikkje klarte å sei nei til!.. ;-) Torsdag hadde vi oss ei lita, lett treningsøkt heime, eg og Victor, og etterpå var han halt igjen! Eg var så skuffa og lei meg! Neste dag var han dog bra igjen og eg lot det stå til (kanskje ein smule uansvarlig, men eg tok sjansen) og deltok på andejakt med han den kvelden. Lørdagsmorgen var eg ekstremt spent på formen hans: Han halta ikkje - hurra! Det bar avgårde til jaktprøve i Oslo, og i øs-pøs-regnver gjorde vi jobben vår på eit flott prøveopplegg i Bogstad park. Takk til avdelinga, prøveleder, medhjelpere og dommere!! Det er labradoren sin, det! Gjer ein kjempeinnsats som apporter på andejakt eine kvelden, for så å prestere like godt på offisiell jaktprøve neste morgen. Dette krever sin jakthund og er nok eit bevis på at Victor fortjener tittelen sin. Han var sliten etterpå altså... ;-)

No ser vi fram til å jobbe mot nye målsettinger, og vi går spennande tider i møte då det er planar om "mini-Victorer" framover... Følg med! :-)

Til slutt i dette innlegget må eg bare få rette ein stor takk til Victors flinke oppdrettere, Anders og Mirjam, som solgte meg den gode, gule guten, Victor!! Og ikkje minst takk til vår supertrivelege treningsgjeng som sørger for jevnlig trening okke som! :-)

En relasjon basert på kjærlighet og respekt = Championat? (foto: Sarita Winsevik)

fredag 6. september 2013

Sånn gjer ein Elite-HP-hund!

Etter å ha gått til 1. premie med HP (hederspris) på NRK avd. Kongsvinger og omegns jaktprøve for eit par veker sidan var eg rimeleg høgt oppe. Dommar Øyvind Veels samanfattande kritikk: "Solid ekvipasje. Føres godt og riktig. Løser alle dagens oppgaver effektivt. Jaktmaskin." Og hadde dertil store forhåpninger då vi ankom Stjørdal no forrige helg... Dobbeltprøve i regi av NRK avd. Trondheim og omegn, og to sjanser altså - til å få i havn den siste førstepremien (vi treng for championattittelen)... Eg kjende på presset og følte at vi hadde litt å leve opp til, mens Victor - vel, gudane skal vite kva han kjende på! At han bare er ein hund tross alt, kanskje? Haha, eg kan (nesten) le av det no, men eg kan lova at det ikkje var mykje morsomt då. Dommar Pål Bådsviks samanfattande kritikk: "Gjennomfører i dag alle prøvens momenter. Konsentrert og målbevisst markør med meget godt minne. Brister i sitt dirigeringsarbeid, samt underkjent søk gjør at hunden ikke kan premieres." Tenk det, feltsøk som brukar å vere stjerneøvelsen vår!.. Nei, kva som gjekk av Victor då har eg ikkje svar på, han var iallfall ikkje på jobb! Feltet låg ved eit skogstjern, men Victor låste seg heilt til vannkanten og såg ut som han ville imponere dommaren med å vise kor flink han er i lengdehopp, frå øy til øy... Synd at det og bading ikkje var del av prøveoppgåvene, då hadde vi gjort det bra!.. For å sei det sånn, humøret mitt på slutten der sto i stil med vèret, det var (bokstavelig talt) ei svart sky over hovudet mitt og det striregna! Min trivelege makker (vi gjekk to og to i par) hadde eit par teoriar om det kunne vere hennar feil, fordi ho måtte blåse inn hunden sin, og Victor som då akkurat var sendt ut, stoppa opp og blei litt satt ut - men slikt skal han tåle. Eller om det var hunden hennar, ein eldre hannhund, som med høg hale "parkerte" Victor - vel, han er vane med å jobbe med andre, så det må han òg tåle. Nei, han var høg som eit hus frå starten av, ikkje klarte han å gå fot og ikkje klarte han å springe rett fram på dirigering - det kokte nok rett og slett heilt over for han! Nullen vi fekk var dessverre fortjent altså. Kanskje vi skal innføre lengdehopp-konkurranse til Norge? ;-)

Søndagen var Victor slik vi kjenner han på plass att, heldigvis! Det var ein triveleg prøve i solskinn, der alle seks EK-ekvipasjane gjekk i lag. Først var det markeringsarbeid på land og vatn, så ein liten walk-up/støkkjakt med markeringer og blinde fremmadsendinger, for så å avslutte med ein drive/klappjakt. Vi gjorde ein bra jobb gjennom heile prøven, det var bare ei markering vi måtte jobba med. Dessverre gjorde det at 1. premien glapp, og vi endte opp med ein 2. pr. Vel og bra det, men ikkje det vi samlar på lenger... Dommar Trond Gjøtterud sin samanfattande kritikk: "Gjennomfører hele prøven på en fin måte. Variabelt mark.arb. Viser styrke i søksarb. Lar seg villig styre. Manglende konsentrasjon på mark. i starten av prøven gir premiegraden."

Jaja, vi får heldigvis ein ny sjanse neste helg, sidan NRK avd. Ringerike og omegn har vist velvilje og latt oss få vere med på deira jaktprøve! :-) På an igjen... I mellomtida er det bare å ynskje alle som deltar på Mesterskapshelgen lykke til! Måtte den beste retriever vinne!

søndag 11. august 2013

De Nordiske Jakt- og Fiskedagene 2013

Det har blitt tradisjon å dra til Elverum for å overvære dette årlege arrangementet, inkludert "en av de største jaktustillingene som arrangeres i hele Skandinavia" (fra programmet). I fjor stilte vi bare Melvin, som då fekk Cert og blei BIR, to år gamal. I år hadde vi meldt på både Melvin og Victor. Melvin var først i ringen og han gjentok bragden frå i fjor: Cert og BIR! Han er tydeligvis ein fin basset! :-) For dei som ikkje er så kjende med utstillingsterminologien gis Certifikat til dei ekstra fine hundane som er av "Excellent" (1. pr.) kvalitet. Får du tre Cert blir du utstillingschampion. BIR = best av alle stilte i den rasen, og går vidare til gruppefinale for å konkurrere om å bli best i gruppa (av fleire hunderasar), for igjen å konkurrere om BIS-tittel (Best in show). I gruppefinalen (gr. 4 og 6) blei det spennande då dommaren plukka ut Melvin blant alle dei fine BIR-hundane. Han og Bjørn blei ståande att i ringen i lag med fem andre ekvipasjar der fire skulle plasserast. Melvin blei ikkje plassert blant dei fire beste, men vi er uansett veldig nøgde med at han kom så langt - det var over all forventning!.. Og fine premiar blei det - skal få tatt bilder.



Det var verre med storebror, Victor... Forventningane var det så som så med, men eg var optimistisk sidan, som det står i programmet for arrangementet: "Dagens utstilling er basert på de tradisjonelle ideene om å skape bedre jakthunder: Den skal fremme utviklingen av den enkelte hunderase, fysiske og sunne hunder, typeriktige, funksjonelle og sosialt tilpassede hunder." Dette var jo noko til og med eg kunne kjøpe... Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er overbegeistra for hundeutstillingar, og kan nok stusse over at eg plutselig har begynt å stille Victor fleire ganger, til tross for at vi har det vi treng for å kunne få jaktchampionat. Vel, eg har tenkt: Det er ikkje til å koma vekk i frå at utstilling er den største hundesporten og den er komen for å bli, så "if you can't beat them, join them!" ;-) Vi kan krangle om korleis ein labrador skal sjå ut, og klage over at for få labradorer generelt deltar på jaktlige aktiviteter og at labradorer av reine jaktlinjer ikkje får rettferdig bedømming på utstilling, osv. Men viss vi ynskjer endring og utvikling så må vi alle vere aktive på fleire fronter. Derfor har eg bestemt meg for å stille ut min jaktavla labrador to-tre ganger i året, og det vil eg oppmode andre med same type hund til å gjere! Då er vi der dei fleste folk er, og får vist fram dei flotte og funksjonelle hundane våre - både til dommarar og andre hundefolk.

Foto: Ann Brændshøi
Tilbake til Elverumsutstillinga: Victor fekk Excellent (raud/1. pr.) her for to år sidan, og sidan han aldri har vore finare enn han er no (han har jo lagt seg litt ut sidan han var to år), hadde eg håp... "Sufficient" (grøn/4.pr.) blei det! (På utstilling er det fire premiegrader du kan få etter kor godt dommaren synes hunden oppfyller rasestandarden: Excellent (1.), Very Good (2.), Good (3.) og Sufficient (4.), og evt. ingen premiering i det heile, men det skal mykje til...) Eg kan telje utstillingane Victor har deltatt på på ei hand (over ein toårsperiode), vi har aldri fått så dårleg resultat før, og no har vi altså alle fire premiegradene/fargane. Er det mogeleg? Det er kanskje ikkje så rart at eg er så pass skeptisk til utstilling, det verkar jo rimeleg tilfeldig? Og subjektivt... Kva skjedde med ideen om å skape bedre jakthunder? Mens det i åpen klasse florerte med raudsløyfer, måtte vi i bruksklassen/jaktpremierte (tre tisper, ein hannhund) nøye oss med grønt og ei gul... Kritikken Vic fekk: "Godtakbar helhet. Hodet skulle vært mer rasetypisk i sine linjer og sitt uttrykk. Velformet hals. Bra skuldre. Steil overarm. Velvinklet bakpart. Brystkassen skulle vært bredere. Beveger seg stabilt. Mb pels. Trivelig temperament." Jaja, for første gang fekk vi "bra pels" i det minste... Og vi gjev oss ikkje, we'll be back! Om enn ikkje i år, no får det halda for ei stund... Til helga skal vi gjere noko vi kan, gå jaktprøve - og det gler vi oss til! :-)

tirsdag 6. august 2013

Oppsumering første halvår 2013

Med working testen helga som var starta haustsesongen for meg og Victor, og då tenkte eg det var greit å sjå tilbake på vårsesongen. Den var jo faktisk heilt utruleg for oss! :-D Vi lyktes i det meste vi foretok oss og var ein usedvanlig positiv flyt. Må bare haustsesongen fortsetje i same duren...

I mars braka det laus med eliteprøven i Rogaland. Det var vel verd den lange reisa då Victor sto igjen som einaste med 1. pr. på lørdagen og blei kåra Elitevinner! Dagen etter gjorde han ein solid innsats igjen, spesielt gjennom ein særs langvarig drive (fleire ganger) med 13 stk. på linja! Han var stille og dommaren hadde observert at han jakta effektivt og godt inne i skogen. Etterpå var det walk-up og det haldt ei stund. Vi var uheldige og fekk i oppgåve å eye-wipe hunden før oss som ikkje hadde lykkast på ei vanskeleg dirigering. Her sa Victor at no får det vere nok, så han tok ut og sprang i frå heile greia... Dermed blei det 0.

I mai hadde vi eit tettpakka program med jaktkurs to helger, med dyktige instruktørar Oliver Kiraly og Trond Gjøtterud, samt to helger med working tester. Først var det NRKs pinsearrangement på Kongsvinger, med utstilling eine dagen og WT neste dag. På utstillinga (brukshundklasse) fekk vi Very Good (blå) av dommar Sverre Sand. Og med 2. WT EK (94 poeng) gjekk vi til topps i dual-konkurransen, som Labradormester! Ekstra kjekt at ein labrador av reine jaktlinjer kan få vist seg fram i ei slik kåring. :-) Siste helga i mai var det igjen både utstillin og WT i regi av NRK avd. Gjøvik/Lillehammer. På denne utstillinga fekk vi Good (gul) av dommar Kjell Svensson, mens på working testen vann vi EK med 88 poeng.

1. WT EK, NRK avd. Gjøvik og Lillehammer. Foto: Beathe Nes
 I juni var det tid for NLM (norsk lagmesterskap i retrieverarbeid). Vi stilte lag med Rønnaug & Sofi, Wenche & Ronja og Tone Kit & Mira (unghund). Og jammen klarte vi ikkje å karre oss heilt til topps! Stort å slå dei velmerriterte ekvipasjane i Team Vinje Våpen og Team Omegn! :-) Arrangøren, NRK avd. Østfold, hadde skaffa til veie flotte premiar til oss, og på vegne av NRK avd. Oslo og omegn som vi representerte, tar vi vare på vandrepremien, ei fin stokkand (utstoppa vel og vite...).

Vinner NLM 2013: Fun Hunting v/NRK avd. Oslo og omegn
 I tillegg har vi tilbrakt mykje kvalitetstid i lag med hyggelege treningskompiser rundt omkring. Altså kunne ikkje dette halvåret vore særlig betre for oss! :-) Spent på fortsetjinga...